I dei siste vekene har eg vore litt opptatt av ornitologisk feltarbeid i forbindelse med prosjekta TOV-E (Ekstensiv overvåking av hekkefugl) og Ecosystem Ridalen – Taksering av fugl. Fugleobservasjonar herifrå kunne vore bloggtema. Men eit flyktig møte med ein mår ein stad i Ridalen blir heller tema.
Måren er sjeldan å sjå – ja faktisk var dette mitt første møte med mår ute i skogen. Eg har hatt mårbesøk attmed huset ein gong eg hadde liggande noko utvatna saltfisk ute. Men mårobservasjonar ute i skogen har mangla. Spor har det vore mange av på kryss og tvers i både bjørkeskog og furuskog vinterstid. Uglekassar med perlugle og haukugle har hatt mårbesøk som har resultert i avbrutt hekking. Golvet i bua vår bar og preg av att mår og røyskatt hadde hatt tilhald der. Men som sagt mår i fri natur har glimra med sitt nærvær på mine turar.
På slutten av ei registreringsrute ein stad inni Ridalen fyrst i denne veka, kom ein mår springande. Han kryssa kursen min, forsvann inn mellom tre og einerkratt. Hyggeleg og artig oppleving tenkte eg før måren dukka opp i eit tre baki der. Fyren med sekk og kikkert var tydelegvis verdt ein kikk. Fotoutstyr blei henta fram og eg «sneik» meg fram til lyden av knekkande tørrkvist. Måren strakte seg opp på to og kikka «nyskjerrig», forsvann og klatra opp i ei bjørk. Sat der lenge nok til at eg fekk nokre foto, forsvann ned og blei borte. I bakgrunnen varsla rødvingetrosten, og plutseleg var måren attende med ein trostunge i kjeften. Klatra opp i eit tre, kikka fram på fotografen, klatra ned og forsvann utan at dette sjeldne synet blei foreviga. Såg ein skygge som for bortetter skogen for å bli borte i den tette bjørkeskogen.
På mange vis var dette ein typisk mårobsevasjon – rask og flyktig.
Mykje kunne vore skreve om måren – Martes martes – men eg henviser til artikkelen om mår i Artsdatabanken.
Nærnatur er tema i bloggen denne veka. Gråtrosten er rundt oss vår, sommar og haust – så vanleg at me nesten ikkje legg merke til han. Av og til tar eg meg i å «filtrere» vekk lyden eller synet av denne trosten. Andre fuglar og dyr blir meir interessante. Som fotoobjekt har ein gråtrost tilsynelatande lite å stille opp mot leikande orrfuglar eller harar som sloss i vinternatta. For å bøta på litt dårleg samvit overfor gråtrosten – Turdus pilaris – sette eg meg ned her ein dag for å studere og fotografere trostane som var nedom plenen på matleit. Det er ei travel tid for gråtrosten no. Ungane er i ferd med å forlate reiret og dei vaksne brukar tida si på å finne mat og passe på ungane.
Godt skjult i graset leiter gråtrosten etter mark og larver.
Det «gjekk» ein jevn strøm av gråtrost frå skogen rundt til plenen og enga. Dei hoppa rundt, la på trostevis hovudet på skakke før dei hakka i graset og kikka opp med ei larve i nebbet. Larve ja – eg trudde det var meitemark dei fann på plenen. Men det var larver av stankelbein som var hovedbytte. To, tre eller fire hadde dei i nebbet før dei returnerte til reiret. At det finnes så mange stankelbeinlarvar i plenen er jo utruleg. Larvestadiet til insektet stankelbein er i grasmatta. Dei êt grasrøter og i stort antal kan dei gjere skade på grasenga.
I løpet av april kjem dei fyrste trostane hit frå vinterkvarter i landa rundt Nordsjøen. Gråtrosten er ein vanleg art i Norge. Opprinneleg var det ein hei- og fjellfugl men han har gradvis auka utbreinga si (100-års perspektiv) – både til meir lågareliggande strok og sørover i Europa.
På leit etter mat – hovudet legges litt på skakke for å lokalisere mat.
I år har det vore mykje gråtrost her. Frå der eg sat hadde eg kontroll på fem reir. No i hekketida høyres gråtrosten godt. Dei varslar når skjær og kråke nærmar seg reirområdet. Enkelte fuglar reagerer og kraftig på oss tobeinte og kvitterer med skittklyser. Skittrost er eit anna navn på gråtrosten. Det er og mange døme på at ugler og andre fuglar er så tilskitna av gråtrostskit at dei ikkje kan flyge. Det er spesielt når gråtrosten hekkar i koloniar at dette kan skje.
Det varsles når andre gråtrostar kjem for nær. Det eine paret hadde tydelegvis hevd på ein plenbit for kvar gong andre prøvde seg, blei dei resolutt jaga vekk. Leven blir det og når skjæra som hekker like ved er på «rov». Og det er ikkje utan grunn. For tre år sidan blei to reir tett inntil husa «tømt» av skjæreparet. I år har det gått betre – kanhende fordi antal trostar er mange. Ikkje uvanleg å sjå 10-15 gråtroster som flyg etter skjæra. Enkelte gonger er det med nød og neppe at skjæra berger seg unna trosteflokken inn i ein granbusk eller liknande. Men skjæra og kråka får nok fatt i ein del trosteungar.
Flott fugl sjøl om fjørdrakten er litt falma.Ikkje berre stankelbein på menyen – ute i enga var det meitemark å finne.
Ein liten rusletur i skogen – lyden frå gråtrostungane høyrtes overalt saman med varslande foreldre. På usikre vinger flyg ungane vekk eller dei prøver å sitte heilt stille og vere usynleg.
Litt fakta om gråtrosten henta frå Miljølære.no Kjennetegn: Vår nest største trost (etter duetrosten) som kan bli opptil 26 cm. lang. Brystet er gyllent med svarte pilformete flekker, hodet og nakken er grå, mens ryggens brunfarge står i kontrast til den grå overgumpen. Hunnen og hannen er like.
Habitat: Gråtrosten finnes i de fleste norske habitater. Der det er skog hekker den i trær, mens i fjellet legger den reiret rett på bekken eller i kratt.
Utbredelse: Gråtrosten finnes vanlig som hekkefugl i store deler av landet, fra kyst til høyfjell.
Forflytninger: Normalt forsvinner våre hekkefugler sørover i september og oktober for å overvintre i de vestlige delene av kontinentet og på de Britiske øyer. Avhengig av bærhøsten, spesielt rognebær, kan tusenvis av gråtroster overvintre hos oss. Disse fleste av disse fuglene stammer trolig fra områder øst for Norge. I slike år kan man få besøk av gråtrosten på foringsplassen om man legger ut bær eller epler.
Næring: Meitemark, insekter, edderkopper og forskjellige plantedeler. Om høsten er krekling og rogn viktige næringskilder.
Hekkebiologi: De hekker gjerne i kolonier og er meget aggressive ved reiret. Om mennesker eller andre farer kommer for nær egg eller unger, driter de i felleskap på inntrengerne mens de lager et veldig spetakkel. Den norske hekkebestanden ble i Norsk Fugleatlas (1994) anslått til å være minst en million par. Hekkesesongen strekker seg fra april til juli. I Sør-Norge kan de noen ganger ha to kull i løpet av en sesong.
Eit lite tilbakeblikk: I bloggen i juni 2017 skreiv eg dette: Røros er innvadert og okkupert av små grønne skapningar i desse dagar; lauvmakk. Dei gnager, slafser, gomler, eter……… dei er mange og er overalt. Bjørk etter bjørk fortæres og står nakne att i sommardagen. Men lauvmarken smaker ikkje berre på bjørka: hageblomster, rogn, vier, blåbærlyng går og ned.
Morgonstemning der fjellbjørkemålaren har dekorert vier- og dvergbjørkekratt. Iphone-foto frå 2018
Fjellbjørkemålaren er ein liten sommarfugl som finns over heile nordkalotten. Og som sommarfuglar har den eit larvestadium – lokalt kalla lauvmakk. Små grønne markar som spiser alt som kommer i dens veg. Åra 2016, 2017 og 2018 sette lauvmakken eller fjellbjørkemålaren sitt preg på Rørostraktene. Det er sjeldan at insekt utom myggen er samtaletema, men det var lauvmakken den gongen. Dei store mengdane fjellbjørkemålarar som flokka seg rundt utelysa hausten 2016 blei til og med sak i riksmedia.
Lyset er som ein magnet på insekt – og når 1000-vis samles runt eit utelys blir det neste ekkelt.Når alle målarane letter blir det som her
Neste vår klektes alle egga som blei lagt hausten før. Og lauvmakken – larvestadiet til fjellbjørkemålaren – sette sitt preg på skog og mark. Det var lauvmakk overalt: I trea, i lufta og på bakken. Stod du under eit tre kunne du høyre lauvmakken spise blad. Og bakken var dekka av skit frå lauvmakken. Våren 2018 var siste gongen me såg lauvmakk i nemnverdige antal.
Lauvmakk på veg oppover etter å ha firt seg ned eller flytta frå eit tre til eit anna. Ei lita bjørk som var hardt angrepen i 2018. Iallefall 10 lauvmakkar på dette fotografiet.Dekorativt? Trådane danner larvane når dei senker seg ned frå treet.
Tilsynelatande er skogen frisk att. Fjellbjørkemålarane er her nok enda men i mykje mindre tal. «Seinskadene» er der i form av dau skog som har surna på rot og er ubrukbar til ved. Angepet var så «kraftig» at at mange tre ikkje greide å ta seg att. Å få lauvet spist opp eit år går greit – i mange tilfeller blei det danna nytt lauv på seinsommaren. Eit angrep andre året går og stort sett greit for dei fleste trea men ein del yngre tre fell ut då. Og der angrepet kom eit tredje år gjekk det galt
Typisk situasjon – skogen ser frisk ut men innimellom er det mange heilt eller delvis daue tre. I dette området ved Fjellsjøen var skogen angrepen både i 2016, 2017 og 2018. Fjellsjøen juni 2021.
Ikkje så galt at det ikkje er godt for noko! Flaggspetten fora ungane sine med målarlarvar sommaren 2017. Mange insektspisande arter hadde god hekkesuksess i 2017 og 2018..Litt risting på eit tre og himmelen blei fylt opp med flygande målarar.Foto frå Ridalen hausten 2016. Lauvmark i graset – 6-7 mark på dette fotografiet. Åra etter eit angrep blir undervegestasjonen svært frodig grunna gjødselseffekten. På veg oppover att! I lamge trådar semker dei seg ned på bakken – og ikkje før har dei kome ned så klatrar dei opp att.
Humlene er attende etter ein lang vintersøvn – 8.5. dukka første jordhumla opp. Sidan den datoen har det vore humler å sjå som oftast i nærleiken av vierkratt eller hageblomster. Så tidleg på året er det berre humledronninger å sjå. Det er som kjent berre dronninga som overvintrar – arbeidarane og hannane døyr om hausten. I denne fyrste tida på våren kan det vere smått med mat. Vieren er ei viktig næringskilde.
Trehumle
Finvêret dei siste dagane sette skikkeleg fart på blomstringa. I nokre vierkratt utmed Glåma fekk eg verkeleg oppleve humlelivet: Jordhumle, åkerhumle, trehumle, markhumle og lynghumle samt veps gjekk «bananas» i pollen og nektar. På denne tida av året er det «relativt» lett å artsbestemme humlene – det er bare dronninger i farta og dei er reine og skarpe i fargane.
ÅkerhumleLys jordhumleLys jordhumleKva humle som skjulte seg her under eit tjukt lag pollen vites ikkje.Pollen og humle Lys jordhumle med masse midd.
For den som vil lære meir om humler er NINA’s temahefte Humler i Norge ein god start. Dei norske artane er godt beskrevet med gode foto. Og skulle ein ha behov for meir informasjon er bøkene Humler i Norge eller Norges humler med humleskolen å anbefale.
Det var ikkje bare humlene som «koste» seg med pollen – også mange vepsar av arten norskveps var å sjå. Denne arten kjenneteiknes i felt av ein rød flekk på sidene av bakkroppen.
På Facebook kom denne meldinga opp torsdag 27.5. – minne om ei hending for tre år sidan. Eg hugsar godt då eg tok dette fotografiet. Kvelden denne varme forsommardagen hadde eg brukt på å fotografere dvergmåker og hettemåker på svenske side av grensa. Lenge før eg såg dei høyrte eg kanadagåsas nasale år-lytt..år-lytt (eller o-ink o-ink som er mitt forsøk på lydbeskrivelse). To gjess kom flygande mot meg frå norsk side. Og med kveldshimmelen i vest blei det eit ok foto med teksten Fri som fuglen.
Eg var på same plassen 27.mai 2021 saman med naturfotograf Erlend Haarberg. Dvs ikkje heilt same plassen denne gongen for grensa er jo «stengt» og fotoplassen utilgjengeleg for nordmenn utan ønske om karantene på Vauldalen fjellhotell. Frå norsk side kunne me betrakte fotoplassen frå 2018 ca 200 m inne på svensk side og dvergmåketjønna. Tjønna var delvis islagt men to hettemåker låg allereie på reir. I tillegg var det toppender, rødstilk, grønnstilk og gluttsnipe å sjå der.
Denne ettermiddagen ga utrykket «fri som fuglen» ei ny meining – gauk, toppand, trostar, piplerker og måker bevega seg fritt fram og tilbake over grensegjerdet. For akkurat her er det eit fysisk grensegjerde mellom landa! (Må i anstendighetens navn seies at det er eit reingjerde – ein praktisk inretning -som ikkje kan samanliknas med grensegjerder andre stader i verda.
Det er ein heilt annan situasjon i dag enn for tre år sidan altså. Me som bur i Rørostraktene og har kryssa grensa mellom Norge og Sverige nå og då som den mest naturlege sak i verda, blir i dag møtt av politi og militært personell. Grensa som er der men som likevel ikkje har blitt sett på som ei grense, er no blitt ei grense bokstavleg talt.
Luftrommet har og vore ein «friplass» – det er akseptert at internasjonal lufttrafikk passerer over landa- høgt oppe. Flykapringa over Belarus (Kvite-Russland) illustrerer at ikkje alle er einig i dette lenger. Vi kan ikkje lenger sei som ein viss ubåtkaptein sa for å unnskylde seg at han var på feil plass i feil land : «Vi kan jo ikke se den grense under vann!»
Grensene er blitt svært så synlege no – både til lands, til vanns og altså i lufta. Dette er jo betraktningar frå ein med norsk pass – eit pass som nesten opphever alle grenser…
Men enn så lenge gir utrykket Fri som fuglen meining for fuglane i allefall
Endeleg blei det tid til ein rett «fuglatur» – ein dag med kikkert, teleskop og notisblokk- ein slags roadtrip til lokale stader kor det av erfaring kan vera mykje fugl å sjå. Foto og inntrykk frå dagen er bloggtema.
Eg hadde nok venta at det skulle vere meir fugl å sjå – men får skulda på det kalde vêret så langt i vår. Dagen starta like før fem om morgonen ved Havsjøen på grensa mellom Os og Røros.
Havsjøen er ein kroksjø i Glåma. Frå 1914 til 1958 hadde NSB sagbruk her med eige sidespor frå Rørosbanen. I dag er det så vidt spor etter sagbruksdrifta som delvis var basert på bearbeiding av tømmer fløta hit frå Femundsmarka. Tømmerfløtinga er ei eigen historie med bygging av tømmerrenner mellom Femunden og Feragen og fløtedammer flere steder nedover Hådalsvassdraget. Må bli tema for ein blogg ein annan gong!
Sjøen er rasteplass for ender, lom og svaner under vår- og hausttrekket. Denne morgonen var det framleis litt is igjen og toppender og kvinender rasta på iskanten. Sjøorren – ei stor og nesten svart dykkand- er ein karakterart i Havsjøen. Denne morgonen låg det ca 30 av dei.
I tillegg til sjøorrene var det mykje anna å sjå: Storlom, ei gravand, brunnakker, krikkender, toppender og kvinender. Sangsvaner og traner ga lyd frå seg frå andre sida av Glåma – herleg lydkulisse!
Storlomen er vanlg å sjå i Havsjøen og hekkar år om anna. Å komme på nært hold utan kamuflasje er nesten umogeleg – i allefall på ein snartur som dette. Det var seks storlomar i Havsjøen denne morgonen. Islagte fjellvatn er nok årsak til det. Også i begge endane av Aursunden var det og storlom å sjå seinare på turen- 13 tilsamen og fire smålom.
På vegen attende frå Havsjøen møtte eg to elgar – ku og fjorårskalv – som venta på toget!
Etter Havsjøen var Gjettjønna like utom Røros sentrum, stoppestad. Gjettjønna har dei seinare år vist seg å vere ein spennande fuglebiotop spesielt om våren. Det er fleire områder med starr og sneller som gir gode leveforhold for ender, horndykkar og vadefuglar. I år er det særleg dvergmåkene som har trekt til seg fuglafolk. På det meste er det sett 26 dvergmåker på ein gong i tjønna. Kurtise og parring er observert. Om måkene vil hekke her eller annan stad rundt Røros står igjen å se. Tidlegare år har dei hekka på svensk side av grensa som eg har skreve om i tidlegare bloggar.
Tre måkeartar i Gjettjønna: Fiskemåke, hettemåke og dvergmåke.
Strandlinja i Gjettjønna er ein viktig biotop. Her er det ofte vadefuglar å sjå – også denne morgonen. Ein grønnstilk rasta her – ein mellomstor vadar med grønnlige bein. Fluktspelet dens er karakteristisk – flyg med raske korte vingeslag mens….
Deretter gjekk turen langs Hitterdalsvassdraget med første stopp Hittersjøen – ein annan lokalitet like utom sentrum. I enden av sjøen er det eit område med sneller og starr – ypperleg lokalitet for vadefuglar gråhegre og horndykkar. Hitterdalsvassdraget har fleire interessante lokalitetar og horndykkaren er ein karakterart med opptil 10 par. To rødnebbterner i innsjøen Stikkilen bar bud om vår og sommar.
I området ved Storwartz er sandloen ein fåtallig hekkefugl.
Turen gjekk via Gruvveien forbi Storwartz til Aursunden. På Storwartz var vatna framleis islagte men sandloen var på plass. Sandloen – ein liten vadefugl – trives på dei opne områda ved flotasjonsanlegget her oppe og i det opne heilandskap.
Aursunden er delvis islagt framleis men isen er i ferd med å bryte opp. Områda ved inntaket til kraftverket er i ferd med å fyllas opp og lite fugl var å sjå.
Ved Sundtjønna i Brekken stoppa eg. Tjønna er ein kjent hekkeplass for horndykkar men isen dekka framleis tjønna. I skogen rundt derimot var det eit «yrande» fuglaliv: Bjørkefink, bokfink, gråtrost, rødvingetrost, blåstrupe, gulerele, sivspurv…… og lauvsangar. Denne insektetande trekkfuglen som overvintrar i Aust Afrika,blei møtt av kaldt vêr her. Og lite insekter i lufta. Ein skulle tru at det då blir svelt-i-hjel for lauvsangaren. Ingen problem tydeleigvis. Sjøl om det er kaldt er det mat å finne. Det fekk eg sjå då eg sette meg ned ved eit bekkesig. Bortimot 10 lauvsangare heldt til her og mat fann dei: Mygg, fluer, mark…. Fasinerande å sitte ned og betrakte dette – ei lita naturoppleving som eg «lever lenge på.»
Turen gjekk vidare innom lokalitetar i Øvre Glåma, Borgosen og Vauldalen utan store overraskelsar. På tilbaketuren om ettermiddagen låg det ein liten svartandflokk i Hittersjøen- 4 hannar og ei ho.