2020 VEKE 11

Ålesundtur for å rusle langs ei strand, se etter kystvåren og vere i lag med familien og spesielt barnebarna var planen for forrige veke. Men eit barnebarn blei sjukt då besteforeldra kom og planane blei berre tenkte planar. I staden blei det pass av ein febersjuk unge samt rusle i lag med eldstemann til og frå barnehagen.

Fotograferinga blei henvist til små ledige stunder og speglar våren på Hessa – den siste øya du kjem til når du kjøyrer gjennom Ålesund.

Skjæra er i vårstemning. Ein flokk på bortimot 20 skjærer «herja» i nabolaget på Hessa. 10 av dei sat i ro ei lita stund – lenge nok til å få eit par foto av dei.

Rødstrupen starta å synge tidleg tidleg på morgonen – lenge før sola tok til å skine. Men vårteikn vil eg ikkje akkurat kalle rødstrupesangen her vest. Sist eg var på Hessa i starten på januar sang og rødstrupen! Det er vel slik at arten er standfugl og forsvarer territoriet sitt heile året.

Svarttrosten er ein annan standfugl her. I den sørvendte lia på Hessa med edellauvskog og mange villahagar, er det god tilgang på mat. Kor mange svarttrostar som overvintrar i dette området, er ikkje godt å sei. Men å sjå 10 om gongen i hagen er ikkje uvanleg. Eg sat eit lite kvarter i skogen bak huset, og talte rundt 30 svarttrostar i området.

At det går mot vår høyres og på gråspurvane der dei sit inne i kristornbusken og syng på sitt vis.

Snøklokker er vel og eit slags vårteikn sjøl om dei begynner å blomstre tidleg på året – ofte før vinteren har sluppe taket.

Hasselbuskane blomstra og. Det er hannraklene som er mest synlege men blomsten er den lille røde omtrent midt i fotoet og nærfoto under. Blir den befrukta kan det bli hasselnøtter til hausten. Sanneleg lang modningstid.

Sjøl om det er vårleg nede ved fjorden, er det berre å kaste eit blikk over fjorden på Sula så ser ein vinteren.

2020 VEKE 10

Bloggen min blir til «undervegs» – tema er dels planlagde og dels resultat av tilfeldige hendingar. Denne vekas blogg blei til i forbindelse med skiturar for å leite opp storfuglar. Utstyrt med ei stor zoomlinse hadde eg håp om å få eit foto eller to av beitande tiur i toppen av ei furu. Eg gjekk i eit område her kor storfuglbestanden er «livskraftig». Talrike beitefuruer med lite bare i toppen fortel det. Denne gongen blei det bare eit glimt av ein tiur som letta og blei borte mellom trea. Eg minnes framleis ein skitur her for tre år sidan kor 10 tiurar letta samstundes!

Kamera – Nikon D500 – med Nikon 200-400mm er ikkje den mest allsidige kamerautrustningen. Tiur var det som sagt lite av men over Hummelfjellet lenger sør var det mykje vêr: Toppen av fjellet var dekka av skyer, sterk vind flytta på skyene og store mengder snø blåste over fjellet og ned mot Nørdalen. Sola «kom og gikk» slik at lyset endra seg frå minutt til minutt. Utstyrt med ei stor zoomlinse var det jo begrensa kva eg kunne fotografere. Men samstundes ga zoomlinsa meg høve til å fokusere på «detaljer» i Hummelfjellet – snødrevet nedetter fjellsida eller opp frå fjellryggar, dramatiske skyer….

Mens eg stod oppå fjellet letta eit helikopter – Sea Kings arvtakar Leonardo Helicopters AW101 – frå flyplassen og passerte mellom meg og Hummelfjell. Drømmemotiv med helikopteret og uvêret på Hummelfjell som bakgrunn!

Dagen før var vêret eit anna. Tjukk skodde dekka Rørosområdet samstundes som det var nedimot 15 minusgrader. Og skodde er spennande å fotografere- både når ho dekkar landskapet og når ho lettar opp.

Nokre spennande minutt – skodda letta og millionvis av iskrystallar glitra då solalyset traff dei. Og slik blei det fotografiske resultatet:

2020 VEKE 9

Rørosmartnan er over for denne gongen, og det er eit år til neste martna – den 168nde i rekka. Martnans historie går tilbake til ein kongeleg resolusjon frå 1853 kor følgande bestemmes: ”Fra 1854 av skal der i Røros avholdes et marked der begynder næst siste tirsdag i februar Måned og varer til den påfølgende fredag.” Røros bergstad var handelssentrum for minst 30.000 menneske på den tida Rørosmartnan blei oppretta. På nettsida til Rørosmartnan er forhistorien til martnan fortalt. I dag kjem det bortimot 80 000 besøkande til Røros dei dagane Martnan arrangeres

Fotografisk forbindes vel Rørosmartnan med foto av hestar, bakgårdsliv med spell, handel og drikking, stappfulle gater, polsdans … Mine arkiv inneheld mange foto av det slaget – og fleire blei det i år og. Men bloggen er via fargane på varene som selges i bodene, og blei til i løpet av nokre formiddagstimer då eg rusla gatelangs.

2020 VEKE 8

Rundt årsskiftet var me velsigna med perlemorskyer fleire dagar på rad. Eit naturfenomen som er spektakulært og fekk oss til å stoppe opp og la blikket kvile på himmelen! Perlemorskyer eller polarstratosfæriske skyer dannes i ei høgd på 15-30 km over bakken.

Fotoutstyr: Nikon D850, Nikon 70-200mm, Nikon 24-70mm

På Yr-meterologane fann eg gode forklåringar på fenomenet som opptrer år om anna i nordlege strok og helst vinterstid. Her kan me lese at vêret vårt- nedbør, vind, torden…..- dannes i troposfæren; den nedre del av atmosfæren. I nordlege strok strekker troposfæren seg opp til 10 km og over tropene opptil 18 km. I stratosfæren (10-50 km) – kor perlemorskyene dannes – er det tørt og normalt ingen vassdamp og dermed ingen skyer.

Perlemorskyene dannes – enkelt sagt – når luft grunna sterke vindar på bakken blås oppover fjellkjeder og blir pressa opp i stratosfæren. Dette kalles fjellbølger på meteorologispråket. I stratosfæren kondenserer lufta.

Perlemorskyene ser me best på morgon og kveld når sola er like under eller over horisonten. Sollyset reflekteres og brytes i skyene. Det finnes ulike typar perlemorskyer alt atter kva kjemiske stoff dei inneheld i tillegg til vassdamp.

Å fotografere perlemorskyer er ikkje lett. Kontrasten mellom lysande objekt på himmelen og mørk bakke blir stor. Det er vanskeleg å få med både detaljar på bakken og fargespelet i skyene. Eg skulle nok brukt eit delt/gradert filter som kunne dempa lyset på himmelen. I ettertid har eg redigert med «nennsom hand» i Adobe Lightroom for å få fram fargespelet i skyene utan at resultat blir for glorete.

Her har eg redigert vekk ein del fargetonar. Likar dette!

Når landskapet er snødekt, sola er på veg «vestover» og skyene ligg slik til at dei reflekterer sollyset, kan vi få eit spektakulært lys like før mørket overtar. Ettermiddagsstund på Storwartz ein av desse dagane. Perlemorskyene kasta eit rødleg/fiolett lys over landskapet- reine «dommedagsstemninga»!

Om det var heilt slik som fotoet over viser, er eg ikkje heilt sikker på, men eg trur det er omtrent rett. Kameraet med ibuande elektronikk og sensorar lar seg ofte lure når lyset er som dette.

Litt manipulering ved hjelp av programmet Silver Effex- «fjerna» fargane og henta dei tilbake att og lagt på litt struktur – «korn».

2020 VEKE 7

Norsk Ornitologisk forening har nyleg gjennomført den årlege Hagefugltellinga -og oppsummerer resultatet slik på nettsida:

Det ble nok et år med strålende oppslutning om Hagefugltellingen. Fra 9 000 hager ble det rapportert i overkant av 460 000 fugler. Det milde være over store deler av landet under årets telling fikk tildels store utslag. Flere finkearter hadde en rekordartet opptreden, mens meisene hadde nok et dårlig år.

Dette var den 13 tellinga sidan oppstarten i 2007. Målet med arbeidet er å få ein oversikt over fugleartar som overvintrar og antal fuglar. Metodikken er at folk observerer og tel fuglar i eigen hage og ofte i tilknytning til at ein legg ut mat til fuglane. Ved å samanlikne tal for mange år kan ein seie noko om status for dei ulike artane og utviklinga over tid.

Fotografia her er frå fòringa i tuntreet ein dag kor det lava ned med snø. Eg stilte meg opp og satsa på at fuglane ville oppsøke meg eller komme på fotohold. Nikon D850, Nikon 200-400mm, iso 1000.

