2020 VEKE 19

Våren er ei spennande og travel tid for oss ornitofile. Det blir mange foto på minnebrikka og batteriladaren «durer» i eit strekk. Bloggen for veke 19 var nesten på plass med tema elg og storfugl. Men det var før eg møtte gluttsnipene ute på Floan.

Under snøsmeltinga no i april og mai, er Glåma og dyrkamarka innafor ein ynda rasteplass for ender og vadefuglar. I år har antalet vore stort pga av dårleg snøsmelting. Mange av hekkeområda er framleis is- og snølagte slik at ender, traner og fleire vadefuglartar venter her nede ved Glåma. På markene dannes smeltevassdammar kor fuglane finn mat. Det var ved ein slik dam eg stoppa bilen ein morgon i 1/2 6-tida. Gluttsniper, enkelbekkasiner, trost og piplerker tok til vingene. Fuglane er ofte sky nå i trekktida. Men heldigvis landa gluttsnipene i ein dam like bortom kor det var bortimot 20 gluttsniper. Ein uvanleg høgt antal for denne arten; til vanleg er det berre enkeltfuglar eller i høyden 2-3 å sjå samane.

Eg blei sittande i bilen med nedrulla vindu i håp om at fuglane ville koma attende. I ventetida hadde eg måltrostkonsert i treet ved sida av bilen. Måltrosten kune eg ikkje sjå men sangen var ikkje å ta feil av. Gluttsnipene kom tilbake – tilsaman 10. Og med vindstille vêr, klår himmel, litt solys i mot og issnerpe på dammen, blei det ein minneverdig fotoseanse.

Gluttsnipa er ein stor vadefugl; kroppslengde 30-34 cm og vingespenn på ca 60 cm. Eit godt kjenneteikn på gluttsnipa er eit langt og lett oppoverbøyd nebb. I flukt er mørke vinger og ein lang kvit kile oppettter ryggen eit godt artskjenneteikn.

Gluttsnipa hekker i skogs- og fjellområder frå Austlandet og nordover. Ho er utbredt frå Norge til Beringsstredet. Bestanden i Norge, Sverige og Finland er på omlag 100 000 par. Det finnes og ein liten bestand i Skottland. Overvintringsområda for den nordiske bestanden er i Afrika hovedsakleg sør for Sahara. Fuglane trekker sørover frå starten på juli.

Når gluttsnipa tar til vingene høyres ofte ein trestava tju-tju-tju. Under trekket på hausten er det og ein kjent lyd på mørke sommarkvelder. Gluttsnipa har ein «vårsang» kor fuglen flyg høgt og varsler «klu-vy klu-vy…» som har gitt fuglen det lokale navnet Klyvi

Gluttsnipa har ein variert diett. I denne smeltevassdammen var det meitemark og nematoder som eg såg dei spiste. Småfisk, krepsdyr, insekter mm inngår i dietten som varierer med årstidene.

Gluttsnipa er ein vadefugl men kan svømme om ho må.

2020 VEKE 18

«Nedstenginga» av Norge arter seg på mange vis; Stengte skular, heimekontor, eimen av antibac, digitale møter, avlyste arrangement, fråverande flytrafikk…….

Her er eit anna bilete på nedstenginga: Kjem du til Ålesund blir du møtt av «Coronaskip» på havna. Størsteparten av hurtigruteflåten – ni av elleve skip – er ute av drift og det seiles med avgrensa ruteplan mellom Bodø og Kirkenes i staden for Bergen – Kirkenes.

Tre av hurtigrutene ligg i Ålesund: Ms Nordlys, Ms Nordkapp, Ms Midnattsol. I tillegg ligg MS Spitsbergen på Fiskarstrand like ved Ålesund.

