VEKE 16 #2022DAGFORDAG

Veke 16 er over og 114 foto er lagt ut på #2022dagfordag på Instagram. Mange naturrelaterte foto denne veka- mest overraskande var nok sommerfuglen Sørgekåpe som eg fekk sjå i Skårhåmmårdalen. Min første observasjon av arten og første registrerte observasjon på Røros.

Dag 108 (18.4.) Sørgekåpe på snøflekk på Røros.
Dag 109 (19.4) Hoggorm
Dag 110 (20.4.) Amatørornitologer ser etter trekkfuglar ved Aursunden i Røros kommune.
Dag 111 (21.4.) Mogop på Hjerkinn i dag
Dag 112 (22.4.) Vinduspusser i Atlanterhavsparken, Ålesund får hjelp av Steinbit
Dag 113 (23.4.) Vårkål -vårblomst i soleiefamilien. Ålesund i dag.
Dag 114 (24.4.) Garna trekkes og måkene er på plass. Hessafjorden, Ålesund.

VEKE 15 #2022DAGFORDAG

Foto frå påskeveka – litt av kvart frå snøleik via fotografering av hoggorm og med ein spelande tiur i vegen til slutt.
Hoggormfoto var ei ny oppleving som fristar til gjentaking.

Dag 101 (11.4.) Barnlig lykke!
Dag 102 (12.4.) Flotasjonen på Kongens – eit av dei siste bygga i 333 år med gruvedrift på Røros.
Dag 103 (13.4.) Åtte varmegrader i dag blei snømannens endelikt.
Dag 104 (14.4.) Hoggorm – 660 moh. Foto frå overvintringsplass ein stad i Tynset kommune.
Dag 105 (15.4.) Nordlysnatt i april
Dag 106 (16.4.) Drømmepåske
Dag 107 (17.4.) Tiur i vegkanten tidlig påskemorgen.

Tranar ved Hornborgasjøen

Hornborgasjøen i Vest-Gøtaland i Sverige er rasteplass for tranar på trekk frå overvintringsområda i Spania og Portugal til hekkeplassane i Norden. Midt i mars lander dei første tranane ved sjøen og fram mot første veka i april stig antalet frå dag til dag. På det meste har det vore rundt 27 000 tranar på ein gong ved sjøen! I år var det 20 900 på det meste 2.april! Tranane trekk til seg mykje folk: Amatørornitologar, fotografar med store telelinser og alle dei andre som berre vil oppleve tusenvis av tranar på ein gong. Det er anslått at 150 000 besøkande kjem til Hornborgasjøen kvart år – dei fleste av dei i løpet av «tranetida» på våren.

Tranane blir fôra med korn på eit område i sørenden av sjøen – Trandansen har staden blitt heitande. Her har natur- og vegmyndigheter lagt til rette for besøkande med rikeleg plass til parkering og oppstilling for bobilar. Eit gjerde skiller tranane frå folk, og tranane bestemmer kor nær dei vil gå folket. Skal ein kome heilt innpå tranane må ein leige seg plass i ei av fleire fotohytter inne på tranane sitt område.

Det er mykje liv og lyd på Trandansen på denne tida. Trananes trompetrop høyres heile tida. Med tusener av fuglar samla på ein stad er det ikkje akkurat stille. Det er traner i lufta heile tida. Men det er likevel «forestillingen» morgon og kveld som er spektakulært. Om kvelden flyg tranane ut til overnattingsområder ute i sjøen. Om morgonen i timane før soloppgang kjem dei flygande tilbake. Den svenske naturfotografen Eva Danelius beskriv morgontimane slik:
Gryning vid Hornborgasjön.
Nästan lika häftigt som dansandet.
Det är mörkt och tyst.
Och tranbefriat.
Så börjar det ljusna.
Tranorna höras.
Då väller de in från sjön.
I tusental.
På några minuter blir fälten på nytt en kokande trankittel

Her er foto frå fire morgonar i år ved Hornborgasjøen.

VEKE 14 #2022DAGFORDAG

Veke 14 i prosjektet #2022dagfordag. Foto frå Trandansen ved Hornborgasjøen i Vest-Gøtaland i Sverige og frå Røros-traktene. Dei første 100 fotografia er unnagjort og det er berre 265 igjen før året er omme.

Dag 94 (4.4.) Ein trane ved Hornborgasjøen, Gøtaland Sverige i dag
Dag 95 (5.4.) Traner i vårsnø ved Hornborgasjøen, Gøtaland-Sverige like før soloppgang. Ca 17000 på sist telling.
Dag 96 (6.4.) Traner i morgenlys. Klassisk motiv frå Hornborgasjøen i Gøtaland, Sverige.
Dag 97 (7.4.) Elg i vegkanten i Tufsingdalen, Os kommune – Innlandet.
Dag 98 (8.4.) Vindpølsa på Røros flyplass fortel at det blåser frå nordvest. Ingen god start på påsken.
Dag 99 (9.4.) Blåmeisen er på sitt blåaste no. Flott gjest på foringa.
Dag 100 (10.4.) Kulturminne i forfall: Lite lysthus i Røros kommune som har sett betre dagar.

VEKE 13 #2022DAGFORDAG

Ei veke med fotografering av hare på Vauldalen, tog på Røros, fotokveld på Rørosmuseet og til sist i veka fotografering av traner ved Hornborgasjøen i Gøtaland. Og det blir meir traner i neste veke og.

Dag 87 (28.3.) Harefotografering på Vauldalen
Dag 88 (29.3.) Harer i snøfokk, Vauldalen i natt.
Dag 89 (30.3.) Nordgående motorvogn til Trondheim har nettopp passert planovergangen på Stattene utenfor Røros.
Dag 90 (31.3.) Fotokveld på Rørosmuseet med foto fra Frits Hermann Solvangs fotosamling fra Røros fotografert 1964 og 1965 – ca 2000 foto.
Image.jpeg
Dag 91 (1.4.) Kveldshimmel over Hornborgasjøn, Gøtaland, Sverige. iPhonefoto.
Dag 92 (2.4.) Morgonstemning frå Hornborgasjøen i Gøtaland, Sverige
Dag 93 (3.4.) Trandansen ved Hornborgasjøen, Gøtaland Sverige kl 05.30 – tranane trekker inn frå nattekvarteret ute i sjøen.