2021 VEKE 27 og 28

Eg har kryssa Hardangervidda frå Halne ved Rv 7 til Haukeliseter i sør denne sommaren saman med dotter Gunnhild. Litt om turen og mitt forhold til Hardangervidda er bloggtemaet for veke 27 og 28.

Gunnhild skulle gå Massiv-ruta til DNT frå Sotaseter i Breheimen gjennom Breheimen, Jotunheimen, Skarvheimen og Hardangervidda med avslutning på Haukeliseter- tilsaman 400 km. Og ho ønska følge over Hardangervidda.
Me fulgte DNT-rutene frå Halne fjellstue via Stigstuv, Sandhaug, Litlos, Hellevassbu til Haukeliseter – 100 km tilsaman.

Telta er slått opp for natta like ved Tinnhølen. Nyare lette telt gjer det lett å basere turar på teltovernatting.

Hardangervidda – Europas største høgfjellsslette – var «mitt fjell» i ungdomsåra. Første tur dit var i 1965 saman med morfar og mormor. Turen gjekk med kløvhest frå Lofthus ved Sørfjorden til Fagradal inne på Vestvidda. To kløvhestar bar for oss og hestane bestemte tempoet opp lia og innover fjellet. To dagar tok turen inkludert ei overnatting. Mange år seinare gjekk eg same turen to gonger då med ansvar for ein sauflokk på rundt 60 dyr som skulle på sommarbeite i Fagradal. Tove var med andre gongen. Andre gongar fuglaturar, fototurar og reine fotturar med start frå Lofthus, Kinsarvik og Dyranut. Tur i ungdommeleg overmot opp til kanten av Hardangerjøkulen for å finne skikkelig is til whiskeyen – Bourbon on the rocks! Turar langs T-merka ruter, gamle ferdselsårer, dyretråkk eller på kryss og tvers etter innfallsmetoden. Ein av dei siste lange turane var påskeskitur frå Finse over vidda og ned i Ryfylkeheiane. I seinare år (ca 30 år sidan) er ein familietur til Bjoreidalen minneverdig. Eit kraftig tordenvær holdt i alle fall den vaksne delen av familien vaken om natta. Eit lite telt ute på den store Vidda når det lyner og tordner kjennes utrygt.

Ned mot Stigstuv – fjella bak der er ein dagsmarsj og vel så det unna.

Eg har tidlegare -for rundt 45 år sidan ferdas i delar av området der årets tur gjekk . Men det er så lenge sidan at landskapet opplevdes som nytt og ukjent. Og Vidda kjentes tyngre ut no som naturleg er. Eit år «i gamle dager» gjekk eg frå Litlos til Haukeliseter på dagen -to DNT-dagsmarsjar. Og ein annan gong over 50 km på ein dag. I dag er dette ikkje tenkbart.

Me møtte ei ungjente ein stad innpå Vidda, og utveksla informasjon på sedvanleg vis om kor me kom frå og kor me skulle og ønska kvarandre god tur vidare. Jenta for avgarde. «Sjå på henne pappa – så fort gjekk eg og då eg gjekk åleine» var kommentaren frå Gunnhild! Og oppmuntrande kjende kommentarar på turen som «….bare over neste haug så er vi framme» var det mange av.

Panorama mot Hardangerjøkulen og Hallingskarvet til høyre. Tinnhølen i forkant. Dette er eit populært område på vidda Rv 7 er ikkje langt unna og det er mulig å kjøre inn her. Me talte rundt 15 telt ved vatna her.
Utallige bekkar og elver skal kryssas – heldigvis bru over denne elva.
Rød T viser veg mot Litlos som er bak fjella til høyre.
Litlos – eit knutepunkt sør på Vidda med merka ruter mot sør, aust, nord og vest. Litlos er ei av mange betjente hytter på vidda.
Belebotnen eit par timar frå Litlos – panorama
Me hadde stort sett fint vêr. Kun ein formiddag med regn. Regnvêret fekk det til å dampe frå snøfonna.
Fargerikt snøleie!
Fjellerkeunge
Bloddråpesvermaren var talrik denne sommaren- nesten like talrik som myggen.
Fjelltjæreblomst
Det er godt fiske på Hardangervidda – me nøyde oss med å se på fisken denne gongen.
Turen går mot slutten – eit par timar atte til Haukeliseter. Denne sørlege delen av vidda er kupert med toppar opp mot 1700 m høgd og mange små isbrear.
Ein kan juble når den 40 mil lange Massiv-turen går mot slutten.

Ei lita oppsummering: Sjøl om det var tyngre å krysse Hardangervidda enn eg trudde, så frister det til gjentaking. Å gå på «gamle stiar» på Vestvidda må ha prioritet.

Skoa kviler og luftar seg til neste tur.

2021 VEKE 26

Fototeknikken ICM – Intended camera movement – har eg vore innom i bloggen tidlegare i år. Teknisk sett dreier det seg om å bevege kamerate i det ein trykker på utløysarknappen. Nå i vår har eg som vanleg fotografert ein del blomster og har variert med å bruke ulike ICM-teknikkar. Kameraet beveges på ulik vis; Horisontalt,vertikalt eller sirkelforma bevegelser. Anna teknikk er å holde kameraet noenlunde fokusert på eit punkt mens kameraet «skjelv». Fotoutstyr eg har brukt her er Nikon D850, Nikon 70-200mm med ND-filter for å få lange nok eksponeringstider, dvs 1-3 sek.

Sommerblomster
Ballblomeng
Slåttemark med engsyre
Blomstrande rogn
Blomstereng ved Aursunden
Ballblom i sirkel
Skogstorkenebb
Hundkjeks og ballblom
Tyrihjelm i kveldssol
Myrull på Storwartz
Solgløtt i fjellbjørkeskogen