2021 VEKE 7

Nærnatur i bloggen denne veka. Foto frå ein kort tur langs Glåma like ovom Orvos der RV 30 krysser elva. Akkurat her deler elveløpet seg opp, og det er stryk og holmar uti elva; Hjulmakerholmen, Storholmen og Odden. Turen gjekk til denne delen av Glåmå for å sjå etter fossekall, bever og oter. Fossekallen var på plass, spor etter beveren fann eg og men ingen oterspor.

Kuldeperioden er over for denne gongen – derfor går isen på Glåma opp fort sidan det tappes frå Aursunden. Vasstemperaturen stig vel ei grad og så når vatnet presses gjennom kraftverket. Ei temperaturauke som er nok til å påverke isen nedover mot samløpet med Håelva for den som er lokalkjent.

Fossekallen var så vidt nedpå ein stein like ved der eg sat. Fugleskit på steinen fortel at dette er ein sitteplass som brukes ofte.

Beveren såg eg ikkje men i ei bakevje hadde han vore og beite starr. Plantedeler og beverskit på isen fortalde sitt tydelege språk. Det har vore beverhytter her før og rekner med at det er det framleis enda.

Sporteikn etter beveren – plantedeler frå starr og ekskrement

Tre som spegler seg i eit roleg parti av elva – litt ICM-foto blei det av dette.

I ei bakevje hang det isklumpar på starr som stakk opp over vassflata. Med stativ, Nikon 200-400mm linse og Nikon D850 blei resultatet slik som vist her. Fotografia er tatt på ca 2 m hald som er nærgrensa og med brennvidde 400mm og bearbeida i Lightroom.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: