2021 VEKE 17

Eit nytt besøk på orreleiken nedi Rendalen. Det nærmar seg høneveka og fotovert Floris Smeets lova mykje liv på myra. Etter å ha spelt i over ein månad nærmer det seg klimaks for orrhanane sin kamp for å føre genene sine vidare. Dei som har fått beste posisjon går av med seieren.

Sjølsikker orrhane!

Me gjekk inn på leiken på kvelden då det begynte å mørkne. Våren er kjølig. Duetrosten var einaste sangfugl denne kvelden. Himmelen klårna opp i vest, temperaturen datt og ei tynn ishinne la seg på myrvatnet. Utpå natta hukra perleugla og ein stad langt unna kunne eg høyre lappuglas rop!

Sidan eg sist var på myra, er mykje endra. Mesteparten av snø og is er smelta. Telta stod nå ikkje på ei hard isflate, men rett og slett ute i ei skikkeleg blautmyr. Å sove i teltet kjentes ut som å sove i ei vannseng.

Morgonstemning frå orremyra

I firetida vakna eg til vingeslag, buldring og sjoing – tid for dagens orreleik. Og det var berre å snu seg over på magen og kikke ut av teltet. Dei kvite haleviftene viste kor dei var og at kampane var i gang.

Dette biletet har tom alt-eigenskap. Filnamnet er 2021-veke17-0529.jpg

Høneveka er den veka kor parringa skjer. Hønene er innom leiken nå og då. Denne morgonen var det fem høner å sjå. Men dei forlot leiken utan at me såg parring. Leiken blei litt tammare utan hønenes tilstedeværelse. Ei orrhøne som flaug over leiken var som ei vitamininnsprøyting til speltrøtte hanar. Og spelet tok seg opp att ei lita stund. I halv åtte tida var det over for denne dagen.

Foto frå leiken

Her går det for seg – synd med «linselusa» som skygger for kampen.
Mykje liv på leiken – her ein hane som tar fart og spring/flyg bortetter.
Solrenning på leiken.
Kongen på haugen!
Blaut og frossen vart denne orrhanen.
Dagens spel er over.

Fotoutstyr: Nikon D850, Nikon D50, Nikon 200-400mm f4, Nikon 500mm f5,6. Video tatt med Olympus OM-D E-M1 Mark III og Zuiko 12-200mm@20mm

2021 VEKE 16

Naturlig med fototur til Storwartz når vind og snø er meldt. Og det var friskt oppå der med frisk bris og kuling i kasta. Snøbygene kom regelmessig frå nord og viska ut landskap og hus. Ja det er april og som det heiter i ordtaket «Det mars tine tu skal april fyke ti at.» Så snø i april er ikkje uvanleg.

Favorittmotiv – Øvre Storwartz. Tallrike bilder men ingen er like
Trygt med god brøyteberedskap på fjellet
Røros kommune held Gruvveien åpen

Stigerboligen på Storwartz har eg hatt mange foto av i denne bloggen. Den har blitt eit favorittmotiv og her er tre utgåver frå fredag og lørdag.

Stigerboligen-1
Stigerboligen-2
Stigerboligen-3
Vindfullt!

Kiting er ein populær aktivitet i Storwartzområdet. To trondhjemmere trossa været og kosa med frisk bris med kuling i kasta. Dei fôr eller svevde fram og tilbake; Quintus, Sommerhøgda, Klettjønna, Flotasjonsdammen, Kvitstenshøgda…..Nå og då forsvann dei inn i tette snøbyger og dukka fram att ein heilt anna plass.

2021 VEKE 15

Eg har vore på orrfuglleik hos Floris Smeets på Deset i Åmot kommune (Rena). På ei myr ein stad ved Deset har han lagt til rette for oss som vil oppleve og fotografere orrfuglane. Kamuflasjetelt er satt opp og fotografar frå fjern og nær reiser til Deset og betaler for ei eller fleire netter i eit av telta som er satt opp på myra.

Årets fototur var av dei kalde – ja det er lenge sidan eg har frose så mykje i løpet av ei natt! På kvelden klarna det opp, vinden stilna og temperaturen datt fort- minus 15 må det iallefall ha vore. Eg skulle nok tatt med ein tjukkare sovepose og eit tredje liggeunderlag!!

Sola har gått ned og kulda sig på. Vêrvarslet sa lettskya, nesten ikkje vind og eit par kuldegrader. Det blei skyfri himmel, heilt vindstille og minst 15 kuldegrader der oppe på myra ein stad i Åmot kommune! Kald natt!!
Magisk i tida før sola står opp! Orrhanane har landa – etter litt nølande hysjing – «tjoo-ysj» – og kurring er spelet i gang- den buldrande lyden som mange kjenner til.
Tilsynelatande beveger orrhanane seg formålslaust rundt på myra. Ein hane kan sloss ein stad og så spring han fort til ein ny kamp og ein ny stad. Men det har å gjere med posisjonar, rang og plass på leiken. Gjevaste plassen skal vere i sentrum av leiken. I år la eg merke til fleire orrhanar i utkanten av leiken – truleg unge hanar utan posisjon.
Det var kaldt på myra den morgonen og frostrøyken frå pusten varfint synleg i morgonsola.
Ei orrhøne våga seg utpå denne morgonen, men det er fyrst om eit par veker at orrhønene «inntar» leiken og set skikkeleg fart på spelet.
Det er kampen mellom orrhanane som er leikens høgdepunkt- det går hardt for seg mange gonger nå to orrhanar braker saman.
Det både sparkes og lugges med nebb – og mange fjær ligg att på spelplassen.
Lange periodar av leiken går med til å stirre motstandaren i augene og «bruse med fjæra».

