2020 VEKE 51

Morgontur til Synnervika og Sandodden ved Femunden for å se sola stige opp over Femundsmarka- og fotografere lyset og sjøen. Eg tok meg ut til Sandodden  i 8-tida – i god tid før soloppgang.  Tre plussgrader, mørke skyer og sørleg frisk bris lova ikkje godt for fotograferinga.  Og spektakulær soloppgang blei det ikkje – knapt sollys å sjå i aust.

Femunden frys i perioden mellom november og januar. Tidspunktet varierer frå år til år. I 2010 var det flott skøyteis allereie i månadsskifte november/desember. I fjor på denne tida var sjøen islagt her i nordenden på denne tida. Denne vinteren blir Femunden nok ikkje islagt før uti januar. Temperatur, snøfall, vindstyrke og vindretning er faktorar som spelar inn.  

Det har nok vore eit tynt islag på sjøen. Vind frå sør dei siste dagane har brekt opp isen og pressa isflak inn i Synnervika. Eit herleg lydbilete når tusenvis små isflak snakkar saman mens bølger og vind står for bakgrunnsmusikken.

Frå Sandodden er utsynet godt. På austsida av Femunden ligg grensefjella med Viglane, Skjebro, Svuku og Elgåhogna. På vestsida troner Flenskampane. Under her har eg samla saman foto frå tidlegare år tatt i tida rundt islegginga.

Dette biletet har tom alt-eigenskap. Filnamnet er 2020-veke-51-0991.jpg
I 2007 låg isen slett og fin utan snø rundt juletider.
Sparktur på Femunden
2010 -isen la seg i månadsskiftet november/desember.
2011 – isen har nettopp lagt seg.
2013 – tidleg desember. Lang eksponering lurar ein til å tru at isen har lagt seg – men vatnet er ope.
Dette biletet har tom alt-eigenskap. Filnamnet er 2020-veke-51-3.jpg
2016 – tidleg desember og tynn ishinne.
2019 – juletider og sjøen lukker seg her i nordenden. Det skulle enda gå mange veker før heile sjøen var islagd

2020 VEKE 50

Skårhåmmårdalen rommer så mangt – akkurat no eit isslott! Ein liten bekk som sildrer ut over eit stup, dagar med kuldegrader- vassdråpe for vassdråpe reiser isslottet seg. Ikkje stort, prangande og mystisk som isslottet i Tarjei Vesaas roman Is-slottet frå 1963 – romanen om ungjentene Unn og Siss. Unn går for langt inn i den frosne fossen, og Siss kjempar ein lang vinter mot frosten i sitt eige sinn.

«Det var eit trolldoms-slott. Her måtte ein prøve å koma inn såsant der fanst inngang! Der var sikkert fullt av rare gangar og portar – og inn der måtte ein.»
«Vintersola hadde omsider komi så høgt at ho slapp ned til ispalasset. Den seine, kalde sola hadde likevel mykje av si kraft. Strålane gjekk gjennom tjukke isvegger og vinklar og brester, og braut lyset i underfulle mønster og fargar, så det trøysteslause romet dansa. Istappane ned frå taket og dei som vaks oppover ifrå golvet, og sjølve dropane og alt dansa med i dette lyshavet som braut inn. Medan dropane glimta og storkna og glimta og storkna, og gjorde for kvar gong det vesle romet ein drope mindre. Det skulle fyllast. «
«Det stengde is-slottet har liv. Dei har sjølve lånt det livet. Lys og liv til den døde isblokken, og til den stumme tida etter midnatt. Før dei kom, stod fossen og dura trøysteslaust i blinde, og iskolossen var berre den ferdige stumme døden.»
«Ho var midt i ein forsteina skog. Is-skog. Vatnet som hadde sprute her ei tid, hadde laga stammer og greiner av is, og små-tre stakk opp or botnen mellom dei større. Her var óg ting som ikkje kunne kallast anten det eine eller det andre – men det høyrde til på ein slik stad, og ein fekk ta alt som høyre til.«
«Det sterke mars-solskinet stod rett på henne, så ho var innkransa av glim og lys. Alle slags lysande skråstrek og bjelkar, underlege roser, isroser og is-stas. Prydd som til den største fest.«
«Ingen kan vera vitne når is-slottet stuper. Det skjer om natta, etter at alle barna er i seng. Ingen er så djupt inniblanda at dei kan vera med. Ei bølgje av lydlaust kaos rister nok lufta like bort i fjerne sovekammers, men ingen blir vekt og kan spørje: Kva er det? Ingen veit det. No går slottet i fossen, med løyndomar og alt. Det går hardt for seg, og så er det ikkje meir.»

Sitat frå Is-slottet av Tarjei Vesaas.
Fotografert med Nikon D850 og Nikon 14-24mm/24-70mm. Siste foto med litt «lysmaling». Alle foto lett bearbeida i Lightroom

2020 VEKE 49

Storwartzområdet er mitt «favorittfotoområde» på Røros for tida. Her er det utsyn og vidsyn til alle himmelretningar – Storskarven, Sylane og Skardsfjella i nord, Storviglen og Svuku langs grensa i aust mot Femunden, Hummelfjell, Tron, Rondane i sør….. Og så alle spora og minnene etter 333 års gruvedrift.

Då me fekk ein liten smak av rett vinter i forrige veke med temperatur ned mot minus 20 og klår himmel, måtte det bli fototurar opp dit. Ein «morgontur» når sola står opp i 9-tida og tur rundt solnedgang i 15-tida. Ein nesten full måne gjorde og sitt til at det blei gode fotostunder.

Morgon på Storwartz. Utsyn i sørvestleg retning. Nattskyggen «skyves» vestover. Det har blitt mange foto av Øvre Storwarts, men ståstad, tidspunkt på året og døgntid, vêr og vind gjer at ingen foto blir like.

Etterkvart som eg har brukt området har eg funne mange spennande fotopunkt. Quintushøgda og Sommerhøgda er fine plassar å stå om det er Storwartz i det store landskapet som skal fotograferas. Dersom det er «det lille» Storwartzlandskapet som er tema, er områda ved slamdammen utmerka. Og her er det jo og mange spor etter gruvedrifta- gråbergvelter, gruvehol, vegar—-motiv i mengder.

På Storwartz er det spennande å vere når natta sig på. I aust rullar nattemørket fram som ein mørk vegg. Me ser det som ei mørk rand som blir større og større, kjem nærare og nærare og sluker lyset. Tilslutt er det mørkt. Om morgonen det same men omvendt. Ei lys stripe i aust som nærmer seg og skyv nattemørket vekk foran seg vestover.

Kveld på Storwartz – sola har så vidt forsvunne bak Hummelfjellet. Øvre Storwartz er med – eit godt holdepunkt i landskapet. Nede i dalen ligg tjukk skodde. Krevande å fotografere motiv med så store kontrastar. Her er det brukt delt filter – for å undereksponere himmelen og overeksponere forgrunnen. Det er lett å gå i fella med å «dra til» metningsknappane og få skikkeleg «gyllenfarga» facebook-himmel!

Landskapsfotografering er ikkje lett. Eg har det slik at eg må bli kjent i og med landskapet. Eg kom flyttande til Røros frå Rolvsøy i Vest-Finnmark i 1985. Landskapet på Rolfsøya er dramatisk med høge fjell, karakteristiske næringar, fjordar, holmar…. og himmel og hav i kontinuerleg endring. På 71 grader nord er det mykje vær! Eg synes sjøl at landskapsfotografia mine derifrå blei bra og at eg fekk fram det karakteristiske med naturen i Vest-Finmark.

Å kome til Røros sommaren 1985 blei i så måte eit antiklimaks – har var ingen ting å fotografere! Flatt, skog, ingen vind…….. eit stilleståande landskap og fotografia blei «flate». Og det endte med at fotoapparatet blei lagt på hylla i ein 15 års periode.

Solnedgangen fotografert frå Quintus med flotasjonsverket på Storwartz i forkant.

Etter kvart har ting endra seg. Rørosnaturen er under huden – eg ser storheten i naturen og mange mange motiv! Og føler at eg greier å få fram karaktertrekka ved ulike stader som td Storwartz-området. På Storwartz er det vidsynet som slår ein, «høg himmel» er jo eit uttrykk som brukes ofte. Lyset fjella rundt og fargane. I timane før og etter soloppgang og solnedgang er det artig å fotografere her.

Endå meir solnedgang – denne gongen frå litt nedom gruveområdet fotografert med vidvinkel 14 mm
Ei einsleg furu mot kveldshimmelen – fortropp til furuskogen som sakte ét seg oppover. Kor furua står – du finn ho på bilde 2.

Mellom Olavsgruva og flotasjonsverket på Storwartz går det ein taubane gjennom det ødslege gruvelandskapet. Malmen blei frakta frå gruva med taubanen. No er anlegget restaurert og satt i funksjonell stand. Dette er eit objekt eg har fotografert fleire gonger utan at det har blitt noko nemneverdig resultat. Her er synes eg at det begynner å nærme seg. Fotoet er beskåret i overkant.

Meir taubane – nesten ein time etter solnedgang . Var litt sein med å rigge opp fotoutstyret her – og mista det magiske lyset som er når sola har gått ned og snøen reflekterer himmelens lystråler. Blåtimen kalles det – den korte tida kor lyset er rett blått – ikkje berre fotoblått.

Ein annan variant av taubanen – månen trilla tilfeldigvis forbi- og eg hadde kamera klar!

Stigerboligen – Klettjønnbrakka -mellom Klettjønna og flotasjonsanlegget er eit populært fotoobjekt. Stigeren var arbeidsleder ved gruva. Dette huset blei satt opp som kontorbrakke ved Muggruva og blei flytta hit i 1938 og var bebodd fram til 1972.

Fotobladet Magasin.no publiserte nylig tre foto av huset tatt av tre ulike fotografar. Og det blei tre ulike uttrykk. Her er to av mine foto frå forrige veke.

Og tilslutt nokre få månefoto frå då månen kom til syne over Skardsfjella

2020 VEKE 48

Eg er der i livet kor nåtida går fort, framtida krymper – og fortida utgjer ein stadig større del av det levde livet.

Familiefoto frå Lofthus, Ullensvang frå ca 1896. Tippoldeforeldre og oldeforeldre. Morfar blei født året etter.

I «skuffer og skap» har eg som sikkert mange andre, liggande store mengder foto: Fotoalbum, innramma veggbilete, konvoluttar med svartkvitt negativ eller gamle svartkvitt fotografi, stablar med fargebilete, dias frå eigen produksjon…….. Fotografi etter far, mor, morfar, farfar og andre slektningar. Fotografi som har blitt tatt vare på fordi dei betydde noko for nokon, fotografi som i vanvare har blitt stukke inn i ei bok, eller har blitt liggande nederst i skuffa og overlevd mange opprydningar. Fleire fotografi har hengt på ein vegg utan at eg har tenkt over kven, kor og når.

Dette fotografiet fann eg tilfeldig limt inn i eit fotoalbum far hadde med teksten «Bellhouse i storm». Eg har skreve om farfar min frå Stavanger tidlegare i bloggen. Han seilte ut som 17-åring i 1915 og var med stålbarken Bell frå London via Panamakanalen til Japan og attende rundt Kapp Horn til skipet blei torpedert litt sør for England i 1916. Han tok vare på attestar o.l. og med det som utgangspunkt har onkel Oddvar Thorsen og eg rekonstruert sjømannslivet hans fram til han mønstra av i 1960. Bellhouse var eit anna seilskip han seilte med som styrmann frå 1919-1921. Ein finn ut så mangt: Bellhouse blei bygd i 1903 og fekk navnet Regina Elina. I 1936 blei skipet hogd opp men gallionsfiguren er tatt vare på og kan i dag ses i Mariehamn, Åland på sjøfartsmuseet der!

Eit foto av mannskapet på stålbarken Bell frå 1916 kor farfar min var med, var vel det som sette ting i gang. På eit tidspunkt fant eg ut at dette måtte eg finne utav meir- samle saman og systematisere. For gjer ikkje eg det no, så går mange ting i glømmeboka og fotografia blir berre fotografi! Sidan fotografi er utgangspunktet så går eg attende til slutten av 1800-talet. Eg har ikkje ambisjon om å lage ein komplett familiehistorie – men gi litt liv til ein del av dei bileta eg har. Slik kan muligens fotografia leve vidare i vår digitale framtid og vere til glede for framtidige etterkommare. Og no er eg der at eg samlar saman dokumentasjon frå skuffer og skap og bøker og snakkar med dei som enda lever og husker.

Artig foto frå Lofthus, Hardanger – ca 1937. Fotograf Åmund Eidnes?

I dag fotograferar me «heile tida» – men kva som skjer med fotografia er noko uklart. Eg er redd at mykje dokumentasjon – både privat og offentleg vil forsvinne i lag med kaserte pc-ar eller telefonar. Eller at mengden foto blir så overveldande at me ikkje orker å gå i gang med å redigere. Då eg starta å fotografere var det mest slik at me måtte tenke oss godt om før utløsarknappen blei trykt ned. Og mellom kvar eksponering måtte filmen trekkas fram. (Om du ikkje hadde motor på kameraet då.) Det var berre 36 filmar i kvar rull. I dag er snarare problemet at det er for lett å trykke på utløsarknappen – og i løpet av få sekund er det tatt 36 foto.

Men det er ikkje berre fotografia som er viktig å ta vare på. Også skrevne kjelder: Dagbøker, avisartiklar, brev, postkort…….

Eit fotoalbum i skinn kjøpt i Rio i 1948 er starten på far min si tid som sjømann. Han starta som smøregutt på MT Bergeland. I albumet er det foto som fortel om dei fyrste åra på sjøen – frå ei tid då sjømennene kunne vere heimanfrå to år og lenger. Hyrekontraktar og sjømannsbøker er god dokumentasjon saman med datidas «snap» – postkort! Album har den fordel at dei er «analoge» og ikkje avhengig av operativsystem og skiftande fil-typer.
Innskrift i ein gamal familiebibel frå 1867 først tilhøyrande fiskar Jonas Lie – tippoldefar – fortel og sitt. Trur det må ha vore dotter hans – mi oldemor Johanne Karoline – som skreiv dette: «Far døde 11.juni 1911. Kullseilte blev begravet 17.juni» og Bibelen fekk ny eigar ! Frå gamalt blei Bibelen brukt som ein stad kor ein noterte store hendingar i livet. Saman med familiefotografi frå rundt århundreskiftet fortel dette mykje.
Morfar min begynte å skrive dagbok då han gifta seg med mormor i 1928. Siste innskrift er dagen han døyde – 26.12.1970. Fleire tusen tettskrevne sider ! Og saman med mange foto blir dette eit interessant tidsbilete. Her ei side frå årsskiftet 1929/1930.

Ikkje alle er like lette å finne og like synlege. Mormor og farmor etterlot seg ikkje noko skriftleg og heller ingen foto. Men dei er med på mange foto, og farmors hefte om FILET-ARBEIDER fortel mykje om hennes interesser.

Eit hefte om Filet-arbeider – ein handverksteknikk – skreiv farmor på 50-talet- og heftet er arkivert Nasjonalbiblioteket!

Ein del foto

Foto frå arbeidslivet er det lite av- far på tankbåten MT Bergeland sist på 40-talet.
Tidlege foto er ofte portrettfoto eller gruppebilete tatt i samband med bryllup og åremålsdagar. Her eit foto frå dagleglivet – ein strandtur i 1934. Mormor og morfar leide drosje for å kome ut til strendene på Jæren. Morfar etterlot seg mange foto frå dagleglivet- frå den tida det var stølar på Hardangervidda, slottearbeid, frå det daglege arbeidet som lærar….
Koseleg stund saman med bestefar i Hardanger- Besten. Ca 1932.
Klassefoto frå farfar sin skulegang i Stavanger- må vere frå rundt 1907. Rein gutteklasse i byen!
Klassebilete frå rundt 1905 – Lofthus, Hardanger. Både jenter og gutar på skulane på landsbygda.
Foto som dette er artig å finne – hytteliv ca 1940?
Oldeforeldre med barn og to svigerbarn – ca 1925?
Foto frå Lofthus, Hardanger. Litt vrient når det ikkje finnes albumtekst som tidfester og seier noko om anledning. Men må vere tatt midt på 20-talet.

2020 VEKE 47

Stranda mellom Hedlestø i Sola kommune og Sele i Klepp kommune i Rogaland oppsøker eg kvar gong eg er på Jæren. I forrige veke bydde Rogaland på variabelt vêr med vind, regn, skodde og solgløtt. Havet som speglar vêret, gjekk langt inn på stranda. Bølgene såg ut til å ta med seg litt av stranda attende til havet.

Strendene våre og dei kystnære områda har mange brukarar og funksjonar- folk, dyr, fritid, næringsutøving…. Blogginlegget visernoe av bruken og litt av den rike naturen her.

Bølgesurfing har blitt ein svært så populær aktivitet langs strendene. I den lyse delen av døgnet er dei svartkledde å sjå «overalt». Som selar ligg dei uti havet – ofte berre med eit svart hovud stikkande opp, ventande på ei ny bølge. Her er ein som traff rett bølge og rei innover med flott teknikk.
Strandtur – rusle eller gå langs strandkanten mens Nordsjøen gjer sitt beste for å overdøva samtaler og høgttenking. Kvit sand med varierande fashet – og bølger som innimellom skyller innover stranda – bringer med seg tare, skjell. rekved eller plast. Hedlestø og Sele er eit populært turområde . Eg kom der som første mann på sundagen. Etter to timar stod det ca 50 bilar på parkeringsplassen.
Hummerfiskar på veg for å trekke teinene?
MS Bergensfjord frå Fjordline på veg frå Risavika i Sola til Hirthals i Danmark. Dette er ei ferge som nyttar gass som drivstoff. Til normalt seiler den nord til Bergen – men ingen ting er normalt for tida. Skipstrafikken er stor langs kysten her. Appen «Marine Traffic» som fortel navnet på skipet, kor det kjem frå og er på veg og mykje mykje meir, er eit «must»!
Feistein fyr er eit ynda fotoobjekt – spesielt når det stormar eller sola går ned. Her eit gråvêrsfoto med strand, himmel og fyret uti havet der – fotografert med vidvinkel.
Feistein fyr med steinar forma av is og hav som forgrunn
Store mengder stortare driv på land – fin forgrunn til eit hav fotografert med lang lukkartid.
30 sekund hav. Bølgene vasker opp på stranda og trekk seg tilbake. Når lukkartida er 30 sek, iso er 64 og eit gråfilter sit på linsa blir det slik.
Eit foto til av havet som strekker seg oppover og oppover stranda- og umerkeleg legg att litt sand eller tar litt sand med seg attende til havet. Høg vannstand desse dagane – og pålandsvind – gjorde at stranda var smalare enn vanleg.
Ein stad langs stranda ligg ein flytekai i betong som dreiv på land ein gong for lenge sidan. Tida og havet gjer sitt for å bryte den ned men det tar tid! Betongen dekkes av alger som gjer gode levevilkår for krepsdyr og slikt. God plass for fjæreplytten å finne næring.
Fjæreplytt – vadefugl som overvintrar langs kysten og hekker m.a. i norske høgfjell som Lyseheiane i Rogaland, Kjøli i Trøndelag og Hummelfjell i Innlandet.
Skjærpiplerka – sterkt forstørra foto – er her året rundt. Skjærpiplerka er «kystslektningen» til trepip- og heipiplerke som er vanleg her på Røros og ellers i landet i sommarhalvåret.
Gjerdesmetten – sterkt forstørra foto- overvintrar her ut mellom stein, tare og marehalm. Så lenge det ikkje blir for kaldt så lever «Per Smogar» (lokalnavn) godt. Kalde vintrar fører til at bestanden reduseres.
Stokkanda – vår vanlegaste og kan hende flottaste and! Trivast godt ute ved kysten mellom steinane. Finn ly her og mat.

2020 VEKE 46

Kajakken – som eg litt på spøk kallar Vanntrivsel 4 – blei lagt i vinteropplag her om dagen. Men eg må innrømme at det har vore lite «vanntrivsel» i dei siste åra. Motiverande er det derfor å kikke gjennom ein del «eldre» foto frå tidlegare års kajakkturar i Ålands skjærgård.

Minneverdig overnatting på eit skjær «next to Finland»

Ålands skjærgård – øyriket midt mellom Sverige og Finland – er eit padleparadis. Eit stort antal øyer, holmer og skjær gjer det spennande og variert å padle her. Samstundes er det langt mellom hus, hytter og fritidsboligar slik at ein kan få litt «villmarksfølelese» av å padle der. På Åland er det berre folk med bustad der som kan ha fritidshus og derfor er det ikkje så mange hytter å sjå.

Eg er ingen padlar som føler at eg behersker redskapen- kajakken – 100 %. Men når eg innimellom er inne i -bokstavleg talt – flytsona med kajakken er det herleg. Kropp og kajakk er eit – små kroppsbevegelser får kajakken til å lystre. Skli opp og ned av bølgene, søke store bølger og surfe på dei…..

Skipsleia mellom Finland og Sverige går gjennom Ålands skjærgård og det er mange av desse flytande hotella som passerer. Er ein ikkje oppmerksom på bølgene kan det bli ubehageleg spesielt når kajakken ligg på land.
Fuglalivet i skjærgarden er rikt med store mengder andefugl. Her ein flokk sjøorrar. Å fotografere frå kajakk er litt risikofylt og krever at kajakken er nokon lunde i ro. På turane her brukte eg eit lite Nikon-kamera (D3200) pluss ei 18-300mm linse. Litt for tungt når det skal hentas fram frå vantett sekk, men greit nok.
Ikkje berre sol og sommar på turane – regn og vind høyrer og med.
Etter ein dag på sjøen er det ei god stund når teltet er satt opp, kajakken er trygt på land og dagens middag kan inntas.
Tørking av klær etter ein blaut dag med vind og bølger.
Fjellduk er godt å ha når ein er blaut og kald – dette var etter ein kald, strevsom og blaut overfart til ei lita øy nord i havgapet.
Slike «naturmaleri» når sola snart står opp, gjer turar som dette minneveridige.
Å ha telt som står utan pluggar og barduner er ein fordel å ha. Svenske Hilleberg Soulo er eit godt val i så henseende.
Mange stemningsfylte stunder.
Omtrentlege ruter for padleturane rundt Åland.

2020 VEKE 45

I dei siste åra har eg brukt tid på å fotografere humler og sommarfuglar – med variabelt resultat etter titusenvis av eksponeringar. Inni geitramskratt, blomsterbed og blomsterenger er det ikkje berre humler og sommarfuglar å sjå. Insektsordenen Tovinger er godt representert. Dei fleste kjenner til desse insekta som «fluer og mygg» men det er ei stor og mangfoldig gruppe. Så langt er det registrert ca 4300 insekter tilhøyrande tovingene i Norge. Men det antas at rundt 2000 artar er uoppdaga! Totalt i verden er det rundt 100 000 artar tilhøyrande Tovingene. Når eg fotograferer dei, er det primært for å artsbestemme dei og registrere arten i Artsobservasjoner. Vår kunnskap om utbreiinga til insekta er temmeleg fragmentarisk i motsetnad til td fuglar.

Den vakre flua Lucilla caesar -familien Spyfluer – med få registrerte funn i Trøndelag jfr Artsdatabanken

Navnet Tovinge kjem av at desse insekta har to vinger i motsetnad til td sommarfuglar, humler, veps og bier som har to vingepar – fire vinger. Hos tovingene er eine paret erstatta av svingkøller – eit balanseorgan som og er kjelda til myggens hyggelege summing. I Store Norske leksikon står det forøvrig ein god komprimert artikkel om tovinger. Dersom du vil vite meir om Tovingene så kan artikkelen i Artsdatabanken anbefales på det sterkaste.

Lucilla caesar

Ei flue er ikkje berre ei flue har eg funne ut etter kvart.

To fluer – nederst ei spyflue – muligens av arten rødkinna spyflue og Mesembrina meridiana tilhøyrande familien Møkkfluer.
Spyflue – art ukjent

Blomsterfluer er ein annan familie i Tovingenes rike. 280 ulike artar er kjent i Norge og ca 4 000 artar totalt i verden. Mange av artane kjennetegnes på ein bakkropp med «vepsemønster». Blomsterfluene er gode flygere og vi ser dei ofte ståande stille i lufta.

Stor droneflue – navnet droneflue viser til at dei liknar overfladisk på hannbier – droner.
Blank droneflue
Hvitbånda droneflue
Tovingene har store fasettøyer

Dei fleste tovingene har store fasettøyer. Krepsdyr og insekter har fasettøyer. Eit fasettøye er eit samansett øye bygd opp av opptil 1000 enkeltøyer. Eit fasettøye registrerer ikkje detaljar like godt som våre øyer. Men dei er derimot betre på å registrere bevegelser. Alle som har «jakta» fluer kjenner til det.

Svartskjeggdroneflue- fotografert 31.juli 2020. I Artsdatabanken foreligger det ein til obs av svartskjeggdroneflue frå Røros – juli 1993 og observatør Tore Nielsen – min biologilærar frå gymnaset i 1974 og norsk blomsterflueforsknings «grand old man»!
Lang grasblomstflue
Dobbelbånda grasblomstflue
Kort grasblomstflue?

Dei fleste fotografia er tatt på frihand med Nikon D500 og Nikon 105mm f2.8 Macro + 1,4x konverter. Redigert i Adobe Lightroom.

Artsbestemming er gjort gjennom nettstedet Artsorakel pluss litteratursøk, eller ved å legge ut foto på FB-gruppene Insekter og Tovinger i Norge

2020 VEKE 44

Kortnebbgåsa har eg skreve om i bloggen min mange gonger – både vår og haust – og sist i 2019 VEKE 39

Gåsa som hekker på Svalbard i stort antal, raster i området rundt Trondheimsfjorden både på trekk nordover om våren og attende på hausten. Kortnebbgåsa overvintrer frå Danmark og sørover til Belgia. Her på Røros er kortnebbgåsa ikkje uvanleg å sjå på hausttrekket i september/oktober – men då helst i flukt over. I år var det fleire flokkar som rasta her i kortare periodar.

Kortnebbgåsflokk som hadde tilhald i flotasjonsdammen ved Storwartz i flere dagar. Det var vel myrulla dei beita på.
Ein flokk på 3-400 kortnebbgjess hadde funne ei mark med grønt frodig gras nede ved Aursunden

Det er Innherred som er staden å oppsøke når ein vil se og fotografere kortnebbgåsa. I midten av oktober gjekk turen dit, og i løpet av ein dag fekk me god anledning til å studere kortnebbgåsa. Ja ikkje berre ei gås men tusenvis.

Eidsbotn fuglefredningsområde ved Levanger er ein sikker «gåseplass». På travbanen som ligg tett inntil verneområdet, er det tilrettelagt for fuglekikkere slik at ein ikkje forstyrrer fuglane. Det var ein del tusen gjess her denne oktoberdagen.

Det er mektig å oppleve når fleire tusen gjess tar til vingene samstundes. I bloggen i fjor skreiv eg: «Først høyres «flappinga» av tusenvis av vinger (antall gjess x 2) – som ei storbølge som bryt – så kjem kaklinga – ein kakofoni av lyd – og så bruset av alle gjessene som er i lufta. Delar av utsynet viskes bort av ein grå «gåsevegg». Etter eit par runder i lufta landar flokken att. » Og årsaka til at gåseflokken letta – ei havørn seilte «bedageleg» over området!

Nesset ved Levanger er ein annan sikker gåseplass. Her dyrkes korn og poteter ogt det ligg atte mykje mat til gåsa når innhaustingen er over. Me fann ei mark kor det gjekk «ein del tusen» kortnebbgjess og fire sangsvaner. I løpet av ein halvtime fekk desse følge av mange mange fleire tusen kortnebbgjess. Flokk etter flokk kom flygande inn – hadde ei kjensle av at dette ville ingen ende ta. Kor mange det var tilslutt kan eg ikkje sei men det må ha vore nærare 10 000!

Då «gåsetrekket» var over, var marka dekka av kortnebbgås. Ein gong når eg har ein ledig kveld skal eg sette meg ned å telle kortnebbgjessene på dette fotografiet.

2020 VEKE 43

ICM – intentional camera movement – er ein artig fototeknikk. Bevist bevegelse av kameraet i det ein trykker ned utløsarknappen. Resultatet blir som oftast så som så – eller ingenting. Men kan og ende opp i spennande og dekorative foto. Fotografia her er frå eit par haustdagar då skogen stod i «flammar». Fotografert frå ståande posisjon med bevegelse av kamera horisontal, vertikalt eller på skrå. Eller frå bil i fart fotografert ut vinduet kor det var bilen som stod for bevegelsen eller ICM-delen! I tillegg tre foto frå ein vinterdag med svartkvitt vêr.

På Wikipedia kan ein lese meir om ICMThe direction of movement of the lens has a dramatic effect on the results. Patience is required along with much experimentation to establish where and how to move the camera to achieve the desired effect. The camera can be moved upwards, downwards, to the right or left or away from or towards the subject while being handheld. The camera may also be turned, angled, and rapidly moved back and forth.

Haustbjørk – 1
Haustbjørk – 2
Haustbjørk – 3
Rogn – 1
Rogn – 2
Bil i fart om hausten
Snødekte rabber…
Vinterbjørkeskog-1
Vinterbjørkeskog-2

Fleire eksempler på ICM fann eg på Pinterest

2020 VEKE 42

Eg er så priviligert at eg kan «hogge» vinterveden i eigen skog. Hogge settes i anførselstegn då øksa har ei nokså underordna rolle i dagens vedproduksjon. I år har eg felt bjørk i eit skogsområde i Fjellsjølia – ca 7 km frå Røros på ca 780 moh. Skogen er gammal – sist eg dreiv hogst her var først på 90-talet. Og det vil nok gå 40-50 år til neste gong det kan felles bjørk her. Det blir kanhende barnebarn Emil som får gjere det når den tid kommer.

Gammelbjørka

Eg føler ærefrykt når eg «går laus» på gammelskogen med motorsaga. Bjørka som har brukt mange tiår på å vokse legges i bakken på ein-to-tre. Dei gamle trea gir gode levevilkår for mange livsformer som fuglar, sopp, lav, edderkoppar og insekter,

I utkanten av årets hogstområde – på grensa mellom bjørkeskogen og eit lite plantefelt med granskog- fann eg ei bjørk som dei fleste vil karakterisere som ein rotten stamme eller ropp som er det lokale ordet.

Omgitt av planta gran og ei og anna bjørk har den gamle bjørka holdt stand. Toppen ligg på bakken like ved.

Stammen er daud. Toppen er brukket og ligg på bakken like ved. Frå rota har det vokse opp ein «etterkommar». Gammelstammen er vertskap for ei lang rekke soppar, lav og mosar. Fotografia syner litt av mangfoldet – og eg har artsbestemt dei ulike organismene så langt som råd er.

Sopp, kjuker, lav og moser lever på stammen. Fotografert oppover med bruk av fotostacking innebygd i kameraet – Olympus.

Denne gamle bjørkekjempa får «leve» vidare til ho deiser i bakken. Kan hende vil måltrost, dvergspett, granmeis, fluesnappar og andre finne reirplass her. I toppen på ei rotten bjørk i same området hekka haukugla rundt 1985 då det var smågnagarår. Kanhende kan det skje i denne bjørka og.

Om mange tiår når stammen har falt ned og blitt dekka av vegetasjon, kan den bli eit godt vekstgrunnlag for piggsopp, kantarell og andre soppar. Livssyklusen til ei bjørk som får leve utan inngripen, strekker seg fort over 150 år!

Ildkjuke
Knuskkjuke
Strylav, kvistlav og knuskkjuke(?)
Røyksopp av eit slag
Gulgrønn lærhatt – sopp som vokser på råtnende lauvtre på hausten. Uspiseleg.
Soppmygg er eit forslag på denne arten som kraup på undersida av lærhattane.
Sopphyfer i stammen – barken er fjerna
Mose – art ukjent?
Begerlav
Kvistlav
Skjegglav/strylav

Når eg «hogg» ved lar eg ofte store gamle tre som dette stå att. Livet deira er på hell men dei ruver godt og gir variasjon i skogen. Mest truleg vil dette ligge på bakken neste gong det er hogst i denne skogenteigen. Men inntil då har det fungert som mellom anna eit framifrå insekthotell.

Fotoustyr: Olympus M1 MarkIII + OIympus M-Zuiko 12-100mm f4

2020 VEKE 41

Fleire måkefoto frå Flatanger – denne gongen foto tatt med lang lukkartid. Lang lukkartid vil i denne samanhangen seie 1/10 sek og deromkring. Dette er litt fotografering på lykke og fromme – eller leik med fotoapparatet om ein vil sei det slik. Resultatet blir litt så som så – feilraten er høg! Men eit og anna foto blir med vidare.

Fotografert med Nikon D500 + Nikon 70-200mm f2.8 samt redigering i Lightroom

Dette biletet har tom alt-eigenskap. Filnamnet er 2020-veke-40-33.jpg
Den hellige ånd eller ein engel…?
På bevrende vinger…
Målretta flukt…
Ein fugl i lufta og mange på sjøen…
Lang lukkartid pluss kamerabevegelse, ICM – Intentional Camera Movement
Tre eller fire måker?
Lag på lag her..foran, i midten, bak, over….
Nesten som ei gås…
Å strekke seg…..
Kaotisk med lukkartid på 1/1000sek – ikkje mindre kaotisk på 1/10sek.
Ja iallefall litt måse her…

2020 VEKE 40

Odd Børretzen sang Måkene har blitt ein klassikar.

Jeg vil si noe om mitt forhold til måker
Jeg hater måker
Ikke hele tiden, naturligvis
Når de flagrer på himmelen som hvitt papir, eller flyter stille på det blanke vann og likner vakre badedyr av plastik, da er de en naturlig del av sommerens bilde og man tenker ikke mye på dem hverken med hat eller kjærlighet

Mange har eit anstrengt forhold til måker. Måker som har funne ein god biotop i byar langs kysten, er til stor irritasjon for mange. Inne i byane finn dei både gode hekkebiotopar på flate tak og godt med mat – ofte matrestar som me kastar i frå oss. Måkene symboliserar for mange alt ein ikkje liker – ja Børretsen meinte jo og – på humoristisk vis – at dei måtte tilhøyre eit norsk parti på høgresida.

For mange er ei måke ei måke. Men me har sju ulike artar som hekkar på Fastlands-Norge i tillegg til tilfeldig besøkande artar. Dei fleste artane har hatt kraftig tilbakegang dei seinare åra. Dårleg næringstilgang er ein viktig årsak til det.

På sommarens ørnesafari i Flatanger med Norway Nature var det sjølsagt havørna som var målet. Men måkene er og ein viktig del av fotosafarien. Mange gråmåker og ein og annan svartbak følgde etter båten i forvisning om at her vanka det godbiter. Måkene gjorde sitt til at turen blei vellukka fotografisk sett med talrike spennande motiv og uvante situasjonar. Fotografert med Nikon D500 og Nikon 70-200mm og eg har plukka ut tettpå-motiv.

Ein del ungmåker fulgte og med i flokken. Unge måker er gråspetta.