Fòring av fuglar om vinteren har endra seg mykje dei siste ti-åra. I mi skuletid var snekring av fuglabrett ein obligatorisk oppgåve på sløyden. Det blei satt opp på ein høveleg plass og fylt med gamalt brød. Solsikkefrø var ukjent. Og så kunne me kaste ut gamle epler eller henge opp sauetalg i eit tre. Rundt julatider blei eit fuglanek satt opp. Men ingen systematikk i foringa.

Foringsplassen er no ein stad med foringsautomatar fylt med solsikkefrø, havre, villfuglblandingar, meiseboller i plastnett eller eigenproduserte sjølkomponerte meiseboller. På nett er det diskusjonar om kvaliteten på solsikkefrøa og utveksling av oppskrifter på «meiseboller». Ein tur innom Felleskjøpet illustrerer og utviklinga godt. Avdelinga for utstyr til fugleforing veks fra år til år med stadig nye produkt. Og lurar du på kva du skal kjøpe, så kan du jo starte med eit «nybegynnersett»!

» I dag regner man med at ca. 400 000 nordmenn er involvert i fuglefòring, og disse kjøper ca. 16 000 tonn med «villfuglmat» årlig. I tillegg er det mange som lager sitt eget fuglefòr, så her snakker vi om store mengder mat. Selv om viltlevende norske fuglearter er skapt for å leve i vårt tøffe vinterklima, så vil nok et fugleforingsplass gjøre livet enklere og i tillegg gi oss mennesker gode opplevelser og underholdning. » (Norsk Ornitologisk forening)

Felleskjøpet på Røros sel no nærare 30 tonn fuglafrø årleg! Mesteparten er solsikkefrø. I tillegg kjem det som seljes på Prix, REMA, KIWI, MEGA og Europris. Me kan jo undre oss over korleis «småfuglane» overlevde før me begynte å legge ut mat til dei. Eller om det har blitt fleire granmeiser no når dei kjem til dekka bord over heile kommunen?

Ingen ting tyder på at foringa me bedriv har store effektar på dyrelivet. Artane som me har på fuglebrettet, er nesten utan unntak artar som er tilpassa vårt klima som meiser og dompap. Finn dei ikkje mat på fuglebrettet så er det alltid anna mat å finne. Men dei er som oss mennesker og tar det som smaker best og er letteast tilgjengeleg. Mange melder i år at det er mindre fugl å sjå. Det kan nok stemme. Vinteren har vore mild samstundes som det legges ut frø nesten «overalt».

Kvart år når det kjem ein del snø og blir kaldt, blir det diskusjon om at me må fore småfuglane – underforstått at dei er avhengig av den maten me legg ut. Og lar våren vente på seg, kjem det formaninger om å fylle på med solsikkefrø. Men fuglane greier seg utan solsikkefrø.

Men eg vil ikkje underslå at å legge ut mat til «småfuglane» er artig og gjev mykje tilbake til den som er fôrvert. Og skadeleg er det heller ikkje.

Resultatet frå årets registrering er nettopp klårt. Totalt blei det talt opp 460 000 fuglar i 9000 hagar over heile landet. I år blei det sett uvanleg mykje grønsisik og bjørkefink. Ein mild vinter er ei forklåring på det saman med god frøsetting hos bjørk, or og bøk. Meisane var færre en tidlegare år og skyldes truleg dårleg hekkesesong i 2019.

Resultatet frå årets telling kan lesas på nettsida til Norsk Ornitologisk forening

Kjøtmeisen er vanlegaste art i norske hagar. I 93% av opptalte hagar blei det talt opp 61 039 kjøtmeiser. Blåmeisen var nr 2 og opptrådde i 83% av hagane med 42 055 individ. Tala for nr 3 på lista – skjæra – er 71% og 25 136.

Spettmeis nr 5 på Hagefugllista. Sett i 38% (3441) av hagane med tilsaman 7 172 individ.
Ikkje alltid lett å få foto av granmeisen!

