HARE

Inspirert av fleire besøk i «harehytta» til Erlend Haarberg på Vauldalen, har eg begynt å fôre harar her på Røros. I fjor raserte rådyra forings- og fotoplassen. Dei trakka sundt og åt opp havren så snart den var lagt ut. I år har eg greid å halde dei vekke størstedelen av tida. Ein «lurefôringsplass» med lammepellets eit par hundre meter unna held dei på avstand.

Harer i kveldslys. Her fekk eg med litt av bakgrunnen – bjørkeskogen, himmelen og lys frå Røros. Harane skulle bare ha snudd seg 90 grader.

Oppsettet til Erlend Haarberg med lys i bakkant samt lys i forkant er kopiert. Fotoskjulet er i kjellaren kor eg har opna eit vindu og blenda det av med eit ullteppe. I teppet har eg skore hol til linsa samt kikkehol. Avstanden til harane er 5-6 m. I ettertid ser eg at dette er i kortaste laget. Sektoren som eg dekker bli for smal og det er vanskeleg å få med seg alt som skjer uti mørket. Harane kjem ofte litt brått inn på fôringsplassen. Neste år blir fôringsplassen flytta 4-5 meter lenger vekk frå huset.

Hare med bakgrunn- bjørkestammar og lys frå Røros.

Lyskastarane er bare «samanraska» frå diverse byggeprosjekt her, og dei er i svakaste laget. Nikon Z9 og Nikon 70-200mm f2,8 er brukt på dei fleste fotografia. Iso frå 6400 og opp til 12800 samt lukkartid opptil 1/1600 sek. Eg har brukt Sigma 300mm f2,8 og Nikon 200-400mm f4 men desse linsene blir i kraftigaste laget når avstanden er så kort.

Med Sigma 300mm f2,8 blei det ikkje plass til heile haren då han strekte seg opp på to.
Denne stoppa ca to meter frå meg. Kikke inn i linsa og blunka.

Eit motiv som eg synes det er artig å arbeide med, er med lys kun i bakkant og helst med snø og vind. Litt lang eksponeringstid gir i tillegg fine effektar.

Det har vore stor aktivitet med opptil fem harar samtundes på fôringsplassen. Harane sloss om maten og innimellom smell det skikkelig til. Det er fasinerande når dei bokser, tramper i bakken, sloss, hopper høgt eller jagar kvarandre. Og dette er medverkande til at eg har brukt ein del kvelds- og nattetimar for å vente på rett øyeblikk. Ei lita samling «actionfoto» her:

Mange gonger braker harane saman i utkant av lyset slik som her. Dette var ein heftig og langvarig kamp som bare tidvis lot seg fotografere.

Og ein av dei siste fotokveldana dukka denne gjengen opp. Rådyr med backlight kan bli eit prosjekt neste vinter.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: