DOBBELTBEKKASIN

I 23-tida- like før sola går ned tar leiken til for alvor ……. Eg sit i kamuflasjeteltet mitt ein stad i Røros kommune på ein dobbeltbekkasinleik. I området foran teltet utspeler det seg – ja – eit underleg spel i den mørke delen av sommarnatta. Sjøl om det er ei «lys sommarnatt» er det ikkje alt eg ser klårt.

Når bekkasinen viser seg, er det ofte i sitt karakteristiske spelpositur

På ei tue står ein bekkasin i sin karakteristiske oppreiste positur. I fjorårsgraset på myra ser eg små mørke «figurar» springe fort. Løpeturen ender opp på ei tue kor bekkasinen speler – knepper med nebbet, strekker seg og breier ut halen slik at det kvite vises. Det er vanskeleg å skjøne kva som foregår, men at det dreier seg om å passe på gode plassar er tydeleg. Eg har to vier- og einerkratt foran teltet. Ein bekkasin passer på desse. Så snart ein annan nærmer seg markeres dette med spellyd og skifte av posisjon. I blant spring han i veg forbi og bak teltet. Det er tydeleg at eg er innafor hans område. Rundt om på myra skimtes fleire bekkasiner på sine tuer.

Dobbeltbekkasinen er den største av våre tre bekkasinartar. Kroppslengda varierer mellom 26 – 30 cm. Vingespennet er frå 43 – 50 cm.

Dobbeltbekkasinen kan ofte vere vanskelg å få øye på når han står inne i blant einer og dvergbjørk. Men lyden røper han.

Dobbeltbekkasinens har eit svært spennande hausttrekk. Ein del av bestanden flyg direkte frå hekkeområda til Sahelområdet i Vest-Afrika kor det er regntid- ein distanse på rundt 6 000 km. Flygetida varierar mellom 60 -90 timar og hastighet opp mot 90 km/t! Den andre delen av bestanden kjem til Sahel samstundes med direkteflygarane. Dei starta «heimanfrå» ca 14 tidlegare, og har vore ein stad nord i Europa å næringssøk.

Dei êt seg opp før trekket går vidare i søraustleg til til Kongofloden. Vinterkvarteret er i våtmarksområder langs elva, og her held bekkasinane seg i rundt 7 månader. Turen nordover starter med ein lang flygetur til Europa over Sahara og Middelhavet. Til hekkeplassane kjem alle samstundes rundt midten av mai.

Enda litt meir om dobbeltbekkasinens trekk: På sin lange flygetur mot sør varierer høgda dei flyg i. På dagtid er det registrert flygehøyde frå 6 000 m til 8 700 m. Om natta flyg dei lågare – ca 2 000 m.

Spelet går inn i ein litt mindre intens fase etter soloppgang. Men dei ivrigaste held gjerne på til 6-7-tida.
Spelet er nesten over – bekkasinen kviler mellom «slaga» i det doggvåte graset.
Å ligge på dobbelbekkasinleiken er ikkje berre fugl – solnedgang og soloppgang – er og ein del av opplevinga!