Kulda slapp taket i uka som var. I løpet av få dager steig temperaturen frå rundt minus 20 opp til null og enda varmare. Temperaturstigningen observeres og merkes på mange vis – gjennomslag i ski- og skuterløyper, isen på Glåma gikk opp, glatte uframkomelege vegar, «vårleg» i lufta… Ein bergvegg på vestsida av Glåma blei dekka av rim. Fuktigheten i lufta kondenserte og fraus til rim. Berget fungerer som eit kuldemagasin ei tid etter at temperaturomslaget. Enda ei veke etter temperaturstigningen er deler av bergsida rimlagt.
Rim på bergveggen, moser og lav inspirerte til fotografering. Utstyrt med Nikon D850, Nikon 200-400mm og Nikon 105 mm Macro blei det mange foto. Telezoomen var med for å fotografere litt oppi bergveggen på stader som er litt vanskeleg å nå med fotoutstyr. På denne bergveggen veks bergpolstermosen – eit nytt «bekjentskap» – og meir om mosen lenger nede.







