2021 VEKE 19

Våren er litt sein i år og vårblomster kan vere eit høveleg tema. To av dei tidlegaste plantene her i Rørostraktene er vårpengeurt og torvmyrull

Vårpengeurten – ein liten unnselig plante med rosakvite blomster – er lett å overse der han blomstrer i sørvendte vegkantar, hageskråningar så fort det har blitt bart.

«Vårpengeurt (Noccaea caerulescens) er ein to- eller fleirårig plante i krossblomfamilien. Planten vert 10-30 cm høg, og har snau stengel med bladrosett som ofte overvintrar. Kronblada er kvite eller lysfiolette. Blada er blågrøne og sluttar seg om stengelen, og som visnar nedanfrå etterkvart som planten veks. Frøa mognast i 5 – 10-mm breie hjarteforma skulper, kvar med mange frø.
Vårpengeurten vart innført til Botanisk Hage Noreg, og derfrå har han spreid seg sidan 1874. No er han fullt naturalisert i tørr eng, på berg og i open tørr skog opp mot fjellet. …..I sør framstår han som ein karakteristisk vårplante. Opphavleg høyrer vårpengeurten heime i fjellstroka i Sør- og Mellom-Europa.» Wikipedia

Dette biletet har tom alt-eigenskap. Filnamnet er 2021-veke-19-9229.jpg

Myrull – nærare bestemt torvmyrull – tenker nok dei fleste på som ein sommarplante. Mange ser nok for seg bilete av lyse sommarnetter og myrer med «duvande» myrull. Myrull er ein av våre tidlegaste vårplanter – så snart snøen har smelta i april spirer dei og blomstrar. Ja ofte før snøen har smelta trenger dei seg opp i «friluft».

Frå Store Norske Leksikon: «Myrull er en planteslekt i starrfamilien, og består av flerårige myrplanter. Myrull vokser i tuer eller danner matter. Bladene er flate eller trådformede. Blomstene sitter sammen i aks og har trådformede dekkblad, som vokser ut til lange ullhår (cirka 2–5 cm) når frukten modnes. Frukten er en trekantet nøtt, som spres ved at vinden tar tak i ullhårene og fører dem med seg.

Det finnes om lag 20 arter av myrull i tempererte eller arktiske strøk på den nordlige halvkule, og i fastlands-Norge finnes sju arter: Duskmyrull, bredmyrull, torvmyrull, gullmyrull, snømyrull, brannmyrull og småmyrull. I tillegg Vrangmyrull som er en krysning av snømyrull og brannmyrull.

Torvmyrulla blomstrer så tidleg at det er vinden som står for bestøvinga. På denne tida er det få eller ingen insekter ute. Først veks griffel/arr ut og etter eit par dagar er pollenbærarane «modne». Pollen frå ein plante overføres til ein annan plante frå same art. Krysspolinering kalles dette. Griffel/arr blir bestøva og befrukta med pollen frå anna plante. Så veks pollenbærare ut og når pollenet spres blir andre planter bestøva. På ei myr så blomstrer plantene litt asynkront. Det er aks som nettopp har spira mens andre står med modne pollenbærarar og andre er avblomstra.

2021 VEKE 18

I Rørostraktene er det lite elg å sjå om vinteren. I løpet av november og desember vandrer dei fleste elgane ut av kommunene til område med mindre snø og betre beite: Femundstraktene og Os/ Tolga i Østerdalen I månadsskiftet april/mai kjem dei attende.

På kveldstid denne veka har åtte elgar beita «groe» på eit jorde uti Engan mellom Sundet og Galåen. Langt frå vegen som dei har vore, har dei i liten grad latt seg forstyrre av tilskuarar med og utan fotoapparat.

Akkurat no er det eit rikt dyreliv langs vegane i Rørostraktene- rådyr, elg, hare, orrfugl, storfugl, traner og rovfuglar som fjellvåk, tårnfalk, jordugle og myrhauk.

Langs fylkesvegen i dette området har eg hatt mange fine elgmøter sittande i bil mens elgane har bevega seg rolig langs vegen ofte delvis skjult av skogen. Tar med nokre foto frå tidlegare år.