Litt av kvart denne veka. Blomsterfotografia har eg jobba mykje med mens dei andre er fotografert for anledningen bød seg slik.







Litt av kvart denne veka. Blomsterfotografia har eg jobba mykje med mens dei andre er fotografert for anledningen bød seg slik.
Elg, kvitveis og foto frå Jæren denne gongen. I tillegg eit humlefoto. Humlesesongen er i gang – vieren blomstrer og trekk til seg humler. Og så tidleg i sesongen er det dei store dronningene som er einerådande i Rørostraktene.
Fotooppsummering av veke 21- foto frå Rørosområdet via Romsdalen til Ålesund og attende til Røros. Litt tekst under kvart foto
Denne veka skulle eg bare legge ut fuglefoto – det gjekk greit heilt til sundagen då ei snømus sneik seg inn og tok siste plassen.
Oppsummering av fotografia frå veke 19. Litt av kvart og mest fotografert i forbifarten.
Fotoprosjektet #2022dagfordag tar tid. Men andre foto blir og tatt. Her har eg sett saman foto med fellesnevnaren VÅR. Vårsesongen i år starta på Hornborgasjøen like før påske, se eige blogginlegg. Her heime er det dei første trekkfuglane som svarttrost og rødstrupe, som innleier årstida vår for meg. Eit anna vårteikn – som ikkje så mange kjenner til – er duetrostens lågmælte song i vårskogen.
Ei veke som starta med snøvêr og enda med snøvêr – kaldt med andre ord. Kuldegrader har det vore kvar natt og den 4.5. var det minus 8 om morgonen. Men heldigvis er det på plussida på dagtid.
Veke 16 er over og 114 foto er lagt ut på #2022dagfordag på Instagram. Mange naturrelaterte foto denne veka- mest overraskande var nok sommerfuglen Sørgekåpe som eg fekk sjå i Skårhåmmårdalen. Min første observasjon av arten og første registrerte observasjon på Røros.
Foto frå påskeveka – litt av kvart frå snøleik via fotografering av hoggorm og med ein spelande tiur i vegen til slutt.
Hoggormfoto var ei ny oppleving som fristar til gjentaking.
Hornborgasjøen i Vest-Gøtaland i Sverige er rasteplass for tranar på trekk frå overvintringsområda i Spania og Portugal til hekkeplassane i Norden. Midt i mars lander dei første tranane ved sjøen og fram mot første veka i april stig antalet frå dag til dag. På det meste har det vore rundt 27 000 tranar på ein gong ved sjøen! I år var det 20 900 på det meste 2.april! Tranane trekk til seg mykje folk: Amatørornitologar, fotografar med store telelinser og alle dei andre som berre vil oppleve tusenvis av tranar på ein gong. Det er anslått at 150 000 besøkande kjem til Hornborgasjøen kvart år – dei fleste av dei i løpet av «tranetida» på våren.
Tranane blir fôra med korn på eit område i sørenden av sjøen – Trandansen har staden blitt heitande. Her har natur- og vegmyndigheter lagt til rette for besøkande med rikeleg plass til parkering og oppstilling for bobilar. Eit gjerde skiller tranane frå folk, og tranane bestemmer kor nær dei vil gå folket. Skal ein kome heilt innpå tranane må ein leige seg plass i ei av fleire fotohytter inne på tranane sitt område.
Det er mykje liv og lyd på Trandansen på denne tida. Trananes trompetrop høyres heile tida. Med tusener av fuglar samla på ein stad er det ikkje akkurat stille. Det er traner i lufta heile tida. Men det er likevel «forestillingen» morgon og kveld som er spektakulært. Om kvelden flyg tranane ut til overnattingsområder ute i sjøen. Om morgonen i timane før soloppgang kjem dei flygande tilbake. Den svenske naturfotografen Eva Danelius beskriv morgontimane slik:
Gryning vid Hornborgasjön.
Nästan lika häftigt som dansandet.
Det är mörkt och tyst.
Och tranbefriat.
Så börjar det ljusna.
Tranorna höras.
Då väller de in från sjön.
I tusental.
På några minuter blir fälten på nytt en kokande trankittel
Her er foto frå fire morgonar i år ved Hornborgasjøen.
Veke 14 i prosjektet #2022dagfordag. Foto frå Trandansen ved Hornborgasjøen i Vest-Gøtaland i Sverige og frå Røros-traktene. Dei første 100 fotografia er unnagjort og det er berre 265 igjen før året er omme.