2021 VEKE 8

Kulda slapp taket i uka som var. I løpet av få dager steig temperaturen frå rundt minus 20 opp til null og enda varmare. Temperaturstigningen observeres og merkes på mange vis – gjennomslag i ski- og skuterløyper, isen på Glåma gikk opp, glatte uframkomelege vegar, «vårleg» i lufta… Ein bergvegg på vestsida av Glåma blei dekka av rim. Fuktigheten i lufta kondenserte og fraus til rim. Berget fungerer som eit kuldemagasin ei tid etter at temperaturomslaget. Enda ei veke etter temperaturstigningen er deler av bergsida rimlagt.

Rim på bergveggen, moser og lav inspirerte til fotografering. Utstyrt med Nikon D850, Nikon 200-400mm og Nikon 105 mm Macro blei det mange foto. Telezoomen var med for å fotografere litt oppi bergveggen på stader som er litt vanskeleg å nå med fotoutstyr. På denne bergveggen veks bergpolstermosen – eit nytt «bekjentskap» – og meir om mosen lenger nede.

Fjell og lav dekka av rim. Lavart – muligens raudberglav
Frostsprengte bergvegger er underlege – i bergveggen mørke flekkar utan frost. Kan det vere ein anna meir porøs bergart som i den gologiske prosessen er pressa inn blant dei skifrige bergartane?
Dette er i det som geologane kallar Trondheimsfeltet. Her er det skifrige (lagdelte) og næringsrike bergartar. Alle koppergruvene i distriktet ligg i Trondheimsfeltet.
Bergvegger er gode voksestader for lav og mose. På denne bergveggen er spesielt bergpolstermosen dominerande. Bergpolstermose er eit litt rart navn – eg synes det svenske navnet Stor kuddmossa klinger betre.
I ein svensk moseflora står følgande om Stor kuddmossa: «Växer i täta, ofta stora kuddar på klippor med sippervatten eller i skuggiga bergskrevor, båda på basiska och sura bergarter men alltid skuggigt och fuktigt.» Arten veks over heile landet
Lar ein fantasien og barnsleg naivitet få fritt utløp så er det vel det store mosetrollet som står her med eine foten trygt planta på ei berghylle av kvarts?
Litt etterbehandling av eit bevist overeksponert foto av bergpolstermosen i bergveggen
Rimet gir bergoverflata ein spennande patina.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: