Femundløpet er eit naturleg foto- og bloggtema i år som tidlegare år. Når rundt 1500 trekkhundar og 170 hundkjørarar set kvarandre stevne, er det ikkje mangel på fotomotiv. Eg har kvart år fotografert like utom startområdet; fotografert hundspanna i det dei legg av garda ut i «villmarka» fulle av styrke, innsatsvilje, råskap og villskap. Tanken på å finne ein ny «standplass» har vore der, men det har aldri passa heilt. Men i år var det mogeleg og eit par timar før løpsstart var eg på veg innover frå Skistuggu langs løypa. Målet var ein høveleg stad oppi høgda med utsyn mot Røros og med Rørosnaturen som rammer. Kjørarane er her på veg opp mot ein fjellovergang i overkant av 1000 m – eit svært vêrhardt område!

Været blei «perfekt» jo lenger opp i terrenget eg bevega meg- sørleg frisk bris og tett snødrev – i periodar det som på Røros heiter «huggu buvêr«. Eg fann meg eit område som passa. Men då det ikkje var le å finne, kom snøspada til nytte. Nesten ein meter ned måtte eg grave. Og ein lemur mot synnavinden var og nødvendig. Ja snø er ikkje mangelvare her i år! Fjellduken kom og godt til nytte.

Det var krevande fotografere i snøvêret. I snøgropa bak leveggen blei det virvla opp snø som dekka både fotograf og fotoutstyr. Det blei ein del arbeid under fjellduken for å «fli» fotoutstyret.g

Fotografia får tale for seg. I all hovudsak er eg nøgd med resultata sjøl om eg ser ting som kunne vore endra og kan hende noko større variasjon i motiva. Det får bli neste gong! Fotoutstyr hovedsakleg Nikon D500 og Nikon 70-200mm, Iso 1000





Dette motivet hadde eg tenkt meg ut på førehand. Men det var så mykje snø i lufta at Røros stort sett var skjult.

Hundspann over Rørosvidda. Her skulle eg ha hatt ei anna linse for å få fram det lille hundspannet på den store vidda. Blir neste år det…..


Det er fire klassar med varierande lengde og vanskegrad kor talet fortel om kjørelengde: F650, F400, F200 og F-junior (200 km).
To deltakarar i juniorklassa.
