2021 VEKE 4

«Månenedgang» og soloppgang er tema for bloggen med foto frå Storwartz-området. Det har blitt fleire fotoøkter i dette området sidan årsskiftet. Området har som eg har skrevet om før, mange kvalitetar: Det åpne landskapet, lyset, bygningane, historia i kulturminna frå over 300 år med bergverksdrift, stjerneklare netter utan «lysforureining», stillhet….

Klassisk vinter og fullmånemotiv. Med Gamle Storwartz som forgrunn blir det fint synes eg.

Denne gongen var det kulde, morgonlys og fullmåne som trakk meg opp der. Men eg blei litt skeptisk då skodda låg tjukk nede på Røros og oppover Hitterdalen. Heldigvis forsvann skodda jo lenger opp eg kom i Olavsgruveveien og månen stod perfekt over Gamle Storwartz med ein djupblå nattehimmel som bakgrunn.

Gamle Storwartz sett frå ein annan vinkel denne morgonstunda
Dei første solstrålene treff Hummelfjell (1543 moh) i bakgrunnen. Gamle Storwartz ligg på ca 875 moh mens flotasjonsverket i forgrunnen ligg 830 moh.
(Panorama samansett av to foto og etterbehandla i Lightroom.)
Stigerboligen har eg fotografert mange gonger – her frå ein anna vinkel enn den vanlege med soloppgangen rett bak Vigelfjella.
Første solstråler treff ei høgd ved Storwartz. Dei kalde blåfargane blir gradvis bytta ut med mjuke rosafiolette fargar .
Det blei ei god og kald fotoøkt som toppa seg då eg etter litt manøvrering på vegen «fekk» månen perfekt mellom husa på Gamle Storwartz på heimturen! ( Foto beskåret i overkant.)
Månelanding på Storwartz – (Nikon D500+Nikon 500mm)

Fotoutstyr: Nikon D850, Nikon 70-200mm, Nikon 24-70mm

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: