2024 VEKE 9

Det har blitt lite fotografering denne veka. Og derfor passa det godt å sjå gjennom eldre foto – redigere, systematisere og slette. Eldre foto vil sei foto frå to år attende i dette tilfellet. Foto frå ein tur til Hornborgasjøen i Sverige i mars 2022- sjøen der store delar av den skandinaviske tranebestanden mellomlander på vårtrekket. Og det er blitt ein turistattraksjon verd å oppleve. For ca ei veke sidan landa den første tranen der. Dei overvintrar på den iberiske halvøya og meldingar frå den delen av Europa fortel at dei store flokkane lettar i desse dagane. Dei mellomlandar i Frankrike og Tyskland før Hornborgasjøn. På nettsida til Horborgasjøn Naturum finnes mykje oppdatert stoff om antal traner, kor du kan se fuglane og om andre severdigheter rundt sjøen.

I det ukentlege radioprogrammet Norsken, svensken og dansken opna den svenske deltakaren Åsa Linderborg programmet 25.2. med ein vakker poetiske tekst om Hornborgarsjøen, tranenes tilbakekomst,naturens og livets gang.

Å fotografere tranene ved Hornborgasjøen er minneverdig. Mens det framleis er mørkt kjem dei første tranene flygande inn frå overnattingsplassane ute i sjøen. Kvelden før er det spreia ut korn som lokker tranene dit. På det meste har det vore talt opp rundt 26 000 traner på ein gong! Fotomotiva er mange men det er spesielt i timen rundt soloppgang at det er best å fotografere og om kvelden når tranane flyg ut til overnattingsplassane i sjøen.

Ein del foto her tatt med lang eksponeringstid grunna lite lys, bevist kamerabevegelse såkalla ICM (Intended camera movement eller utfordrande lys.

Til slutt ein video for å få med litt morgonstemning frå Hornborgasjøen filma ein morgon då landskapet var dekka av nysnø.

Legg igjen en kommentar