Eg er der i livet kor nåtida går fort, framtida krymper – og fortida utgjer ein stadig større del av det levde livet.
Familiefoto frå Lofthus, Ullensvang frå ca 1896. Tippoldeforeldre og oldeforeldre. Morfar blei født året etter.
I «skuffer og skap» har eg som sikkert mange andre, liggande store mengder foto: Fotoalbum, innramma veggbilete, konvoluttar med svartkvitt negativ eller gamle svartkvitt fotografi, stablar med fargebilete, dias frå eigen produksjon…….. Fotografi etter far, mor, morfar, farfar og andre slektningar. Fotografi som har blitt tatt vare på fordi dei betydde noko for nokon, fotografi som i vanvare har blitt stukke inn i ei bok, eller har blitt liggande nederst i skuffa og overlevd mange opprydningar. Fleire fotografi har hengt på ein vegg utan at eg har tenkt over kven, kor og når.
Dette fotografiet fann eg tilfeldig limt inn i eit fotoalbum far hadde med teksten «Bellhouse i storm». Eg har skreve om farfar min frå Stavanger tidlegare i bloggen. Han seilte ut som 17-åring i 1915 og var med stålbarken Bell frå London via Panamakanalen til Japan og attende rundt Kapp Horn til skipet blei torpedert litt sør for England i 1916. Han tok vare på attestar o.l. og med det som utgangspunkt har onkel Oddvar Thorsen og eg rekonstruert sjømannslivet hans fram til han mønstra av i 1960. Bellhouse var eit anna seilskip han seilte med som styrmann frå 1919-1921. Ein finn ut så mangt: Bellhouse blei bygd i 1903 og fekk navnet Regina Elina. I 1936 blei skipet hogd opp men gallionsfiguren er tatt vare på og kan i dag ses i Mariehamn, Åland på sjøfartsmuseet der!
Eit foto av mannskapet på stålbarken Bell frå 1916 kor farfar min var med, var vel det som sette ting i gang. På eit tidspunkt fant eg ut at dette måtte eg finne utav meir- samle saman og systematisere. For gjer ikkje eg det no, så går mange ting i glømmeboka og fotografia blir berre fotografi! Sidan fotografi er utgangspunktet så går eg attende til slutten av 1800-talet. Eg har ikkje ambisjon om å lage ein komplett familiehistorie – men gi litt liv til ein del av dei bileta eg har. Slik kan muligens fotografia leve vidare i vår digitale framtid og vere til glede for framtidige etterkommare. Og no er eg der at eg samlar saman dokumentasjon frå skuffer og skap og bøker og snakkar med dei som enda lever og husker.
Artig foto frå Lofthus, Hardanger – ca 1937. Fotograf Åmund Eidnes?
I dag fotograferar me «heile tida» – men kva som skjer med fotografia er noko uklart. Eg er redd at mykje dokumentasjon – både privat og offentleg vil forsvinne i lag med kaserte pc-ar eller telefonar. Eller at mengden foto blir så overveldande at me ikkje orker å gå i gang med å redigere. Då eg starta å fotografere var det mest slik at me måtte tenke oss godt om før utløsarknappen blei trykt ned. Og mellom kvar eksponering måtte filmen trekkas fram. (Om du ikkje hadde motor på kameraet då.) Det var berre 36 filmar i kvar rull. I dag er snarare problemet at det er for lett å trykke på utløsarknappen – og i løpet av få sekund er det tatt 36 foto.
Men det er ikkje berre fotografia som er viktig å ta vare på. Også skrevne kjelder: Dagbøker, avisartiklar, brev, postkort…….
Eit fotoalbum i skinn kjøpt i Rio i 1948 er starten på far min si tid som sjømann. Han starta som smøregutt på MT Bergeland. I albumet er det foto som fortel om dei fyrste åra på sjøen – frå ei tid då sjømennene kunne vere heimanfrå to år og lenger. Hyrekontraktar og sjømannsbøker er god dokumentasjon saman med datidas «snap» – postkort! Album har den fordel at dei er «analoge» og ikkje avhengig av operativsystem og skiftande fil-typer.Innskrift i ein gamal familiebibel frå 1867 først tilhøyrande fiskar Jonas Lie – tippoldefar – fortel og sitt. Trur det må ha vore dotter hans – mi oldemor Johanne Karoline – som skreiv dette: «Far døde 11.juni 1911. Kullseilte blev begravet 17.juni» og Bibelen fekk ny eigar ! Frå gamalt blei Bibelen brukt som ein stad kor ein noterte store hendingar i livet. Saman med familiefotografi frå rundt århundreskiftet fortel dette mykje. Morfar min begynte å skrive dagbok då han gifta seg med mormor i 1928. Siste innskrift er dagen han døyde – 26.12.1970. Fleire tusen tettskrevne sider ! Og saman med mange foto blir dette eit interessant tidsbilete. Her ei side frå årsskiftet 1929/1930.
Ikkje alle er like lette å finne og like synlege. Mormor og farmor etterlot seg ikkje noko skriftleg og heller ingen foto. Men dei er med på mange foto, og farmors hefte om FILET-ARBEIDER fortel mykje om hennes interesser.
Eit hefte om Filet-arbeider – ein handverksteknikk – skreiv farmor på 50-talet- og heftet er arkivert Nasjonalbiblioteket!
Ein del foto
Foto frå arbeidslivet er det lite av- far på tankbåten MT Bergeland sist på 40-talet.Tidlege foto er ofte portrettfoto eller gruppebilete tatt i samband med bryllup og åremålsdagar. Her eit foto frå dagleglivet – ein strandtur i 1934. Mormor og morfar leide drosje for å kome ut til strendene på Jæren. Morfar etterlot seg mange foto frå dagleglivet- frå den tida det var stølar på Hardangervidda, slottearbeid, frå det daglege arbeidet som lærar…. Koseleg stund saman med bestefar i Hardanger- Besten. Ca 1932.Klassefoto frå farfar sin skulegang i Stavanger- må vere frå rundt 1907. Rein gutteklasse i byen!Klassebilete frå rundt 1905 – Lofthus, Hardanger. Både jenter og gutar på skulane på landsbygda.Foto som dette er artig å finne – hytteliv ca 1940?Oldeforeldre med barn og to svigerbarn – ca 1925?Foto frå Lofthus, Hardanger. Litt vrient når det ikkje finnes albumtekst som tidfester og seier noko om anledning. Men må vere tatt midt på 20-talet.