Stranda mellom Hedlestø i Sola kommune og Sele i Klepp kommune i Rogaland oppsøker eg kvar gong eg er på Jæren. I forrige veke bydde Rogaland på variabelt vêr med vind, regn, skodde og solgløtt. Havet som speglar vêret, gjekk langt inn på stranda. Bølgene såg ut til å ta med seg litt av stranda attende til havet.
Strendene våre og dei kystnære områda har mange brukarar og funksjonar- folk, dyr, fritid, næringsutøving…. Blogginlegget visernoe av bruken og litt av den rike naturen her.
Bølgesurfing har blitt ein svært så populær aktivitet langs strendene. I den lyse delen av døgnet er dei svartkledde å sjå «overalt». Som selar ligg dei uti havet – ofte berre med eit svart hovud stikkande opp, ventande på ei ny bølge. Her er ein som traff rett bølge og rei innover med flott teknikk. Strandtur – rusle eller gå langs strandkanten mens Nordsjøen gjer sitt beste for å overdøva samtaler og høgttenking. Kvit sand med varierande fashet – og bølger som innimellom skyller innover stranda – bringer med seg tare, skjell. rekved eller plast. Hedlestø og Sele er eit populært turområde . Eg kom der som første mann på sundagen. Etter to timar stod det ca 50 bilar på parkeringsplassen.Hummerfiskar på veg for å trekke teinene?MS Bergensfjord frå Fjordline på veg frå Risavika i Sola til Hirthals i Danmark. Dette er ei ferge som nyttar gass som drivstoff. Til normalt seiler den nord til Bergen – men ingen ting er normalt for tida. Skipstrafikken er stor langs kysten her. Appen «Marine Traffic» som fortel navnet på skipet, kor det kjem frå og er på veg og mykje mykje meir, er eit «must»!Feistein fyr er eit ynda fotoobjekt – spesielt når det stormar eller sola går ned. Her eit gråvêrsfoto med strand, himmel og fyret uti havet der – fotografert med vidvinkel.Feistein fyr med steinar forma av is og hav som forgrunnStore mengder stortare driv på land – fin forgrunn til eit hav fotografert med lang lukkartid.30 sekund hav. Bølgene vasker opp på stranda og trekk seg tilbake. Når lukkartida er 30 sek, iso er 64 og eit gråfilter sit på linsa blir det slik.Eit foto til av havet som strekker seg oppover og oppover stranda- og umerkeleg legg att litt sand eller tar litt sand med seg attende til havet. Høg vannstand desse dagane – og pålandsvind – gjorde at stranda var smalare enn vanleg.Ein stad langs stranda ligg ein flytekai i betong som dreiv på land ein gong for lenge sidan. Tida og havet gjer sitt for å bryte den ned men det tar tid! Betongen dekkes av alger som gjer gode levevilkår for krepsdyr og slikt. God plass for fjæreplytten å finne næring. Fjæreplytt – vadefugl som overvintrar langs kysten og hekker m.a. i norske høgfjell som Lyseheiane i Rogaland, Kjøli i Trøndelag og Hummelfjell i Innlandet.Skjærpiplerka – sterkt forstørra foto – er her året rundt. Skjærpiplerka er «kystslektningen» til trepip- og heipiplerke som er vanleg her på Røros og ellers i landet i sommarhalvåret. Gjerdesmetten – sterkt forstørra foto- overvintrar her ut mellom stein, tare og marehalm. Så lenge det ikkje blir for kaldt så lever «Per Smogar» (lokalnavn) godt. Kalde vintrar fører til at bestanden reduseres. Stokkanda – vår vanlegaste og kan hende flottaste and! Trivast godt ute ved kysten mellom steinane. Finn ly her og mat.