Haren – Lepus timidus – er utbredt over heile landet; frå sør til nord og frå kyst til høgfjell. Fotografia her er frå ein «hareworkshop» hos Erlend Haarberg- ein av norges mest kjende naturfotografar- på Vauldalen like ved svenskegrensa nyleg. I snart 30 år har han på vinterstid fotografert harane som held til her. Ved å legge ut mat og bruke kunstig lys har Haarberg tatt spektakulære foto av «vinterharane.» Nå deler han erfaringa si med andre fotografar. Fleire norske naturfotografar har allereie vore her og fotografert hare i snøvêr, hare som sloss…. Eit engelsk tv-team var på Vauldalen i eit par veker i fjor for å filme harane. Harane på Vauldalen er nok dei mest fotograferte harane i landet!
Erlend Haarbergs harefoto med tittelen «Snow spat» – to harar som sloss – fotografert på Vauldalen har hausta heder og ære i fleire internasjonale utstillingar – blant anna «overall vinner» i den største europeiske naturfotokonkurranse – GDT European Wildlife Photographer of the Year 2017 competition. Anbefalar Facebook-sida til Erlend og Orsolya Haarberg – ei estetisk nytelse med foto på svært høgt nivå.
«Slåss så fjøra fyk» er eit uttrykk – eller er det «Slåss så ulla fyk» – iallefall gjekk det hardt utover pelsen i denne kampen! Fotograferinga skjer i litt kontrollerte former. Lyskastarar er gravd ned slik at lyset fel på harane og gir flott bakgrunnsbelysning. Trass i lyset er det mørkt – iso – «filmfølsomhet» stilles på 3-4 000, stor blendaråpning frå 2,8 eller 4 alt etter kva objektiv ein har. Når harane sloss går det fort og skal øyeblikka frysas må eksponeringstida vere frå 1/1000 sek og raskare. Ein harekamp inneheld slag, spark og hopp.Harekamp er i litteraturen beskreve som kamp mellom hannharar og ofte knytta til forplantningstida. Kamp om maten er nok ein vel så viktig grunn til harekampane på Vauldalen. Harekamp med dommar på sidelinja!To kamphanar – eller rettare sagt kampharar!
Her har eg nytta Nikon D850 og Nikon D500, Nikon 200-400mm f4 og Sigma 300mm f 2.8. I tillegg er fotografia som vanleg bearbeida i Lightroom.
Foto frå ein vårtur på Jæren første veka i mars er bloggtema. Vårteikna var der trass i kaldt vêr; syngande lerker, tjeld og viper. Og på Revtangen hadde hestehoven så vidt fått fram eit par blomster.
Vipa er eit vårteikn og er (var?) ein karakterart for Jæren. Som mange andre fugleartar knytta til det «gamle» jordbrukslandskapet har vipa problem med den nye mekaniserte landbruksdrifta. Historien om jærbonden som merker vipereira med ein staur for ikkje å pløye dei ned er i ferd med å bli ei myte. Foto beskåret og etterbehandla i Lightroom. Det skulle vere tur ut til stranda på Hedlestø for å fotografere solnedgangen. Eg var ikkje åleine der- det stod 70-80 bilar på parkeringsplassen! Men kald tjukk tåke dekka skikkeleg for sola. Foto av dei mange som hadde lagt ettermiddagsturen hit blei det i staden for solnedgang- fin dokumentasjon på at Jærstrendene er populære turmål. Strandfoto med lågt perspektiv.
To utgåver av same foto – til høyre eit utsnitt . Eg liker begge Fin linjeføring i det oppsprukne berget. Strendene er populære for tobeinte, firbeinte og dei med vinger. Fotoet illustrerer den mangefasetterte bruken – og potensielle konfliktar. Tjeldflokken tok til vingene då hundane oppdaga dei. Hytter er og eit tilbakevendande konfliktfelt.Tidleg morgontur til Reve – nordleg frisk bris og heftig sandflukt. Fotografert liggande på stranda med lang lukkartid – det knasa litt i mekanikken på kameraet etterpå! «Dei gamle Fjell i Syningom er alltid eins aa sjaa, med same gamle Bryningom og same Toppom paa.» skreiv Ivar Aasen i 1863. Fjella er der framleis men dei har fått ny påkledning. Frå toppen av ei sandyne på Reve hadde eg dette synet til ein av dei store og nyare vindparkane mellom Gjesdal og Bjerkreim
Etter eit lite forsiktig forspel fredag spelte Aurora – nordlyset – opp for fullt lørdag kveld. Frå Olavsgruvevegen kunne dette spektakulære naturfenomenet følgas – eit «show» som så langt må karakteriseras som sesongens flottasta.
Dette fotografiet har eg vore på «jakt» etter lenge – nordlyset over Øvre Storwartz.
Mange blir forundra over at me kan sjå nordlys her sør. Men ved gode forhold kan nordlyset sjås langt sør. Lørdagens nordlys kunne studeras heilt sør til Rogaland – men dog i ein meir dempa utgåve. Ei anna sak er at om ein prøver å sjå etter nordlys frå Røros sentrum så vil det berre unntaksvis vere synleg. Då eg lørdag kveld kjørte gjennom sentrum kunne eg så vidt ane lyset på nordhimmelen. Så snart eg kom utav sentrum så dukka nordlyset opp att.
Kva er nordlys? Eg saksar frå Store Norske Leksikon: «Nordlys er et lysfenomen som oppstår når energirike partikler blir slynget fra Sola mot Jorda. Det oppstår i den øvre polare atmosfæren, mellom 80 kilometer og sjelden over 500 kilometer over jordoverflaten, når elektroner og protoner kolliderer med atmosfæregassen. Denne gassen blir tilført energi som så sendes ut igjen i form av lys. Selve lysutsendelsen kommer hovedsakelig fra atomer og molekyler i atmosfæren og ikke fra selve primærpartiklene.
Nordlyset opptrer i mange forskjellige former. …. Hvilke farger en forekomst av nordlys består av, blir bestemt av energinivået i partiklene og sammensetningen av atmosfæregassen. De dominerende fargene i den delen av fargespekteret vi kan se, er grønt, rødt og blått. Forekomst og intensitet av nordlyset er på sin side styrt av aktivitet på Sola. Jordas magnetfelt og atmosfære bestemmer hvor på Jorda nordlyset opptrer.…..Det latinske navnet på nordlys er aurora borealis. Det samme lysfenomenet kalles sørlys, eller aurora australis, når det opptrer på den sørlige halvkule, og en fellesbetegnelse på begge er polarlys.
Stigerhuset opplyst av nordlysFlotasjonen opplyst av nordlysFlotasjonen fotografert mot lyset frå Røros.
Eit anna himmelfenomen – STEVE -kunne og studeras på lørdag. STEVE – Strong Thermal Emission Velocity Enhancement– er eit fenomen som opptrer saman med nordlys ein sjeldan gong. Steve er et atmosfæriske optisk fenomen som fremstår i lilla og grønt lysbånd på himmelen. Steve kan være en kombinasjon av ladde partikler som blir varmet opp i atmosfæren og elektroner som endrer energi tilstand og sender da ut lys. (Samme prinsippet som skaper Nordlyset)
Vitenskapen har ikkje heilt kontroll på STEVE: “Our main conclusion is that STEVE is not an aurora,” said Bea Gallardo-Lacourt of the University of Calgary in Canada, and lead author of paper, in a press release. «So right now, we know very little about it. And that’s the cool thing, because this has been known by photographers for decades. But for the scientists, it’s completely unknown.»
På veg oppover Østerdalen her om dagen- eit dalføre med mykje skog- blei det tid til ein fotostopp med furuskog og ICM som tema. ICM eller Intendent Camera Movement er ein fototeknikk eg prøver meg på nå og då. Kort sagt dreier det seg om å bevege kameraet i det ein trykker på utløysarknappen. Så kan ein endre på innstillingane – eksponeringstid, bevegelsesretning, blendar…..Her har eg i all hovedsak nytta vertikal bevegelse – nedover.
Dette er eit nokså tradisjonelt og «lett» ICM-motiv. Snø på bakken og lys frå ei låg sol ga fine effektar og fargar. Resultatet av ICM-fotografering er ikkje alltid gitt og papirkorga i pc-en fylles fort opp under redigering. På FB-sida til ICMPhotoMag er det mykje å lese om ICM og mange flotte foto.
Under fleire «godkjende» produkt av fotostoppen ein stad i Stor-Elvdal kommune. Fotografert med Nikon D850 og Nikon 70-200mm. Fleste fotografia er tatt med brennvidde 200mm, iso 80, f 22 og 1/8 sek.
Det blir ein del redigering i Lightroom når fotografia er overført frå kamara til pc: Beskjæring, endring av kontrast, eksponering, fargar, metning… Og sluttresultatet kan bli ein del endra undervegs i prosessen. Utgangspunktet i dette tilfellet var eit overeksponert kontrastfattig foto.
På veg sørover rv 3 i Østerdalen har Storelgen i Stor-Elvdal kommune blitt ein naturleg plass å ta ein pause. Storelgen – ein 10,3 m høg skinnande stålstatu – er imponerande å sjå til der han frå vegkanten passar på vegfarande.
På veg frå Røros til Sandnes ein tidleg morgon denne veka var lyset perfekt for ein kort fotostopp- fullmåne og blåtime kombinert med vegvesenets lyssetting.
«Statuen er utformet av Linda Bakke, den ble avduket 15. oktober 2015 og kostet to millioner kroner. Den ble gitt i gave til Stor-Elvdal kommune fra kunstfondet i daværende Sparebank 1 Hedmark. Statens vegvesen utbedret samtidig rasteplassen, og prosjektet kostet til sammen 27 millioner kroner. « Wikipedia
Storelgen skal vere med å forbedre trafikksikkerheten. – «De monotone vegstrekningene gjennom Østerdalen gjør at bilførerne kan bli sløve, og det har ført til utforkjøringsulykker og alvorlige møteulykker. RV 3 ble omtalt som «dødsveien». Vi gjør dette for å få «vekke» bilistene. », sa avdelingsdirektør Aud Riseng i Statens vegvesen da statuen ble satt opp.» I tillegg er det montert opp elggevir – med og utan lys – fleire stader langs rv 3. Jernbanebrua over rv 3 på Atna er og dekorert med løpande elg i mange spenstige fargar.
For meg er Storelgen og dei mange gevira og ei påminning om at dette er elgland og krever aktsomhet frå oss vegfarande.
Eg minnes ei «nær elg» oppleving for rundt 25 år sidan. Me kjørte oppover dalen på natta etter å ha landa på Fornebu seint på kvelden. Like etter Koppang sprang plutseleg ein elg over vegen foran bilen utan at eg rakk å reagere. I øyekroken registrerte eg elg nr to i «svev» inn på vegen. Og eg forberedte meg på smellet frå elgen som kom til å lande på taket! Heldigvis var farten på bilen så høg at elgen landa rett bak oss. Små marginar… Men denne morgonen var det berre Storelgen å sjå i tillegg til talrike spor.
Mange lar seg provosere av at storsamfunnet bruker penger på kunst som dette. Og argumenterer gjerne med alle uløyste oppgåver i samfunnet. For meg er Storelgen og dei andre installasjonane langs rv 3 ei beriking av turen. Ein stopp her skjerper sansene når ein går ut av bilen, kjenner på den kjølege lufta og nyt synet av den ti meter høge stålkolossen.