FALKLANDSØYANE 5

Siste stopp på rundturen på Falklandsøyane er Volounteer Point nordøst på Øst-Falkland. Kongepingvinen – Aptenodytes patagonicus – er mål for oppholdet her. På Volounteer Point hekkar rundt 2 000 par – ein liten del av verdensbestanden på over 2 millionar par. Men dette er nok ein av koloniane som er lettast tilgjengeleg. Dei største koloniane finns i det som heiter det indiske Sørishavet med opptil 450 000 par!

Utsyn over eiendommen Johnsons Harbour

Å komme til Volounteer Point frå Stanley er ikkje liketil: Ein times biltur på veg og deretter ein drøy time offroad. Det er ikkje berre å kjøre dit på impuls. Sjåfør må leias og tillatelse innhentas. Bil med sjåfør koster £200.- og pris for dagturister er £15. Volounteer Point ligg under settlementet Johnsons Harbour. At det er store areal tilknytta gårdane her, illustrerer sauetalet godt – ca 9 000! På Volounteer Point skal me overnatte på «shanty-en» der – lokalt navn på overnattingsplass. Derek og Drudi Petterson leier shantyen og har oppsyn med trafikken til stranda og kongepingvinkolonien. Overnatting må bestillas i god tid då det bare er fem senger for utleie her. Det er fleire års ventetid for å få overnatting i dei beste periodane.

Shantyen på Volounteer Point med mageleanpingvinar i forkant.

Kongepingvinen saman med den litt større keiserpingvinen er vel det som mange forbind med pingvinar. Dei har ein litt «menneskeleg» oppførsel der dei vandrar oppreist i flokk. Fotogene er dei og og har vore tema i mange filmar. Pingvinenes marsj er ein kjent film. Animasjonsfilmen Madagaskarpingvinene ein anann.

Det blir fort mange eksponeringar med slike spennande modellar. Fristande å leike seg i det digitale mørkerommet i ettertid.

Kongepingvinen er den nest største av pingvinane og blir mellom 70-100 cm høg. Vekta varier frå 9-15 kg alt etter . På land kan kongepingvinen virke litt klosset. I sjøen svøm dei med ein fart på opptil 9 km/t. Dei kan symje opptil 900 km vekk frå kolonien for å fange mat.

Kongepingvinens hekkesyklus er litt lenger enn eit år. I løpet av tre år rekk dei å hekke to gonger. Fuglane kjem inn til kolonien i september/oktober for å myte. I forkant av mytinga êt dei seg opp. Når dei myter taper fjørdrakten isolasjonsevna si slik at dei må vere på land i opptil 30 dagar. Kroppsvekta reduseres då med opptil 30% i denne perioden. Etter mytinga er fuglane ute på havet for på ny å ête seg opp før hoa legg det eine egget. Rugetida er 55 dagar. Hannen står for store delar av ruginga. Etter klekkinga går det 30-50 dg før ungane kan vere for seg sjølve mens dei vaksne er ute på havet. I denne tida trykker ofte ungane seg saman i store grupper både for å holde på varmen og som vern mot fuglar som storjo. Perioden kalles ofte for crèche eller barnehagetida. Foreldra fôrer dei kraftig slik at dei kan veie opptil 12 kg og er på er på storleik med foreldra, for å førebu dei til vinteren I vintermånadane -mai til september -er dei vaksne fuglane vekke frå kolonien. I høyden kan ungane få mat kvar 5. eller 6. veke. Og i verste fall går det 3-4 månader utan at dei fôres. Utpå våren i september/oktober forlet dei kolonien. Vekta er då rundt 75% av vekta til ein vaksen kongepingvin.

Kongepingvinen legg eit egg. Den vaksne fuglen – oftast hannen – står og ruger. Egget ligg inni ei hudfold oppå beina. Om egget av ein eller annan grunn triller vekk frå fuglen som ruger, så har ikkje fuglen refleksar for å trille det attende og inn i hudfolden. Dei øvrige pingvinartane bygg reir eller graver reirholer som magellanpingvinen.

Nyklekka unge som mates. Ungane til kongepingvinen (og keiserpingvinen) har ikkje dun når dei klekkes i motsetnad til dei øvrige pingvinartame. På pingvinen bak ser me konturane av egget som ligg inne i rugeposen.

Det var ikkje mange store ungar atte i kolonien. Desse blei klekka på nyåret i fjor og er snart klare for å forlate kolonien. Det er berre litt ungdomsfjør som må mytas først.

Kvilelaust vandrar kongepingvinane fram og tilbake på stranda. Stoppar opp, ser seg om før dei på ny går vidare på pingvinvis.

Etter mykje «om og men» kaster flokken seg uti bølgene.

Like brått som dei kasta seg uti, kjem dei opp att.

Ei sjøløve av arten søramerikansk sjøløve er observert av flokken. Denne gongen blei det ikkje fangst på sjøløva. Sjøløvene jakter pingvinar både ute i sjøen og på land. Dei symjer så nær land som råd er før dei rusher opp og fanger ein pingvin som ikkje er rask nok med å kome seg vekk

Her har jakta vore vellukka. Kjempepetrellane êt på restane av ein kongepingvin drept av ei sjøløve.

