2021 VEKE 33

Sidan eg for eit år sidan var på Lauvsnes for å fotografera havørna, har eg ønska meg tilbake. Nå har det blitt ny tur dit og tur med ørnemannen Ole Martin Dahle som guide og turvert. Turen blei ei like mektig oppleving som i fjor. Havørn, måker og tjuvjo – alle blir «lokka» til båten av mat som kastes ut for at fotografen skal få så gode foto som mogeleg.

Gråmåke og svartbak følger etter båten heile tida og er gode fotoobjekt. Dette og dei andre fotografia her er tatt med vidvinkel – 24mm. Eit lite stykke mat er plassert inni solblendaren og så er det bare å holde utløysarknappen inne når gråmåka kjem for å plukke opp maten.
Gråmåke frå uvanleg vinkel.
Her snappes matbiten frå linsekanten- måka får mat og fotografen eit foto.
Tjuvjoen – ein luftakrobat av klasse.
Tjuvjoen lever av å «stjele» mat frå andre måker, terner og alkefugl – kleptoparasittisme kalles det. Den forfølger bytta sine til dei «kaster» frå seg maten for å slippe unna. Men tjuvjoen kan også skaffe seg næring på anna vis. Ved Myvatn på Island såg eg to tjuvjoar som pressa ei heipiplerke i bakken og drepte ho. Anbefaler artikkelen om tjuvjo på Norsk Polarinstitutt si side.
Tjuvjoen er ein fasinerande fugl. I korte sommarmånader kan me oppleve arten langs norskekysten. I vinterhalvåret lever tjuvjoen pelagisk – dvs ute på havet langs sørkystane av Sør-Amerika, Sør-Afrika , Australia og New Zealand. Ein skikkeleg langdistansetrekkfugl!
Den nærståande fjelljoen som me har hekkande her i Rørostraktene har ein tilsvarande årsrytme – landfugl med smågnagare som hoveføde i hekketida og eit pelagisk liv i vinterhalvåret på den sørlege halvkule.
Det er ikkje alltid att fotografen er rask nok når tjuvjoen kjem flygande!
Havørnbestanden er stor i Flatanger – mellom 20 og 30 par – slik som den er mange stader langs kysten no. Nærarere 4000 par finnes langs Norskekysten frå Oslofjorden til Finmark. Då ørna blei freda i 1977 var bestanden på omlag 400 par! Havørna spreier seg også innover i landet. I Rørostraktene er det ikkje uvanleg å sjå havørna til alle årstider no.
Fisken me kasta ut er nettop plukka opp. Les meir om havørna i Store norske leksikon.
Staseleg fugl – vingespenn opptil 2,6 m og vekta kan på store fuglar gå opp til over seks kg.
Havørna klar til å stupe ned for å ta fisken som er kasta ut. Det går fort – det tar ofte berre eit drøyt sekund før fisken er plukka opp. For ein urutinert «ørnefotograf» blir det mange bomskudd slik som foto av ei halv ørn, ein vingespiss eller to føtter i overkant av fotografiet.

Turane til Norway Nature er populære både for dei som vil fotografere og dei som vil bli med for se på havørna.

2021 VEKE 32

Foto frå først i veke 32 – ein stemningsrapport frå timane like før og etter soloppgang. Vekkeklokka var innstilt på 03.30 to dagar. Første morgonen var Storwartz og morgonlyset der målet. Morgonen etter var Grådalen og moltemyrane turmål. Og på veg dit var det også andre motiv å fotografere: Elgoksar, Glåma med fjellet Storskarven, flyplassen i morgonlyset….

Aldri er utsynet frå Sundbakken flottare enn ein tidleg sommarmorgon før sola renn bak Storskarven
Ein havreåker fristar ungoksen .
Fotografert kl 04.18 – iso 4000, f4, 1/160 sek, Nikon D850, Nikon 200-400mm@400mm
Røros flyplass tidleg morgon før både fly og mennesker har tenkt å vakne.
Morgonlyset på Storwartz sviktar aldri… det blei fleire foto eg var fornøyd med.
Dette biletet har tom alt-eigenskap. Filnamnet er 2021-veke-32-8414.jpg
Ny dag….
…og ein ny elgokse er frampå
mens oksen frå dagen før har funne ein kompis – ein staseleg 12-spirs okse.
Geitrams er god elgmat.
Like ved vegen uti Hådalen var to bevere opptatt med «Frokosten» – vierkvistar og elvesneller

Og moltmyrane i Grådalen svara til forventningane!

2021 VEKE 31

4.august var frosten så vidt innom Rørostraktene. Utpå morgonkvisten sank temperaturen såvidt under fryspunktet. Ikkje mange kuldegradene men nok til at potetgraset fraus mange stader og blåbæra blei blaute og uspiselege. Bakken blei rimkledd og mange planter fekk dekorert overflata med små frostkrystallar. Frosten slår litt ulikt til – langs bekkedrag og langs vatn frys det ikkje så lett. Det same kan gjelde inni skog og kratt. Ute på flater og myrdrag derimot kan kuldegradene derimot bite frå seg.

Eg var tidleg oppe og ute og fekk høve til å fotografere rimfrosten på sommarblomstene som i parentes tåler ei frostnatt eller to.

Blåklokke
Geitrams
Rødknapp og åkerhumle
Rødknapp – knopp
Brennenesle
Tyrihjelm – blad
Blåklokke
Det var dette motivet som var grunnen til at eg stod opp tidleg denne dagen. Eg hadde sett for meg ei blodrød morgon sol med geitrams i forgrunnen. Men tåkeskyer forkludra det og dette blei resultatet.