Så snart isen går på deler av tjønna i Skårhåmmerdalen på Røros, dukker frosken opp på gyteplassen. Buttsnutefrosk med det latinsk navnet Rana temporaria er det rette artsnavnet. I Norge finns det to andre froskeartar: Spissnuta frosk og damfrosk. Buttsnutefrosken finns over heile landet.

I løpet av noen hektiske dagar leikes det, egga legges og befruktes. Og det gjeld for fotografen å treffe på desse dagane om han vil fotografere dette fasinerande spelet. I år var det egglegging rundt 19. mai. Froskane kom meg litt i forkjøpet. Mesteparten av egga var lagt då eg dukka opp. Eg fekk ikkje oppleve paringsspelet når hannfrosken roper – kvekker – på hoene, klynger seg til hoa slik at han kan befrukte egga som legges eller gytes.


Egga går ei har tid i møte. Dei kan klekkas etter ei veke om forholda er optimale med hensyn til temperatur. Men det har det ikkje vore her i år. Nattefrost med islegging og snø er vel ikkje heilt ideelt. I tillegg har vasstanden i tjønna sunke raskt slik at deler av egga ligg på land.

Egga legges på botnen av dammen og etter kort tid svulmer dei opp og flyt opp. Antal egg frå ein frosk kan variere frå 200 til 4000! Larvene – eller rumpetrolla- lever på alger. Etter eit par månader er dei fullt utvokste froskar og trekk vekk frå oppvekstområdet og blir delvis vasslevande. Altså amfibier. Etter to til tre år vender dei attende til ein dam for å gyte.

Froskfoto blei det ikkje – derimot foto av froskeegg fotografert med lågt perspektiv – kamera liggande på ein bordbit i vassoverflata. Fotografering tidleg morgon når nattefrosten hadde lagt eit tynt islag over egga og sola så vidt var oppe, ga resultat eg likte..










