2021 VEKE 3

Landets «humleeksperter» godkjente nyleg min observasjon av ei kløverhumle- dronning her på Røros 7.august i 2020! Kløverhumla – Bombus distinguendus -er sjeldan, og desverre ført opp på rødlista med status Kritisk trua. I likhet med fleire humleartar knytta til kulturmark og «gammeldags» småskala jordbruk, er arten i tilbakegang. I Trøndelag er det ikkje gjort observasjoner av kløverhumle-jfr Artsobeservasjoner- sidan 2017. Kløverhumla er ei stor langtunga humle – opptil 2 cm lang. Arten er som navnet antyder knytta til rike forekomster av rødkløver.

På Røros er dette første observasjon av arten. Spørsmålet om det fins ein liten bestand kløverhumler her på Røros, får vere ein oppgave å finne svar på til sommaren. I boka Humler i Norge står det at nyare funn indikerer at arten kan ha preferanse for områder med sand – og denne observasjonen er gjort ikkje så langt unna Kvitsandområdet.

Kløverhumle
Kløverhumle

Ja humler er interessante skapningar. I fjor brukte eg tid på å fotografere fleire artar, og eg fekk sjå fleire for meg nye humleartar. Til fotografering nyttar eg Nikon D500 eller Nikon D850 med ulike linser men hovedsakleg: Nikon 105 mm Makro og Nikon 200-400mm. Humler er flyktig vesen som utfordrar både optikk og fotograf! Forholdet mellom skarpe og uskarpe foto er nok ikkje betre enn 2:1000!

Kysthumle – alle humler er vakre men denne er ekstra vakker! Arten finnes spredt langs kysten frå Agder til Lofoten. Næringssøk på rødknapp. Stokkøya, Trøndelag.

Fuglar har eg greie på. Ser eg ein fugl greier eg ofte i løpet av eit brøkdel av eit sekund å artbestemme den. Jizz-faktoren -lokkelyd, flukt, drakttrekk eller liknande – gjer at eg som oftast bestemmer kva art det er. Etter å ha hatt ornitologi som hobby i over 50 år skulle det jo bare mangle.

Humler er eit nytt interesseområde for meg. Kragebånd, skutellbånd, ryggplater, T1, T» osv er faguttrykk som krev mykje konsentrasjon. Artsbestemming av humler er så langt krevande og bruk av feltbøker, tankebruk…og studering av foto i ettertid tar mykje tid. Men det går framover: Lushatthumle, hagehumle, tyvhumle, markhumle, åkerhumle og jordhumle tar eg til å bli familiær med. Men det er fleire…. tilsaman 35 artar i Norge.

Steinhumle (til venstre) og åkerhumle
Åkerhumle søker næring på fagerknopp.

Mine «humlefavorittar» er tre artar som er vanlege å se der det veks tyrihjelm – lushatthumle, hagehumle og tyvhumle. Å sitte i eit tyrihjelmkratt i juni/juli og følge med på humlelivet er ei oppleving som kan anbefalas! Dei to store humlene som med si lang tunge, når inn til nektaren i blomsten. Den mindre tyvhumla tar snarveien – bit hol på blomsten og sug næring direkte.

Lushatthumle
Hagehumle
Tyvhumle – hann

Jordhumler er og vanlege – i september er kunstige biotopar som potter med lyng ein plass å finne dei.

Lys jordhumle hann
Lys jordhumle

Humler – trur det er tyvhumler – som gjekk amok i valmuepollen:

2021 VEKE 2

Veke 2 går mot ein slutt og framleis er temperaturen under 20 kuldegrader. Kulde blir derfor eit gjennomgående tema for denne vekas blogg med foto frå forrige veke og frå dei siste dagane.

