Året 2021 er snart historie – takk for at du har fulgt bloggen i 2021.
Dei beste ønsker for 2022!


Året 2021 er snart historie – takk for at du har fulgt bloggen i 2021.
Dei beste ønsker for 2022!
Det nærmer seg finalen i Lego Masters Norge i TV2. Åtte lag starta 15 oktober og etter 8 program er det tre lag atte som skal kjempe om førstepremien på 500.000.- kr. Eg har fått hjelp av Olava (2) og Emil (6) til å plukke ut tilskuarar til finalesendinga. Av dei nærare 250 innbyggarane i den lokale LegoCity endte me opp med ca 100. Dei er no på plass og klar for sendinga i morgon – fredag 17.12.
Det blir spennande å sjå om det er Ole Jacob og Øivind -tvillingane frå Sveio, Ebbe og Joakim – far og sønn frå Oslo eller Are og Grzegorz – venene frå Sauda/Etne som stikk av med seieren.
LegoCity er ein multikulturell by med stort innslag av eventyrfigurar som Batman, Harry Potter og Ninjagoes, politi (antal politi pr 1000 innbyggare overgår alt som blei lova i sist valkamp), røvarar (stor kriminalitet der dei kriminelle lever opp til kriminelle stereotypar – mørke briller, skjeggstubbar….), handverkarar, ei og anna dame samt ein del frå Hidden Side. Teknologisk synes det som LegoCity er i ein klasse for seg.
Fotografert med Nikon D850, Nikon 105 mm Macro f2.8 og stativ. Fokusstacking på ein del foto. Figurane er fotografert inne i ein Havox photo studie box.
Ein liten kuldeperiode først i denne veka, fekk Hyttelva – elva som renn gjennom Røros sentrum- til å kjøve. Kjøve vil sei at elva frys og demmer opp vatnet på kortare strekningar slik at elva stig. Og i løpet av få dagar kan elva stige på enkelte strekningar med opptil ein 1/2-meter og meir.
Det blei ei lita fotoøkt eine dagen då temperaturen var rundt minus 20, og frostrøyken låg tjukk over elva. I fossefalla ved Smelthytta danner isen flotte formasjonar som er spennande å fotografere.
Lange lukkartider gir eit mjukt uttrykk. Korte lukkartider frys vatnet. Og sluttresultata blir ofte litt anna enn det ein trur . Spesielt etter at fotografia har blitt bearbeida i Lightroom og eg har arbeida med kontrast og fargemetning. Her er brukt Nikon D850 + Nikon 24-70mm f2.8 eller Nikon 70-200mm f.2.8 samt ND-filter. ND-filter demper lyset og gjer det mogeleg å fotografere med lange lukkartider på dagtid.
Mange – ja fleirtalet av norske byar og tettstadar har ei tilknytning til vatn – elv, innsjø, fjord eller hav. Vatnet har vore premiss for etableringa av busettinga. Så også for Røros. Då dei fyrste gruvene blei åpna såg ein seg om etter ein stad å bygge ei smelthytte. Og valget falt på området der byen ligg i dag og ved elva som i dag heiter Hyttelva. Her var det tilgang på vatn til å drive blant anna blåsebelgane i smelthytta.
Hyttelva er siste del av Hitterdalsvassdraget, og renn ut i Håelva som igjen renn ut i Glåma. Hitter skal vistnok kome frå «heit» – varm. Vassdraget har åtte innsjøar av ein viss storleik: Hittersjøen, Stikkilen, Djupsjøen, Grunnsjøen, Storhittersjøen, Langen og Harrsjøen. Elvene mellom sjøane har ulike navn: Strømmeelva, Steffaelva, Billeelva, Hitterelva og Kvernbekken. Hittersjøen, Stikkilen og Djupsjøen er oppdemd – regulering frå gamle dagar. I seinare tid er dammane restaurert. I tillegg er det tre små dammar i Hyttelva mellom Hittersjøen og Smelthytta.
«Jeg har en god nyhet» seier Even. «12 moskus nedenfor toppen av Høgsnyta!» Me står nede ved E6-en på Kongsvold i Drivdalen ein tidleg lørdag morgon sist på november. Det er vindstille og 15 kuldegrader. Me skal opp i høgda der moskusen er, for å fotografere. 3-4 km fottur og 400 høgdemeter har me foran oss. Starten er opp den bratte lia frå dalbotn. Eg skal vere med moskus- og fotoguide Even Hønsen Agerup frå Dovre opp i fjellet for å sjå moskus og forhåpentligvis fotografere «urtidsdyret». Og betre moskusguide skal du leite lenge etter. Han er kunnskapsrik – kjenner moskusfjellet, dyras adferd og veit kor dei held til. Fotografere kan han og, og har mykje kunnskap å dele.
Det går rolig oppover. Mange og korte stopp gjer at den bratte lia ikkje kjennes så tung. Me er oppe over skoggrensa utan å vere vidare svette. Eit par spanske turistar på veg ned fortel at det er moskus å sjå «…up there and to the left….». Og ganske rett. Me har ikkje gått så svært langt før me får auge på fem dyr som ligg på ein rabbe. Dei er langt unna. Me tar nokre foto før turen går vidare mot toppen av Høgsnyta der dei 12 dyra går. Det er lett å gå – lite snø gjer at trugene kan bli hengande på sekken.
Oppe under toppen av Vesle Nystugguhøa – på andre sida av dalen – kommer fire dyr til syne. Me ser dei som små prikkar langt borte. To ferske jervspor er og interessante for oss. På Høgsnyta finn me flokken. Det blir ein matpause for å roe ned før me tar fram fotoutstyr. Terrenget er ope slik at me må holde oss på god avstand. Resten av dagen bruker me til å fotografere denne flokken frå ulike vinklar. Me ser fleire andre moskusflokkar, men dei er for langt unna. Fotomessig er det ikkje heilt topp forhold; skyer og snøbyger i sør og aust demper lys og fargar.
På Dovre fins som kjent ein liten moskusstamme. Etterkommare etter dyr innført frå Grønland i åra 1947-1953. Følgande utsagn frå Statsforvaltaren i Trøndelag oppsummerer på ein grei og litt naiv måte kvifor me framleis har moskus på Dovre – sjøl om arten er definert som «fremmedart«: «Moskusen er satt ut på Dovre og hører kanskje ikke til her, men så har vi rukket å bli så glad i den. Derfor tar vi vare på den.» I dag er det ca 250 dyr, mens det er bestemt at stammen skal være på omlag 200 dyr. I løpet av vinteren skal 50 dyr avlivas! Moskusstammen på Dovre forvaltes som ein fremmed art. Det betyr at dyr som går ut av kjerneområdet på Dovre avlives. Kjerneområdet er eit 340 km2 stort område i Oppdal, Dovre og Lesja kommune.
I 50 år har ein liten moskusstamme hatt tilhold i grenseområdet mellom Norge og Sverige i nordlige delen av Femundsmarka. Dei stammer frå ein liten flokk på fem dyr – to kyr, to kalvar og ein ungokse- som vandra ut frå Dovre. På det meste var det rundt 30 dyr her. Stammen er ikkje stor i dag- muligens ca 10 dyr – og er på grensa til å dø ut.
Moskusen har ingen naturlege fiendar her. Jerven kan muligens ta ein og annan kalv. Største tapsårsak er jernbane og trafikk. I tillegg er det år om anna sjukdomsutbrudd. Munnskurv er ein virussjukdom som overføres frå sau. I 2012 døde ca 130 dyr av lungebetennelse – ein sjukdom som hovedsakleg rammer unge dyr.
Moskus er eit dyr som har sin naturlege utbreiing på Øst-Grønland og i Arktisk Canada. I tillegg er moskus innført til ein lang rekke andre stader i arktiske strok. Moskus er tilpassa vintrar med låge temperaturar. Den tjukke pelsen fortel om tilpasning til kulde. Derimot er store snømengder ikkje til fordel for dyra. Høgsnyta der me fotograferte, er ein god vinterbiotop for moskus. Snøen bles vekk slik at moskusen kan bevege seg lett. Maten i form av tørt gras, halvgras og starr, er lett tilgjengelig for dyra. I løpet av vinteren taper moskusen ca 30% av kroppsvekta.
Me gjekk i store trekk langs Moskusstien – ein merka sti som er laga for å styre ferdselen i området. I 2015 rekna ein med at ca 3 500 personar deltok på organiserte moskusturar mens opptil 7 000 personar tok seg inn i «moskusland» på eigen hand. For å kunne organisere turar inn i området skal du vere godkjent «Moskusguide». Denne novemberdagen var det rundt 40 personar i området .
Fotograferte hovedsakleg med Nikon D850/D500 og Nikon 500 mm f 5,6 og Nikon 70-200mm f 2.8.