Floris Smeet – frå Nederland – har etablert firmaet Photo Tours Norway på Deset litt nord for Rena. Gjennom samarbeidspartnare arrangeres fototurar og workshops over heile landet. Fotografar frå Mellomeuropa er hovedmålgruppa. Covid19 har utfordra drifta i fjor og år. Norske fotografar har til dels erstatta utlendingane på fleire turar. Turane er populære og neste års turar er allereie fullbooka!

Naturfotografar er ei betalingsvillig kundegruppe og det blir arbeidsplassar lokalt – både for arrangør og for overnattingsbedrifter.

I midt Norge er det etterkvart eit bredt spekter av tilbud for naturfotografar – tilbod både for innanlandske og utanlandske fotografar. Langs kysten er det tre stader for fotografering av havørn mm: Rekdal mellom Ålesund og Molde, på Smøla og i Flatanger. Rundt Dovre er det to aktørar med moskus som hovedprodukt. Og i Østerdalen er det altså Photo Tour Norway som også tilbyr moskusfotografering og fotografering av villrein. I vinter har og Erlend Haarberg tilbudt fotografering av hare utenfor Røros. Frå neste vinter blir det og tilbud om fotogafering av kongeørn i Rendalen. Sjøl om dette er tilbud primært retta mot naturfotografar så er det også mogeleg for deg som berre vil se ei kongeørn, bli med på ein moskussafari eller oppleve orrfuglens spel.

Floris er ikkje berre ein god arrangør – han er og ein gudebenåda fotograf – anbefaler alle å sjå på hans nettside Floris Smeets Photography

2021 VEKE 14

Bloggtema er hare også denne veka med fleire foto frå fotoøktene hos Erlend Haarberg på Vauldalen! Som eg skreiv i forrige blogg så er haren utbreidt over heile landet – både i villmark og bynære strok. Skuleområdet på Røros har ofte fleire «skuleharar» på sommar og haust – ungharar som er fødde her og finn det trygt å oppholde seg i området. Eg har og fått melding om yngling midt inne i eit boligområde på Røros.

Haren er oppført på rødlista under kategorien Nær trua. Ein er litt usikker på utviklinga av bestanden. Men alt tyder på ein bestandsnedgang sjøl om ein lokalt kan ha gode bestandar. Antal harar skutt på jakt har gått attende frå frå 125 000 i 1990 til 15 500 i 2013/14.

Klar til kamp! Harekampane pågår ofte i forplantningstida mellom hannane. Ramler er navnet på hannhare mens hoharen kalles sette.
Hannharen trenger seg på hoharen. Så lenge hoa ikkje er klar for parring vil ho slå tilbake. Her er ei ho og ein hann i kamp. Penisen til hannharen er litt spesiell som det går fram av fotografia her. Haren har ei drektighetstid på 42 dagar.

Ordtaket «Ingen veit kor haren hopper» kjenner dei fleste – for «harefotografar » passer vel ei omskriving av ordtaket til «Ingen veit når haren hopper» betre. Haren kan springe med ein fart på 50 km/t over kortare distansar.
Haren spis ivrig av den utlagte maten. Haren har ein spesiell form for fordøying som kalles koprofagi. Dei næringsfattige delene av maten fordøyes fort og blir til dei små bolleforma ekskrementa me ser. Den næringsrike delen blir fordøyd av bakteriefloraen i blindtarmen. Denne avføringa som er rik på vitaminer og proteiner, êt haren og fordøyer på ny. Ei form for drøvtygging altså
Dei store augene til haren gir eit godt nattesyn. Dei er og plassert slik at synsfeltet er stort – nærare 360 grader. Dermed kan dei oppdage rovdyr som rev og dei lange bakbeina gjer at dei kan flykte unna. Ei god tilpasning – men ikkje god nok då hare er eit viktig byttedyratil rev.
Vart du skremdt?
Det dukka opp fleire dyr på foringsplassen utover natta.
Mi jakterfaring er frå åra 1980 til 1985. Me budde då på Rolvsøya i Finmark kor harebestanden her var (og er?) eksepsjonell stor. Det blei mange turar med godt resultat – mellom 60 og 70 harar kvar haust/vinter – tilsaman nærare 300 harar i løpet av fem år. Og ungane våre kjende nesten ikkje til anna kjøt enn harekjøt før me flytta sørover; harefilé, harekjøttkaker, barnemat med oppmalt harekjøt og speka og tørka harekjøt.

Meir informasjon om haren finn ein på Verdens Naturfond (WWF) sine sider eller på Store Norske Leksikon