2021 VEKE 45

Dei var venta – meldingane frå nabolandet i aust sa at kongelebiten – ein fugleart- var observert fleire stader langs Østersjøkysten. Og at det var eit markert trekk mot sør og vest. Observasjonane nærma seg grensa til Norge. Og så ein dag var dei her- eg fekk tips om ein flokk i Fjellsjølia frå Bjørn&Bjørn – to aktive lokalornitologar. Og det blei treff på fyrste turen. Konglebitens høglytte fløytande «plyit» høyrtes. Oppe i ei rogn sat dei og pludra «bytt-bytt-bytt» seg i mellom. Og sidan denne fyrste turen har det blitt daglege turar til «konglebit-lia». Om dei ikkje har vore å sjå med ein gong, så gjekk det ikkje lange stunda før eg høyrte dei eller ein liten flokk dukka opp. Stort sett har det vore 10-15 fuglar, men eine dagen var det nok rundt 30 konglebit der eg fotograferte.

Rogn er det spesielt mykje av i dette området – både høgreiste tre opptil 10 m eller gamle kortare knudrete med masse greiner. I faglitteraturen står det at når konglebiten finn ein lokalitet med mykje bær, så kan dei holde seg der til maten er spist opp. Og her i «konglebitlia» er er det kan hende mat til langt utpå våren. På siste turen fann eg ein ny flokk som åt einerbær.

Konglebit er ein fugl som er knytta til taigaen – på mange vis same områda som sidensvansen. Arten er i utgangspunktet standfugl, men kan gjere lange næringsvandringar haust og vinter om det er knappt med mat. Hausten 2019 blei Skandinavia «oversvømma» av konglebit. Også her i Rørostraktene hadde me dei. Rognebær var det ikkje då for dei hadde trosten spist opp. Solsikkefrø blei ein god erstatning. Invasjonen i år blir nok ikkje så stor som i 2019, men no er det mykje rognebær. Og å få sjå konglebiten i sitt rette miljø er ei langt større oppleving enn å se dei ete solsikkefrø på fugleforinga.

Konglebiten er på storleik med ein liten trost – rundt 20 cm lang (frå nebbspiss til enden av stjerten). Flukten er i litteraturen beskrevet som » …kraftfull og rask. Går i dype buer…»

.

Hannfuglen er lett å skilje ut med sin røde fjørdrakt. Ungfuglar og hoer kan se nokså like ut. Dette trur eg er ein ung hann – aner eit lite rødskjær i drakten. Dei blir røde til utpå våren

Ein minneverdig dag – skodde, kuldegrader og mjukt lys. Eit svartkvitt landskap med fargepunkt- røde rognebær, bringebærrøde konglebithannar, okerfarga hoer og ungfuglar- og rimfrosten.

Trost og sidensvans êt rognebæra heile. Konglebiten går etter frøa inni bæra. Fruktkjøtet er ikkje så viktig. Under tre der konglebiten êt ligg det fullt av bærskal og bærrestar. I hekketida står insekter og edderkopper på matlista i tillegg til planteknoppar og bær. I vinterhalvåret er bær og knoppar viktigaste føde.

Når fuglane êt rognebær blir det fullt av fruktkjøt på nebbet. Med jevne mellomrom tørker dei av nebbet – gnir det mot snø eller ei grein.

Einerbær er og viktig vintermat for konglebit. Eg flytta meg forsiktig mot desse fuglane – det var åtte tilsaman i busken. Og 2,5 m frå dei kunne eg høyre dei «knaske» einebær.

Eg har hovedsakleg fotografert med Nikon D500 og Nikon 500mm f5,6. Også Nikon D850 og Nikon 200-400mm f 4 er brukt og kombinasjonar av kamerahus og linser. Konglebiten er lite sky og lett å kome innpå. Men i «konglebitlia» er trea høge og bæra er høgt over bakken. Derfor har eg ofte fotografert oppover. Men då fuglane var i einerbusken måtte eg krype

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: