2020 VEKE 34

Moltehausten 2020 vil gå over i historia som ein av dei betre i manns minne i Rørostraktene. «2020-årgangen» vil vere ein sterk årgang i frysarane fleire år framover. Det er mykje som må klaffe for at det skal bli bær på myrane, langs bekkefar, i kjerr og kratt: Snømengde, tidspunkt for snøsmelting, været i blomstringstida, tilstrekkeleg nedbør i løpet av sommaren, ikkje nattefrost, hagl, slagregn, god sommartemperatur… Ja i år kor det er mykje molte så kan me jo sei at me her har trukke vinnarloddet!

Det kviler litt mystikk og hemmelighald over molteplukking. Ein gir ikkje utan vidare frå seg informasjon om kor moltemyra «mi» er. Heller ikkje kor mykje molte ein har plukka er noko ein slår om seg med.

NRK – Ut i Naturen formidla dette for ein del år sidan på ein herleg måte i programmet «Den store multekrigen» frå Vesterålen – ei sterk folkelivsskildring. I introen til programmet heiter det: «Vi vil finne svaret på gåten vi alle har lurt på: Hva er det egentlig med denne multa som skaper feider og fiendskap? I denne western-inspirerte dokumentaren fra det nordnorske myrlandskap møter vi multetjuven, grunneieren og mytene rundt multa.«

Molte veks – med få unntak -rundt heile den nordlege halvkula. Vanlegaste voksestad er næringsfattige myrer – både i skog og i ope terreng. Planten er særbu dvs at det finns både hannplanter og hoplanter. Det er flest hannplanter og dei i blomstrar årleg. Hoplantene treng gjerne eit kvileår etter eir rikt bærår. I Urtekildens planteleksikon er det mykje informasjon å finne om molte.

Moltene har høgt innhald av benzosyre og bæra har derfor ein sjølkonserverande evne. C-vitamininnhaldet er høgt og molte har vore brukt mot skjørbruk særleg i Nord-Norge. På lange seilaser var det heller ikkje uvanleg å ha med tønner med molte mot skjørbuk. Og så er jo molte ein delikatesse som kan spisas både rå og kokt.

Mest kart her – men kan hende meir modent lenger ute på blautmyra….
Godt syn – grasbakke med mykje modne bær men også fin kart. Flott å gå utpå ei myr full med bær – så mykje at myra lyser rødt – og kjenne korleis kartene slår mot støvlane….
Youghurtbøtta frå Rørosmeieriet får ein ny rolle å fylle i bærtida.

Tomme hamsar kan få det til å gå ilingar gjennom ein ivrig molteplukkar – har det vore folk her før meg, er det bær atte…. Ellers i året fer ein litt varsamt fram i skog og mark- det er ikkje om å gjere å vere synleg. I moltetida dermot er det viktig å signalisere at ein er på myra. Gjerne plassere sekken litt synleg slik at alle skjøner at denne myra er «opptatt». Og det er god «molteskikk» å signalisere at dette er oppfatta og gå litt utom den myra.

Det har danna seg eit inntrykk av at molte er eit eksklusivt bær som er sjeldent. Men det stemmer ikkje. Det er anslått at i eit godt bærår kan 16 000 tonn plukkas i Nord-Norge. Kva som blir plukka er nok mykje mindre. I Sverige blei ca 1 200 tonn plukka i 1966.

Store områder i Ridalen var slik som på biletet over for ei veke sidan: Bær som er godt modne for ikkje å seie overmodne. Ei veke tidlegare var dette store fine saftige bær. Timing for plukking er viktig!

Moltekart har vore og er framleis eit stridstema. Det er ikkje comme il faut å plukke kart – og mange trur at det er ulovleg. I 1970 vedtok regjeringen Borten «Lov om forbud mot plukking av moltekart»: «Det er forbudt å plukke molter før bærene er modne. Molter er modne når bæret kan plukkes uten at hamsen følger med». Tenk ein juridisk definisjon av når eit bær er modent! Eg opplevde ein gong tidleg på 80-talet å bli stoppa av «Kartpolitiet» i Engerdal kommune etter ein molttur på Gloføken. Spanna våre blei godkjent!

I 2003 vedtok Stortinget å oppheve loven. «Vi må vel bare innse at forbudet mot plukking av moltekart aldri er blitt noen prioritert oppgave fra politiets side», uttalte Sp-politiker Odd Roger Enoksen den gangen.

I eit fornøyeleg innlegg i ITromsø frå 2019 skriv Stein-Gunnar Bondevik om kartplukkere og kartplukkerslekter under tittelen «Hvem er disse folkene som ikke kan la hamsen få stå?»

Molteplukking kan vere eit slit – men og aktivitet med fine opplevingar som desse bileta frå siste turen i Ridalen. Kveldshimmel i nord og morgonskodda over myrområda mellom Langen og Rien er opplevingar å ta med vidare.

Møte med eit rypekull – fjellrype – står seg og. I solbakken med gras og lyng dukka det opp ei rype, så ei til og ei til …. ti tilsaman. Rypehøne med ni kyllingar. Lenge stod me der og stirra på kvarande.

2020 VEKE 33

Havørna er tema for bloggen denne veka med foto frå «ørnesafarien» med Norway Nature i Flatanger forrige veke.

Rovvilt – rovdyr og rovfuglar- har vore fritt vilt i uminnelege tider. I 1968 blei havørn og kongeørn totalfreda. Begge artane har sidan den gongen auka i antal. Havørna hekker i dag langs heile kysten frå Drøbak til grensa mot Russland i nord. Bestanden er no på ca 3500 par. Kongeørnbestanden er på ca 1000 par.

I Rørostraktene er havørna meir og meir vanleg å sjå. Fuglar som ikkje hekker streifer rundt og oppsøker område kor det potensielt kan vere mat – åtsler – å finne som td i områder med villrein eller sau på fjellbeite. Det skal og leggas til at arten som heiter havørn på norsk er å finne som hekkefugl langs store vassdrag i fleire europeiske land. Om me vil oppleve havørna som hekkefugl i områda langs Femunden eller Glåma står igjen å sjå, men det er ikkje umulig.

Ørna har fått øye på fisken, vender og gjer seg klar til stup.
Foto tatt i det ørna startar stupet ned mot byttet i sjøen – fisk i dette tilfellet.
Tett med ørn i Flatanger – mitt fotofokus var den fremste ørna – rein bonus den i bakkant.
Ørn med fisk som er plukka opp.
Tilsynelatande ein snodig skapning – havørn fotografert i det vingene strekkes framover.
Måkene følger etter i håp om ein matbit eller for å holde ørna på avstand frå ev reir og ungar.

2020 VEKE 32

Fotografering av havørn i Flatanger har stått på ønskelista mi ei tid. Denne veka passa det. Ole Martin Dahle har i rundt 15 år tilbudt guida turar i Flatangers skjærgård med fokus på fotografering av havørn. Turane er blitt viden kjent i inn- og utland – ja så kjent at han har fått tilnavnet Eagle Man. Fotografar og andre kjem frå inn- og utland for å oppleve og fotografere havørna.

Det blir fleire foto frå turen i seinare bloggar med fokus på dei ulike artane.

Flatanger har ein svært stor bestand av havørn – i overkant av 20 par.

For å komme på fotohold av havørna blir ho lokka med fisk. Havørnene kjenner nok båten og når Ole Martin held opp ein fisk skjøner dei at det er mat å få. Fisken kastes eit stykke frå båten og ørna stuper ned og grip fisken elegant. Det er ei oppleving å studere havørna der ho stuper ned og elegant plukker med seg fisken frå havoverflata.

Tyvjo er ein fugl som mange langs kysten kjenner til. Denne mørke måke/ternelignande arten livnærer seg av å røve mat frå måker og terner. I Flatanger har Ole Martin «fått tillit» hos fleire par. Enkelt sagt: Dei får mat av han mot at dei stiller opp som fotoobjekt! Fantastisk å studere og fotografere tyvjoen på nært hold.

Tyvjoen er ein elegant fugl – ein mesterflygar.

Måker – udødeliggjort i Odd Børretzens tekst Måkene – følger med oss på vår fotojakt etter havørna. Fasinerande fotoobjekt dette og.

Jeg vil si noe om mitt forhold til måker
Jeg hater måker
Ikke hele tiden, naturligvis
Når de flagrer på himmelen som hvitt papir, eller flyter stille på det blanke vann og likner vakre badedyr av plastik, da er de en naturlig del av sommerens bilde og man tenker ikke mye på dem hverken med hat eller kjærlighet
Men når de åpner kjeften og skriker som syke sjeler kan du se helt ned i deres blodige, skamløse innvoller…..