2020 VEKE 48

Eg er der i livet kor nåtida går fort, framtida krymper – og fortida utgjer ein stadig større del av det levde livet.

Familiefoto frå Lofthus, Ullensvang frå ca 1896. Tippoldeforeldre og oldeforeldre. Morfar blei født året etter.

I «skuffer og skap» har eg som sikkert mange andre, liggande store mengder foto: Fotoalbum, innramma veggbilete, konvoluttar med svartkvitt negativ eller gamle svartkvitt fotografi, stablar med fargebilete, dias frå eigen produksjon…….. Fotografi etter far, mor, morfar, farfar og andre slektningar. Fotografi som har blitt tatt vare på fordi dei betydde noko for nokon, fotografi som i vanvare har blitt stukke inn i ei bok, eller har blitt liggande nederst i skuffa og overlevd mange opprydningar. Fleire fotografi har hengt på ein vegg utan at eg har tenkt over kven, kor og når.

Dette fotografiet fann eg tilfeldig limt inn i eit fotoalbum far hadde med teksten «Bellhouse i storm». Eg har skreve om farfar min frå Stavanger tidlegare i bloggen. Han seilte ut som 17-åring i 1915 og var med stålbarken Bell frå London via Panamakanalen til Japan og attende rundt Kapp Horn til skipet blei torpedert litt sør for England i 1916. Han tok vare på attestar o.l. og med det som utgangspunkt har onkel Oddvar Thorsen og eg rekonstruert sjømannslivet hans fram til han mønstra av i 1960. Bellhouse var eit anna seilskip han seilte med som styrmann frå 1919-1921. Ein finn ut så mangt: Bellhouse blei bygd i 1903 og fekk navnet Regina Elina. I 1936 blei skipet hogd opp men gallionsfiguren er tatt vare på og kan i dag ses i Mariehamn, Åland på sjøfartsmuseet der!

Eit foto av mannskapet på stålbarken Bell frå 1916 kor farfar min var med, var vel det som sette ting i gang. På eit tidspunkt fant eg ut at dette måtte eg finne utav meir- samle saman og systematisere. For gjer ikkje eg det no, så går mange ting i glømmeboka og fotografia blir berre fotografi! Sidan fotografi er utgangspunktet så går eg attende til slutten av 1800-talet. Eg har ikkje ambisjon om å lage ein komplett familiehistorie – men gi litt liv til ein del av dei bileta eg har. Slik kan muligens fotografia leve vidare i vår digitale framtid og vere til glede for framtidige etterkommare. Og no er eg der at eg samlar saman dokumentasjon frå skuffer og skap og bøker og snakkar med dei som enda lever og husker.

Artig foto frå Lofthus, Hardanger – ca 1937. Fotograf Åmund Eidnes?

I dag fotograferar me «heile tida» – men kva som skjer med fotografia er noko uklart. Eg er redd at mykje dokumentasjon – både privat og offentleg vil forsvinne i lag med kaserte pc-ar eller telefonar. Eller at mengden foto blir så overveldande at me ikkje orker å gå i gang med å redigere. Då eg starta å fotografere var det mest slik at me måtte tenke oss godt om før utløsarknappen blei trykt ned. Og mellom kvar eksponering måtte filmen trekkas fram. (Om du ikkje hadde motor på kameraet då.) Det var berre 36 filmar i kvar rull. I dag er snarare problemet at det er for lett å trykke på utløsarknappen – og i løpet av få sekund er det tatt 36 foto.

Men det er ikkje berre fotografia som er viktig å ta vare på. Også skrevne kjelder: Dagbøker, avisartiklar, brev, postkort…….

Eit fotoalbum i skinn kjøpt i Rio i 1948 er starten på far min si tid som sjømann. Han starta som smøregutt på MT Bergeland. I albumet er det foto som fortel om dei fyrste åra på sjøen – frå ei tid då sjømennene kunne vere heimanfrå to år og lenger. Hyrekontraktar og sjømannsbøker er god dokumentasjon saman med datidas «snap» – postkort! Album har den fordel at dei er «analoge» og ikkje avhengig av operativsystem og skiftande fil-typer.
Innskrift i ein gamal familiebibel frå 1867 først tilhøyrande fiskar Jonas Lie – tippoldefar – fortel og sitt. Trur det må ha vore dotter hans – mi oldemor Johanne Karoline – som skreiv dette: «Far døde 11.juni 1911. Kullseilte blev begravet 17.juni» og Bibelen fekk ny eigar ! Frå gamalt blei Bibelen brukt som ein stad kor ein noterte store hendingar i livet. Saman med familiefotografi frå rundt århundreskiftet fortel dette mykje.
Morfar min begynte å skrive dagbok då han gifta seg med mormor i 1928. Siste innskrift er dagen han døyde – 26.12.1970. Fleire tusen tettskrevne sider ! Og saman med mange foto blir dette eit interessant tidsbilete. Her ei side frå årsskiftet 1929/1930.

Ikkje alle er like lette å finne og like synlege. Mormor og farmor etterlot seg ikkje noko skriftleg og heller ingen foto. Men dei er med på mange foto, og farmors hefte om FILET-ARBEIDER fortel mykje om hennes interesser.

Eit hefte om Filet-arbeider – ein handverksteknikk – skreiv farmor på 50-talet- og heftet er arkivert Nasjonalbiblioteket!

Ein del foto

Foto frå arbeidslivet er det lite av- far på tankbåten MT Bergeland sist på 40-talet.
Tidlege foto er ofte portrettfoto eller gruppebilete tatt i samband med bryllup og åremålsdagar. Her eit foto frå dagleglivet – ein strandtur i 1934. Mormor og morfar leide drosje for å kome ut til strendene på Jæren. Morfar etterlot seg mange foto frå dagleglivet- frå den tida det var stølar på Hardangervidda, slottearbeid, frå det daglege arbeidet som lærar….
Koseleg stund saman med bestefar i Hardanger- Besten. Ca 1932.
Klassefoto frå farfar sin skulegang i Stavanger- må vere frå rundt 1907. Rein gutteklasse i byen!
Klassebilete frå rundt 1905 – Lofthus, Hardanger. Både jenter og gutar på skulane på landsbygda.
Foto som dette er artig å finne – hytteliv ca 1940?
Oldeforeldre med barn og to svigerbarn – ca 1925?
Foto frå Lofthus, Hardanger. Litt vrient når det ikkje finnes albumtekst som tidfester og seier noko om anledning. Men må vere tatt midt på 20-talet.

2020 VEKE 47

Stranda mellom Hedlestø i Sola kommune og Sele i Klepp kommune i Rogaland oppsøker eg kvar gong eg er på Jæren. I forrige veke bydde Rogaland på variabelt vêr med vind, regn, skodde og solgløtt. Havet som speglar vêret, gjekk langt inn på stranda. Bølgene såg ut til å ta med seg litt av stranda attende til havet.

Strendene våre og dei kystnære områda har mange brukarar og funksjonar- folk, dyr, fritid, næringsutøving…. Blogginlegget visernoe av bruken og litt av den rike naturen her.

Bølgesurfing har blitt ein svært så populær aktivitet langs strendene. I den lyse delen av døgnet er dei svartkledde å sjå «overalt». Som selar ligg dei uti havet – ofte berre med eit svart hovud stikkande opp, ventande på ei ny bølge. Her er ein som traff rett bølge og rei innover med flott teknikk.
Strandtur – rusle eller gå langs strandkanten mens Nordsjøen gjer sitt beste for å overdøva samtaler og høgttenking. Kvit sand med varierande fashet – og bølger som innimellom skyller innover stranda – bringer med seg tare, skjell. rekved eller plast. Hedlestø og Sele er eit populært turområde . Eg kom der som første mann på sundagen. Etter to timar stod det ca 50 bilar på parkeringsplassen.
Hummerfiskar på veg for å trekke teinene?
MS Bergensfjord frå Fjordline på veg frå Risavika i Sola til Hirthals i Danmark. Dette er ei ferge som nyttar gass som drivstoff. Til normalt seiler den nord til Bergen – men ingen ting er normalt for tida. Skipstrafikken er stor langs kysten her. Appen «Marine Traffic» som fortel navnet på skipet, kor det kjem frå og er på veg og mykje mykje meir, er eit «must»!
Feistein fyr er eit ynda fotoobjekt – spesielt når det stormar eller sola går ned. Her eit gråvêrsfoto med strand, himmel og fyret uti havet der – fotografert med vidvinkel.
Feistein fyr med steinar forma av is og hav som forgrunn
Store mengder stortare driv på land – fin forgrunn til eit hav fotografert med lang lukkartid.
30 sekund hav. Bølgene vasker opp på stranda og trekk seg tilbake. Når lukkartida er 30 sek, iso er 64 og eit gråfilter sit på linsa blir det slik.
Eit foto til av havet som strekker seg oppover og oppover stranda- og umerkeleg legg att litt sand eller tar litt sand med seg attende til havet. Høg vannstand desse dagane – og pålandsvind – gjorde at stranda var smalare enn vanleg.
Ein stad langs stranda ligg ein flytekai i betong som dreiv på land ein gong for lenge sidan. Tida og havet gjer sitt for å bryte den ned men det tar tid! Betongen dekkes av alger som gjer gode levevilkår for krepsdyr og slikt. God plass for fjæreplytten å finne næring.
Fjæreplytt – vadefugl som overvintrar langs kysten og hekker m.a. i norske høgfjell som Lyseheiane i Rogaland, Kjøli i Trøndelag og Hummelfjell i Innlandet.
Skjærpiplerka – sterkt forstørra foto – er her året rundt. Skjærpiplerka er «kystslektningen» til trepip- og heipiplerke som er vanleg her på Røros og ellers i landet i sommarhalvåret.
Gjerdesmetten – sterkt forstørra foto- overvintrar her ut mellom stein, tare og marehalm. Så lenge det ikkje blir for kaldt så lever «Per Smogar» (lokalnavn) godt. Kalde vintrar fører til at bestanden reduseres.
Stokkanda – vår vanlegaste og kan hende flottaste and! Trivast godt ute ved kysten mellom steinane. Finn ly her og mat.

