Bloggen for veke 14 er foto frå ein kort overnattingstur -torsdag til fredag i forrige veke-like ved grensa til Flensmarka naturreservat. Sekken var fylt opp med litt fotoutstyr, liggeunderlag, sovepose, fjellduk, litt mat, kaffikjel og ein presenning til å sova under. Det var varmegrader og sol då eg starta. Vêrvarselet lova klår himmel og kuldegrader utover kvelden og neste dag.
Det er snørikt her i år. Bærevna til snøen er så som så. Skarelaget er tynt. Med tyngde i sekken blei det ein del fall når skaren brast. For å kome meg opp måtte sekk og ski av – ellers hadde eg låge der framleis! Enden på turen blei at ei stavkringle forsvann i snøen. På turen tilbake brakk og eine skien dvs brakk innvendig slik at spennet forsvann. Intersport tjente på turen!

Flensmarka naturreservat er ei barskogsområde med mykje gammal furuskog aust i Røros kommune frå området ved Håsjøen og ut til Femunden og eit stykke sørover vestsida av Femunden inn i Engerdal kommune. Flensmarka har mange av dei same kvalitetane som Femundsmarka. Området er og ein del av vinterbeite for reinddrifta.

Natteleie med ein presenning som ly mot vindtrekk og kulde. Temperaturen sank om natta – var vel ein stad mellom 10 og 15 minus. Men sovepose, liggeundelag (2) og fjellduk gjorde nytta og det blei ei behageleg natt.