Dette biletet har tom alt-eigenskap. Filnamnet er 2021-veke-2-0693.jpg

Hitterelva eller Hyttelva renn stri i utkanten av Røros sentrum. Når temperaturen beveger seg mot minus 30 og lyset frå sola svinn henn, er det spennande å fotografere i elva. Det må streng kulde til for at vatnet skal fryse. Og stort sett er det alltid litt rennande vatn å sjå. og fotografere. Lange lukkartider – opptil 30 sek – og vatnet får eit plastisk uverkeleg inntrykk. Det endelege resultatet er aldri gitt. Denne gongen blei det rett dystopiske uttrykk. Figurar frå Nerdrums univers hadde passa inn her.

Dette biletet har tom alt-eigenskap. Filnamnet er 2021-veke-2-0717.jpg

Fasinerande å komprimere 30 sek inn i eit foto – 30 sekund er mange mange øyeblikk. 30 sek er t.d. 30 000 eksponeringar på 1/1000 sek!

Frå gruvene på Sextus sig det ut mineralrikt «varmt» vatn som ikkje frys så fort. Streng kulde legg eit islokk på sigevatnet og kvite frostkrystallar pynter opp mot ein bakgrunn av okerfarga gruveslam.

Då kulda slapp litt taket, blei lufta fyldt med dalande frostkrystallar. Med motlys frå ei låg sol fekk eg festa dette øyeblikket på «filmen».

Fototeknikken ICM – Intended camera movement – har eg vore innom før på bloggen. Her eit par resultat med snø, nedrima skog og ei låg formiddagssol.

Femunden er islagt – offisiell isleggingsdato blei 6.1. Kulde og fuktig luft hadde danna eit tjukt rimlag på isen slik at det ikkje blei optimale skøyteforhold. Frå Sandodden mot Flenskampane

2021 VEKE 1

Klassisk Rørosmotiv – Bergstadens spir mellom to slagghauger. Fotografert ein time før soloppgang.

Året 2021 har starta med med «god gammaldags kulde» – dagar med temperatur ned mot minus 30°. På flyplassen er det målt minus 30,1° som minimumstemperatur. Gjennomsnittemperaturen her på Røros er minus 11,2° i januar. Januar i fjor var mildare – gjennomsnitt minus 2,8° med minimumstemperatur minus 24,6° 10.januar. Makstemp var heile pluss 8,2° 1.januar.

Kulda fordrer fyring – både heime og ute!

Sola står opp i 1/2 10-tida og går ned før tre. Ein naturfotograf sa at denne tida av året er flott -tre timar soloppgang og tre timar solnedgang -nesten Nirvana for ein fotograf.

Når temperaturen er så låg som nå, er himmelen ofte klar. Eg har farta litt rundt i kommunen – Storwartz, Sextus og Røros sentrum – for å få med meg lyset. Det har blitt foto frå tida rundt soloppgang og solnedgang – timane når natta vik for ein ny dag og timane når natta kjem att etter ein snartur rundt jorda. Og foto av kuldegrader.

Frå Storwartz – sola på veg opp.
Natta må vike for dagen. Langvarig kulde og høg luftfuktighet skaper flotte bilder.
Den gamle taubanestasjonen på Sextus – nedisa i minus 25°. Forfallet blir ekstra tydeleg då!
Elva gjennom Røros – Hyttelva – frys til og flotte formasjonar blir danna. Lokalt heiter det at elva «kjøve» . Vatnet frys nedanfrå og elva stig. Elva som kjøver er eit godt bilete på kuldegrader.
Solnedgang i sørvest – sett frå Storwartz med Hummelfjellet til venstre og Øvre Storwartz til høgre.
Hyttelva frys, det fyres og det går mot ei ny kald natt.
Sola har gått ned…..
og nordlys og stjerner overtar himmelrommet.

2020 VEKE 53

Året har 365 dagar og 52 veker. For å få alt til å gå opp må kalenderen ha ei veke 53 med jevne mellomrom. 2020 var eit slikt år med 53 veker.

Årsskiftet er ofte forbundet med tilbakeblikk og tankar om det nye året. Ein dag då me både ser bakover – den gamle tid, framover – den nye tid og opp mot himmelen- håp og forventninger. Fire foto illustrerer årsskiftet.