2020 VEKE 27

I Stavanger arrangeres kvart år ein gatekunstfestival NUART. Resultata frå festivalar tilbake til 2001 kan studeras rundt omkring i Stavanger – flest i østre bydel. Dei ulike kunstverka set sitt preg på Stavanger.

Utdrag frå verket Rude Kids av Dotmaster som finnes mellom Rogaland Teater og jernbanestasjonen.

Festivalen beskrives slik: En gatekunstfestival som blir arrangert årlig i Stavanger. Kunstverkene stammer fra situationisme, graffiti, post-graffiti, muralisme, tegneseriekultur, sjablongkunst og aktivisme. Dette er en spennende og populær kunstgren og denne festivalen har fått stor oppmerksomhet nasjonalt og internasjonalt.

Og det seies vidare om formålet med festivalen: Festivalen har som målsetting å stimulere til debatt ved å utfordre fastlåste oppfatninger om hva kunst er, og mer viktig kan være.

Nuart består av en serie utstillinger over hele byen, forestillinger, performanse, intervensjoner, debatter og workshop omfattet av dagens trender og bevegelser innen gatekunst, gjort av noen av verdens ledende utøvere og fremadstormende navn. 

Området rundt Nytorget – den gamle busstasjonen i Stavanger – har mange artige illustrasjonar.

Nuart består av en serie utstillinger over hele byen, forestillinger, performanse, intervensjoner, debatter og workshop omfattet av dagens trender og bevegelser Gatekunst som en sjanger har utviklet seg betydelig i de siste årene, og Nuart er en ledende festival på verdensbasis med tanke på identifisering, promotering og presentasjon av både pionerer og kommende talenter på området. Kunstnere som deltar på festivalen er blant de mest anerkjente og progressive offentlige kunstøvere i verden.

På veggen til eit av byens kjøpesenter

Frå Wikipedia: Gatekunst som en sjanger har utviklet seg betydelig i de siste årene, og Nuart er en ledende festival på verdensbasis med tanke på identifisering, promotering og presentasjon av både pionerer og kommende talenter på området.

Gatekunst, eller på engelsk street art, er ulike typer ikke-kommersiell billedkunst som er oppført i det offentlige rom, oftest ubestilt og gjerne ulovlig og anonymt på husfasader og andre steder i bymiljøer, for eksempel som graffiti, sjablongmalerier eller fortaustegninger utført av amatørkunstnere eller som en postmoderne, aktivistliknende kunstbevegelse.

Gatekunst innebærer ofte bruk av spraymaling, enten i form av tradisjonell graffiti laget på frihånd, eller spray på vegger gjennom stensiler (sjablonger) med utskåret tekst eller motiver. Det kan være klistremerker, installasjoner, eller malerier som dekker hele vegger. Det kan være strikking som integreres i trær eller tres på etablerte skulpturer, eller lyskunst og oppklistring av plakater. Moderne gatekunst er en forlengelse av den tradisjonelle graffitien, og er oftest laget for å kommunisere med folk på gaten, gjerne om sosiale eller politiske temaer. Utøverne innenfor gatekunst er ofte anonyme og de fleste opererer med pseudonymer, slik som britiske Banksy eller norske Dolk, for å unngå problemer med politiet.

StreetArt og grafitti – flytande overgangar her……
Kva er eigentleg StreetArt? Er dette StreetArt eller irriterande grafitti??

På Bryne i Rogaland har artisten PØBEL nyleg satt Bryne på gatekunstlista med sitt Corona-maleri i ein jernbaneundergang. Eit veggmaleri av Sylvi Listhaug på eit hushjørne i Bergen gjorde at gatekunstnaren AFK fekk mykje oppmerksomhet. Ein annan kjent kunstnar er Dolk. Engelske Banksy er vel den som er mest kjendt og sel kunstverk for store summar. På VISITNORWAYs nettside finnes ein god oversikt over gatekunst rundt omkring i Norge.

Streetart? Ein fugl – truleg ei due som var litt sein og blei «skvisa» av eit bildekk,
Fotograf T.Thorsen.

2020 VEKE 26

I løpet av eit par veker i mars stoppa så og sei all flytrafikk i verda opp. Kondensstripene på himmelen forsvann som dogg for sol. Om du skulle lure på kor flya er blitt av, så er svaret -ikkje uventa – at dei er parkert på flyplassar rundt omkring i verda, også i Norge. På Sola ved Stavanger har Norwegian parkert 23 av sine Boeing 737-800 og Boeing 787 – Dreamliner.

Det er eit fasinerande syn må eg innrømme, å sjå desse store flya plassert i eit hjørne av flyplassen – tilsynelatande hulter til bulter. Motorar og hjul er dekka til for riktig å poengtere at dei er satt på bakken; gått i opplag.

Det må ha vore ei merkeleg oppleving for ansatte i flyselskapa å få i oppgave å sette flya på bakken.  Deira jobb har jo så langt vore å halda flya mest mulig på vingene og kortast mulig tid på bakken. Begrepet «død kapital» får eit konkret innhald her. Fly kan for tida ikkje vere ei vare som er lett å selge – omtrent som å selge sand i Sahara.

«Haleheltar» på Dreamliner
Og der er jammen Anne Cath Westly….

I utkanten av denne Norwegian-flåten står det for øvrig ein flyhistorisk godbit – ein DC6 malt i Braathen SAFE’s farger. Denne DC6-en flaug for Braathens frå 1962 til 1971.  Flyet blei nyleg kjøpt tilbake til Norge etter å ha tent som brannfly i Alaska i mange år. Med på hjemturen var årets Idaroth-vinner Thomas Wærner med sine hunder.

2020 VEKE 25

Hummelfjell i Os kommune- 1543 moh – var målet for ein fot- og fototur mandag i denne veka. Fjellveien – Norges fjerde høgast beliggande veg – er lett å følge om ein skal opp på toppen. Der ligg ein nedlagt radarstasjon (som vistnok skal få nytt liv), div Telenormaster og fleire trimpostar. Frå toppen er utsikten god i alle himmelretningar: Sylane, Helags, Viglane, Svuku, Flenskampane, Sålåkinna, Tron, Rondane…..Forolhogna…..

Planen for min tur var å fotografere solnedgang og soloppgang frå ein stad oppi fjellsida. Dagen etter skulle brukas til å leite opp fjellfuglane boltit, fjæreplytt og snøspurv. Teltet blei satt opp på ein høveleg plass i ca 1000 m høgde med utsikt nordover.

Eg var ikkje åleine på tur her. Hummelfjellet er eit populært turmål sommar som vinter. Ein kar hadde allereie vore ein snartur på toppen, ei jente nytte «snørenna» til ein av sesongens siste skiturar og ein spreking sat på sykkelen og trådde målbevist mot toppen.

Snøen har som kjent låge lenge i år. Og rett grønt er det ikkje i fjellet enno. Vieren som forlengst har blomstra ferdig lenger nede i dalen, er i ferd med å blomstre her oppe. Lett å sjå kor snøen har låge lengst utifrå kor langt vieren er kome i lauvsprett og blomstring.

Vier som er felles navn på ei lang rekke artar- ca 20 i Norge -, er særbu. Særbu vil sei at det er hannblomster på ei plante og hoblomster på ei anna. Fotografia syner både hann- og hoblomster. Vieren blomstrer tidleg og er viktig næring for humler og andre insekt om våren.

For den som vil utvide sin kunnskap om vier eller Salix- så kan forskningsartikkelen «Dette er planten selv botanikerne ikke kan» vere ein start. Artikkelen bygg på nr 82 av det vitenskaplege tidskriftet Gunneria Reidar Elven og Eli Fremstad: Salix – vier, selje og pil i Norge som kan lastas ned – alle 716 sidene!

Foto av solas gang blei det, men den planlagde timelapsen av solas nedgang og oppgang blei spolert av dogg på linsa. Fjellfuglana boltit og snøspurv blei og observert. Fjæreplytten – ein vadefugl som overvintrar ved kysten men hekkar i høgfjellet, blei ikkje observert denne gongen.

Boltit ved Hummelfjell. Sterkt forstørra utsnitt. Tida strakk ikkje til for å komme innpå boltiten.
Natta var flott – anbefaler alle å våke ei natt i ny og ne! Utsyn nordover – det er ca ein time til solopppgang. Havsjøen og Glåmadalføret ses tydeleg. Storskarven, Sylana og Skardsfjella baki der kor sola er….

Til slutt eit foto frå toppen av Hummelfjell tatt 17.6.2012 då eg var på skitur her i lag med Øystein sønn. Minneverdig utforkjøring!

2020 VEKE 24

TOV-E er stikkordet for vekas blogg. Denne årlege registreringa av fugl som eg er med på for 15. året på rad. Denne veka har eg gjort meg ferdig med rutene 1602 – Korsjøfjellet og 1604 Fjellsjøhøgda i Røros kommune. Rute 1617 Garkleppen i Tydal står atte. Der er snømengdane så store at det kan vere lurt å vente litt.

Registreringane skal gjeras i tidsrommet 0400-0800. Då må eg opp så tidleg at eg får oppleve slike «maleri» som dette. Glåma med Storskarven i bakgrunnen kl 0250..

