2021 VEKE 37

Eit av haustens fotoprosjekt har vore rogna – treet med det latinske navnet Sorbus aucuparia. Blomstringa i vår var fantastisk – og rognetrea lyste opp over alt. Med ein god sommar og varm haust låg alt til rette for ein rett rognebærhaust. Og for ein haust – det lyser rødt over alt av rognebær. Og trosten har kome tl dekka bord – meir om det i ein seinare blogg.

Ei tynn «einstamma» høgreist rogn har vore fotoobjekt frå dei fyrste røde bæra og fram til no kor trosten «gasser» seg irognebær.

Dette biletet har tom alt-eigenskap. Filnamnet er 2021-veke-37-0827.jpg
Ei tynn einstamma rogn

Langs kysten og til fjells danner rogna ofte buskform med mange stammar på same rot. Rogna finn me i heile Norge frå sør til nord. I Sør-Norge er det funne rogn opp til 1500 moh. Den er lite krevande og veks i alle jordtypar. Rogna er lyskrevjande, men toler vind. Eit rognetre kan bli opptil hundre år og 10 m høgt.

Frå Wikipedia: «Rogna skal ha sterke magiske krefter, og er blitt brukt som tuntre i både Skottland og Finland for å verna mot alt vondt. I norrøn tid var treet vigd guden Tor……. I Noreg knyter det seg særleg magiske førestillingar til flogrogn, det vil seia rogn som har spira og slege rot oppe i andre tre. Ski laga av slik rogn skulle gå mest av seg sjølv, økseskaft av flogrogn gav vern mot sjølvhogg, og rogn brukt i ymse reiskapar skulle gje vern mot trolldom og vonde makterog det opptrer i fleire segner. «

Når det er mykje rognebær blir det alltid spørsmålet om det blir mykje eller lite snø komande vinter. Det blir sagt at mykje bær gir snøfattig vinter fordi rogna ikkje kan bære tungt to gonger. Andre meiner at mykje rognebær gir snørik vinter for bæra skal vere mat til fuglar og dyr gjennom vinteren. Det er tvilsomt om rogna kan fortelje oss om vêret som skal kome. Men mykje rognebær fortel om vêret som var.

Meir frå Wikipedia:» Rogn blir nytta i treforedlingsindustrien og som fyringsved. Rogneveden er hard og seig, og eignar seg godt som dreieemne og som skaft til ulike verktøy. Tidlegare vart rogn òg brukt til å lage ski og på grunn av styrken har det og vore vanleg med rogn til sleggeskaft. Borken kan brukast til garving og har òg vore brukt som dyrefôr….. Bæra er sure, men kan nyttast i til dømes rognebærgelé. Frysing av bæra gjer dei mindre sure, men senker òg innhaldet av pektin slik at dei blir mindre eigna til gelélaging. Rognebær skal òg vera ein viktig ingrediens i brennevinet Gammel Dansk…….Tidlegare blei rognebær brukt som urindrivande middel, mot nyrestein og mot skjørbuk.«

ICM – intended camera movement – fire forsøk med kamerabevegelse under eksponering og litt hjelp av vinden.

Rognebær fotografert med «rognebærfilter» i forgrunnen.
Ein dag etter regnværet – dråpar med linseeffekt
Haust i skogen

Her er brukt det eg har av linser – frå Nikon 14-24 mm til Nikon 200-400mm telezoom samt Nikon 105mm Macro. Kamera er hovedsaklig Nikon D850

2021 VEKE 36

Bloggtema er invasive eller invaderande planter og dyr. Lupin og brunsnegle er døme på invasive artar. Pukkellaks opprinneleg frå Stillehavet, er eit anna døme. «Invasive arter er dyr og planter, der spredes til områder, som de ikke selv ville kunne sprede sig til, og som samtidig har en negativ effekt på den oprindelige biodiversitet.» Definisjon frå Miljødirektoratet i Danmark

Langs Ann-Magrits vegen her på Røros finn me tre invasive planter: Lupin, blåleddved og ildsveve. Felles for invasive planter er at dei ofte har si opprinning i ein annan verdensdel kor dei har sin funksjon og er tilpassa naturmiljøet der. Dei blir flytta til ein annan del av verden kor dei ikkje har ein naturleg plass og ingen «fiendar».

Dette biletet har tom alt-eigenskap. Filnamnet er 2021-veke-30-1371.jpg
På Island blei alaskalupinen innført rundt 1946. Hensikten var å stoppe sandflukt og jorderosjon skapt avblant anna altfor mange sauer på beite. Og no er islendingane der at alaskalupinen er i ferd med å overta øya og kampanjer for å redusere omfanget er igangsatt.

