Forrige vekes blogg var om Femundsmarka. Denne veka blir det foto frå eit anna verneområde i Røros kommune – Skardsfjella og Hyllingsdalen landskapsvernområde. Landskapsvernområdet strekker seg frå Hyllingsdalen i Røros kommune til Nesjøen i Tydal kommune. Om ein vil ferdas her er fleire stader å starte turen: Torsvollen i Hyllingsdalen, Vauldalen, Ridalen og Stuggudal i Tydal.

Landskapsvernområdet ligg hovedsaklig i Gåebrien sijte (Riast Hyllingen reinbeitedistrikt) sitt område. Dei sørsamiske navna er mange og fortel om lang tids bruk : Guevtele, Guevtelesjaevrie, Soenehkejaevrie, Soenehketjahke…. Og dette som for meg er uberørt villmark er eit samisk kulturlandskap med spor etter lang tids bruk. Synleg for den som veit kva ein skal sjå etter. For ein dagsbesøkande er det reinen som minner oss om historien og bruken av fjellområdet.

Fleire gonger tidlegare har eg vore inne i landskapsvernområdet – første gongen faktisk lenge før vernet blei ein realitet. Den gongen gjekk turen frå svenskegrensa via Grøndalen, Hyddsjøen, Vigelssjøen og fram Hyllingsdalen til Torsvollen. Flott tur! Seinare har det blitt kanoturar, fugleturar og korte molte- og soppturar for det meste i utkanten av verneområdet.
I forrige veke blei det tid til ein dagstur. Fjellet Ijsengealta på 1525 moh var turmål. Turen starta frå Movollen i Ridalen. Dit går det an å komme med sykkel frå rv 705. Turmålet var fjellet Ijsengealta på 1525 moh. Nå kom eg ikkje dit – vegen innover og oppover blei for lang sjøl om eg starta heimanfrå før sola stod opp. Stiar å følge er det ikkje mange av her – i alle fall ikkje der eg valgte å gå. Dette er eit område med lite ferdsel. Det går ein sti frå Møsjøen i Tydal inn til Vigelsjøen.








