HAREFOTOGRAFERING

For tredje år på rad har eg vore innom hos Erlend Haarberg og harane hans på Vauldalen her i Røros kommune. På hytta like ved svenskegrensa, har Erlend lagt til rette for at dei som ønsker det kan kome og fotografere harane. Det er rigga til med lys – både lys foran og bak fôringa. Og fôret er havre.

Haren ser me til vanleg berre i korte øyeblikk. I vinterskogen ofte som ein kvit skygge når me har skremd haren opp frå dagleiet. På våren er det litt vanlegare å sjå fleire saman når dei beiter groe. Her i Vauldalen kan me oppleve mange harar samla. Ni var høgaste antalet på ein gong sist kveld! Fôringsplassen stod tydelegvis på harane si rute.

Fotograferinga skjer innanfrå hytta gjennom glugger i vindauga. Siste gong eg var der, hadde eg selskap frå Danmark. Rykte om harana på Vauldalen hadde nådd Danmark. Karen Kolbech hadde tatt turen frå Århus for å fotografere «skovharer» som sloss. Det blei ei hendelsesrik fotoøkt med opptil ni harar samstundes rundt fôringsplassen. At temperaturen datt ned mot minus 30 affiserte ikkje harane så langt eg kunne se. Forrige gongen eg var innom og fotograferte, var det kraftige snøbyger. Det ga ein fin effekt på fotografia.

Det er aktiviteten ute rundt harefôringa som er spennande for oss fotografar. Harar som «bokser», sloss, hopper, jagar andre harar, blir jaga osv. Fotografisk er det utfordrande sjøl om fotoplassen er lyssatt både foran og bak harane. Kamera og linser blir stadig betre med raskare og raskare autofokus og fokus med «øyegjenkjenning». Men framleis er det fotografen som må finne motivet og trykke inn utløsarknappen.

Eit motiv som fasinerar meg er når to harar slåss ansikt til ansikt. Mange spennande uttrykk i «harefjeset.»

Ein serie med hopp og sprett – Nikon Z9, Nikon 200-400mm@200mm, iso 6400, 1/1600 sek, f4 – nesten standardinnstilling heile kvelden dette.

Og enda eit hopp – her med lys både foran og bak.

Fasinerande er det og å sjå på adferden til harane når så mange er samla. Mykje av tida er det ro og fred men så kan det «eksplodere» og dei tar til å sloss og plutseleg er det tomt på fôringsplassen.

Eit harefoto treng ikkje nødvendig vis fryse hendingar på eit tusendel av eit sekund og raskare. Det kan og vere lang eksponering eller multieksponeringar sett saman i kameraet.

Eg prøver på eigen eiendom å fotografere haren. Fleire harar er innom kvar kveld, men vidare aktivitet er det ikkje så langt. Det har blitt meir «hareportrettfoto»

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: