2021 VEKE 46

Planlagt bloggtema for denne veka skulle vere foto av fullmånen. Men det ville seg ikkje slik denne gongen – ikkje alltid ting klaffer som ein har tenkt. Samstundes har FB kome opp med fleire forslag på gamle minner – alle frå kvalfotografering i Troms. Derfor blir det eit tilbakeblikk med foto av knølkval frå fototurar under leiing av Audun Rikardsen med base Musvær og Skulsfjord i 2014, 2015 og 2017 samt tur ved Skjervøy i 2019 med Berthold Hinrichs.

Det er rundt 10 år sidan «kvaleventyret» i Troms starta. Knølkval og spekkhoggar søkte inn til kysten av Troms i stort antal for å beite på silda som stod i fjordane her. No er området ved Skjervøy og Kvænangen stedet ein må dra til for å oppleve kvalen.

Knølkvalen kan bli opptil 17 m lang og 30 tonn tung. Den finnes i alle verdenshava der dei formerer seg i tropiske farvatn. Knølkvalen trekker til polare områder i sommarhalvåret for å «feite» seg opp. I Nord-Atlanteren er bestanden på ca 10 500 dyr. Bestanden i Barentshavet er i overkant av 1500 dyr. I dei ti åra at knølkvalen har hatt tilhold på Tromskysten, er det blitt observert ca 1000 ulike individ. Individa skilles frå kvarandre ved hjelp av mønsteret på halen. Det har blitt gjort mykje forskning i forlengelsen av kvaleventyret. Knølvalar er radiomerka og ein har «fulgt» dei på næringssøk langs kysten og til parrings- og barselområda i Karibien. I boka Vinterkval skriv Audun Rikardsen om kvaleventyret og boka er illustrert med fantastiske foto.

To knølkvalar bryt vassflata – den eine puster ut eller blåser og så dukkar dei og blir vekke.

Å oppleve ein knølkval eller anna stor kval på nært hald, er ei mektig oppleving- slik skreiv eg i bloggen etter turen i januar 2017: ….Øyeblikket då knølkvalen bryt havflata og sender ein kaskade av vassdamp og lukt opp i lufta. Ja det luktar sild av dårleg kvalitet. Sjå kvalane i det dei krummer ryggen og halen kjem opp i lufta og den store kroppen forsvinn ned i djupet. Når knølkvalen hopper – og opptil 30 tonn kval «svever» fritt eit sekund eller så! ….

Klassisk foto – kvalen er i ferd med å dukke og halen kjem opp i lufta.
Tett på kvalhalen som er delvis rurbevokst.
Kvalflokken har ringa inn ein sildestim og presser silda opp og «sluker» fisken.
Dette biletet har tom alt-eigenskap. Filnamnet er 2021-veke-46-2231.jpg
Ser voldsomt ut når 5, 6, 7, 8…. kvalar kjem opp samstundes og alt ser ut til å vere eit kaos av kvalhoder, kropp og sveiver.
Eit jaktlag…
og endå eit jaktlag..
Foto frå november 2014 – ein kvalflokk på minimum 10 dyr jaktar i lag og dukker nokså synkront.
«Landskapsfoto» frå yttersida av Kvaløya.
Nokre opplevingar brenn seg fast i minnet- denne frå 2014 er ei slik: «…. me fulgte etter knølkval som beita på sild djupt nede. Kvalen dukka og var nede i mange minutt, kom opp att, låg i vassflata og pusta før dei dukka under. Brått blei vassflata like rundt båten brote av tre fire fem eller var det fleire gigantiske knølkvalar. I det dei bryt vassflata bles dei ut varm fuktig luft frå lungene. Lufta fyldtes med vassdamp og kameralinsa blei dekka av dogg. Lukta av sild la seg over oss og frå ein stad djupt inne i desse svære dyra høyrdes djupe basslydar. Eit uutsletteleg inntrykk!»
Sett skråttfrå bakant kan dette minne litt om draugen.
I 2019 gjekk turen til Skjervøy – ikkje så mykje kval men flott tur i mektig natur.
«Min båt er så liten og havet så stort….» kvalfotografar på leit etter knølkval og spekkhoggar.

Alle fotografia er tatt frå båt. Kamera Nikon D800/D500/D4s samt Nikon 70-200mm f2.8.

2021 VEKE 45

Dei var venta – meldingane frå nabolandet i aust sa at kongelebiten – ein fugleart- var observert fleire stader langs Østersjøkysten. Og at det var eit markert trekk mot sør og vest. Observasjonane nærma seg grensa til Norge. Og så ein dag var dei her- eg fekk tips om ein flokk i Fjellsjølia frå Bjørn&Bjørn – to aktive lokalornitologar. Og det blei treff på fyrste turen. Konglebitens høglytte fløytande «plyit» høyrtes. Oppe i ei rogn sat dei og pludra «bytt-bytt-bytt» seg i mellom. Og sidan denne fyrste turen har det blitt daglege turar til «konglebit-lia». Om dei ikkje har vore å sjå med ein gong, så gjekk det ikkje lange stunda før eg høyrte dei eller ein liten flokk dukka opp. Stort sett har det vore 10-15 fuglar, men eine dagen var det nok rundt 30 konglebit der eg fotograferte.

Rogn er det spesielt mykje av i dette området – både høgreiste tre opptil 10 m eller gamle kortare knudrete med masse greiner. I faglitteraturen står det at når konglebiten finn ein lokalitet med mykje bær, så kan dei holde seg der til maten er spist opp. Og her i «konglebitlia» er er det kan hende mat til langt utpå våren. På siste turen fann eg ein ny flokk som åt einerbær.

Konglebit er ein fugl som er knytta til taigaen – på mange vis same områda som sidensvansen. Arten er i utgangspunktet standfugl, men kan gjere lange næringsvandringar haust og vinter om det er knappt med mat. Hausten 2019 blei Skandinavia «oversvømma» av konglebit. Også her i Rørostraktene hadde me dei. Rognebær var det ikkje då for dei hadde trosten spist opp. Solsikkefrø blei ein god erstatning. Invasjonen i år blir nok ikkje så stor som i 2019, men no er det mykje rognebær. Og å få sjå konglebiten i sitt rette miljø er ei langt større oppleving enn å se dei ete solsikkefrø på fugleforinga.

Konglebiten er på storleik med ein liten trost – rundt 20 cm lang (frå nebbspiss til enden av stjerten). Flukten er i litteraturen beskrevet som » …kraftfull og rask. Går i dype buer…»

.

Hannfuglen er lett å skilje ut med sin røde fjørdrakt. Ungfuglar og hoer kan se nokså like ut. Dette trur eg er ein ung hann – aner eit lite rødskjær i drakten. Dei blir røde til utpå våren

Ein minneverdig dag – skodde, kuldegrader og mjukt lys. Eit svartkvitt landskap med fargepunkt- røde rognebær, bringebærrøde konglebithannar, okerfarga hoer og ungfuglar- og rimfrosten.

Trost og sidensvans êt rognebæra heile. Konglebiten går etter frøa inni bæra. Fruktkjøtet er ikkje så viktig. Under tre der konglebiten êt ligg det fullt av bærskal og bærrestar. I hekketida står insekter og edderkopper på matlista i tillegg til planteknoppar og bær. I vinterhalvåret er bær og knoppar viktigaste føde.

Når fuglane êt rognebær blir det fullt av fruktkjøt på nebbet. Med jevne mellomrom tørker dei av nebbet – gnir det mot snø eller ei grein.

Einerbær er og viktig vintermat for konglebit. Eg flytta meg forsiktig mot desse fuglane – det var åtte tilsaman i busken. Og 2,5 m frå dei kunne eg høyre dei «knaske» einebær.

Eg har hovedsakleg fotografert med Nikon D500 og Nikon 500mm f5,6. Også Nikon D850 og Nikon 200-400mm f 4 er brukt og kombinasjonar av kamerahus og linser. Konglebiten er lite sky og lett å kome innpå. Men i «konglebitlia» er trea høge og bæra er høgt over bakken. Derfor har eg ofte fotografert oppover. Men då fuglane var i einerbusken måtte eg krype

2021 VEKE 44

Fotoblogg frå Atlanterhavsparken i Ålesund. Atlanterhavsparken er eit akvarium som syner livet langs kysten frå fjæra til dei store havdjupa. Ein tur til Atlanterhavsparken er eit «must» når du er i Ålesund. Og akvariet ligg berre 3 km frå sentrum på øya Hessa.

Eg er oppvokst nær ein fjord – Gandsfjorden mellom Sandnes og Stavanger. Fiske var i periodar av oppveksten ein viktig aktivitet. Me fiska frå brygger og svaberg, og fangst blei det ofte. Torsk, sei, lyr, kvitling, makrell, sild og stinter (bergnebb) stod på fangstlista. Å sjå desse fiskane og mange fleire i deira rette miljø er spennande.

Fotografia er tatt med Olympus E-M1 Mark3 og Olympus M Zuiko 12-100mm f4. Brennvidde stort sett 12mm. Linsa er lagt inn til akvarieglasset. 100% skarpt blir det ikkje på det viset.

Atlanterhavsparken har mange kvalitetar – utsikten til «vest i havet» med Runde langt der ute, er ein av dei. Ute er det selar, oter og pingvinar foruten eit flott leikeområde.
Dette biletet har tom alt-eigenskap. Filnamnet er 2021-veke-44-030962.jpg
Sentralt i akvariet er den store Atlanterhavstanken- 36 meter lang, 17 meter brei og 6 meter høg med 4 million liter ufiltrert sjøvatn. Vatnet blir pumpa inn frå 45 meterrs djup ca 1 km utafor akvariet. Atlanterhavstanken er utan tak og opplyses av stadig skiftande dagslys. Storsei, torsk, kveite, lyr, laks…..alle er dei der.
Mange fiskeartar som t.d. silda er i stadig bevegelse. Torsken derimot lever opp til utsagnet»dorsk som ein torsk.»
Frå akvariet med sild og brisling – kvilelaust symjer dei rundt og rundt. .
Ved sida av alle akvaria er det informativ tekst om dei artane som finns i akvariet.
Sjøanemoner
Knurr og sjøanemoner
I tillegg til dei store akvaria er det ei lang rekke små akvarier med ulike tema. Her frå eit med leppefisk. Leppefisk var fisk som før var forbeholdt fisket som ungar dreiv på med langs brygger og berg. No er leppefisk blitt «big business» då fisken brukes til avlusing i lakseoppdrett.
Imponerande når kveita viser fram undersida si.