2020 VEKE 14

Bloggen for veke 14 er foto frå ein kort overnattingstur -torsdag til fredag i forrige veke-like ved grensa til Flensmarka naturreservat. Sekken var fylt opp med litt fotoutstyr, liggeunderlag, sovepose, fjellduk, litt mat, kaffikjel og ein presenning til å sova under. Det var varmegrader og sol då eg starta. Vêrvarselet lova klår himmel og kuldegrader utover kvelden og neste dag.

Det er snørikt her i år. Bærevna til snøen er så som så. Skarelaget er tynt. Med tyngde i sekken blei det ein del fall når skaren brast. For å kome meg opp måtte sekk og ski av – ellers hadde eg låge der framleis! Enden på turen blei at ei stavkringle forsvann i snøen. På turen tilbake brakk og eine skien dvs brakk innvendig slik at spennet forsvann. Intersport tjente på turen!

Frå overnattingsstaden var det godt utsyn mot Viglane – grensefjella mot Sverige. Frå venstre Vigelpiken., Midtviglen, Tverrviglen, Storviglen (1561), Vigelstøten og Vigelskaftet.

Flensmarka naturreservat er ei barskogsområde med mykje gammal furuskog aust i Røros kommune frå området ved Håsjøen og ut til Femunden og eit stykke sørover vestsida av Femunden inn i Engerdal kommune. Flensmarka har mange av dei same kvalitetane som Femundsmarka. Området er og ein del av vinterbeite for reinddrifta.

Kvalitetstid – Knitring frå bålet, bålkaffi, stillhet…
Natteleie med ein presenning som ly mot vindtrekk og kulde. Temperaturen sank om natta – var vel ein stad mellom 10 og 15 minus. Men sovepose, liggeundelag (2) og fjellduk gjorde nytta og det blei ei behageleg natt.
Nymåne i vest på klår kveldshimmel.
Morgonhimlen i aust like før soloppgang. Vigelskaftet til venstre og Skedbro – grensefjell mot Sverige inne i Femundsmarka- midt i.
Utsikt i retning Røros like før soloppgang . Ramberget og Rambergsjøen
Etter soloppgang med fjellet Skedbro midt i. Tjukk tåke låg over Femunden. Dagen før var «varm» med mykje fuktig luft. Natta var kald – og dermed blei det tåke.
Tåka kom drivande frå aust og sikten forsvann i korte periodar.
Litt «leik» i det digitale mørkerom – dei første solstrålene og skygge frå tre og buskar.

2020 VEKE 13

Snøen ligg djup her på Røros og det er endå ei stund til vårblomstrane spirer fram. For ikkje å snakke om sommarblomstrane. Men i ei tid kor stemninga i landet og verden forøvrig er prega av Corona, kan det vere på sin plass å minne litt om sommar, sol og doggvått gras.

Foto frå ein morgon i fjor sommar med dogg i graset og herleg fotolys. Niko D850+Nikon 200-400mm. Nikon D500 + Nikon 105 mm Macro m konverter 1,4x.

2020 VEKE 12

Blackbird singing in the dead of night…. desse «udødelege», symboltunge og geniale strofene i Beatlessangen Blackbird frå 1968 er starten på bloggen denne veka. The Blackbird eller svarttrosten er og tema for bloggen.

….in the dead of night…. ord som ved eit første blikk ser ut til å handle om død.. men ved nærare lesing er rett så optimistisk og ber bod om lysare tider

….in the dead of night….. når natta døyr og lyset og ein ny dag tar over. Då syng svarttrosten og varslar at natta er slutt og ein ny dag kjem.

in the dead of night... – det er noko religiøst over det – lyset og livet som vinn over døden. Og då syng svarttrosten og varslar at ein ny dag er på gang.

Dette biletet har tom alt-eigenskap. Filnamnet er veke-17-11.jpg
Eg har ikkje foto av svarttrosten som syng når natta blir til dag. Eit foto av ein tårnfalk sittande i ein tretopp ved Glåma «in the dead of night» får vera ein illustrasjon på stemninga.

