Planlagt bloggtema for denne veka skulle vere foto av fullmånen. Men det ville seg ikkje slik denne gongen – ikkje alltid ting klaffer som ein har tenkt. Samstundes har FB kome opp med fleire forslag på gamle minner – alle frå kvalfotografering i Troms. Derfor blir det eit tilbakeblikk med foto av knølkval frå fototurar under leiing av Audun Rikardsen med base Musvær og Skulsfjord i 2014, 2015 og 2017 samt tur ved Skjervøy i 2019 med Berthold Hinrichs.
Det er rundt 10 år sidan «kvaleventyret» i Troms starta. Knølkval og spekkhoggar søkte inn til kysten av Troms i stort antal for å beite på silda som stod i fjordane her. No er området ved Skjervøy og Kvænangen stedet ein må dra til for å oppleve kvalen.
Knølkvalen kan bli opptil 17 m lang og 30 tonn tung. Den finnes i alle verdenshava der dei formerer seg i tropiske farvatn. Knølkvalen trekker til polare områder i sommarhalvåret for å «feite» seg opp. I Nord-Atlanteren er bestanden på ca 10 500 dyr. Bestanden i Barentshavet er i overkant av 1500 dyr. I dei ti åra at knølkvalen har hatt tilhold på Tromskysten, er det blitt observert ca 1000 ulike individ. Individa skilles frå kvarandre ved hjelp av mønsteret på halen. Det har blitt gjort mykje forskning i forlengelsen av kvaleventyret. Knølvalar er radiomerka og ein har «fulgt» dei på næringssøk langs kysten og til parrings- og barselområda i Karibien. I boka Vinterkval skriv Audun Rikardsen om kvaleventyret og boka er illustrert med fantastiske foto.

Å oppleve ein knølkval eller anna stor kval på nært hald, er ei mektig oppleving- slik skreiv eg i bloggen etter turen i januar 2017: ….Øyeblikket då knølkvalen bryt havflata og sender ein kaskade av vassdamp og lukt opp i lufta. Ja det luktar sild av dårleg kvalitet. Sjå kvalane i det dei krummer ryggen og halen kjem opp i lufta og den store kroppen forsvinn ned i djupet. Når knølkvalen hopper – og opptil 30 tonn kval «svever» fritt eit sekund eller så! ….
















Alle fotografia er tatt frå båt. Kamera Nikon D800/D500/D4s samt Nikon 70-200mm f2.8.
