2021 VEKE 34

I år er det 50 år sidan Femundsmarka nasjonalpark blei etablert. Femundsmarka ligg mellom Femunden og Sverige i kommunane Engerdal og Røros. Jubileet har blitt markert fleire goger gjennom sommaren på to av innfallsportane til marka: Elgå i sør og Synnervika i nord.

Dette biletet har tom alt-eigenskap. Filnamnet er 2021-veke-34-3455.jpg
Eit forsøk på å fange Femundmarka nasjonalpark inn i eit panoramafoto – fotografert oppi fjellsida mot Flenskampane på vestsida av Fedmunden. Viglane til venstre, Røosen – inngangsporten til marka midt i, Svuku og Elgåhogna lengst til høgre.

Nasjonalparken er på tilsaman 597 km2. Men Femundsmarka er og ein del av eit større «villmarksområde» på over 2000 km2 – noen gonger kalla Grenselandet: Femundsmarka med tilliggande landskapsvernområder (Femundslia, Langtjønnvassdraget og Flensmarka), Städjan og Nipfjället, Långfjället og Rogen naturreservat på svensk side. Og like sør for Femundsmarka ligg Gutulia – nasjonalpark oppretta i 1968.

MS Fæmund 2 er ein rask måte å kome inn i Femundsmarka på i sommarhalvåret. Fæmund 2 blei bygd i 1905 og har trafikert Femunden sidan

Femundsmarka fekk nasjonalparkstatus i 1971 og i 2003 blei parken utvida til dagens storleik. Formålet med vernet er «å bevare et stort, sammenhengende og i det vesentlige urørt skog- og fjellområde, å bevare landskapsformer med blant annet det særpregede dødislandskapet med blokkmark, morenerygger, sjøer og vannsystemer, og å bevare det naturlige biologiske mangfoldet med et egenartet plante- og dyreliv.» (Forskrift om verneplan for Femundsmarka)

I verneforskriften seies dette om bruken: «Allmennheten skal gis anledning til naturopplevelse gjennom utøving av tradisjonelt og enkelt friluftsliv med liten grad av teknisk tilrettelegging. Kulturminner i nasjonalparken skal sikres mot skade. Området skal kunne nyttes til reindrift. Ivaretakelse av naturgrunnlaget innenfor nasjonalparken er viktig for samisk kultur og næringsutnyttelse.«

Fæmund 2 legger til ved Røosen som er populær start/slutt på tur i marka. Elva Røa som renner gjennom nasjonalparken har som navnet seier utløp her. Røa har kjeldene sine på svensk side.

Då parken blei etablert var ein nok ikkje så bevisst alle spora etter menneskeleg aktivitet i Femundsmarka. Det var villmarka ein verna. I dag er bevistheten rundt og kunnskapen om tidlegare tiders bruk av Femundsmarka ein heilt anna. Villmarka som blei verna – » …et stort, sammenhengende og i det vesentlige urørt skog- og fjellområde -hadde vore i bruk i hundrevis av år. Samane hadde brukt området lenge før kobberverkets tid. Og i dag er Femundsmarka viktig for reindrifta – reinbeitedistrikta Gåebrien sijte og Saantin sijte har vinterbeite rundt Femunden. Mens Svahken sijte har både vinterbeite og sommerbeite i og rundt Femundsmarka.

Nordvika gård i nordenden av Femunden med historie i alle fall tilbake til 1707 då kongen skreiv bygselbrev. Etableringa av gården var viktig for å markere eierskap til området vis a vis Sverige.

Femundsmarka er etter våre begrep eit villmarksområde som det går fram av verneforskriften. Men det er og i aller høgste grad eit kulturlandskap. For kobberverket på Røros var skogen i marka og rundt Femunden viktig – både til byggemateriale og i form av trekol. I ein periode frå 1739 til 1822 var det smelthytte ved Femunden – Femund Hytte på vestsida av sjøen. Det var lettare å frakte malmen frå gruvene rundt Røros hit enn å frakte store mengder tømmer og trekol til Røros. På det meste budde det nærare 100 personar på Femundshytten. I 1822 var skogen så uthogd at smelthytta blei flytta sør til Drevsjø.
Malmen blei frakta med hest frå gruvene på Røros til Nordvika vinterstid og med prammar over sjøen fram til smelthytta når sjøen blei isfri. Langs Langtjønnvassdraget kan me framleis finne spor etter malmveien i form av malmklumper. Og deler av malmveien er fortsatt utan vegetasjon. (Langtjønnvassdraget er verd eit eige blogginnlegg seinare – tømmerrenner bygd sist på 1700-talet frå Femunden til Hådalsvasdraget som gjorde at såkalla «østfisk» kom inn i øvre del av Glåma.)

Frå sørlege delen av Femunden – i nærleiken av naturreservatet Tufsingdeltaet. Utsikt mot nord ei stille mainatt då isen gjekk i oppløysing – magisk! Svuku i midten av bildet.
«I østen stiger solen opp..» – soloppgang over Femundsmarka.
Svahke – Store Svuku
Steinstrand ved Røosen. Tenker ofte på når eg er ved Femunden at vatnet der renn ut i havet ved Gøteborg; Trysilelva, Klaraelva, Vänern og Göta älv!
MS Fæmund II – bygd i 1905.

Mange rørosinger har Femundsmarka som sitt område-både til fiske, jakt eller fotturar. Men Femundsmarka er populær langt utover Rørostraktene. Eg husker eg blei forundra då eg kom over ei tysk bok om Femundsmarka for nokre år sidan. Og då Lars Monsen laga sitt TV-program om marka tok interessen skikkelig av. (Monsen har forøvrig etablert Femund Lodge på Elga og planlegger å bruke marka i reiselivssamanheng.) Mykje ferdsel går langs faste stiar blant anna på DNT sitt løypenett. Men mange streifer rundt på leit etter fiskeplassar og fine leirplassar. Bruken er postiv utfrå eit folkehelseperspektiv. Men slitasje og forsøpling er og ei side av trafikken. I forbindelse med jubileumsmarkeringa blei det frå reindrifta peika på utfordring knytta til hundkjøring i marka på vinterstid som uroar reinen i ein kritisk periode.

Mange drømmer om tur i Femundsmarka med fiske og leirbål.

Mitt forhold til Femundsmarka: Eg må med skam meddele at det er lenge sidan eg har vore inne i nasjonalparken. Men områda rundt og då spesielt Flensmarka landskapsvernområde på vestsida av Femunden har eg besøkt titt og ofte – sommar som vinter, til fots og med kajakk. Fotografia er stort sett tatt frå «andre sida » av Femunden mot Femundsmarka eller frå kajakk.

Kajakktur på Femunden

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s