Har du nokon gong sett natta døy? Du kan oppleve det oppe på Storwartz ein kald klår morgon om du er tidleg oppe: Mørket blir gradvis umerkeleg mindre mørkt og lyset smyg seg inn – nesten som det er Rørosteknikk som styrer spakene. I aust blir lyset sterkare og varslar at sola er på veg opp. Natta er ein mørk vegg i vest som skrumper inn og blir meir og meir utydeleg for til slutt å bli borte i det sola når over fjellrekka i aust

Det nærmaste eg kom eit foto som syner …the dead of night…Storwartz ein aprilmorgon kl 05.30. Dei første solstrålene spegler seg i husa på Storwartz. I vest aner me restane av natta som eit mørkt gråblått band.

Eg har eit minne om ein svarttrost som song «in the dead of night». I min ungdom var eg avisbud for Rogalands avis – ei morgonavis tilknytta Arbeidarpressa. I firetida om morgonene henta me avisbud avisene i Sandnes sentrum. Ein morgon -in the dead of night -sat svarttrosten på straumledningen til jernbanen like ved og sang. Songen blei forsterka av murbygga rundt. Stemningsfullt! Merkeleg at slike enkelthendingar sit att!

Syngande svarttrost fotografert på Sandnes ein maidag for nokre år sidan. Regnet ausa ned men han holdt stand i time etter time og spreidde god stemning i gråvêret.

Beatles-sangen Blackbird – skrevet i 1968 – er ei hyllest til fargede kvinner i USA som kjempa for sine borgerrettigheter. Svarttrostens sang har avfødd mykje diktning.

I det danske Kristelig Dagblad fann eg denne herlege artikkelen skrevet av Lars Handsteen som er på Grønland og savner solsortens vårsang: Solsortens sang hører til på livets lydspor og som innledes med følgende: Man kan godt leve uden solsortens sang om foråret. Der er mange mennesker på jorden, der må gøre det, og som lever udmærket alligevel. Men er man én gang vokset op i et land, hvor solsorten synger, er det en sang, der er svær at undvære.

Svarttrost fotografert ved Ålesund nyleg. Her er svarttrosten vanleg overvintrar. Då me budde i Finmark – 71grader nord – på 1980-talet var svartrosten årleg overvintrar der.

Svarttrosten er utbredt over store deler av landet. Her på Røros har arten etablert seg som hekkefugl i seinare tid. Fakta om svarttrosten henta frå Wikipedia:

Svarttrasten er 25-27 cm lang. Hannen er kolsvart med eit gult nebb i tillegg til eit lite gult parti kring auga. Hoa er brunsvart med raudbrunt og svartprikkete bryst og har brunsvart nebb. Ungfuglar er oftast raudbrune og har endå meir markante prikkar enn hoa.

Svarttrast er kjend for ein sterk, melodisk song som typisk blir framført frå høge stader, som tretoppar. Det er hannfuglen som syng, og songen hans er på mange stader i landet eit sikkert vårteikn. Fuglen varierer songen og kan imitera andre fuglar. Svarttrast syng gjerne tidlege om morgonen og seint om kvelden, før og etter dei andre fuglane.

Fuglen plasserer reiret på bakken eller lågt i ein busk, ei tett gran eller buskete lauvtre. Reiret er i hovudsak laga av leire, gras, mose og røter blir samanfletta til ei djup skål. I Sør-Noreg startar egglegginga i april. To kull i året er ikkje uvanleg. Hoa rugar dei blå- eller grøngråe egga i 13–14 døgn. Etter klekking oppheld ungane seg i reiret i 12–19 døgn og blir mata av foreldra i endå tre veker.

Svarttrast er utbreidd i store delar av Europa. Ein går ut frå at talet på svarttrastpar som hekkar i Noreg er mellom 100 000 og 1 000 000. I Noreg er han ein trekkfugl. Merka fuglar som er attfunne syner at Dei britiske øyane er viktigaste overvintringsstaden. Dei fleste svarttrastane dreg rett over Nordsjøen, men nokre tek vegen om Danmark og Nord-Tyskland. Det er attfunne merka svarttrast så langt sør som Sør-Spania. Han kan overvintre i kystområder opp til Finmark .

Eldste svarttrast påvist ved ringmerking i Noreg er 8 år og 6 mnd.