Prosjektet «Ekstensiv overvåking av hekkefugl (TOV-E)» utføres i samarbeid mellom NOF, Norsk institutt for naturforskning (NINA), Nord universitet og Miljødirektoratet og er det viktigste prosjektet for å overvåke bestandsutviklingen til norske fuglearter på land.

Norges fuglefauna er dynamisk. Fra år til år skjer det små eller store endringer i faunaens sammensetning. Noen arter blir vanligere, andre blir mer sjeldne, enkelte naturtyper bllir sjeldnere mens andre blir mer utbredt.

Formålet med TOV-E (Terrestrisk overvåking – Ekstensiv overvåking av fugl) er å fange opp nettopp denne dynamikken, for enklere å kunne sette inn forvaltningstiltak på de frontene det er nødvendig

Lauvsangar – vanleg art

Kva gjer eg så ute i felten? Kvar rute er 1,5 km x 1,5km. For kvar 300m er det eit stoppunkt (lagt inn på GPS). I fem minutt stoppar eg: Lytter, ser og noterer fuglane som er rundt meg. Deretter vidare til neste punkt – 20 punkt tilsaman og 6 km å gå rundt kvadratet. Registrerte artar og antal blir rapportert og bearbeida. Resultata for fleire år gir eit bilete av bestandsutviklinga for mange artar.

Lirypereir funnet mellom to punkt.
Blåstrupeho med reirmaterialer – reirbygging like ved eit av punkta.

Fuglalivet i dette området er ikkje så «spektakulært». Heilo, heipiplerke, lauvsangar er dominerande artar.

Heilo – karakterart i områda.
Våren har vore sein i år og det er ikkje rett grønt enda. Ein og annan gulmyrklegg lyste opp i det gråe landskapet.
Også torvmyrulla blomstrer no.
Framleis mykje snø.

Å delta i dette arbeidet gir mykje tilbake i form av minneverdige opplevingar. For å komme igang på Korssjøfjellet i rett tid, går eg inn kvelden før. Og like ved der teltet står er det ein dobbelbekkasinleik. Og den kvelden sovna eg til dobbelbekkasinens vårspell.

2020 VEKE 23

Kvitveisfoto frå ei morgonsstund her om dagen. Når resten av landet har gjort seg ferdig med kvitveisbløminga så dukker kvitveisen opp her. I deler av kommunen er kvitveisen vanleg. I andre deler har kvitveisen vore meir eit hagefenomen. Men noe ser me at arten spreier seg utover. Dei fine kvite blomane dukker opp på stadig nye stader.

Makrofotografering -frihand – med Olympus OM-D E M1 MarkIII og Olympus ED 60mm f 2,8 Makro

2020 VEKE 22

Då er sandsvalene «mine» attende på Røros etter å ha tilbrakt «vinterferien» i Afrika saman med artsfrender og andre svaler. I eit par månader er dei her i nord før dei returnerer attende til Afrika. Eit relevant spørsmål er jo om sandsvalene er europeiske eller afrikanske fuglar. Me ser jo på dei som våre fuglar sjøl om dei altså tilbringer meir tid i Afrika.

I ein del år no har eg fotografert sandsvaler i ein koloni like utanfor Røros sentrum på området til ein lokal enteprenør. I ei skjæring her har sandsvala funnet optimale forhold til å grave ut reirgangane sine. Så her arbeider både maskiner og svaler med å forme terrenget!

Å fotografere sandsvalene når dei raser rundt på himmelen er utfordrande og det blir mange uskarpe svaler – her har eg fått eit par skarpe punkt!

I ei tid før hekkinga startar er aktiviteten i kolonien stor. Svalene flyg i flokk, sloss om reirhol eller gode plassar kor reirgangen kan gravas…. – og dei er ved kolonien nesten heile tida. I denne tida er det greit å fotografere utan å forstyrre. Når hekkinga har starta er det fort gjort å skremme ut fuglane frå reira og forstyrre hekkinga. Og når egga er klekka og ungane mates så er dei voksne innom reiret med varierande mellomrom alt etter kor god mattilgangen er. I fjor blei mange reir øydelagd av rev eller grevling ei stykke ut i hekketida. Dyret grov seg ned til reira frå oversida og tok ungar i reira.

Det dryss sand og stein ned frå kolonien heile tida.

Sandsvala graver ein reirgang inntil ein meter lang. Det må vere rett konsistens på grunnen der reiret skal gravas. Under ein koloni legg det seg eit fint lag med utgraven masse. I denne kolonien har kanten på skjæringa bevega seg innover frå år til år – dels som eit resultat av naturleg erosjon og dels som eit resultat av svalenes graving.

Ei sandsvale kviler på ein tørr geitramsstengel frå i fjor.
Trerøter som er blitt gravd fram er gode kvileplassar.