Og når pingvinskrotten driv på land, overtar kalkunkondoren

Samarbeidsvillige fotoobjekt.

Oversyn over kolonien. Kongepingvinen er ein art som har hatt ein positiv bestandsutvikling. Og denne kolonien har vokse sterkt dei seinare åra.

Lyden til dei enkelte pinvinane er det som gjer at dei finn fram til rett make eller eigen unge. Sjølve reviret «flyttes» litt ettersom pingvinen flytter seg. Men dei liker å ha eit revir på ca ein kvadratmeter.

Svart, gul og grå..
Lang eksponeringstid…

Magellanpingvinane set og sit preg på Volounteer Point – både kveld og morgon. Deira eselliknande rop høyres heile tida. Avsluttar denne bloggen med nokre småromantiske foto frå kveld og tidleg morgon.

Morgonstemning på Volounteer Point. Sola er i ferd med å stå opp og magellanpinvinane høyres. Svak lyd – filma med iphone utan ekstern mikrofon.

FALKLANDSØYANE 4

Me har ankome til Saunder Island. Etter kort proviantering i øyas «butikk» blir me frakta ut til sagnomsuste The Neck. Her skal me tilbringe tre netter i hytta som er nøkternt utrusta med gass til koking, batteribank tilkobla dieselagregat og solceller, dusj og ein heller ustabil internettforbindelse. Hytta på The Neck tilhøyrte tidlegare forsvaret og har åtte sengeplassar.

The Neck. Bøylepingvinene hekkar på grustoppene i området. Her er det turister fra Hurtigrutas MS Fram som har gått i land.

The Neck er eit eide mellom to fjell. Det består av lausmassar av ulik kvalitet med fin kvit sand ut mot havet. Eller som det står i turistbrosjyren om Saunders: «Saunders Island has dramatic scenery with some of the most iconic vistas of the Falklands, particularly the Neck, with its splendid white sand beach. Steep cliffs, hills sweeping gently to shorelines, open plains, wetlands and ponds make up the island’s terrain.» Ute på flatane er det koloniar med bøylepingvinar. Ein liten koloni med kongepingvinar er i ferd med å etablere seg. Magellanpingvinen hekkar over alt men fortrinnsvis der det er grasmatte og lett å grave reirgangar. I dei brattare fjellsidene hekkar klippehopparpingvinen, knoppskarv og svartbrynalbatrossen. I tre dagar skal me vere her og ha området i store trekk for oss sjølve!

Frå ein av koloniane med knoppskarv og klippehopparpingvinar er det god utsikt mot stranda på The Neck.
Tett i tett med bøyle- og magelllanpingvinar på stranda utpå kvelden. Opphaldet på Falkland var fullt av opplevingar – dette var faktisk ein av dei flottaste!
Kveldsstemning 1
Kveldsstemning 2

Saunders er kjent for sine koloniar av svartbrynbatross. Rundt 11 000 par skal hekke på øya. Å stå oppi fjellsida på Saunders og se albatrossane seile forbi på stive vinger var fantastisisk. Nær meg kom dei, og iblant var det nesten som eg hadde blikkontakt når albatrossen fylde opp søkaren på kameraet på ein «armlengdes» avstand.

Svartbrynalbatrossar lever sirkumpolart på sørlege hav. Den største hekkekolonien finnes på øya Steeple Jason (vest for Carcass) på Falklandsøyane med omlag 110 000 par! Den totale bestanden blei anslått til 600 000 par i 2010, men han er desverre minkande. På Falkland er det registrert ein 67 % nedgang over 64 år. Auka linefiske på dei sørlege hava, spesielt rundt Patagonia og Sør-Georgia, er rekna som ei viktig årsak til nedgangen. Faktisk er svartbrynalbatross den fuglearten som er hardast ramma av fiskeria.

Reira til albatrossen brukes omatt og bygges på. Blir fort ei høgd på 20-30 cm.

Svartbrynalbatrossen er ein mellomstor albatross med ei kroppslengd på 80-95 cm, vengespenn på 200-240 cm og ei snittvekt på 2.9-4.7 kg. Han kan ha ei levetid på over 70 år. (Vandrealbatrossen som er største albatrossen har eit vingespenn frå 250 cm til 350 cm. Heile kroppen og hovudet er kvitt med eit svart triangelforma felt rundt auga, oversida av vengene er i grått til svart og halen er mørk grå. Undervengene er hovudsakleg kvite med breie, uregelmessige, svarte kantar. Han har guloransje nebb med ein mørkare, raudoransje tupp.

Den eine vaksne er tilbake med mat til ungen. Krill og blekksprut er mat. Ungen hakker på nebbet til den voksne albatrossen. Dette utløser en refleks som gjør at fuglen gulper opp maten.

Svartbrynalbatrossen hekker årleg og dei legg eit egg. Rugetida er rundt 70 døgn. Ungen blir fora i reiret i rundt 120 døgn før dei er flygedyktige. Etter to tre år vender ungfuglane attende til kolonien, men dei begynner ikkje å hekke får dei er 10 år gamle.

Det er sterke bånd mellom dei vaksne fuglane. Mykje kurtise sjøl om dei ikkje hekker.
Turleiar Tom oppfordra oss til å prøve ulike fototeknikkar. Panorering er ein teknikk kor me har lang lukkartid (eks 1/15sek) og beveger kameraet saman med objektet. Resultatet kan bli som dette.

Albatrossane er glimrende flygare som seiler lange strekningar mellom kvar gong dei gjer eit slag med vingene. Vandrealbatrossen som er ein del større, er registrert i hastighetar opp mot 130 km/t.

Pingvinarten klippehoppar hekker i fjellsidene på Saunders. Navnet klippehoppar viser til måten arten beveger seg på. Der andre arter sklir på magen, bruker vingene for å kome framover eller vagger i vei, så hopper klippehopparen som oftast.

Stilig fugl dette!

Klippehopparpingvin er svart på oversida og kvit på undersida. Frå rota av overnebbet løper ein strek av gule fjær, som ender opp i ein fjærdusk som står i vinkel i bakkant av tinningen. Hodet er svart, øynene røde og nebbet rødbrunt. Føttene, som har svømmehud, er grårosa og har svarte klør. Som hos andre pingviner sit beina langt bak på kroppen, og det gir fuglen ein oppreist stilling når den står og går. Arten blir omkring 52 cm høy og 3 kg tung.

På veg opp til kolonien og reiret.

Arten hekker på klipper og fjellgrunn i bratt terreng, som regel nær tilgang på ferskvann.For å komme til de beste plassene spretter pingvinene fra stein til stein, og det er kjent at klippehopperpingvinene kan gjøre sprang på opp mot 150 cm.

Ein stad høgt opp i fjellsida sildrar ein liten bekk. Pingvinane oppsøker denne for å drikke og vaske seg.

Klippehopparpingviner lever i store koloniar som kan telle over 100 000 par. Para er monogame og returnerer vanlegvis til same hekkeplassen år etter år. Egglegginga startar i november, og hoa legg vanlegvis to egg av ulik storleik. Rugetida er cirka 33 dagar, og begge foreldra bytter på å ruge egga. Som regel overlever berre kyllingen frå det største egget. Etter klekking vil hannen passe på ungen dei første 25 dagane, mens hoa jakter og mater ungen(e) daglig. Når ungane forlater reiret, held dei saman i ungeflokkar og blir mata ei tid av foreldra.

Det er mykje lyd der klippehopparen held til.

Dietten består av krill, småfisk og blekksprut som fanges under dykking. Klippehopparane kan dukke ned til 100 m eller meir når dei jakter på mat. Og dei kan symje så mykje som opptil 160 km frå kolonien for å finne mat. Det er typisk for arten at dei forlater kolonien i grupper og kjem attende i grupper. Me fekk mange døme på dette på Saunders. Flokkar på 50 og meir kom svømmande til lands.

På veg inn etter matsøk ute på havet. Her hadde klippehopparane eit fast område dei kom inn på. Å få pingvinen i fokus er ikkje lett. Her med 1/1600sek eksponeringstid har eg vore nær men ikkje heilt treff.
Tett i tett her – i allefall 24 klippehopparpingvinar her.
Klippehoppare på veg opp på land. Ser nokså dramatisk ut med bølger som bryt og pingvinar som prøver å komme på land.

På fast grunn!
Frå stranda er det tydeleg å sjå vegen klippehopparane brukar opp til kolonien.

Saunder Island eies av David og Suzan Pole-Ewans. Dei driv aktivt med turisme og sauehald. Fram til no har dei og hatt nokre få mjølkekyr. I tillegg til gjestehus i The Settlement har dei tre hytter rundt om på øya, og dei vurderer å bygge fleire. På Neck og eit par andre stader er det lagt til rette for at cruisebåter kan sette på land turistar ved hjelp av guimmibåtar. Eine dagen me var på the Neck var Ms Fram frå Hurtigruten innom. Det koster rundt 200 kr pr landsatt turist, og då kan dei bevege seg innafor eit nærare markert område i løpet av eit par timar. Dagen etter at me reiste var det tre cruiseskip innom. Som fotogjestar betalte me for å bruke heile området.

Adkomst til Saunder skjer med fly til The Settlementet som har eigen flyplass. Flyplassen ligg til overmål i ein svak oppoverbakke. Deretter er det ein times tur med jeep ut til The Neck på ein veg av variabel kvalitet. Øya huser rundt 6 000 sauer og ein del storfe. Sauetalet er redusert noko dei seinare åra grunna temperaturstigning og tørke.

FALKLANDSØYANE 3

Etter Sea Lion Island i sørøst stod øya Carcass i nordvest for tur på vår fotorundreise i øyriket Falkland. Det kom melding frå FIGAS (Falkland Islands Government Air Service) at eg skulle reise med første fly. Reisefølget mitt skulle bli med neste gong flyet var nedom Sea Lion. Samla vekt på gruppa – kroppsvekt+ bagasje+ fotoutstyr – og mykje drivstoff gjorde at me måtte delas i to. Min tur skulle gå frå Sea Lion via Bleaker Island kor fire passajerar til Saunders Island skulle hentas. Og så skulle eg flys til Carcass.

Bagasje av og bagasje på. Snart klart til avgang frå Sealion Island. Flapsfeil endra litt på planane resten av dagen.

Men slik gjekk det ikkje – piloten merka problem med flapsen då han landa på Sea Lion, og me returnerte til Stanley for å reparere skaden. «Smal sak» sa han– men ikkje så smal at flapsen lot seg reparere i løpet av kort tid! Det blei derfor ei ekstra natt for meg på Hotel Maldivas inne i Stanley. Her blei eg så henta kl 0545 neste dag og rundt 0700 var me i lufta med reparert flaps og kurs mot Bleaker Island.

Det høyrer med til historia at det andre flyet til FIGAS og hadde problem. Når slikt skjer så hoper det seg opp med passasjerar rundt om på øyane. Stressmomentet her er at det er kun fly frå Falkland til fastlandet – Puntas Areanas i Chile – på lørdagen. Missar du det så går neste fly lørdagen etterpå. Og det finnes ingen alternativ transport!

«Flyterminalen» På Bleaker Island. Passasjerane står klar og «brannbilen» er og forskriftsmessig på plass. Brannbilen er ein SUV kopla på ein tilhengar med brannutstyr. Før landing kallar piloten opp «bakkemanskapet» for å forhøyre seg om vindretning. Ut frå det bestemmes det kvifor ei landingsstripe som skal nyttas.

Nå gjekk det som smurt – fire turistar blei henta opp på Bleaker og flydd til Saunders. Eg gjekk av på Carcass etter ein fin flytur kor eg hadde orkesterplass som «co-pilot» med piloten som god lokalguide. Og utpå dagen kom dei resterande norske fotografane og til Carcass.

The settlement på Carcass. Her er det planta ein del skog rundt om husa noko som gjer eit godt lokalklima.

Øya Carcass ligg nordvest på Falkland. Navnet stammer frå HMS Carcass som besøkte øya i 1766. Det er ein busetting der – eller settlement som det heiter. Rob McGill heiter dagens eigar av øya. Turisme er hovedinntekta sjøl om dei har ca 400 sauer og 40 storfe. Dei mjølker fire kyr mens resten går fritt. Grønsaker er dei i store trekk sjølforsynte med. Frå april til bortimot september bur det ingen på øya. Dyra er då overlatt til seg sjøl og går fritt på øya.

Det er mykje som kan nevnas frå oppholdet på Carcass. Me brukte mange timar på pingvinfotografering. Men det var ei formiddagsstund med elefantselane som tok «kaka». Elefantselane kastar ungane i oktober og i ein måneds tid er det kurtise og parring. Det er nok eit voldsomt syn når dei mange tonn tunge hannselane kurtiserer dei små hoene.

I januar er det stort sett berre unge hannar som ligg atte på land. Dei er midt i pelsskiftet, men nyttar ein del tid på å «småkrangle.»

Fotoøkta med elefantselar blei ei av mange minneverdige opplevingar på Falkland. På lang avstand høyrde med brøla frå selane. Åtte -ti selar låg oppe på stranda og sov, mens det uti i ei sandbukt låg mange fleire. Heldig for oss kunne me gå utover på ei landtunge parallet med bukta der selane var. Og la me oss nedpå var me i høgd med sjøen – skikkelg lågt perspektiv! Så lågt at etterkvart som vatnet steig måtte me flytte oss – blaut blei i allefall eg.

Livat var kampane i bukta utanfor oss. Dramatisk kan det se ut men dette er kampar av typen «mye skrik og lite ull». Det er unge hannar som øver seg mot ei tid då kampen om hoselanes gunst blir alvor.

Dei reiser seg opp og med overkroppen denger dei til motstandaren. Det er brytekamp mellom store kroppar. Kjeften er open og ein kraftig tanngard kan virke skremmande. Men i denne fasen er det berre unntaksvis at det blir sår.

Sjøelefant eller elefantsel er ei slekt av store selar. Hannane har store, oppblåsbare nasesekkar som kan minne om ein kort elefantsnabel. Sekkane blåses opp i paringssesongen. Hjørnetennene hos vaksne hannar er svært store, og brukes i slåsskampar mellom hannane.

Sørleg sjøelefant er den største av alle selar og lever av fisk og blekksprut og er utbredt sirkumpolart rundt Antarktis nord til Falklandsøyene, Sør-Afrika og Australia. Arten har vore utsatt for kraftig beskatning, men teller i dag rundt 750 000 dyr. Rundt halvparten av verdensbestanden finns på Sør-Georgia.

Elefantselen kjennetegnes av at arten har ekstrem kjønnsdimorfisme. Hannane kan bli 5–6 ganger større enn hoene. Hannens kropp karakteriseres av det enorme brystpartiet og det snabelliknande nasepartiet.

Hannselane blir 4,2–5,8 meter lang og veg frå 2 200–4 000 kg. Hoselane er betydeleg mindre og måler frå 2,6–3 m i lengde og veg 400–900 kg.

Vakker og sjamerande?

Blåser i disse endene…….foretrekker fisk og blekksprut.

Etter eit par dagar på Carcass gjekk turen vidare til Saunders Island og The Neck. Før flyet kunne lande måtte sauflokken som beita på flyplassen jagas unna…..

FALKLANDSØYANE 2

Av øyane på Falkland er nok Sea Lion Island mest kjent og populær. Øya ligg ein liten times flytur unna hovedstaden Stanley. Flystripa er ein grusbane – brei som ein og lang som to-tre fotballbanar. Øya er eit «steinkast» brei på det smalaste og rundt 5 km lang. Øyas navn speler på at det er sjøløver der. Både dei og elefantselane – verdens største sel – skal eg skrive om i ein seinare blogg.

Sea Lion Lodge med naboar.

Me overnatta i Sea Lion Lodge som er å samanlikne med ei velutstyrt norsk turisthytte med alle rettar og god service. Hotellet har status som det engelske hotellet som ligg lengst mot sør- kun 1100 km frå Antarktis! Vertskapet på lodgen er dei to einaste fastbuande her ute. Dei driv lodgen, har ansvar for «drift» av flyplassen, kjentmenn på øya, lokale «sno-ere» osv. I høgsesongen er dei avhengig av innleigd arbeidskraft fortrinnsvis frå Chile som ellers på Falkland. Fram til midten av 80-talet var det fast busetting her knytta til sauehald.

Sea Lion Island er populær av fleire grunnar. Frå lodgen er det kort veg til pingvinkoloniar, stranda med elefantselar, småvatn med gjess, ender og pingvinar og lange flotte kvite sandstrender. Pingvinane hekker heilt inntil gjerde rundt lodgen. Inne på lodge-området beiter sebragjess og på gjerdestolpane sit den allestedsnærværande rovfuglen karakara og lar seg knapt affisere av tobeinte.

Deler av øya er bevokst med tussockgras – eit fleire meter høgt stivt gras. Dette var den opprinnelege vegetasjonen på mange av Falklandsøyane. Men tussockgraset lot seg ikkje kombinere med intensivt sauehold. På Sea Lion er ein i full gang med replanting av tussockgras etter at det blei slutt på sauehaldet. På andre øyer har ein gjerda inn områder med gras for å ta vare på det.

Her er bøylepingvinane på veg på eigne vegar gjennom tussockgraset attende til kolonien kor svoltne ungar ventar på mat. Og her som ellers på Falkland har pingvinane forkjørsrett – berre å vente til dei har passert!

Bøylepingvinen er talrikaste pingvinarten på Sea Lion. Dei andre artane på Sea Lion er magellanpingvin, klippehoppar, macaronipingvin (kun ein!) og kongepingvin. Bøyle- og magellanpingvin er dei vanlegaste.

På veg frå havet med mat.
Ein av mange bøylepingvinkoloniar på Sea Lion. Unge ikkje svømmedyktige pingvinar er i fleirtal når dei vaksne er på matleit.
Bøylepingvin surfar mot land inni ei bølge – flott syn!

Bøylepingvinen er den tredje største pingvinen. Han er som pingvinar flest mørk på oversida og kvit på undersida. Eit godt kjenneteikn på arten er ei brei kvit stripe på toppen av hovudet og eit oransjeforma nebb. Arten skal vere den raskaste undervassymjaren av alle pingvinar med ein «toppfart» på 36 km/t og han kan dukke ned til 170 meter. Bøylepingvinen veg opp mot 8,5 kilo. Når hoene er ferdige med ruginga er vekta redusert til ca 4,5 kg.

Bestanden var på anslagsvis 310 000 par i 1993, men bestanden er rekna som nær trua. Bøylepingvinen legg to egg. Dei bygg reir av småstein og gras og reira kan bli opptil 20 cm høge. Ungane er i reiret i ca 30 dagar. Deretter passes dei i grupper. 80-100dg gamle er dei klare til å symja ut i havet.

Solid fottøy på bøylepingvinane!

Det har vore tørt på Falkland denne sommaren. Me fekk ein dag med regn. Om pingvinane likte det veit eg ikkje – dei såg nokså miserable ut etter fleire timar med regn og vind.

Kveldsstemning hos pingvinane

Morgonstemning hos pingvinane:

Bøylepingvinane ønsker ein ny dag velkommen!
Elg i solnedgang er kjent – men pingvin i soloppgang er vel så bra og «kitschi».

Tussockgras

Tussockgraset vokser i tuer og blir fleire meter høgt. Røtene går mange meter ned i bakken og er eit effektivt hinder mot jorderosjon. Inne i «grasskogen» kan det skjule seg mange artar. Elefantselar og sjøløver kan kvile seg her og gjer at ein må ferdas varsomt. Magellanpingvinane grev reirgangane. Og er du uheldig er det fort gjort å trø nedi eit av reirhola.

Ein macaronipingvin eller gulltoppingvin som er det offisielle norske navnet. På Sea Lion er det berre eit individ som i fleire år har hatt tilhald i ein koloni med klippehoppare.

Like ved Sea Lion Lodge ligg den einsame grava til Alexandre Dugas frå 1936. Historia bak er denne: Første farmen på Sea Lion Island blei etablert i 1905 av ein Johan Luchtenborg som forpakta øya for 4£ i året. Etter hans død gifta kona Henriette seg på ny men ektemannen holdt ikkje ut livet her ute og flytta til «fastlandet.». Henriettes nevø Alexandre Dugas flytta til øya og dreiv farmen saman med henne. Men han greide heller ikkje det einsame livet her ute og tok livet sitt i 1936. Deretter var det fleire drivare fram til sauehaldet blei avvikla på 80-talet. På det meste var det rundt 1700 sauer på øya. I 1986 blei dagens lodge bygd og landbruket avvikla. Øya er i dag Ramsar-område og kategorisert som eit Important Bird Area. I tillegg er øya eit National Nature Reserve. Heldigvis er øya fri for katter, rotter og mus – arter som altfor ofte følger busettinger på øyer som dette.

FALKLANDSØYANE

I to veker i månadsskiftet januar/februar var eg deltakar på Natur&Foto sin fototur til Falklandsøyane med Tom Schandy som reiseleiar og kjentmann. Fotografering av pingvinar, albatross, elefantselar mm var målet med turen. I bloggen framover vil eg dele opplevingar og foto derifrå.

Gruppa samla utanfor hytta på The Neck på Saunders Island – vest på Falklandsøyane. Frå venstre Lars Honningsvåg, Thorleif Thorsen, Tom Schandy, Ahmet Unal og Olav Thokle. Hurtigrutas Ms FRAM var innom der denne dagen. The Neck er kjent for pingvinar og albatrossar.

Falklandsøyane langt sør i Atlanteren blei for alvor satt på den internasjonale agendaen då argentinske styrker blei landsatt på øyane 2.4. 1982.  Argentina hevda at Islas Malvinas tilhørte Argentina. Etter 74 dager med krigshandlingar kapitulerte Argentina. Politisk gjorde krigen Margaret Thatcher meir populær og medverka til at ho blei gjenvald som statsminister i 1983. Ein annan konsekvens av krigen var at det argentinske diktaturet braut saman og åpna for demokratiske val.

Margareth Tatcher er æra med ei byste like ved minnesmerke over dei falne engelske soldatane i utkanten av hovedstaden Stanley.

Etter krigen bygde England ein militærbase med flyplass – Mount Pleasant.  Idag er Falklandsøyane beskytta av ein atomubåt, eit rakettbatteri og fire Tornado F3-jagare kalla Faith, Hope, Charity og Despair .

Falklandsøyane har status som eit oversjøisk område i det britiske samveldet med ein viss grad av sjølstyre. Øyane ligg 12 300km unna moderlandet og 480 km øst for Patagonia lengst sør på det amerikanske kontinentet . 1100 km er minste avstand til det Antarktiske kontinentet. Arealet er 12 173 km2 fordelt på dei store øyane Øst- og Vest Falkland og 776 mindre øyer. Hovedstaden heiter Stanley. På Øst-Falkland bur det ca 2800 mennesker – dei fleste i Stanley -mens det i vest bur ca 130 personar!

Illustrert kart over Falklandsøyane. Vår tur gjekk til Sea Lion Island i sør, Carcass og Saunders i vest og Volounteer Point i nordøst.

Navnet Falkland kjem frå Anthony Carr som finansierte ein ekspedisjon til Antarktis i 1690. Han var femte «viscount of Falkland» som er eit grevskap i Skottland! Det argentinske eller spanske navnet Islas Malvinas er avleia av det franske Îles Malouines frå ein periode då fleire skip frå Saint-Malo i Bretagne brukte øyane i samband med handels- og næringsekspedisjonar. Det har aldri vore fast busetnad på øyane før europearane busette seg her.

Stanley sett frå lufta.

Å gå gatelangs i Stanley får meg til å tenke på ein stad på Island eller Færøyane. Hus og fargebruk er mykje det same. Bølgeblekktak og skarpe fargar.

Foto frå Stanley:

Kjøkkenhage på 51°S og 60°V

Det er ofte slik når ein reiser til ein ny plass så har ein gjort seg opp meiningar om korleis det er der. Mi oppfatning av Falkland var ein plass kor det bles svært mykje og det er hustrig og kaldt. Øya ligg jo langt mot sør «tett» opp til Antarktis. Det var riktig nok litt surt vêr då me landa på Mount Pleasant ein dag forsinka. Med unntak av ein regndag hadde me fine dagar med mykje sol og lite vind. Og temperaturar opp mot 20°C. Apropos vêr: Fleire me snakka med brukte norske YR som vêrmeldingsteneste!

Etter ei overnatting i Stanley på hotellet Malvinas gjekk turen tidleg neste dag til Sea Lion Island. Persontransporten mellom dei mange øyane skjer med småfly frå FIGAS – Falkland Island Government Air Service. Det er etablert eit system av små flystriper i øyriket med grus, gras eller sandstrender som underlag. Før innsjekk i Stanley blir passasjerane veid. Bilettprisen inkluderer passasjer pluss 20 kg bagasje. Alt over 20 kg må ein betale for. Det er ingen faste ruter. Den daglege flyplanen settes opp med utgangpunkt kor passasjerane er, kor dei skal, kor mykje bagasje dei har og vêr og vind. På ei øy tar ein berre med tre passasjerar og det må blåse litt for at ein skal kunne lande på den korte flystripa. Og FIGAS garanterer ikkje returen på avtalt dag.

Å reise med FIGAS er tilbake til «Twin Otter-tida» hos Widerøe. Islanderflya er små med ein kabin. På turen ut til Sea Lion passerte flyet ein flokk med seikval og Marylou -flygaren vår- tok fleire rundar over for at me skulle få sjå kvalane godt. Er du heldig får du vere «co-pilot» og sitte «bredda med» piloten!

Sea Lion Island var første stopp på vår rundreise med kamera på Falkland. Ei øy kjend for pingvinar, elefantselar, sjøløver og mykje meir. Og langt frå «lodgen» trengde me ikkje gå for å finne pingvinane. Meir om Sea Lion i neste blogg.

BLOGG 2023

Bloggen min for 2022 var ei oppsummering av Instagramprosjektet mitt #2022DAGFORDAG. Eit prosjekt som det var artig å halde på med, men som var svært tidkrevande.

I år blir eg å «blogge» om ulike temaer. Kor ofte eg kjem til å legge ut ny blogg vil tida vise. Det blir ikkje ein blogg tilsvarande tidlegare år som VEKE FOR VEKE med nye innlegg kvar veke. Første bloggtema blir heilt sikkert FALKLANDSØYANE.

VEKE 52 #2022DAGFORDAG

Då er 2022 historie og eg har avslutta Instagramprosjektet mitt #2022DAGFORDAG. Eit nytt foto lagt ut på Instagram kvar dag – det holdt hardt – og motivasjonen var så som så inniblandt – men eg kom i mål.

Året starta med fyrverkeri over Bergstaden 1.1.2022 og blei avslutta med morgonsola som skein på Fergasfjella 31.12.2022. Takk til alle som har fulgt med meg og gitt tilbakemeldingar i form av kommentarar og likes.

Dag 360 (26.12.) Blå bekk i svart skog. Kulda har fått småbekkar og vassig til å kjøve. Hådalen, Røros.
Dag 361 (27.12.) «Engler i sneen» omgitt av storslagen natur på Femunden ved Synnervika i dag. Flenskampan i bakgrunnen.
Dag 362 (28.12.) Tett på trekryper på matleit. Lite fugl på foringa men trekryperen er innom daglig for å spise talg.
Dag 363 (29.12.) Må oppleves her på Røros: Storwartz på kvelds – og nattetid. Kulde, månelys, stjernehimmel, stillhet og kanhende nordlys
Dag 364 (30.12.) Knivkjuke med snøhatt i solnedgang! Knivkjuka er vanlig i fjellbjørkeskogen.
Dag 365 (31.12.) Feragsfjella opplyst av dagens første solstråler avslutter fotoåret og prosjektet #2022dagfordag 365 foto til sammen. Takk til alle følgere – Godt nyttår!

VEKE51#2022DAGFORDAG

Nest siste veka i året og heilt på slutten av prosjektet #2022DAGFORDAG -eit nytt foto kvar dag i løpet av eit år. Naturlegvis er det julehøgtida som er felles for fotografia denne veka.

Dag 353 (19.12.) Amaryllistid! Planten som i dagligtale kalles Amaryllis er egentlig en art i påskeliljefamilien med slektsnavn Hippeastrum og vokser opprinnelig på det amerikanske kontinentet. Den egentlige amaryllisen vokser i Sør-Afrika og det er to arter.
Dag 354 (20.12.) Julestemning.
Dag 355 (21.12.) Lite å se til sola på solsnudagen. Eit svakt skjær på Viglane i aust like etter at sola gjekk ned.
Dag 356 (22.12.) Også ei julerose – geitramsen «blomstrer» fremdeles nå i desember.
Dag 357 (23.12.) Hjem til jul – Widerøes «julefly» fra Oslo i kveld var så godt som fullt.
Dag 358 (24.12.) Nissen rusler videre til nye gaveutdelinger. Allerede kl 11 dukka han opp i dag til glede for store og små
Dag 359 (25.12.) Nordlys på julaften med «kunstnerisk» vri -frihåndsfoto med lang eksponering og etterbehandling.

VEKE50#2022DAGFORDAG

Heldigvis er det bare 13 fotografi igjen før prosjektet kan avsluttas. Denne veka har noen foto blitt til som resultat av planlegging, mens andre har blitt til fordi kameraet var for hånda. Turane til Hådalen og Femunden var planlegde. Mens fotografiet av kjerka og kjerkegården er eksempel på ikkje-planlagde foto. Eg hadde allereie fotografert andre motiv denne dagen som heldigvis ikkje var publisert.

Fotografiet av sørgåande tog til Hamar med kjerka i bakgrunnen, har eg tenkt lenge på. Eg har fleire mislykka variantar, men denne gongen klaffa det med min plassering , lys…. Fotografiet var ikkje planlagt denne dagen. Eg kjørte forbi stasjonen og såg toget stod klar for avgang. Eg rakk akkurat å stille meg opp på planlagt stad før toget kom.

Fotografia frå Bersfjellet var forsåvidt planlagt. Målet for turane dit var husa på Storwartz som det alltid er mulig å fotografere med resultat. Men før eg kom så langt fann eg ein reinflokk eine dagen og ein fargerik forurensa bekk morgonen etter.

Og siste dagen – i dag – var det ein gråspett på foringsplassen eg har borti skogen her.

Dag 346 (12.12.) Ved Synnervika, Femunden – nesten landskap i svart/kvitt i dag. Isen vokser utover men det går sakte.
Dag 347 (13.12.) Bergstadens Ziir nå i kveld -fredfullt.
Dag 348 (14.12.) På veg til vinterbeiteområda ved Femunden.
Dag 349 (15.12.) Tog mot Hamar kl 12.18. i dag. Og sjølsagt hører Bergstadens Ziir med på bildet. (Instagramfilter brukt)
Dag 350 (16.12.) Reinflokk i solnedgang på Bersfjellet utenfor Røros sentrum. Reinen er på veg mot vinterbeiteområda ved Femunden.
Dag 351 (17.12.) Prestbekken fra flotasjonsdammen på Storwartz er en fargeklatt i et gråkvitt vinterlandskap hvor skodda holdt sola på avstand.
Dag 352 (18.12.) Gråspett ho på fôringsplassen i dag.

VEKE49#2022DAGFORDAG

Ikkje så mykje å sei om denne veka. Starta med skøytetur på Rødsjøen i Rødalen. Og det blei nok siste skøyteturen denne vinteren for dagen etter kom det snø. Forer på meiser borti skogen her – tar en tur kva dag og legg ut frø for å få dei litt meir tamme for vidare fotografering. Temperaturen synk og synk og veka blei avslutta med friske 30 kuldegrader. Herlig!

Dag 339 (5.12.) Hummelfjell sett fra Rødalen, Røros.
Dag 340 (6.12.) Endelig snø – granmeisen finner frø under snødekket.
Dag 341 (7.12.) Dagens siste solstråler farger Storskarven. Storskarven – 1265 moh – grensefjell mellom Røros og Holtålen kommuner i Trøndelag.
Dag 342 (8.12.) «Fuggel med huve» sa barnebarn Olava då ho fekk sjå toppmeisen for første gong.
Dag 343 (9.12.) Månen over Haugagløtten i Røros sentrum i dag tidlig.
Dag 334 (10.12.) Blåmeisen «blåser» seg opp for å få bedre isolasjon når gradestokken viser 20 minus. Mye energi må til for å holde liv i den 10g store kroppen.
Dag 345 (11.12.) Furet værbitt – gammel bordkledning i 30 minusgrader.

VEKE48#2022DAGFORDAG

Ei ny veke i Instagramprosjektet #2022DAGFORDAG er unnagjort. 338 foto er publisert og 26 foto er igjen nå. Med unntak av kråkene på torsdagen, har fotografia vore planlagt. Dva at eg har «oppsøkt» ein stad for å fotografere.

Dag 332 (28.11.) På Sandnes havn blir du ønska velkommen av ei knoppsvane.
Dag 333 (29.11.) Snublestein i Figgjogata, Stavanger. Fant disse et steinkast unna min fars barndomsheim i Figgjogata i Stavanger. Begge kom til Norge som flyktninger i 1938.
Dag 334 (30.11.) Isslottet i Skårhåmmårdalen, Røros vokser og «trives» når det er kuldegrader.
Dag 335 (1.12.) Kråkefuglene- kråke, kaie og skjære – er nesten som juletrepynt der de har funnet et tre ved Røros sentrum å sitte i.
Dag 336 (2.12.) Isfiskere på Klettjønna ved Storwartz, Røros. 30 cm stålis. Isfiskere: Arnstein Kongshaug og Kjell Arne Trønnes.
Dag 337 (3.12.) Julemarked på Røros.
Dag 338 (4.12.) «Nissen som mista trua på seg sjøl.» Om Malmnissen som mista trua på seg sjøl, og får hjelp av Nissejenta. Uteteater i Rasmusgården, Røros av SommerRohde.

VEKE47#2022DAGFORDAG

Frå islegging av Glomma til ein plaskvåt skøytebane på Vinterland Sandnes. Eit sentralt område i sentrum er gjort om til eit vinterland – men når regnet pøser ned er vinterland vanskelig å oppleve. Ellers eit kort besøk hos Storelgen i Storelvdal og ender på Jærkysten. Endelig fekk eg og sjå portrettet som er malt på ein vegg på Kannik skole i Stavanger.

Dag 325 (21.1.) Sakte legger isen seg på Glomma.
Dag 326 (22.11.) Storelgen i dag tidlig – obligatorisk stopp når ein kjører Rv 3 gjennom Østerdalen.
Dag 327 (23.11.) Kveldslyset utmed Feistein fyr – Jæren, Rogaland – i kveld.
Dag 328 (24.11.) Gatekunst på Kannik skole, Stavanger. Portrett – 20m høgt, 10m bredt – malt av Smug -Sam Bates
Dag 329 (25.11.) Svartand ved Sele havn, Jæren – fåtallig overvintrer.
Dag 330 (26.11.) Ea -ærfuglhoa – rister fjærdrakten mellom dykking. Sele strand, Jæren, Rogaland.
Dag 331 (27.11.) Vinterland Sandnes åpnet i dag med skøyteis, karuseller, bålpanner, underholdning og regn.