Harane på Vauldalen

Harane på Vauldalen er viden kjende. Bileta til Erlend Haarberg har vandra «verda rundt» og tatt med seg mange gjeve prisar heim. Erlend har fotografert harer her i rundt 20 år. I fjor stilte han harane «sine» til disposisjon for andre fotografar. Mange reiste til Vauldalen og kom heim med minnebrikkene fulle av harefoto. Så gjorde eg – tre netter blei det i fjor. Og herom dagen var eg tilbake. Værutsiktene var bra – «huggu buvêr» som eg hadde håpa på! Utpå kvelden letta vêret litt men fortsatt godt med vind og snø. Vind og snø gir gode fotoeffektar.

På veg til foringsplassen….Dei første kjem i blåtimen.

Erlend Haarberg har rigga opp lys. Mellom lyset og fotografen som sit inne i hytta, finn harane havre. Fotomessig gir det flotte effektar med haren i siluett foran lyset. Ei utfordring iallefall for meg, er å få haren skarp. Når dei første harane dukker opp i blåtimen, går det greit. Etterkvart som lyset svinn blir det meir utfordrande. Høg iso og kort lukkartid må til for å fryse bevegelsane til haren. Eg har valgt å konvertere ein del av fotografia til svart /kvitt – passer betre på nattelyset her. Ein del foto legg eg ut her. Telleverket stoppa på rundt 1500 foto – men mesteparten ender i søppelbøtta. Fotoutstyr: Nikon D850, Nikon 200-400 f4 og stativ.

Lys, vind og snø gir ein flott effekt.
Lys, vind og snø gir ein flott effekt.

Noen «kampfoto» – slåssing om mat og posisjon på foringsplassen.

Fem harar på fôringa samstundes! Eit øyeblikk med fred og fordrageleghet før alle slåss mot alle og harane sprang hit og dit.
Tjukt snøvêr, iso 4000, 400mm, f4, 1/1600 sek
Ser litt pjusk ut der han sit med ryggen mot vinden. Iso 1000, 1/25 sek, 400mm, f13
Iso 250, 240mm, f5,6, 1/13 sek
Med litt bedre fokus og treff, kunne dette blitt riktig bra. Iso 4000, 400mm, f 4, 1/1000sek

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: