2021 VEKE 43

Sidensvansen – Bombycilla garrulus – er her! Ein ringande trille høyres – srrrriii – og rogna foran meg fylles opp med sidensvans som bokstavleg talt sluker rognebæra.

Det er fleire år sidan sidensvansen var her i større antal. Den store mengden rognebær gjer at dei stoppar opp i år. Her ein ettermiddag starta eg bilen og sette kursen mot «villaområda» i Røros. Fleire lurte nok på ein blå Ford Focus som kjørte sakte rundt og stoppa opp her og der i nærleiken av rognebærtre. Utpå Stormoen var det ein flokk som hadda funne seg ei rogn – kva som var spesielt med denne rogna veit eg ikkje. Det stod fleire rundt der som såg vel så fristande ut sett med mine auge. Det høyrer med til historia at huseigar kom ut og lurte på kva eg holdt på med. Han blei beroliga av at eg peika på fuglane i rogna.

Det er noko eksotisk over sidensvansen. Ei fargesetting som er litt framand: Stor som ein stare, knallgul ytterst på stjerten, håndsvingfjæra -ytre del av vinga- har gule kantar mens armsvingfjæra -innerste del av vinga – har kvite tuppar med røde «lakkvedheng». Fjærtoppen på hodet, markert svart maske og svart strupeflekk er og karakteristiske kjenneteikn.

Sidensvans betyr silkestjert (siden- silke på svensk). Silke kjem frå det latinske Bombyx som betyr «silke» og cilla som betyr «stjert». Navnet viser til den silkemjuke fjærdrakten. Det engelske navnet er Bohemian waxwing – waxwing henspeiler på dei røde utvekstane på vingefjæra. Bohemian viser truleg til at sidensvansen streifer rundt om vinteren og tilsynelatande har ein bohemliknande livsstil – tar for seg av livets goder (rognebær) og flyg vidare til neste bærtre.

Sidensvansen er knytta til barskogbeltet – taigaen – som strekker seg frå Ånestadkrysset på Hedemarken jfr Rolf Jacobsens dikt «Tanker ved Ånestadkrysset» og til «Stillehavets bølger ved Vladisvostok«. Arten hekker i gamal lavbevokst barskog – gjerne i fuktige områder. Her i distriktet hekker den år om anna i Femundsmarka. Om sommaren er arten hovedsaklig ein insektetar. På hausten trekker sidensvansen sørover og vestover på leit etter bær som er hovednæring i vinterhalvåret. Sjøl om me ser arten årleg så er det ting som tyder på at bestanden har syklusar med bestandstopp kvart tiande år.

Dette er ein fugl som er meir enn eit år gammal. Det kan me sjå på vingene – det gule og kvite danner ein vinkel på håndsvingfjæra. På fuglar som blei klekka i år vil det berre vere ein kvit ev gul kant her. Lengden på dei røde «lakkvedhenga» på vinga saman med breidt gult band på stjerten tilseier at dette er ein hannfugl.
Voksen fugl dette jfr «vinkel» på vingene. Truleg er det ei ho sidan dei røde «lakkvedhenga» er små.
Dette er ein ungfugl frå i sommar – manglar «vinklane» på vingene og dei røde «lakkvedhenga» Kan og vere ei ho då stjertbandet er smalt.

«During large irruptions , this exotic-looking silkyfeathered passerine is a major attraction for birders in countries bordering the North Sea, as the Bohemian Waxwing seems to epitomise the far north. It is widespread across the N Holarctic, breeding in lichen-rich, mature conifer forests i damp , mossy terrain from Fenno-Scandia to Kamchatka, in the east south to Amurland, and occuring also in NNW North America. It irregulary ranges south in the non-breeding season as far as continental Europe, transcaucasia, Central Asia and the southern USA, with some evidence of roughly a ten-year cycle to such movements.»
Shirihai & Svensson: Handbook of western palearctic Birds.

Det finns tre sidensvansartar i verda: Sidensvans, sedertresidensvans- hekker i Nord-Amerika- og japansidensvans som hekker i Japan, Korea, Kina og Amur.

2021 VEKE 42

Skårhåmmårdalen og ei bærtung rogn er utgangspunkt for bloggen denne veka. Dalen ligg parallelt med fv 6524 (Gamle kongevei) mellom Røros og Galåen og er verdt eit besøk – enten det er vår, sommar eller haust som nå. Visit Norway presenterer dalen slik: «Skårhåmmårdalen er en ”canyon” som ble dannet under siste istid for ca. 10 000 år siden. Området ligger 3 km vest for Bergstaden og nås fint med sykkel eller bil. I bunnen av canyonen ligger det en idyllisk sjø. Langs innsjøen går det fin sti inn til Lysthuset. Stier og lysthus ble anlagt i forrige århundre, da Skårhåmmårdalen var et ettertraktet forlystelsesområde for Bergstadens bedrestilte. Lokalklimaet i Skårhåmmårdalen er gunstig, og det vokser flere varmekjære planter her, bla rips og firblad. » Eg skreiv forøvrig om Skårhåmmerdalen i veke 38 i fjor.

Vinteren nærmer seg – snøen kommer og går. Isen har lagt seg på dei grunnare delane av tjønna og fortel at snart er vinteren her. Ei bærtung rogn står raud og fin inne i dalen og gir nyansar til eit haustfarga landskap. Lite dyre- og fugleliv no. Eine dagen sit ein einsleg gråtrost i rogna. Eit par dagar seinare er ein sidensvansflokk innom rogna. Her er det mat for mange mange dagar.

Rogna speglar seg i tjønna – fargar og former varierer med lys, vindtrekk, is og fotovinkel.

2021 VEKE 40 og 41

Ei veke på Jæren i samband med feiring av 90-års dagen til mor. Basen vår har vore hytta som personalforeningen til ansatte ved Jonas Øglænd sykkelfabrikk (nedlagt forlengst) har på Hedlestø i Sola kommune. Ei hytte bygd sist på 50-talet som har beholdt mye av den tids standard med små rom og og køyesenger. Og ei hytte med beliggenhet like ved ei av dei flottaste strendene i landet. Det skulle tilsynelatande ligge til rette for mange fotostunder, men med ansvar på dagtid for barnebarn i aktiv alder blei det bare «eit og anna foto» innimellom og etter leggetid. Været var vindfullt med mykje sjø og regn men litt sol.

Å utfordre naturkreftene på kvar sin måte – enten uti bølgene eller på land med mål å komme så nær bølgene som mogeleg. Dei uti bølgene var blaute – blaute blei dei tre på land og! (IPhone-foto)
Lita jente møter stort hav
Jærstrendene – ein sandkasse med nok sand.

Lyset er fasinerande her ute på kanten av Norge. Navnet Jæren kjem frå det norrøne jaðarr som tyder «rand», «kant» eller «jare». På denne «kanten mot havet» er lyspelet på himmelen ofte spennande – spesielt ved soloppgang og ved dagens slutt. Store bølger trigger og fotografane.

Strandblikk etter solnedgang. Lyspunkt frå Feistein fyr og tre bøyelastere eller shuttle-tankers.

Å studere skipstrafikken forbi Hedlestø gir eit inntrykk av kor viktig havet er som transportåre. Og også mange spennande fotomotiv å finne utpå der.

Tjukt skydekke – men i aust er det ei lita glipe mellom bakken og skyene. Dei fyrste solstrålene får bøyelastaren MT Siri Knutsen til skine i gull eit lite øyeblikk før sola blir lukka inne over skydekket.
MT Siri Knutsen i kveldslys.
«Min båt er så liten og havet så stort……» er det ein religiøs barnesang frå oppveksten. Lågt kamerastandpunkt og høge bølger gir ein høveleg illustrasjon til sangen.

Feistein fyr er eit av desse «evige» motiva som blir avbilda frå ulike vinklar og med ulike objektiv av mange fotografer.

Kveldslys med sola bak skyene.
Morgonlyset før soloppgang.
Det gjeld å kome så lågt som mulig slik at fyret ligg oppå bølgene som tårner opp foran meg. Var desverre ikkje kledd for å legge meg heilt ned i sanden.
Lang lukkertid

Før i tida var vannaktivitetar knytta til sommarhalvåret. No er det blitt ein heilårsaktivitet, og jo meir vêr jo større aktivitet.

Å kome ut frå land var utfordrande for desse surferane.
Bølgelek og kameralek
Kitarane fêr fort,vidt og langt frå land. Denne var langt ute og skremte opp det som var av fugl utpå- blant anna min 500 sjøorrer tok til vingene.
Utgangspunkt overeksponert foto i mangel av ND-filter tatt med Nikon D850 og Nikon 200-400mm f4, iso 64, f32, 1/2sek. Redigert «en del» i Lightroom.

2021 VEKE 39

Det er trostetid no – den rike rognebærhausten har freista store trosteflokkar til å stoppe opp.  Flokk etter flokk landar og «stappar» i seg rognebær. Bæra er på sitt finaste no – «søte, saftige og kjøttfulle».

Frå eit lite kamuflasjetelt følger eg med i trostelivet. Det har blitt mange fine stunder med «kortreist» natur – natur som me har utom stuedøra og ofte ser utan å legge merke til.  På mange vis ei stor naturoppleving som kan konkurrere med harefotografering på Vauldalen eller havørnsafari i Flatanger.

Trostanes lokkerop høyres først – gråtrostens «gih» eller «sjakk-sjakk-sjakk» og rødvingetrostens syltynne lyd – «styyyf». Så høyres vingeslag, sus frå mange fuglekroppar….  Og trea fylles med trost – gråtrost, rødvingetrost og ein og annan måltrost. Dei êt bær eller rettare sluker dei. Flyttar seg til ei bjørk for å fordøye bæra før ny spiseøkt. Eller dei sper på kosten med makk og insekter frå ei nærliggande eng.

På slike dagar er det lyd i skogen; gråtrosten har sitt «skvalder» mens rødvingetrosten syng sine ufullstendige toner. Innimellom høyres måltrostens metalliske enkle lokke- eller varslelyd.

Andre gonger er det heilt roleg – ingen lyd og ingenting å sjå. Men så er det plutseleg ein trost i treet, ein til og ein til. Forsiktig og vaktsomt ter dei seg. Ofte sit dei skjult inne i greinverket. Lurer seg fram og snapper eit bær.  Ved minste forstyrring tar dei til vingene og forsvinn.

Ein morgon var det bare ein og annan trost å se, men desto fleire i trea rundt. Det blei ein minneverdig konsert då sola rann.

Morgonstemning med trostesang og skvalder. Iphone-opptak.

Gråtrosten er den dominerande og lydsterke av trostane. Rødvingetrosten er mindre og opptrer meir anonymt og er meir på vakt. Han held seg ofte inne i greinverket og tar fort til vingene. Han skilles lettast frå andre trostar på det rustrøde feltet under vingene og den markerte lyse stripa over augene.

Dette biletet har tom alt-eigenskap. Filnamnet er 2021-veke-39-6841.jpg

Rett som det er høyres eit brus frå mange mange trostevinger-alle trostane lettar. Ein spurvehauk har gjort eit utfall mot trosteflokken men som oftast blir det bomtur. Ein dag var og haukugla innom plassen utan å lykkas.

Høgt heng dei og sure er dei sa reven om rognbera. Der tok reven feil – det er dei som heng høgst oppe og ytterst ute som modnes fortast og etes først av trosten.

Etter eit par hektiske veker tynnes det ut med bær – får håpe at det er noko att til sidensvans og konglebit om desse staselege fuglane skulle dukke opp litt seinare i haust.

Det er ei fargerik tid no: Bladverket i rogna lyser i grønt, gult, oransje og rødt og dei røde bæra gjer det enda meir fargerikt. Trosten har kan hende ikkje så spennande fargar men på nært hald ser eg at han er vakker på eit litt diskre vis. Han kler rogna! Eksotisk dette – nesten så ein ikkje trur at slike fargepalettar finns her på Røros.

Fotografert med Nikon D500 og Nikon 500mm f 5,6PF  iso 1000 – 3000, lukkartid 1/800sek-1/1250sek.

Gråtrost gjennom eit filter av lauv og rognebær

2021 VEKE 38

Når fototuren går til Innherad på denne tida av året, er det garantert å sjå kortnebbgås og grågås i tusental. Kortnebbgåsa har vore tema for denne bloggen fleire gonger tidlegare. Ein kort repetisjon: Kortnebbgåsa hekkar på Svalbard. Vinterkvarteret til arten er i Danmark, Tyskland og Nederland. Kotnebbgåsbestanden har hatt ein nesten eksponensiell vekst og vinterbestanden er no på rundt 80 000 fuglar. Størsteparten av bestanden rastar rundt Trondheimsfjorden på trekket vår og haust.

Her på Røros er det særleg på hausttrekket me legg merke til kortnebbgåsa. Store flokkar kan ses og høyras til alle døgnets tider. På klåre haustnetter er det ikkje uvanleg å høyre lyden av trekkande gjess. Når dei passerer Røros kan det vere at turen går til områda rundt Mjøsa eller gåsa kan ta strake vegen til Danmark.

I periodar er kortnebbgåsa å se overalt i Innherad. På denne turen var det store flokkar med kortnebbgås samla ute på Nesset på Levanger. Jordbrukslandskapet her er eit gedigent matfat med restar frå haustens avlingar: Korn, gras, gulrot, potet…..

Dette biletet har tom alt-eigenskap. Filnamnet er 2021-veke-38-3196.jpg

Med jevne mellomrom lettar flokkane og himmelen dekkes av tusenvis av kortnebb- og grågås. Eg fann meg ein utkikksplass like ved ein av storgardane på Nesset. Det var ikkje råd å kome nær gåseflokkane men greit nok å sitte på avstand og bivåne når flokkane letta, flaug nokre rundar for så å vende tilbake.

Nokre gonger er det havørna som skremmer opp gåsa. Folk eller hundar som nærmar seg kan og vere grunn til at fleire tusen gjess tar til vingene samstundes. Og nokre gonger lettar dei utan påviseleg grunn. I 2019 skreiv eg slik i bloggen for veke 39: Først høyres «flappinga» av tusenvis av vinger (antall gjess x 2) – som ei storbølge som bryt – så kjem kaklinga – ein kakofoni av lyd – og så bruset av alle gjessene som er i lufta. Delar av utsynet viskes bort av ein grå «gåsevegg». Etter eit par runder i lufta landar flokken att.

Nede ved Eidsbotn var eg på «fotohold» av ein liten kortnebbgåsflokk – det næraste eg kom på denne turen.

Eit par foto med lang lukkartid og bevegelse av kamera høyrer med.

Ein bonusobservasjon – ein oter med to ungar dukka opp inne i Eidsbotn. Ein strandkrabbe var fangsten. I bakgrunnen brunnakker , krikkender og ei myrsnipe.