Lang vegane er det ofte lupinar å sjå- flotte er dei i full blomst med eit mangfold av fargar. Opp gjennom tida har dei blitt brukt i samband med bygging av vegar for å etablere vegetasjon fort i anleggsområdet. Lupinen blei første gongen introdusert i Norge sist på 1800-talet. Jærlupin blei dei første kalla sidan det var langs Jærbanen dei blei sådd. Seinare har hagelupin og sandlupin kome til og spreid seg langs vegar, jernbanelinjer, strender, hagar….

Lupinane har stor formeringsevne og utkonkurrerer andre artar noko som er kjenneteikn på invasive artar. Lupinen kan binde nitrogen frå lufta – ein eigenskap som planter i ertefamilien har. Dei blei derfor mykje nytta til jordforbedring.

Blåleddveden er ein annan art som har dukka opp i dei seinare åra. Blåleddveden har vore nytta som hageplante lenge – ja faktisk frå sist på 1800-talet. Dei siste 30 åra har hagebruken auka og dermed har me fått ein kraftig spredning. Blåleddveden finnes vill i Nordaust-Europa som Karelen og austover til Sibir. Det ser spesielt ut som arten trives i furuskog og skrinn bjørkeskog. Her vil den utkonkurrere stedeigne artar. I Folldal har dei erklært krig mot blåleddveden. I fjor blei det arbeida for å få planten vekk frå Kvitsanda med godt resultat. Blåleddveden spreier seg med hjelp frå fuglar. Dei blå bæra er ettertrakta og frøet blir frakta vidare til nye veksestader.

Siste invasive arten frå Ann-Magrits veg er ildsveva eller rødsveve som den ville varianten heiter. Denne finns nokre få stader i Norge ofte i tilknytning til setervoller. Planter du ildsveva i hagen så vil du fort ha fått ein venn for livet eller som ein innsendar på eit nettforum skreiv: «Syntes den Ildsveven var så fin, så jeg plantet noen for et par år siden. Nå er den absolutt over alt, selv om jeg har passet på å klippe den før den frør seg. Er det noe å gjøre med det, eller skal jeg bare resignere?» Hagevarianten kjem frå lenger sør i Europa.

Det er mange fleire invasive planteartar enn desse tre. Kanadagullris, fagerfredløs, gravbergknapp, kjempebjørnkjeks er nokre og fleire vil nok kome til.

Mange stader i landet slit ein med kjempespringfrø – ei plante frå Himalaya. Den er eitårig og produserer masse frø som «kastes» ut frå frøkapselen – ofte mange meter. Næraste plassen til Røros kor me finn den er på Kotsøy.
Rosa rogosa – heldigvis ikkje her hos oss men har okkupert den danske vetskysten. På veg inn i Norge langs kysten.

2021 VEKE 35

Forrige vekes blogg var om Femundsmarka. Denne veka blir det foto frå eit anna verneområde i Røros kommune – Skardsfjella og Hyllingsdalen landskapsvernområde. Landskapsvernområdet strekker seg frå Hyllingsdalen i Røros kommune til Nesjøen i Tydal kommune. Om ein vil ferdas her er fleire stader å starte turen: Torsvollen i Hyllingsdalen, Vauldalen, Ridalen og Stuggudal i Tydal.

Fjella i synsranden var dagens turmål.

Landskapsvernområdet ligg hovedsaklig i Gåebrien sijte (Riast Hyllingen reinbeitedistrikt) sitt område. Dei sørsamiske navna er mange og fortel om lang tids bruk : Guevtele, Guevtelesjaevrie, Soenehkejaevrie, Soenehketjahke…. Og dette som for meg er uberørt villmark er eit samisk kulturlandskap med spor etter lang tids bruk. Synleg for den som veit kva ein skal sjå etter. For ein dagsbesøkande er det reinen som minner oss om historien og bruken av fjellområdet.

Eg snudde på 1297 moh med utsyn mot Rien, Aursunden og resten av verda.

Fleire gonger tidlegare har eg vore inne i landskapsvernområdet – første gongen faktisk lenge før vernet blei ein realitet. Den gongen gjekk turen frå svenskegrensa via Grøndalen, Hyddsjøen, Vigelssjøen og fram Hyllingsdalen til Torsvollen. Flott tur! Seinare har det blitt kanoturar, fugleturar og korte molte- og soppturar for det meste i utkanten av verneområdet.

I forrige veke blei det tid til ein dagstur. Fjellet Ijsengealta på 1525 moh var turmål. Turen starta frå Movollen i Ridalen. Dit går det an å komme med sykkel frå rv 705. Turmålet var fjellet Ijsengealta på 1525 moh. Nå kom eg ikkje dit – vegen innover og oppover blei for lang sjøl om eg starta heimanfrå før sola stod opp. Stiar å følge er det ikkje mange av her – i alle fall ikkje der eg valgte å gå. Dette er eit område med lite ferdsel. Det går ein sti frå Møsjøen i Tydal inn til Vigelsjøen.

Haustfargar kan vere så mangt – her er det bregnene som har fått ein guloransjebrun-farge
Det er desse grå nakne overflatane som sett sitt preg på fjella her.
Ijsengealta på 1525 moh lengst borte her. Kom hit til dette vatnet på 1297 moh – ca 1 km og 225 høgdemeter att før toppen. Det sørsamiske navnet Ijsengealta er samansett av to ord; «jijse» – kvit som rim og «gealta»sammenhengande langstrakt fjelltopp/ høgaste toppen av høgt fjell. Beskriver fjellet på ein god måte
Snøull som slepp frøa – fotografert med litt lang lukkartid.
Vieren musøyre er kalla for verdens minste tre. Vi forbinder vel ikkje denne krypande planten i vierslekta med eit tre – men vi kan godt bruke betegnelsen tre. Fleirårig, vedaktig stamme, snitter vi stammen kan vi telle årringar, ein stamme – ikkje fleire som buskar. Les i Forskning om musøyre. Her høgt oppe i 1200 moh slapp musøyra frøa denne dagen- frø med … som gjer at dei fraktes med vinden til nye vokseplassar.
Fjellrypa eller skarven høyrer heime her opp blant lavkledde steinar. Her ei fjellrype som eg tok mange mange foto av – brukte lang tid på å åle meg inpå ho og ho var tolmodig med fotografen i ein halvtimes tid. Såg 12 fjellryper tilsamen på turen.
Landskapsvernområdet ligg som sagt hovedsaklig i Gåebrien sijte (Riast Hyllingen reinbeitedistrikt) sitt område. Reinen høyrer heime her.

Skardsfjella-Hyllingsdalen landskapsvernområde – er ein del av eit større nokså uberørt områdepå norsk og svensk side av grensa

2021 VEKE 34

I år er det 50 år sidan Femundsmarka nasjonalpark blei etablert. Femundsmarka ligg mellom Femunden og Sverige i kommunane Engerdal og Røros. Jubileet har blitt markert fleire goger gjennom sommaren på to av innfallsportane til marka: Elgå i sør og Synnervika i nord.

Dette biletet har tom alt-eigenskap. Filnamnet er 2021-veke-34-3455.jpg
Eit forsøk på å fange Femundmarka nasjonalpark inn i eit panoramafoto – fotografert oppi fjellsida mot Flenskampane på vestsida av Fedmunden. Viglane til venstre, Røosen – inngangsporten til marka midt i, Svuku og Elgåhogna lengst til høgre.

Nasjonalparken er på tilsaman 597 km2. Men Femundsmarka er og ein del av eit større «villmarksområde» på over 2000 km2 – noen gonger kalla Grenselandet: Femundsmarka med tilliggande landskapsvernområder (Femundslia, Langtjønnvassdraget og Flensmarka), Städjan og Nipfjället, Långfjället og Rogen naturreservat på svensk side. Og like sør for Femundsmarka ligg Gutulia – nasjonalpark oppretta i 1968.

MS Fæmund 2 er ein rask måte å kome inn i Femundsmarka på i sommarhalvåret. Fæmund 2 blei bygd i 1905 og har trafikert Femunden sidan

Femundsmarka fekk nasjonalparkstatus i 1971 og i 2003 blei parken utvida til dagens storleik. Formålet med vernet er «å bevare et stort, sammenhengende og i det vesentlige urørt skog- og fjellområde, å bevare landskapsformer med blant annet det særpregede dødislandskapet med blokkmark, morenerygger, sjøer og vannsystemer, og å bevare det naturlige biologiske mangfoldet med et egenartet plante- og dyreliv.» (Forskrift om verneplan for Femundsmarka)

I verneforskriften seies dette om bruken: «Allmennheten skal gis anledning til naturopplevelse gjennom utøving av tradisjonelt og enkelt friluftsliv med liten grad av teknisk tilrettelegging. Kulturminner i nasjonalparken skal sikres mot skade. Området skal kunne nyttes til reindrift. Ivaretakelse av naturgrunnlaget innenfor nasjonalparken er viktig for samisk kultur og næringsutnyttelse.«

Fæmund 2 legger til ved Røosen som er populær start/slutt på tur i marka. Elva Røa som renner gjennom nasjonalparken har som navnet seier utløp her. Røa har kjeldene sine på svensk side.

Då parken blei etablert var ein nok ikkje så bevisst alle spora etter menneskeleg aktivitet i Femundsmarka. Det var villmarka ein verna. I dag er bevistheten rundt og kunnskapen om tidlegare tiders bruk av Femundsmarka ein heilt anna. Villmarka som blei verna – » …et stort, sammenhengende og i det vesentlige urørt skog- og fjellområde -hadde vore i bruk i hundrevis av år. Samane hadde brukt området lenge før kobberverkets tid. Og i dag er Femundsmarka viktig for reindrifta – reinbeitedistrikta Gåebrien sijte og Saantin sijte har vinterbeite rundt Femunden. Mens Svahken sijte har både vinterbeite og sommerbeite i og rundt Femundsmarka.

Nordvika gård i nordenden av Femunden med historie i alle fall tilbake til 1707 då kongen skreiv bygselbrev. Etableringa av gården var viktig for å markere eierskap til området vis a vis Sverige.

Femundsmarka er etter våre begrep eit villmarksområde som det går fram av verneforskriften. Men det er og i aller høgste grad eit kulturlandskap. For kobberverket på Røros var skogen i marka og rundt Femunden viktig – både til byggemateriale og i form av trekol. I ein periode frå 1739 til 1822 var det smelthytte ved Femunden – Femund Hytte på vestsida av sjøen. Det var lettare å frakte malmen frå gruvene rundt Røros hit enn å frakte store mengder tømmer og trekol til Røros. På det meste budde det nærare 100 personar på Femundshytten. I 1822 var skogen så uthogd at smelthytta blei flytta sør til Drevsjø.
Malmen blei frakta med hest frå gruvene på Røros til Nordvika vinterstid og med prammar over sjøen fram til smelthytta når sjøen blei isfri. Langs Langtjønnvassdraget kan me framleis finne spor etter malmveien i form av malmklumper. Og deler av malmveien er fortsatt utan vegetasjon. (Langtjønnvassdraget er verd eit eige blogginnlegg seinare – tømmerrenner bygd sist på 1700-talet frå Femunden til Hådalsvasdraget som gjorde at såkalla «østfisk» kom inn i øvre del av Glåma.)

Frå sørlege delen av Femunden – i nærleiken av naturreservatet Tufsingdeltaet. Utsikt mot nord ei stille mainatt då isen gjekk i oppløysing – magisk! Svuku i midten av bildet.
«I østen stiger solen opp..» – soloppgang over Femundsmarka.
Svahke – Store Svuku
Steinstrand ved Røosen. Tenker ofte på når eg er ved Femunden at vatnet der renn ut i havet ved Gøteborg; Trysilelva, Klaraelva, Vänern og Göta älv!
MS Fæmund II – bygd i 1905.

Mange rørosinger har Femundsmarka som sitt område-både til fiske, jakt eller fotturar. Men Femundsmarka er populær langt utover Rørostraktene. Eg husker eg blei forundra då eg kom over ei tysk bok om Femundsmarka for nokre år sidan. Og då Lars Monsen laga sitt TV-program om marka tok interessen skikkelig av. (Monsen har forøvrig etablert Femund Lodge på Elga og planlegger å bruke marka i reiselivssamanheng.) Mykje ferdsel går langs faste stiar blant anna på DNT sitt løypenett. Men mange streifer rundt på leit etter fiskeplassar og fine leirplassar. Bruken er postiv utfrå eit folkehelseperspektiv. Men slitasje og forsøpling er og ei side av trafikken. I forbindelse med jubileumsmarkeringa blei det frå reindrifta peika på utfordring knytta til hundkjøring i marka på vinterstid som uroar reinen i ein kritisk periode.

Mange drømmer om tur i Femundsmarka med fiske og leirbål.

Mitt forhold til Femundsmarka: Eg må med skam meddele at det er lenge sidan eg har vore inne i nasjonalparken. Men områda rundt og då spesielt Flensmarka landskapsvernområde på vestsida av Femunden har eg besøkt titt og ofte – sommar som vinter, til fots og med kajakk. Fotografia er stort sett tatt frå «andre sida » av Femunden mot Femundsmarka eller frå kajakk.

Kajakktur på Femunden