Straumen på Inderøya – tidevannsstraumen mellom Trondheimsfjorden og Borgenfjorden/Børgin- er ein kjent overvintringsstad for ærfugl. Blåskjell er viktig føde for ærfuglen og i straumen har blåskjella gode vekstvilkår.
Å studere og fotografere ærfugl her, er populært. Ærfuglane kan vere mange og dei ligg ofte nær land. Frå brua over straumen kan ein sjå ned på ærfuglane under. Det er fasinerande når hundrevis av ærfugl dukker synkront. I det klåre vatnet kan du sjå dei beite blåskjell på botnen av straumen for så å sprette oppatt som korkar holdt under vatn. Andre gonger blir ærfuglflokken skremt av oter eller havørn og hundrevis av ærfugl «spring» panisk bortetter vassflata.

Det var lite ærfugl å sjå i Straumen denne kalde onsdagen med frisk nordavind og 10 kalde minusgrader – rundt 50 individ og liten aktivitet. Dei store flokkane som beitar blåskjell, sjøstjerner og kråkeboller var ikkje å sjå.
Ærfuglbestandane er redusert over store deler av utbreiingsområdet. Ein del av ærfuglane i Trondheimsfjorden høyrer heime i Botniska viken og kan hende lenger aust. Der har det vore bestandsnedgang samstundes som milde vintrar har gjort at ein større del av ærfuglane ikkje tar turen vestover. Om det er årsaken til få fuglar i Straumen no, veit eg ikkje. På tilsvarande fototur i januar i fjor var det rundt 400 ærfuglar i Straumen og året før var antalet nærare 1000.

Ærfuglen i Straumen i år var av det brødetande slaget. Eg brukte brød som lokkemiddel og åte for å få fuglane på fotohold! Kjennes ikkje heilt rett ut å lokke denne anda med brød, men slik var det altså i år. Fotografia er tatt ved murane etter tidevannsmølla i Straumen – og fotografert med Nikon D500 med Nikon 200-400mm eller Nikon D850 med Nikon 500mm – på kort kort hald; ned mot nærgrensa på 2 m på zoomlinsa.
Ein serie «portrettfoto»/ nærfoto av ekallen:







