VEKE 8

Då er 58 foto lagt ut med #2022dagfordag på Instagram. Enkel rekning tilseier at det då berre er 307 foto att. Til no har det gått greit å finne motiv – kamera enten i form av Nikon, Olympus eller Iphone er med nesten heile tida. Nokre dager har eg ein ide om kva eg skal fotografere mens andre blir det som det blir.

Dag 52 (21.2.) Streetart på Røros. Kunstneren Ståle Gerhardsen har malt dette på formingsbygget til Røros skole.
Dag 53 (22.2.) Hummelfjell, Os i Ø i ettermiddagslys.
Dag 54 (23.2.) Hornugla jakter ved Sundbrua, Røros.
Dag 55 (24.2.)Snapshot – Torgplassen på Røros med Gammelskola, Thaimat, Frelsesarmeen og Bergstadens Ziir i bakgrunnen. iPhone-foto.
Dag 56 (25.2.) Dash 8 tar av frå Røros lufthavn- Gardermoen neste.

Dag 57 (26.2.)..og jula varer heilt til påske…. Lysa på «Juletreet» på Rugeldalen, Røros i kveld.
Dag 58 (27.2.) Førerkortkurs klasse S -snøskuter i Haltdalen, Holtålen kommune. Mitt siste kurs denne vinteren. iPhonefoto.

VEKE 7

Ei ny veke med foto til Instagramprosjektet #2022dagfordag. No har eg lagt ut 51 foto. I veka som var har det blitt mange foto av hornugla som uventa dukka opp ved flyplassen. Mange timar er tilbrakt ventande på ei hornugle på jakt etter markmus. Men eg kan ikkje berre vise uglefoto her. Hornugla får bli tema for ein eigen blogg seinare.

Dag 45 (14.2.2022) Hornugle -Asio otus
Dag 46 (15.2.2022) Røros flyplass – snørydding
Dag 47 (16.2.2022) Sidensvans – Bombycilla garrulus
Dag 48 (17.2.2022) Nytt togsett – Type 76 -i trafikk på Rørosbanen. Det skin av nytoget!
Dag 49 (18.2.2022) Hornugla speider etter markmus
Dag 50 (19.2.2022) Mange fine bygningsdetaljar på gamle hus.
Dag 51 (20.2.2022 Glåma med Storskarven i bakgrunnen fotografert i det sola gjekk ned.

VEKE 6

Oppsummering av veke 6 i #2022dagfordag – foto nr 38 til 44.

Dag 38 (7.2.2022) Rockebonde på Kaizerplass på Bryne, Jæren. Pøbel er kunstnaren.
Dag 39 (8.2.2022) Fjæreplytt på Hedlestø, Jæren. Vadefugl som overvintrer langs kysten. Hekker i høgfjellet og arktiske strok.
Dag 40 (9.2.2022) Storelgen i Stor-Elvdal kommune. Vegkunst – 10 meter høg og 14 meter lang. Utforma av kunstnaren Linda Bakke. Frå Wikipedia: Formålet med å sette opp Storelgen var å forbedre trafikksikkerheten. – «De monotone vegstrekningene gjennom Østerdalen gjør at bilførerne kan bli sløve, og det har ført til utforkjøringsulykker og alvorlige møteulykker. RV 3 ble omtalt som «dødsveien». Vi gjør dette for å få «vekke» bilistene», sa avdelingsdirektør Aud Riseng i Statens vegvesen da statuen ble satt opp.
Dag 41 (10.2.22022) Nordlys over Røroslandskapet denne kvelden. Og det var nordlys å se oer heile Sør-Norge denne kvelden.
Dag 42 (11.2.2022) Widerøes Dash 8 klar for avgang til Oslo.
Dag 43 (12.2.2022) Førerkortopplæring klasse S i Haltdalen.
Dag 44 (13.2.2022) «Iskunst» i Gauldalen like ved rv 30.

2022 FEISTEIN FYR

Feistein fyr i Klepp kommune, Rogaland har vore ein av dei over 200 bemanna fyrstasjonane langs kysten. Fyrtårnet står der framleis – automatisert – og viser veg for sjøfarande. Feistein fyr er eit blikkfang for alle som ferdes langs Jærstrendene, også for oss fotografar. Holmen og fyret uti havet er eit kjært motiv.

Feistein kjem frå gammalnorsk Feðjarsteinn som tyder gjerde eller skillevegg. Navnet kan vise til at holmen er ein del av ei rad med skjær og grunner som danner eit stengsel – ein bølgebrytar – mot storhavet.

I havet utanfor Jærstrendene ligg Feistein. Foto mot sør med stranda på Hedlestø fremst.

På det næraste er det ca to km frå fastlandet ut til holmen Feistein. Første fyret her blei bygd i 1859 og det har gjennomgått mange endringar sidan den gongen. I mange år budde fyrvoktaren med familie på Feistein.  Det var ikkje ufarleg å bu på fyret. I 1868 blei fyrvokter og ei tenestejente feid på havet av ei storbølge som slo over holmen.I 1988 blei Feistein automatisert, og i 2006 blei fyrlykta erstatta med ei ledlykt (ikkje LED-lykt). På Kystverkets sider er det meir å lese om fyr og bruk av lyssignal for å lede sjøfarande trykt. Feistein drives i dag av ei venneforening – Feistein fyr venneforening – og det er opna for overnatting der.

Fyret ligg for seg sjøl utan anna enn havet rundt seg. Det er eit spennande og utfordrande fotomotiv som er i konstant endring. Dei siste to vekene har me hatt Feistein fyr som «nabo» uti synsranda.  Det har vore dagar med fint vêr og sol, snøvêr, hagl,regn og mykje gråvêr. Vind har det vore heile tida – eine natta blåste det opp til orkan styrke. Fotografia under her – eit for kvar dag har alle med Feistein fyr som ein del av motivet. 

Utfordringen med å fotografere fyret, er avstanden -ca 3 km frå hytta på Hedlestø. Fotografia kan vere forstørra eller beskåret for å få fram ønska resultat. Dei fleste fotografia er tatt med Nikon D850 og Nikon 200-400mm f4 og varierande brennvidder. Men og Olympus E-M1 MarkIII og M.Zuikoo 12-100mm f4 er nytta.

Dag 1 – grov sjø ute på havet.
Dag 2 Dei første solstrålene lyser opp bygningane på Feistein.
Dag 3 – storm og orkan er i farta. Regn- og sluddbyger feide over oss og trakk eit gardin foran Feistein.
Dag 4 Dagen etter ei storm- og orkannatt. Redningshelikopteret tok ein sving over Jærstrendene.
Dag 5 Snøbygene kom sakte og stilt sigande innover frå havet. Feistein forsvann bak store snøfiller.
Dag 6 Ny dag med vind og bølger. To kitere hadde «jula» si denne ettermiddagen.
Dag 7 Eit solgløtt i timen før sola takka for seg denne dagen.
Dag 8 Gråvêrsdag med lite vind. Ein gjeng surfare var uti for å fukte drakt og brett.
Dag 9 Dag med mykje vind, få varme grader, regn, sludd og hagl. På slutten av dagen kom sola fram og då blei det optimale forhold ved Hellestø havn i eit par minutt. Dette er eit klassisk motiv frå ein mykje brukt fotoloaction. Fornøyd med resultatet!
Dag 10 Feistein fotografert om morgonen med lang eksponeringstid – mykje grov sjø rundt holmen.
Dag 11 Framleis bølger og vind. Fasinerande å sjå korleis havet bryt rundt Feistein og sender kaskader med sjø opp i lufta.
Dag 12 Tur opp i berget bak hytta for å få eit litt anna perspektiv på Feistein. Gråvêr med regn kom rullande inn frå nord og det blei endå ein dag med grått fotolys. Ikkje bruk for grå-filter her!!
Dag 13 Siste kveld med fyret, sola og båtane.

VEKE 5

Oppsummering av veke 5 – foto frå Rogaland og foto nr 31 til 37 i «prosjektet» mitt i år kor eg skal legge ut eit nytt foto kvar dag på Instagram.

Dag 31 (1.2.2022)På leit etter mandarinanda i Sanvedparken. Ei toppand istaden for mandarinanda.
Dag 32 (2.2.2022) Kitere på Hedlestø.
Dag 33 (3.2.2022) Vindforma tre på Harvaland.
Dag 34 (3.2.2022) Svartstilka andeskjell. Funnet på ilanddrevet planke. Ikkje skjell men krepsdyr.
Dag 35 (4.2.2022) Pøbels kommentar til effektivisering i landbruket. På silo ved rv 44 i Hå.
Dag 36 (5.2.2022) Grå dag med vind, bølger og lågt skydekke.
Dag 37 (6.2.2022) Ilanddreven havhest på Hedlestø. Havhest nr 2 samt to lomvi.