2020 VEKE 31

Gruveområdet på Storwartz med bygningane på Øvre Storwrtz, flotasjonsanlegget og slamdammen er spennande fotoobjekt til alle tider av året. Storwartz er ei «fortysking» av det norske Storvola. Det var i området her den første store kobbergruve blei etablert rundt 1644.

I sommar har myrulla – torvmyrull, duskmyrull og snømyrull- sett sitt preg på området.

Dagens landskap – eit kulturminnelandskap – er resultat av mange hundre års bruk. Me ser ofte på desse områda med litt nostalgiske og romantiske briller, og gløymer at det var store naturinngrep som resulterte i kraftig forurensing av nærområda. Men samanlikna med dagens vegbygging og anlegging av såkalla vindmølleparkar var det ei forsiktig og avgrensa utnytting. Berre sjå på anlegging av vassrenner og dammar i Storwartzområdet. Desse underordnar seg terrengformane og glir inn i landskapet i motsetnad til t.d. dagens vegbygging som omformer landskapet der vegen «rulles» ut.

I dag ligg gruveområdet med velter, gruvehol, rester etter mekaniske installasjoner osv der, og er blitt kulturminner. Men det har som mange andre tilsvarande områder, framleis ein miljømessig konsekvens. Årleg renn det ca 2 tonn koppar og ca 5 tonn sink ut frå Storwartzområdet og ned i Hitterdalsvassdraget og vidare ut i Glåma. Frå andre gruveområder er og avrenninga tilsvarande stor.

I løpet av juli blei det fleire fototurar dit morgon og kveld. Det var det store landskapsrommet som var motiv – ikkje dei mange små spennande detaljane. Fotoinfo: Nikon D850, Nikon 24-70mm, Nikon 70-200mm, Lee filter, stativ. Fotografia er etterbehandla «forsiktig» i Lightroom.

4.juli kl ca kl 22.30:

13.juli ca kl 04.30

15.juli ca 22.15

16.juli 21.00-23.00

17.juli 03.20-05.30

2020 VEKE 30

Hurumlandet – øst for Drammen, sør for Asker, ved Oslofjorden der den er som smalast – har for meg vore eit blankt område på kartet. Eit område av landet som eg kun forbinder med ei mulig lokalisering av hovedflyplass før Gardermoen blei valgt, samt Norske skogs cellulosefabrikk på Tofte i Hurum som er nedlagt no. I veka som var, har eg fått litt meir kunnskap om Hurum etter eit par dagars opphald ved naturreservatet Sandbukta-Østnestangen like ved Tofte. Me skulle gå eit par etappar langs Kyststien med start frå Tofte men kom til Sandbukta inne i reservatet eit par km etter start. Her var det ypperlig å telte og gå dagstur ut på Østnestangen og i skogen.

Østnestangen med utsikt mot Horten og vidare sørover ut Oslofjorden mot Skagerak.

Reservatet blei oppretta i 2007 . «Formålet med naturreservatet er å bevare et område med stor variasjon i vegetasjonstyper og spesielle naturtyper. Deler av området har særskilt vitenskapelig betydning ved å ha fra høy til meget høy entomologisk verneverdi. Området er egenartet med en naturlig sonering fra åpent hav og velutviklede sandstrender til skog med innslag av naturskog, sumpskog og edellauvskog

Sjøl om reservatet er eit skogreservat får me litt havfølelse her med utsikt ut Oslofjorden og med skipstrafikken over fjorden og ut og inn av Oslofjorden.

Naturreservatet ligg i Oslo-feltet – eit område kjent for spennande geologi. Det mest iøyenfallande er dei svarte diabasgangane i den lyserøde granitten.
Deler av reservatet har urskogpreg og varmkjære lauvtre. Spennande å gå i skog som får leve sitt eige liv.
Spennande også for dei minste.

Plantelivet – floraen -er prega av beliggenhet og berggrunn. Fleire stader har havet lagt opp anseelige mengder skjell, snegleskall og tang som danner eit godt voksemedium for mange krevande planter.

Marine avsetningar som tjukke lag med skjell, snegleskall og tang gir gode vekstvilkår for strandkål – ein fleirårig art som er å finne på næringsrike strender i Sør-Norge.
Strandstjerne eller strandasters
Blodstorkenebb
Strandvortemelk

I verneforskriften står det at området har stor entomologisk verdi. Det betyr at insektlivet er rikt. To billeartar fekk eg fotografert – gullbass og trebukkarten moskusbukk. I tillegg var det fleire ulike sommafuglartar å sjå.

Gullbass som beiter pollen på strandasters.
Ein moskusbukk tilhøyrande gruppa trebukkar.
Lys variant av svarttskogsnegl! Såg fleire individ av denne.
Stillehavsøstersen har inntatt området. Det er gjort arbeid med å fjerne arten frå badeområdet Sandbukta i reservatet.
Tekst på infotavler ved inngangen til reservatet.

2020 VEKE 29

Engsyra er ein plante som mange kjenner til og mange har smaka på. Vårens første syreblad var i alle fall i mi oppveksttid noko som me måtte putte i munnen og tygge på. Oksalsyra i bladene gir planten ein frisk smak – riktignok i små doser.

Engsyra er ein plante som er lett å overse. Men når engsyra blomstrer slik ho har gjort i år, er det eit vakkert syn. Foto frå ei tidleg morgonstund oppe ved Aursunden. Her er engsyra svært talrik på mange enger – om det er i plante som er god å ha i åkeren veit eg ikkje. På Urtekildens leksikon er det samla mykje informasjon om engsyre og bruken av denne planten.

Nikon D850 + Nikon 200-400mm+ stativ

2020 VEKE 28

Tyrihjelmen blomstrar no – og det er ei plante som trekk til seg humler. Som fotoobjekt er humlene ei insektgruppe som eg har fått sansen for. Mange foto har det blitt, men dei aller aller fleste er sletta – enten for det dei var uskarpe eller fordi «fuglen var fløyet»- humla var raskare enn meg!

Fotoutstyr: Nikon D500/D850, Nikon Macro 105mm f 2,8 med konverter 1,4x eller Nikon 200-400mm f4. Stativ eller frihand og naturleg lys.

Lushatthumle på veg mot ein tyrihjelm. Bearbeida i Lightroom.

Tyrihjelmen eller lushatten har ei humle oppkalt etter seg – lushatthumla. Det er ei stor humle med lang tunge tilpassa å sanke nektar. Nektaren er plassert øverst i blomsten som gjer det vanskelegare for humleartar med kortare tunge å nå fram.

Humla gir eit oransje inntrykk. Bakre del har lyse tverrstriper. Den lange tunga/sugesnabelen er og eit godt kjenneteikn. Se foto av hagehumle lenger nede.

Å artsbestemme ei humle er ikkje alltid liketil. For meg har ei humle inntil nyleg vore ei humle, men no har eg gjort alvor av å finne ut av kva artar som finns her. Boka Humler i Norge. Kjennetegn, utbredelse og levesett har vore til stor hjelp. Men lett er det ikkje. Størrelse og fargemønster er utgangspunkt for artsbestemming. For nokre artar kreves det nærare undersøking av munn og kjønnsorgan for å vere sikker på art men på det nivået opererer eg ikkje. På fotoet over er det to lushatthumler – dei gir eit nokså ulikt inntrykk men det er lyset som speler oss eit puss her. Fleire foto av lushatthumler under

Det er fleire humleartar og insekt som drar nytte av tyrihjelmen. Ei humle som er ofte å sjå ved tyrihjelmfelt er tyvhumla. Om me ikkje ser humla, så er spora atter henne tydelege. Ja tenk spor etter ei humle! Lushatthumla er utstyrt med ei lang tunge – nesten like lang som kroppen – for å nå inn til nektaren. Tyvhumla har ei kort tunge og kraftige kjever og tar snarveien til nektaren. Humla bit hol på blomsten der nektaren er, og suger i seg den.

Tyvhumla er ei mellomstor humle: Svart med oransj bakende. Eit anna trekk er at tyvhumla har lang rufsete «pels». Tyvhumla under som er ei dronning, har fleire midd sittande på seg. Det er heilt vanleg med midd på humlene.

Sjøl om tyvhumla har vært på besøk så er det framleis nektar igjen for andre besøkande som denne lushatthumla.

Hagehumla er ei anna stor humle som er vanleg å sjå næringssøkande på tyrihjelmplanter. Den har to gule tverrfelt og kvit bakstuss og gir eit meir gult inntrykk enn den oransje lushatthumla.

Informasjon om humler finnes på Humleskolen. Fra Norsk Institutt for naturforskning kan felthåndboka Humler i Norge lastes ned – ein forkorta utgave av boka med samme navn.