2020 VEKE 46

Kajakken – som eg litt på spøk kallar Vanntrivsel 4 – blei lagt i vinteropplag her om dagen. Men eg må innrømme at det har vore lite «vanntrivsel» i dei siste åra. Motiverande er det derfor å kikke gjennom ein del «eldre» foto frå tidlegare års kajakkturar i Ålands skjærgård.

Minneverdig overnatting på eit skjær «next to Finland»

Ålands skjærgård – øyriket midt mellom Sverige og Finland – er eit padleparadis. Eit stort antal øyer, holmer og skjær gjer det spennande og variert å padle her. Samstundes er det langt mellom hus, hytter og fritidsboligar slik at ein kan få litt «villmarksfølelese» av å padle der. På Åland er det berre folk med bustad der som kan ha fritidshus og derfor er det ikkje så mange hytter å sjå.

Eg er ingen padlar som føler at eg behersker redskapen- kajakken – 100 %. Men når eg innimellom er inne i -bokstavleg talt – flytsona med kajakken er det herleg. Kropp og kajakk er eit – små kroppsbevegelser får kajakken til å lystre. Skli opp og ned av bølgene, søke store bølger og surfe på dei…..

Skipsleia mellom Finland og Sverige går gjennom Ålands skjærgård og det er mange av desse flytande hotella som passerer. Er ein ikkje oppmerksom på bølgene kan det bli ubehageleg spesielt når kajakken ligg på land.
Fuglalivet i skjærgarden er rikt med store mengder andefugl. Her ein flokk sjøorrar. Å fotografere frå kajakk er litt risikofylt og krever at kajakken er nokon lunde i ro. På turane her brukte eg eit lite Nikon-kamera (D3200) pluss ei 18-300mm linse. Litt for tungt når det skal hentas fram frå vantett sekk, men greit nok.
Ikkje berre sol og sommar på turane – regn og vind høyrer og med.
Etter ein dag på sjøen er det ei god stund når teltet er satt opp, kajakken er trygt på land og dagens middag kan inntas.
Tørking av klær etter ein blaut dag med vind og bølger.
Fjellduk er godt å ha når ein er blaut og kald – dette var etter ein kald, strevsom og blaut overfart til ei lita øy nord i havgapet.
Slike «naturmaleri» når sola snart står opp, gjer turar som dette minneveridige.
Å ha telt som står utan pluggar og barduner er ein fordel å ha. Svenske Hilleberg Soulo er eit godt val i så henseende.
Mange stemningsfylte stunder.
Omtrentlege ruter for padleturane rundt Åland.

2020 VEKE 45

I dei siste åra har eg brukt tid på å fotografere humler og sommarfuglar – med variabelt resultat etter titusenvis av eksponeringar. Inni geitramskratt, blomsterbed og blomsterenger er det ikkje berre humler og sommarfuglar å sjå. Insektsordenen Tovinger er godt representert. Dei fleste kjenner til desse insekta som «fluer og mygg» men det er ei stor og mangfoldig gruppe. Så langt er det registrert ca 4300 insekter tilhøyrande tovingene i Norge. Men det antas at rundt 2000 artar er uoppdaga! Totalt i verden er det rundt 100 000 artar tilhøyrande Tovingene. Når eg fotograferer dei, er det primært for å artsbestemme dei og registrere arten i Artsobservasjoner. Vår kunnskap om utbreiinga til insekta er temmeleg fragmentarisk i motsetnad til td fuglar.

Den vakre flua Lucilla caesar -familien Spyfluer – med få registrerte funn i Trøndelag jfr Artsdatabanken

Navnet Tovinge kjem av at desse insekta har to vinger i motsetnad til td sommarfuglar, humler, veps og bier som har to vingepar – fire vinger. Hos tovingene er eine paret erstatta av svingkøller – eit balanseorgan som og er kjelda til myggens hyggelege summing. I Store Norske leksikon står det forøvrig ein god komprimert artikkel om tovinger. Dersom du vil vite meir om Tovingene så kan artikkelen i Artsdatabanken anbefales på det sterkaste.

