I botn av Skårhåmmårdalen ligg eit vatn – framleis ligg isen her denne maidagen. Men ei vik i vatnet har opna seg. Det er bevegelser i vatnet -frosken har starta vårleiken sin. Isen er i ferd med å smelte, sola skin, gradstokken nærmer seg ti grader – av slikt blir det varmt blod i ein vekselvarm kropp. Ja to er tydelegvis så varme der dei klamrer seg til kvarande at dei må krabbe opp på isen for å kjøle seg ned. Opptil 20 froskar tel eg – og ergrer meg for at kameraet ligg att heime.

Fra Forskning.no 15.11.2014: Buttsnutefrosken (Rana temporaria) er svært vanlig i Norge. Den lever stort sett på land, men søker mot vann i april–mai, når tiden er inne for å finne seg en make og legge egg i en dam.
Årets nyklekte frosker forlater dammen i juli–august, og kommer ikke tilbake før de returnerer til dammen der de er født, for å produsere en ny generasjon buttsnutefrosker.
Buttsnutefrosken er robust og stiller ikke store krav til leveområdene sine. Den jakter om natten, og spiser blant annet mark, snegler og insektlarver. På dagen søker den til fuktige steder i terrenget for å hindre uttørking og for å unngå fiender. Om vinteren ligger den i dvale.
I Norge har vi tre froskearter. I tillegg til buttsnutefrosken har vi spissnutefrosk (Rana arvalis), som er rødlistet som nær truet, og damfrosk (Rana lessonae) som er en kritisk truet art.
De to førstnevnte er såkalte brune frosker, mens damfrosken er en grønn frosk, og mer i slekt med arter som er utbredt sørover i Europa.

To timar seinare på dagen var eg tilbake med fotoutstyr. Ingen froskar å sjå ved vika, men uti vatnet låg det eggklaser tett i tett. 15 talte eg tilsaman – tydeleg tegn på at aktiviteten tidlegare på dagen hadde båre «frukter». Nede i vatnet kunne eg skimte bevegelser, luftbobler kom til overflata her og der. Eg sette meg ned og nå og då stakk ein frosk hode opp av vatnet. Tydeligvis sat eg ikkje heilt i ro eller var for synleg. Froskhode forsvant. Litt reposisjonering og eg blei litt mindre synleg. Og ein og annan frosk synte seg fram. Forsiktig opp, speida rundt i eit par minutt før dei senka seg ned att.






Litt fotografering av isen som smelta blei det og – bearbeida i Lightroom.