På nettsida til Hurtigruten ligg følgande dramatiske melding:

Norskekysten (Kystruten Bergen – Kirkenes): Alle seilinger innstilles til og med 20. mai 2020. Første planlagte rundtur blir dermed fra Bergen 21. mai.  Ekspedisjonsseilinger:Nye kanselleringer fra 5. mai 2020 inkluderer MS Fridtjof Nansen i Norge, MS Fram på Island, samt MS Spitsbergen og MS Nordstjernen på Svalbard.
Alle seilinger med MS Roald Amundsen i Nord-Amerika i sommer er også kansellert grunnet restriksjoner fra myndigheten i området.  

Skipet i forgrunnen Ms Geo Barents er seismikkskip – vel ikkje ein type skip som har flust med oppdrag no.

Eg blei litt forbausa då eit cruiseskip kom seilande inn til Ålesund eine dagen – men forklåringa fann eg snart: Skipet – MS Viking Sky– skulle i midlertidig opplag det og. Ålesund havn har landstrøm og derfor legges skipa i opplag her. Landstrøm er eit tiltak for at dei store cruiseskipa ikkje skal ha forurensande motorar på mens dei ligg ved kai. Men det var ikkje dette anlegget var tenkt til.

Den observante lesar vil kan hende huske det dramatiske nesten forliste i fjor vår. Ms Viking Sky fekk motorstopp på Hustadvika og holdt på å drive på land.
Men heldigvis er ikkje allt nedstengt. Conteinerskipa seiler som vanleg ser det ut til. Varer losses og produkter frå lokalt næringsliv lastes for å fraktes ut i verden.

2020 VEKE 17

Kampane på orreleiken er intense og voldsomme. Det er noko unorsk – ja nesten sydlansk – over leiken. Det sparkes, hakkes, bites, lugges og slåss med høg intensitet. Når to haner braker saman kan det se ut som om det er med livet som innsats.

Tempoet på spelplassen er høgt. Eg og autofokusen har problem med å henge med. Kampane bølger fram og tilbake på ulike stader av leikområdet; ein stad er det slåssing, ein annan stad prøver kamphanane å psyke ut motstandaren ved å stirre han djupt i augene og ein tredje stad er ei orrhøne inne på leiken og forfølges av tre fire ivrige haner. Fotografia syner litt av intensiteten i leiken eller om me heller skulle seie orrekampen.

2020 VEKE 16

Å vakne kl 0410 av over 20 orrhanar som startar spelet, er ei av mine heftigaste naturopplevingar så langt – eit minne for livet!

Eg er ein stad sør i Østerdalen på ein orrfuglleik kor Floris Smeets har lagt til rette for fotografering.

Orrfuglens vårspel skulle vere vel kjent for dei fleste. Denne spelplassen ligg på ei myr eit stykke frå allfarveg. Myra var snø og isdekt og teltet var satt opp i utkanten av spelplassen. Eg går inn til myra på ettermiddagen for å overnatte i fototeltet.

Kvelden på spelplassen blir minneverdig; duetrosten syng, eit gåsepar – kanadagås – flyg over. Lett å kjenne igjen på sin lyd; a-onk, a-onk…. Tre traner lander på myra. Det blir fort klårt at det er eit par og ein beilanda hann. Etter mykje fram og tilbake blir inntrengaren jaga vekk. Og for riktig å understreke at dei to gjenverande er par, så parar dei seg før dei tar til vingene og flyg ned i dalen.

Kl 0410 «dett» dei første orrhanane ned på leiken. Litt forsiktig kurring og sjoing og så er spelet i gang – eit bulder av ein annen verden.

0428 – spelet er i full gang. To orrhøner piffer opp stemningen.

Frå Miljølære.no: Orrfuglen er en hønsefugl som lever i skog og heilandskap. Orrfuglene kan virke ganske runde i kroppen, lik de fleste andre hønsefuglene.

I tillegg har orrfuglene kraftig nebb som er velegnet til å beite planter og knopper med. Hannen er svart med noen hvite fjær under stjerten. Hunnen kalles orrhøne. Den er spraglete rødbrun. Orrhønene går lett i ett med skogbunnen, og de er vanskelige å oppdage når de sitter på bakken.

Om sommeren beiter orrfuglene på bær og lyng som de finner på skogbunnen. Når du går i skogen kan en orrfugl plutselig flakse opp. Den forsvinner raskt mellom trærne med hurtige vingeslag.

Om vinteren beiter orrfuglene på bjørkeknopper. Om våren samles de på spillplasser på myrer og islagte vann. Hannene lager en buldrende spillyd som du kan høre på langt hold. De sloss om å være i sentrum av leiken. Senterhanene er de som får parre seg med flest orrhøner.

Litt før fem letter plutseleg alle fuglane – det blir plagsomt stille. Sangen til ein duetrost bryt stillheten. Tilbake på spellplassen sit ein einsleg hane. Det går bortimot ein halv time. Eg har så vidt tenkt at det var det, smådupper litt – men så er flokken her att.

Og så speles det …

Eg har tinga ei natt til i fotoskjulet – kl litt over fire er orrhanane på plass og spelet er i gang. Akkurat som morgonen før tar dei til vingene litt før fem og blir vekke ei tid. Men dei er tilbake i det sola bader spelsplassen i eit fantastisk lys.

Fotoutstyr: Nikon D850/D500, Nikon 200-400mm, Tamron 150-600mm, Nikon 24-70mm, Olympus E-M10 Mark III, 300mm

2020 VEKE 15

Emirats Airbus A380 fotografert 26.2. i år på veg frå Dubai til New York, Washington eller var det San Fransisco. Ikkje ante eg at i løpet av to-tre veker så skulle dette bli ein sjeldan «fugl» på himmelen. Det er stor – dvs har vore – stor trafikk over her: Passasjerfly frå Midt Austen – Dubai eller Doha på veg til USA-oftast midt på dagen, russiske fly på veg frå Cuba til Moskva eller St.Petersburg- som oftast tidleg morgon, KLM og British Airways sin flygingar frå Tokyo, Osaka og andre japanske byar til Schiphol eller Heathrow – som oftast i 12-tida på dagen. På det meste talte eg ein gong ca 10 av desse store «fuglane» frå Midt-Austen på veg vestover. Dei kom på rekke og rad med minutts mellomrom.

I dag tidleg var det berre eit fly på himmelen over her – ein Boeing 747 -eit fraktfly – frå Silk Way West Airlines på veg frå Chicago til Baku ved Kaspihavet. Delar til oljeindustrien i Kaspihavet?

I løpet av kort tid er den norske innenrikstrafikken redusert med bortimot 95%. Og den internasjonale flytrafikken er og i fritt fall. Før krisa rekna ein med at det var ca 1,2 million personer oppi lufta til ei kvar tid fordelt på 9 700 kommersielle rutefly! Nå fylles flyplassane opp med «fly i opplag» – Norwegian har rundt 15 fly ståande på Værnes og eit tilsvarande antal på Sola.

Framtida til luftfarten svever bokstavleg talt i det blå……..

Men flyet som kommunikasjonsmiddel er uovertruffent. På kort tid forflytter me oss frå A til B, frå Røros til ein hvilken som helst stad i verda. Videokonferanse og andre digitale løysingar vil nok erstatte ein del flytrafikk men opplevingar skjer heldigvis ikkje alltid på skjerm.

2020 VEKE 14

Bloggen for veke 14 er foto frå ein kort overnattingstur -torsdag til fredag i forrige veke-like ved grensa til Flensmarka naturreservat. Sekken var fylt opp med litt fotoutstyr, liggeunderlag, sovepose, fjellduk, litt mat, kaffikjel og ein presenning til å sova under. Det var varmegrader og sol då eg starta. Vêrvarselet lova klår himmel og kuldegrader utover kvelden og neste dag.

Det er snørikt her i år. Bærevna til snøen er så som så. Skarelaget er tynt. Med tyngde i sekken blei det ein del fall når skaren brast. For å kome meg opp måtte sekk og ski av – ellers hadde eg låge der framleis! Enden på turen blei at ei stavkringle forsvann i snøen. På turen tilbake brakk og eine skien dvs brakk innvendig slik at spennet forsvann. Intersport tjente på turen!

Frå overnattingsstaden var det godt utsyn mot Viglane – grensefjella mot Sverige. Frå venstre Vigelpiken., Midtviglen, Tverrviglen, Storviglen (1561), Vigelstøten og Vigelskaftet.

Flensmarka naturreservat er ei barskogsområde med mykje gammal furuskog aust i Røros kommune frå området ved Håsjøen og ut til Femunden og eit stykke sørover vestsida av Femunden inn i Engerdal kommune. Flensmarka har mange av dei same kvalitetane som Femundsmarka. Området er og ein del av vinterbeite for reinddrifta.

Kvalitetstid – Knitring frå bålet, bålkaffi, stillhet…
Natteleie med ein presenning som ly mot vindtrekk og kulde. Temperaturen sank om natta – var vel ein stad mellom 10 og 15 minus. Men sovepose, liggeundelag (2) og fjellduk gjorde nytta og det blei ei behageleg natt.
Nymåne i vest på klår kveldshimmel.
Morgonhimlen i aust like før soloppgang. Vigelskaftet til venstre og Skedbro – grensefjell mot Sverige inne i Femundsmarka- midt i.
Utsikt i retning Røros like før soloppgang . Ramberget og Rambergsjøen
Etter soloppgang med fjellet Skedbro midt i. Tjukk tåke låg over Femunden. Dagen før var «varm» med mykje fuktig luft. Natta var kald – og dermed blei det tåke.
Tåka kom drivande frå aust og sikten forsvann i korte periodar.
Litt «leik» i det digitale mørkerom – dei første solstrålene og skygge frå tre og buskar.

2020 VEKE 13

Snøen ligg djup her på Røros og det er endå ei stund til vårblomstrane spirer fram. For ikkje å snakke om sommarblomstrane. Men i ei tid kor stemninga i landet og verden forøvrig er prega av Corona, kan det vere på sin plass å minne litt om sommar, sol og doggvått gras.

Foto frå ein morgon i fjor sommar med dogg i graset og herleg fotolys. Niko D850+Nikon 200-400mm. Nikon D500 + Nikon 105 mm Macro m konverter 1,4x.

2020 VEKE 12

Blackbird singing in the dead of night…. desse «udødelege», symboltunge og geniale strofene i Beatlessangen Blackbird frå 1968 er starten på bloggen denne veka. The Blackbird eller svarttrosten er og tema for bloggen.

….in the dead of night…. ord som ved eit første blikk ser ut til å handle om død.. men ved nærare lesing er rett så optimistisk og ber bod om lysare tider

….in the dead of night….. når natta døyr og lyset og ein ny dag tar over. Då syng svarttrosten og varslar at natta er slutt og ein ny dag kjem.

in the dead of night... – det er noko religiøst over det – lyset og livet som vinn over døden. Og då syng svarttrosten og varslar at ein ny dag er på gang.

Dette biletet har tom alt-eigenskap. Filnamnet er veke-17-11.jpg
Eg har ikkje foto av svarttrosten som syng når natta blir til dag. Eit foto av ein tårnfalk sittande i ein tretopp ved Glåma «in the dead of night» får vera ein illustrasjon på stemninga.

Har du nokon gong sett natta døy? Du kan oppleve det oppe på Storwartz ein kald klår morgon om du er tidleg oppe: Mørket blir gradvis umerkeleg mindre mørkt og lyset smyg seg inn – nesten som det er Rørosteknikk som styrer spakene. I aust blir lyset sterkare og varslar at sola er på veg opp. Natta er ein mørk vegg i vest som skrumper inn og blir meir og meir utydeleg for til slutt å bli borte i det sola når over fjellrekka i aust

Det nærmaste eg kom eit foto som syner …the dead of night…Storwartz ein aprilmorgon kl 05.30. Dei første solstrålene spegler seg i husa på Storwartz. I vest aner me restane av natta som eit mørkt gråblått band.

Eg har eit minne om ein svarttrost som song «in the dead of night». I min ungdom var eg avisbud for Rogalands avis – ei morgonavis tilknytta Arbeidarpressa. I firetida om morgonene henta me avisbud avisene i Sandnes sentrum. Ein morgon -in the dead of night -sat svarttrosten på straumledningen til jernbanen like ved og sang. Songen blei forsterka av murbygga rundt. Stemningsfullt! Merkeleg at slike enkelthendingar sit att!

Syngande svarttrost fotografert på Sandnes ein maidag for nokre år sidan. Regnet ausa ned men han holdt stand i time etter time og spreidde god stemning i gråvêret.

Beatles-sangen Blackbird – skrevet i 1968 – er ei hyllest til fargede kvinner i USA som kjempa for sine borgerrettigheter. Svarttrostens sang har avfødd mykje diktning.

I det danske Kristelig Dagblad fann eg denne herlege artikkelen skrevet av Lars Handsteen som er på Grønland og savner solsortens vårsang: Solsortens sang hører til på livets lydspor og som innledes med følgende: Man kan godt leve uden solsortens sang om foråret. Der er mange mennesker på jorden, der må gøre det, og som lever udmærket alligevel. Men er man én gang vokset op i et land, hvor solsorten synger, er det en sang, der er svær at undvære.

Svarttrost fotografert ved Ålesund nyleg. Her er svarttrosten vanleg overvintrar. Då me budde i Finmark – 71grader nord – på 1980-talet var svartrosten årleg overvintrar der.

Svarttrosten er utbredt over store deler av landet. Her på Røros har arten etablert seg som hekkefugl i seinare tid. Fakta om svarttrosten henta frå Wikipedia:

Svarttrasten er 25-27 cm lang. Hannen er kolsvart med eit gult nebb i tillegg til eit lite gult parti kring auga. Hoa er brunsvart med raudbrunt og svartprikkete bryst og har brunsvart nebb. Ungfuglar er oftast raudbrune og har endå meir markante prikkar enn hoa.

Svarttrast er kjend for ein sterk, melodisk song som typisk blir framført frå høge stader, som tretoppar. Det er hannfuglen som syng, og songen hans er på mange stader i landet eit sikkert vårteikn. Fuglen varierer songen og kan imitera andre fuglar. Svarttrast syng gjerne tidlege om morgonen og seint om kvelden, før og etter dei andre fuglane.

Fuglen plasserer reiret på bakken eller lågt i ein busk, ei tett gran eller buskete lauvtre. Reiret er i hovudsak laga av leire, gras, mose og røter blir samanfletta til ei djup skål. I Sør-Noreg startar egglegginga i april. To kull i året er ikkje uvanleg. Hoa rugar dei blå- eller grøngråe egga i 13–14 døgn. Etter klekking oppheld ungane seg i reiret i 12–19 døgn og blir mata av foreldra i endå tre veker.

Svarttrast er utbreidd i store delar av Europa. Ein går ut frå at talet på svarttrastpar som hekkar i Noreg er mellom 100 000 og 1 000 000. I Noreg er han ein trekkfugl. Merka fuglar som er attfunne syner at Dei britiske øyane er viktigaste overvintringsstaden. Dei fleste svarttrastane dreg rett over Nordsjøen, men nokre tek vegen om Danmark og Nord-Tyskland. Det er attfunne merka svarttrast så langt sør som Sør-Spania. Han kan overvintre i kystområder opp til Finmark .

Eldste svarttrast påvist ved ringmerking i Noreg er 8 år og 6 mnd.

Det kan vere vêrhardt når svarttrosten kommer til landet i mars/april.

2020 VEKE 11

Ålesundtur for å rusle langs ei strand, se etter kystvåren og vere i lag med familien og spesielt barnebarna var planen for forrige veke. Men eit barnebarn blei sjukt då besteforeldra kom og planane blei berre tenkte planar. I staden blei det pass av ein febersjuk unge samt rusle i lag med eldstemann til og frå barnehagen.

Fotograferinga blei henvist til små ledige stunder og speglar våren på Hessa – den siste øya du kjem til når du kjøyrer gjennom Ålesund.

Skjæra er i vårstemning. Ein flokk på bortimot 20 skjærer «herja» i nabolaget på Hessa. 10 av dei sat i ro ei lita stund – lenge nok til å få eit par foto av dei.

Rødstrupen starta å synge tidleg tidleg på morgonen – lenge før sola tok til å skine. Men vårteikn vil eg ikkje akkurat kalle rødstrupesangen her vest. Sist eg var på Hessa i starten på januar sang og rødstrupen! Det er vel slik at arten er standfugl og forsvarer territoriet sitt heile året.

Svarttrosten er ein annan standfugl her. I den sørvendte lia på Hessa med edellauvskog og mange villahagar, er det god tilgang på mat. Kor mange svarttrostar som overvintrar i dette området, er ikkje godt å sei. Men å sjå 10 om gongen i hagen er ikkje uvanleg. Eg sat eit lite kvarter i skogen bak huset, og talte rundt 30 svarttrostar i området.

At det går mot vår høyres og på gråspurvane der dei sit inne i kristornbusken og syng på sitt vis.

Snøklokker er vel og eit slags vårteikn sjøl om dei begynner å blomstre tidleg på året – ofte før vinteren har sluppe taket.

Hasselbuskane blomstra og. Det er hannraklene som er mest synlege men blomsten er den lille røde omtrent midt i fotoet og nærfoto under. Blir den befrukta kan det bli hasselnøtter til hausten. Sanneleg lang modningstid.

Sjøl om det er vårleg nede ved fjorden, er det berre å kaste eit blikk over fjorden på Sula så ser ein vinteren.

2020 VEKE 10

Bloggen min blir til «undervegs» – tema er dels planlagde og dels resultat av tilfeldige hendingar. Denne vekas blogg blei til i forbindelse med skiturar for å leite opp storfuglar. Utstyrt med ei stor zoomlinse hadde eg håp om å få eit foto eller to av beitande tiur i toppen av ei furu. Eg gjekk i eit område her kor storfuglbestanden er «livskraftig». Talrike beitefuruer med lite bare i toppen fortel det. Denne gongen blei det bare eit glimt av ein tiur som letta og blei borte mellom trea. Eg minnes framleis ein skitur her for tre år sidan kor 10 tiurar letta samstundes!

Kamera – Nikon D500 – med Nikon 200-400mm er ikkje den mest allsidige kamerautrustningen. Tiur var det som sagt lite av men over Hummelfjellet lenger sør var det mykje vêr: Toppen av fjellet var dekka av skyer, sterk vind flytta på skyene og store mengder snø blåste over fjellet og ned mot Nørdalen. Sola «kom og gikk» slik at lyset endra seg frå minutt til minutt. Utstyrt med ei stor zoomlinse var det jo begrensa kva eg kunne fotografere. Men samstundes ga zoomlinsa meg høve til å fokusere på «detaljer» i Hummelfjellet – snødrevet nedetter fjellsida eller opp frå fjellryggar, dramatiske skyer….

Mens eg stod oppå fjellet letta eit helikopter – Sea Kings arvtakar Leonardo Helicopters AW101 – frå flyplassen og passerte mellom meg og Hummelfjell. Drømmemotiv med helikopteret og uvêret på Hummelfjell som bakgrunn!

Dagen før var vêret eit anna. Tjukk skodde dekka Rørosområdet samstundes som det var nedimot 15 minusgrader. Og skodde er spennande å fotografere- både når ho dekkar landskapet og når ho lettar opp.

Nokre spennande minutt – skodda letta og millionvis av iskrystallar glitra då solalyset traff dei. Og slik blei det fotografiske resultatet:

2020 VEKE 9

Rørosmartnan er over for denne gongen, og det er eit år til neste martna – den 168nde i rekka. Martnans historie går tilbake til ein kongeleg resolusjon frå 1853 kor følgande bestemmes: ”Fra 1854 av skal der i Røros avholdes et marked der begynder næst siste tirsdag i februar Måned og varer til den påfølgende fredag.” Røros bergstad var handelssentrum for minst 30.000 menneske på den tida Rørosmartnan blei oppretta. På nettsida til Rørosmartnan er forhistorien til martnan fortalt. I dag kjem det bortimot 80 000 besøkande til Røros dei dagane Martnan arrangeres

Fotografisk forbindes vel Rørosmartnan med foto av hestar, bakgårdsliv med spell, handel og drikking, stappfulle gater, polsdans … Mine arkiv inneheld mange foto av det slaget – og fleire blei det i år og. Men bloggen er via fargane på varene som selges i bodene, og blei til i løpet av nokre formiddagstimer då eg rusla gatelangs.

2020 VEKE 8

Rundt årsskiftet var me velsigna med perlemorskyer fleire dagar på rad. Eit naturfenomen som er spektakulært og fekk oss til å stoppe opp og la blikket kvile på himmelen! Perlemorskyer eller polarstratosfæriske skyer dannes i ei høgd på 15-30 km over bakken.

Fotoutstyr: Nikon D850, Nikon 70-200mm, Nikon 24-70mm

På Yr-meterologane fann eg gode forklåringar på fenomenet som opptrer år om anna i nordlege strok og helst vinterstid. Her kan me lese at vêret vårt- nedbør, vind, torden…..- dannes i troposfæren; den nedre del av atmosfæren. I nordlege strok strekker troposfæren seg opp til 10 km og over tropene opptil 18 km. I stratosfæren (10-50 km) – kor perlemorskyene dannes – er det tørt og normalt ingen vassdamp og dermed ingen skyer.

Perlemorskyene dannes – enkelt sagt – når luft grunna sterke vindar på bakken blås oppover fjellkjeder og blir pressa opp i stratosfæren. Dette kalles fjellbølger på meteorologispråket. I stratosfæren kondenserer lufta.

Perlemorskyene ser me best på morgon og kveld når sola er like under eller over horisonten. Sollyset reflekteres og brytes i skyene. Det finnes ulike typar perlemorskyer alt atter kva kjemiske stoff dei inneheld i tillegg til vassdamp.

Å fotografere perlemorskyer er ikkje lett. Kontrasten mellom lysande objekt på himmelen og mørk bakke blir stor. Det er vanskeleg å få med både detaljar på bakken og fargespelet i skyene. Eg skulle nok brukt eit delt/gradert filter som kunne dempa lyset på himmelen. I ettertid har eg redigert med «nennsom hand» i Adobe Lightroom for å få fram fargespelet i skyene utan at resultat blir for glorete.

Her har eg redigert vekk ein del fargetonar. Likar dette!

Når landskapet er snødekt, sola er på veg «vestover» og skyene ligg slik til at dei reflekterer sollyset, kan vi få eit spektakulært lys like før mørket overtar. Ettermiddagsstund på Storwartz ein av desse dagane. Perlemorskyene kasta eit rødleg/fiolett lys over landskapet- reine «dommedagsstemninga»!

Om det var heilt slik som fotoet over viser, er eg ikkje heilt sikker på, men eg trur det er omtrent rett. Kameraet med ibuande elektronikk og sensorar lar seg ofte lure når lyset er som dette.

Litt manipulering ved hjelp av programmet Silver Effex- «fjerna» fargane og henta dei tilbake att og lagt på litt struktur – «korn».