Lucilla caesar

Ei flue er ikkje berre ei flue har eg funne ut etter kvart.

To fluer – nederst ei spyflue – muligens av arten rødkinna spyflue og Mesembrina meridiana tilhøyrande familien Møkkfluer.
Spyflue – art ukjent

Blomsterfluer er ein annan familie i Tovingenes rike. 280 ulike artar er kjent i Norge og ca 4 000 artar totalt i verden. Mange av artane kjennetegnes på ein bakkropp med «vepsemønster». Blomsterfluene er gode flygere og vi ser dei ofte ståande stille i lufta.

Stor droneflue – navnet droneflue viser til at dei liknar overfladisk på hannbier – droner.
Blank droneflue
Hvitbånda droneflue
Tovingene har store fasettøyer

Dei fleste tovingene har store fasettøyer. Krepsdyr og insekter har fasettøyer. Eit fasettøye er eit samansett øye bygd opp av opptil 1000 enkeltøyer. Eit fasettøye registrerer ikkje detaljar like godt som våre øyer. Men dei er derimot betre på å registrere bevegelser. Alle som har «jakta» fluer kjenner til det.

Svartskjeggdroneflue- fotografert 31.juli 2020. I Artsdatabanken foreligger det ein til obs av svartskjeggdroneflue frå Røros – juli 1993 og observatør Tore Nielsen – min biologilærar frå gymnaset i 1974 og norsk blomsterflueforsknings «grand old man»!
Lang grasblomstflue
Dobbelbånda grasblomstflue
Kort grasblomstflue?

Dei fleste fotografia er tatt på frihand med Nikon D500 og Nikon 105mm f2.8 Macro + 1,4x konverter. Redigert i Adobe Lightroom.

Artsbestemming er gjort gjennom nettstedet Artsorakel pluss litteratursøk, eller ved å legge ut foto på FB-gruppene Insekter og Tovinger i Norge

2020 VEKE 44

Kortnebbgåsa har eg skreve om i bloggen min mange gonger – både vår og haust – og sist i 2019 VEKE 39

Gåsa som hekker på Svalbard i stort antal, raster i området rundt Trondheimsfjorden både på trekk nordover om våren og attende på hausten. Kortnebbgåsa overvintrer frå Danmark og sørover til Belgia. Her på Røros er kortnebbgåsa ikkje uvanleg å sjå på hausttrekket i september/oktober – men då helst i flukt over. I år var det fleire flokkar som rasta her i kortare periodar.

Kortnebbgåsflokk som hadde tilhald i flotasjonsdammen ved Storwartz i flere dagar. Det var vel myrulla dei beita på.
Ein flokk på 3-400 kortnebbgjess hadde funne ei mark med grønt frodig gras nede ved Aursunden

Det er Innherred som er staden å oppsøke når ein vil se og fotografere kortnebbgåsa. I midten av oktober gjekk turen dit, og i løpet av ein dag fekk me god anledning til å studere kortnebbgåsa. Ja ikkje berre ei gås men tusenvis.

Eidsbotn fuglefredningsområde ved Levanger er ein sikker «gåseplass». På travbanen som ligg tett inntil verneområdet, er det tilrettelagt for fuglekikkere slik at ein ikkje forstyrrer fuglane. Det var ein del tusen gjess her denne oktoberdagen.

Det er mektig å oppleve når fleire tusen gjess tar til vingene samstundes. I bloggen i fjor skreiv eg: «Først høyres «flappinga» av tusenvis av vinger (antall gjess x 2) – som ei storbølge som bryt – så kjem kaklinga – ein kakofoni av lyd – og så bruset av alle gjessene som er i lufta. Delar av utsynet viskes bort av ein grå «gåsevegg». Etter eit par runder i lufta landar flokken att. » Og årsaka til at gåseflokken letta – ei havørn seilte «bedageleg» over området!

Nesset ved Levanger er ein annan sikker gåseplass. Her dyrkes korn og poteter ogt det ligg atte mykje mat til gåsa når innhaustingen er over. Me fann ei mark kor det gjekk «ein del tusen» kortnebbgjess og fire sangsvaner. I løpet av ein halvtime fekk desse følge av mange mange fleire tusen kortnebbgjess. Flokk etter flokk kom flygande inn – hadde ei kjensle av at dette ville ingen ende ta. Kor mange det var tilslutt kan eg ikkje sei men det må ha vore nærare 10 000!

Då «gåsetrekket» var over, var marka dekka av kortnebbgås. Ein gong når eg har ein ledig kveld skal eg sette meg ned å telle kortnebbgjessene på dette fotografiet.