Det kan vere vêrhardt når svarttrosten kommer til landet i mars/april.

2020 VEKE 11

Ålesundtur for å rusle langs ei strand, se etter kystvåren og vere i lag med familien og spesielt barnebarna var planen for forrige veke. Men eit barnebarn blei sjukt då besteforeldra kom og planane blei berre tenkte planar. I staden blei det pass av ein febersjuk unge samt rusle i lag med eldstemann til og frå barnehagen.

Fotograferinga blei henvist til små ledige stunder og speglar våren på Hessa – den siste øya du kjem til når du kjøyrer gjennom Ålesund.

Skjæra er i vårstemning. Ein flokk på bortimot 20 skjærer «herja» i nabolaget på Hessa. 10 av dei sat i ro ei lita stund – lenge nok til å få eit par foto av dei.

Rødstrupen starta å synge tidleg tidleg på morgonen – lenge før sola tok til å skine. Men vårteikn vil eg ikkje akkurat kalle rødstrupesangen her vest. Sist eg var på Hessa i starten på januar sang og rødstrupen! Det er vel slik at arten er standfugl og forsvarer territoriet sitt heile året.

Svarttrosten er ein annan standfugl her. I den sørvendte lia på Hessa med edellauvskog og mange villahagar, er det god tilgang på mat. Kor mange svarttrostar som overvintrar i dette området, er ikkje godt å sei. Men å sjå 10 om gongen i hagen er ikkje uvanleg. Eg sat eit lite kvarter i skogen bak huset, og talte rundt 30 svarttrostar i området.

At det går mot vår høyres og på gråspurvane der dei sit inne i kristornbusken og syng på sitt vis.

Snøklokker er vel og eit slags vårteikn sjøl om dei begynner å blomstre tidleg på året – ofte før vinteren har sluppe taket.

Hasselbuskane blomstra og. Det er hannraklene som er mest synlege men blomsten er den lille røde omtrent midt i fotoet og nærfoto under. Blir den befrukta kan det bli hasselnøtter til hausten. Sanneleg lang modningstid.

Sjøl om det er vårleg nede ved fjorden, er det berre å kaste eit blikk over fjorden på Sula så ser ein vinteren.

2020 VEKE 10

Bloggen min blir til «undervegs» – tema er dels planlagde og dels resultat av tilfeldige hendingar. Denne vekas blogg blei til i forbindelse med skiturar for å leite opp storfuglar. Utstyrt med ei stor zoomlinse hadde eg håp om å få eit foto eller to av beitande tiur i toppen av ei furu. Eg gjekk i eit område her kor storfuglbestanden er «livskraftig». Talrike beitefuruer med lite bare i toppen fortel det. Denne gongen blei det bare eit glimt av ein tiur som letta og blei borte mellom trea. Eg minnes framleis ein skitur her for tre år sidan kor 10 tiurar letta samstundes!

Kamera – Nikon D500 – med Nikon 200-400mm er ikkje den mest allsidige kamerautrustningen. Tiur var det som sagt lite av men over Hummelfjellet lenger sør var det mykje vêr: Toppen av fjellet var dekka av skyer, sterk vind flytta på skyene og store mengder snø blåste over fjellet og ned mot Nørdalen. Sola «kom og gikk» slik at lyset endra seg frå minutt til minutt. Utstyrt med ei stor zoomlinse var det jo begrensa kva eg kunne fotografere. Men samstundes ga zoomlinsa meg høve til å fokusere på «detaljer» i Hummelfjellet – snødrevet nedetter fjellsida eller opp frå fjellryggar, dramatiske skyer….

Mens eg stod oppå fjellet letta eit helikopter – Sea Kings arvtakar Leonardo Helicopters AW101 – frå flyplassen og passerte mellom meg og Hummelfjell. Drømmemotiv med helikopteret og uvêret på Hummelfjell som bakgrunn!

Dagen før var vêret eit anna. Tjukk skodde dekka Rørosområdet samstundes som det var nedimot 15 minusgrader. Og skodde er spennande å fotografere- både når ho dekkar landskapet og når ho lettar opp.

Nokre spennande minutt – skodda letta og millionvis av iskrystallar glitra då solalyset traff dei. Og slik blei det fotografiske resultatet: