Ei ny veke over og sju nye foto publisert. Eit spenn frå første kobbergruva i verdensarven Røros til verdensarvområdet Vadehavet som strekker seg frå Esbjerg i Danmark og til Nederland. Då er 282 foto i prosjektet #2022DAGFORDAG unnagjort.







Ei ny veke over og sju nye foto publisert. Eit spenn frå første kobbergruva i verdensarven Røros til verdensarvområdet Vadehavet som strekker seg frå Esbjerg i Danmark og til Nederland. Då er 282 foto i prosjektet #2022DAGFORDAG unnagjort.
Nok ei veke er unnagjort. Veden til vinteren 23/24 er kappa, kløyva og satt til tørk. Ei elgku med tvillingkalvar har beita på enga her og ho har kontinuerleg blitt oppvarta av ein 10(11?) spirs elgokse. Dei har vore så ofte å sjå at me nesten har sett på dei som husdyr ellr «huselgar. Mykje av tida har oksen stått i skogkanten delvis skjult av tre og buskar og kikka på elgkua. Nå og då har han tatt løpefart mot kua som saman med kalvane, har løpt unna. Og så har dei blitt ståande og kikka på kvarandre. Tida for paring er ikkje inne enda. Sjøl om det er elgjakt har desse fått gå i fred. Ku med tvillingkalver jaktes det ikkje på og oksar med meir enn seks spir er og «freda».
Fotografia denne veka ber preg av at det er haust. Haustfargar, gjess på veg sørover og vedarbeid. 268 foto er publisert i #2022dagfordag – kun 96 igjen!
Då var veke 36 unnagjort i Instagramprosjektet mitt. Fotografia denne veka er blitt til litt i forbifarten med unntak av turen til Sextus. Det blei ein litt regnfullt kveld der, men fotografia som blei lagt ut for dag 256 og dag 257 er eg nøgd med. Dei syner forfallet og nedbrytinga av taubanestasjonen. Det gamle uttrykket «ligge for fefot» passer godt på situasjonen her. Fotomotiva er mange på Sextus men dei krev litt tid.
Ei fotoveke med litt av kvart – noko tilfeldig og noko planlagt men mest tilfeldig. Første fotoet blei til etter at eg ikkje fann kuflokken på fellesbeitet på Floan utom Røros. Men «lyssettinga» på Glomma var ingen dårleg erstatning. Dagen etter fant eg ut kor kuflokken gjekk og det blei eit foto av det. Onsdagens foto blei til etter ei hard frostnatt. Eg var ute på leit etter «frosne» humler utan hell, og då blei det grasstjerneblomen – ein liten unnselig men vakker blomst om du tar deg tid til å stoppe opp og sjå. Telttur til Røsjøen øverst i Rødalen blei til to foto – teltet ved sjøen og frå ein snartur til Rødalsgruva.
Det har blitt 254 foto til nå i Instagramprosjektet #2022DAGFORDAG, og eg tar til å sjå ein ende. «Bare» 110 foto att.
Litt av kvart denne veka – motiva har stort sett kome av seg sjøl utan noko vidare planlegging.
Ei ny veke og 240 foto er publisert så langt på Instagram under #2022dagfordag. Alle fotografia denne veka har eit felles tema – dyr og fuglar – om enn innfallsvinkelen er litt ulik.
Eg har bevega meg denne veka frå problembusken blåleddved på Røros og tema invasive planter via Oslo og «Dalstroka innafor» til Jærstrendene.
226 foto så langt i prosjektåret #2022DAGFORDAG. Motiva kjem stort sett av seg sjøl når eg frakter med meg kameraet overalt. Og er kameraet gløymt heime så er i alle fall telefonen i lomma.
Eg har nesten alltid fleire foto frå ulike situasjonar å velje mellom, og eg savner litt den «gamle» bloggen – VEKEFORVEKE – kor eg stort sett fordypa meg i eit emne kvar veke.
Litt ulike motiv denne veka og- frå nærfoto av den utskjelte hagesveva til det storslåtte landskapet i Skardsfjella og Hyllingsdalen landskapsvernområde. Frostnatta 2.8. resulterte i nærfoto av ei blåklokke dekorert med frosne vassdråpar.
Enkelte dagar blir det foto på overtid. 6.8. seint på kvelden liggande inne i teltet mens det blåste å regna ute, kom eg på at foto mangla. Det blei eit Iphonefoto av «teltdukens fortreffelighet».
Ei ny veke – den siste i juli – med foto frå badeliv på 71 grader nord, foto frå ei av dei siste nettene med midnattsol på Rolvsøya, eit møte med revungar langs vegen til Havøysund og tur innom to verdensarvområder i Sverige på veg sørover: Gammelstad Kyrkstad ved Luleå og Høga Kusten i Ångermanland.
Fotografi frå feriedagar i Måsøy kommune i Finnmark.