2020 VEKE 6

Femundløpet er eit naturleg foto- og bloggtema i år som tidlegare år. Når rundt 1500 trekkhundar og 170 hundkjørarar set kvarandre stevne, er det ikkje mangel på fotomotiv. Eg har kvart år fotografert like utom startområdet; fotografert hundspanna i det dei legg av garda ut i «villmarka» fulle av styrke, innsatsvilje, råskap og villskap. Tanken på å finne ein ny «standplass» har vore der, men det har aldri passa heilt. Men i år var det mogeleg og eit par timar før løpsstart var eg på veg innover frå Skistuggu langs løypa. Målet var ein høveleg stad oppi høgda med utsyn mot Røros og med Rørosnaturen som rammer. Kjørarane er her på veg opp mot ein fjellovergang i overkant av 1000 m – eit svært vêrhardt område!

Været blei «perfekt» jo lenger opp i terrenget eg bevega meg- sørleg frisk bris og tett snødrev – i periodar det som på Røros heiter «huggu buvêr«. Eg fann meg eit område som passa. Men då det ikkje var le å finne, kom snøspada til nytte. Nesten ein meter ned måtte eg grave. Og ein lemur mot synnavinden var og nødvendig. Ja snø er ikkje mangelvare her i år! Fjellduken kom og godt til nytte.

Det var krevande fotografere i snøvêret. I snøgropa bak leveggen blei det virvla opp snø som dekka både fotograf og fotoutstyr. Det blei ein del arbeid under fjellduken for å «fli» fotoutstyret.g

Fotografia får tale for seg. I all hovudsak er eg nøgd med resultata sjøl om eg ser ting som kunne vore endra og kan hende noko større variasjon i motiva. Det får bli neste gong! Fotoutstyr hovedsakleg Nikon D500 og Nikon 70-200mm, Iso 1000

Dette motivet hadde eg tenkt meg ut på førehand. Men det var så mykje snø i lufta at Røros stort sett var skjult.

Hundspann over Rørosvidda. Her skulle eg ha hatt ei anna linse for å få fram det lille hundspannet på den store vidda. Blir neste år det…..

Det er fire klassar med varierande lengde og vanskegrad kor talet fortel om kjørelengde: F650, F400, F200 og F-junior (200 km).

To deltakarar i juniorklassa.

2020 VEKE 5

I bloggen min for snart fire år sidan i mars 2016 skreiv eg om farfar – Thorleif Andreas Thorsen- og hans tur som førstereisgutt på stålbarken Bell. Eg synes historia er verd å ta fram att igjen for å fortelje om ei tid som var. Historia blir fort glømt.

I januar 1915 mønstra farfar som 17-åring, på seilskipet 4m Bell i London. Bell var ein firemasters (4m) stålbark, og då var Bell det største seilskipet under norsk flagg. Farfar var som sagt førstereisgutt, og denne seilasen med Bell skulle bringe han til «andre sida av jorda» til Japan og attende att. Ein tur som skulle ta bortimot 15 månader.

Bell var ein firemasta bark -eit imponerande skip å sjå til – 57 m frå vasslina opp til toppen av masta! Med full seilføring utgjorde seila 4500m2 – 4,5 mål! Ein bark er i følge Store Norske leksikon «et seilskip med minst tre master, hvorav alle har råseil unntatt den akterste, som har sneiseil (mesan). Dette er en av de vanligste riggtypene, særlig for større skip. Norges største skoleskip Statsraad Lehmkuhl er en bark.»

Farfar Thorleif Andreas Thorsen – nr 4 frå venstre i bakre rekke – reiste frå Stavanger i januar 1915 med Englandsbåten til Newcastle – 17 år gamal -for å mønstre på stålbarken Bell som låg i London. Mannskapet besto av blant anna sjøfolk frå Sandnes og Stavanger fordi «de var kyndige i både bibel og salmesang». Bell var bygd i 1901 og var i 1914 eigd av eit tysk rederi. Same året blei skipet tatt som krigsbytte av britiske myndigheter og solgt til Tønsbergrederiet Alf Monsen .

Det var krig. Tyske myndigheter meldte at også allierte skip ville bli torpedert. Bell var merka med «BELL Norway» malt på seil og med norske fargar malt på skipssida. 26. februar 1915 blei Bell buksert ut av dokk i London. Ei lang ferd starta som skulle bringe mannskapet til andre sida av jorda og attende. Etter to månaders seilas ankom Bell Baltimore. Her lasta dei oljefat som skulle fraktas til Japan. På denne tida blei eit av Cunard-linas passasjerskip senka ved Irland. 1195 passasjerar og manskap omkom! Om dette var medvirkande til at halve mannskapte mønstra av i Baltimore og måtte erstattas, vites ikkje.

Etter Baltimore gjekk ferda gjennom Panama-kanalen – som hadde åpna i 1914 – til Yokkaichi i Japan. På den tida var det kun ei handfull norske skip som årleg anløpte japanske havner.

Stillehavet gjorde ikkje skam på navnet – det tok fire månadar å krysse! Ved Galapagos blei det ein liten stopp:«….nord for Galapagosøyene kom vi inn i et område der hele havet var dekket av svære skilpadder……..fanget fem skilpadder som veide fra 50-70 kg…..Hele besetningen hadde den herligste skilpaddesuppe og kjøtt i tre dager.» skriv Karl Einar Johansen i boka om Bell.

Oljefata blei lossa i Japan. Fleire av mannskapet prøvde å rømme; «risbrennevin og geishaer trakk» skriv Karl Einar Johansen. Det kom så langt at kapteinen måtte true med pistol for å forhindre rømming, Ferda gjekk attende til Portland i USA – ein av dei raskaste seilasane over Stillehavet som nokon gong er gjort med eit så stort seilskip. I Portland lasta dei kveite for Falmouth i Storbritannia. Frå Portland seila dei sørover i Stillehavet mot Kapp Horn. Ved Pitcairn Island blei dei stoppa av etterkommere etter mytteristane frå HMS Bounty (1798), som ville bytte varer.

Bell runda Kapp Horn 23.-24. januar 2016.  28.februar 1916  praia mannskapet ein passasjerdampar utenfor Brasil for å få nytt om krigen.  Dei hadde då ikkje høyrt noko om kva som skjedde i verda sidan dei seilte frå Portland tre månadar tidlegare – 28. november året før!

30.3.1916 – eit par dagsseilaser frå England – blei Bell brakt opp av ein tysk ubåt – U44. Sidan Bell førte last som skulle til England – såkalla Kontrabande, skulle skipet senkas. Mannskapet fekk ein halv time på å forlate skipet. Sprengladningar blei plassert i Bell og detonert. Men seilskipet ville ikkje synke, og ubåten måtte avfyre ein torpedo for at Bell skulle synke. Livbåtane blei taua eit stykke mot land av ubåten og etter 19 timar blei dei tatt opp av svenske DS Stockholm og tatt med til Liverpool.

Like etter torpederinga blei det avholdt sjøforklaring. Under sjøforklaringa la skipper Ellingsen fram ein «kvittering fra den tyske undervansbaats kommandant» på at Bell var senka av ein tysk ubåt fordi «Führung von Kontrabande für England versenkt worden». Kvitteringen var stempla (!) og underskrevet G.Krame, Oberleutnant zur See.

Dette biletet har tom alt-eigenskap. Filnamnet er skjermbilde-sjc3b8forklaring-1.jpg

Det høyrer med til historia at eit år seinare var farfar ombord på seilskuta Sagitta på veg frå USA til Danmark. Sagitta blei senka aust for Shetland! Mannskapet gjekk i livbåtane og måtte ro i tre døgn før dei nådde land på Utsira.

Farfar var førstereisgutt på turen med Bell. Etter krigen seila han med med fleire skip tilhøyrande rederiet Alf Monsen i Tønsberg og med skipper Thorvald Ellingsen. Her er attesten skipper Ellingsen skreiv etter første turen med Bell:

På anmodning bekreftes herved at Thorleif Thorsen har faret med undertegnede i et tidsrum af ca 14 1/2 maaned som dæksgut og jungmand, og har han i denne tid vist sig som en flink kjær og paalidelig gut med udmærket opførsel, saa det er mig en fornøielse at anbefale ham til enhver som maatte behøve hans tjeneste.
Stavanger den 13.april 1916
Thv Ellingsen
Fører af ex 4/m bark «Bell»

Stemplet Stavanger Mønstringskontor

I 1925 – heilt på slutten av seilskutetida fekk farfar sitt «Skibsførercertifikat for seilskib af hvilken somhelst størrelse» Sertifikatet er utstedt til Thorleif Andreas Thorsen….født den 22.mars 1897 i Stavanger: lys af haar, blaa af øine, middels af høide… Etter andre verdenskrig seila han ei kort tid med Christian Radich.

Teksten her bygg på boka Bell av Karl Einar Johansen som og var førstereisgutt på Bell, «En cigar for det stolte skip Bell» skrevet av Sven Egil Omdal og trykka i Stavanger Aftenblad i 2009 samt bruk av Wikipedia, Skipshistorie.net, Sjøhistorie.no m.fl

2020 VEKE 4

Fotobloggen har ærfugl som fototema denne veka. Eg hadde nyleg ein fotodag ved Straumen i Inderøy kommune kor eit stort antal ærfugl overvintrar. Straumen er namnet på kommunesenteret i Inderøy kommune men og namnet på den kraftige tidevannstraumen mellom Trondheimsfjorden og Børgin eller Borgenfjorden som det står på karta.

I 1885 blei det satt i drift ei kvern som utnytta dei store vassmengdane som fire gonger dagleg strømmer gjennom Straumen. Kverna var bare i drift i sju år. I dag er det restaurerte/oppattbygde murar frå kverntida som er minne om den tida.

Det blei ein dag med trøndervêr – regn og sol men mest regn. Surt vêr: Regnbyger i januar, eit par varmegrader og vindtrekk frå vest er ikkje vintervêr å foretrekke. Varierande fotoforhold altså men regnvêr har og sin sjarm og fotografiske utfordringar. Eg hadde ei tilsvarande fotoøkt her i fjor, men då var det kuldegrader, sol og snødekt landskap.

Midt på dagen blei det opphold og lyset blei fint for ei kort stund. Tok dette fotoet av ærfuglane ute på Børgin. Fotoet er beskåre og etterbehandla. Fornøyd!

Portrett av ærfuglen – Somateria mollissima. Hannen er vel kjent med sin karakteristiske svarte og kvite fjørdrakt med rosa bryst og grøn nakke. Men hoa er vel så vakker med sin brunspetta fjørdrakt.

Ærfuglen er vår største dykkand og hekkar langs heile kysten. På nettsida til Artsdatabanken kan me lese meir om ærfuglen.

«Ærfuglen er vidt utbredt på den nordlige halvkule. Den er blant de mest robuste artene og kan hekke så langt nord som det finnes åpent hav om sommeren, og snøbart land til reirplassene.

Totalbestanden i Europa ligger på ca. 2 millioner individer i vinterhalvåret. I Norge er det antatt at det hekker omkring 90 000 par. Halvparten av disse hekker nord for polarsirkelen. I vinterhalvåret er det beregnet et det holder til omkring en halv million ærfugl i vårt land. Av disse finnes ca. 160 000 i Nordland.»

Den biologiske produksjonen i Straumen er stor. Kråkeboller, sjøstjerner og blåskjell er ettertrakta mat for ærfuglen. Det er fasinerande å stå oppe på brua over Straumen og sjå ærfuglane som «beiter». Sjøen er så klar at me kan følge fuglane under vatn.

Livlig når ærfuglflokkane «arbeider» seg gjennom Straumen – enten vatnet renn ut av eller inn i Børgin. Plutseleg som på kommando dukkar heile flokken, er under ei lita stund før dei sprett opp at til overflata fort som ein kork. Slik beiter dei seg oppover mot straumen før dei lar seg drive nedover att og begynner på ein ny runde.

E-kallens «Cooing-calls» som det heiter på engelsk, høyres ofte no og utover mot våren. Svein Haftorn skriv «a-oh! a-oh!» i Norges fugler. I Gyldendals store fugleguide beskrives ærfuglens lydar slik….Hannen har karakteristiske hule myke glissandorop under spillet…..»a-ooh-å»…. Hoa kakler ufortrødent «gak-ak-ak-ak…» som en fjern liten fiskeskøyte.»

Sjøl om det er ei stund til hekketida kurtiseres det ivrig flokken. Fuglar – begge kjønn – reiser seg opp og slår med vingene. Eller bevegelsen som kalles «Neck-Jerk display» i engelsk litteratur og kan oversettes med nakkedust-bevegelse? Kan se litt komisk ut når e-kallen bøyer hovudet bak og så med stiv nakke bikker overkroppen framover att.

Leik med lang eksponering.

Fjørdrakten – tett på

2020 VEKE 3

Eg var så heldig å få ein tur til Ålesund forrige veke – barnebarnpass! Og når meteorologane hadde lova vind med styrke over 20 meter pr sekund såg det også lovande ut for litt fotografering innimellom «oppdraget». Alnes på Godøya -fire tunellar unna Ålesund sentrum – er ein fin stad å oppleve havet når vinden er sterk.

Eg tenker ofte på innleiinga til Aleksander Kiellands roman Garman og Worsøe når eg er ved havet – enten havet er i opprør eller flatt som Femunden temma av vinterens kulde: Intet er så rommelig som havet, intet så tålmodig. På sin brede rygg bærer det, lik en godslig elefant, de små puslinger som bebor jorden, og i sitt store kjølige dyp eier det plass for all verdens jammer. Det er ikke sant, at havet er troløst, for det har aldri lovet noe: uten krav, uten forpliktelse, fritt, rent og uforfalsket banker det store hjertet – det siste sunne i den syke verden.

Det blei to fotoøkter på Alnes – ein dag med sterk vind og hav i opprør. Neste dag kraftfulle bølger som det ofte blir etter vindfulle dagar.

Eg fekk ikkje heilt taket på bølgefotograferinga første dagen. Det var noko med perspektiv og lys som ikkje fungerte for meg denne dagen. Eg fekk ikkje til å fanga «øyeblikket» i havet som velta inn mot land. Lyset var dårleg og grått – og resultata blei enda gråare! Kan hende var årsaken at eg ikkje våga å gå nær nok stranda. Det blei derfor fotografering med lang lukkartid – 1/5 sek til 1/2 sek, liten blendaråpning, ISO 500, Frihand med støtte. Og i ettertid litt etterbehandling og fargekorrigering i Lightroom. Resultatet blei eit meir dempa – eller temma – hav og ein meir tilfreds fotograf!

Det er livgivande å kome ut til havet; dra inn lukta av salt sjø, høyre susen av havet og drønna frå bølger som knuses mot stranda. Eg skjøner kva eg går glipp av, busett som eg er langt frå kysten «inn i landet mellom fjellene i den yndigste dal». Kielland skildrar dennne lengselen etter havet så godt i nevnte innleiing til Garman og Worsøe: Men ta så en av disse strandboerne, flytt ham langt inn i landet mellom fjellene i den yndigste dal, du kan finne, gi ham den beste mat og de bløteste senger. Han vil ikke røre din mat, ikke sove i sengene, men uten å se seg om vil han klatre fra fjell til fjell, inntil han langt, langt ute skimter noe blått han kjenner. Da går hans hjerte opp, han stirrer mot den lille blå stripen som glitrer der ute, inntil det begynner å glitre blått alt sammen. Men han sier ingenting.

Innleiinga til Garman og Worsøe fortener å bli lest samanhengande – litteratur i verdensklasse:

Intet er så rommelig som havet, intet så tålmodig. På sin brede rygg bærer det, lik en godslig elefant, de små puslinger som bebor jorden, og i sitt store kjølige dyp eier det plass for all verdens jammer. Det er ikke sant, at havet er troløst, for det har aldri lovet noe: uten krav, uten forpliktelse, fritt, rent og uforfalsket banker det store hjertet – det siste sunne i den syke verden.
Og mens puslingene stirrer utover, synger havet sine gamle sanger. Mange forstår det slett ikke, men aldri forstår to det på samme måte. For havet har et særskilt ord til hver især, som stiller seg ansikt til ansikt med det.
Havet smiler med blanke, grønne små bølger til de barbente unger som fanger krabber, det bryter i blå dønninger mot skipet og sender den friske, salte skumsprøyt langt inn over dekket, tunge, grå sjøer kommer veltende mot stranden, og mens trette øyne følger de lange, hvitgrå brenningene, skyller skumstripene i blanke buer over den glatte sanden. Og i den dumpe lyden når bølgen faller sammen for siste gang, er det noe av en hemmelig forståelse, hver tenker på sitt og nikker utover – som om havet var en venn som vet alt og gjemmer det trofast.
Men hva havet er for dem som bor langs stranden, får ingen vite, for de sier ingenting. De lever hele sitt liv med ansiktet vendt mot sjøen. Havet er deres selskap, deres rådgiver, deres venn og deres fiende, deres erverv og deres kirkegård. Derfor blir forholdet uten mange ord, og blikket, som stirrer utover, veksler etter det uttrykket havet har – snart fortrolig, snart halvt redd og trossig.
Men ta så en av disse strandboerne, flytt ham langt inn i landet mellom fjellene i den yndigste dal, du kan finne, gi ham den beste mat og de bløteste senger. Han vil ikke røre din mat, ikke sove i sengene, men uten å se seg om vil han klatre fra fjell til fjell, inntil han langt, langt ute skimter noe blått han kjenner. Da går hans hjerte opp, han stirrer mot den lille blå stripen som glitrer der ute, inntil det begynner å glitre blått alt sammen. Men han sier ingenting.

2020 VEKE 2

Kvilelaust fêr flokken med gråsisik gjennom fjellbjørkeskogen på leit etter bjørkefrø. Med akrobatisk eleganse beveger dei seg rundt på dei ytterste tynne bjørkegreinene der bjørkefrøa fins. Gråsisiken er ein liten fugl som mange nok har sett utan å kjenne arten: Flokkar med små lys grå fuglar som beveger seg raskt gjennom skogen. Gråsisiken er ein vanleg art om vinteren i Rørostraktene. I 2019 hadde bjørka krafig frøsetting – noko som gråsisiken drar nytte av no.

I romjula kom eg tett på ein liten flokk utmed Rambergsjøen – og fekk tid til å fotografere dei før dei forsvann vidare på matleit. Vakkert med desse små gråbrune og kvite fuglane hengande ytterst ute på rimtunge bjørkekvistar. Ekstra flott blir det når ein hann med sitt karminrosa bryst viser seg fram.

Ein fugl etterlater seg ikkje så mange spor. Men når gråsisiken har beita i eit bjørke tre vil snøen under vere dekka av frø og dekkskjell.

Gråsisiken er ca 13 cm lang frå nebbspiss til ytterst på halen og veg ca 14 g. Me har fire sisikartar her til lands: Gråsisik, brunsisik, polarsisik og grønnsisik. Polarsisiken hekker nord i landet og skiljes frå dei sisikartane med at han er lysare, har ofte mykje rosa i brystet og kvit overgump (halerot). Men og gråsisiken kan ha svært lys fjørdrakt. Brunsisik er som navnet seier litt meir brun enn dei andre og påtreffes sør i Norge. Arten er vanskeleg å skilje frå gråsisik i felt og reknes og som eigen gråsisikrase av nokon systematikare. Grønsisiken er deriomot lettare å skilje ut – grøn som han er!

Gråsisiken lever i flokkar utanom hekketida og har som alle små fuglar eit særleg høgt energibehov om vinteren. Flokkar er lettare å oppdaga enn einslege fuglar, men på den ande sida vil mange auger raskare oppdaga ein rovfugl. Det er ikkje uvanleg å treffe på flokkar med både gråsisik og grønnsisik.

Gråsisik har frø – og då spesielt bjørkefrø – som hovednæring gjennom vinteren. Eg blei litt nyskjerrig på bjørkefrøa som er hovedføda for store mengder gråsisik (og andre artar) gjennom ein heil vinter.

Bjørka er i Norge delt inn i tre artar: Hengebjørk, vanleg bjørk (dunbjørk) og dvergbjørk. Hengebjørka – også kalla låglandsbjørk – er litt meir varmekjær enn den vanlege bjørka. Dvergbjørka som er ein busk og mange kaller fjellris, finn me i åpne høgareliggande områder. Fjellbjørka- ein underart av bjørk – som me har her på Røros, danner skoggrensa mot fjellet. (Sør i Europa er det gran som danner tregrensa.) Bjørkas genetikk er temmeleg innfløkt og eg lar temaet ligge!

Hoblomst – bjørk.

Bjørka er sambo – dvs at bjørka har både hanblomster med pollen og hoblomster på same tre. Bjørkepollenet kjenner dei fleste frå blomstringstida om våren når hannraklene heng tett på trea og pollenskya driv. Mange tenker vel at dette er bjørkefrø. Men frøa dannes når hoblomsten befruktes, og hoblomsten er langt meir anonym på våren.

Utover sommaren og hausten utvikles frøa. Me seier «frø» men i botanisk sammenheng er dette ei nøtt! Bjørkefrøet er lite og det har to «vinger» som hjelper til når frøet skal spres. På eit tidspunkt utpå hausten/vinteren er frøa modne og dei dett ned – enten av seg sjøl eller av vind eller når gråsisiken begynner å beite frø.

Bjørkekongle (Fotostack av 50 fotografi)
Bjørkefrø og dekkskjel
Bjørkefrø – vintermat til gråsisiken. Fotografert med Nikon D850 + Laowo 25mm Ultra Macro,5x forstørring.

Bjørkefrøet sine vinger har som funsksjon å hjelpe til med spredningen av frøet. Dei fleste frøa dett nok rett ned men eit og anna får hjelp av vinden eller ein gråsisik til å «fly» vekk. Eg vil anta – utan att eg har funne informasjon om det – at sjølve frøet eller nøtta har høgt næringsinnhald.

2020 VEKE 1

Fargespel

Sist i 2019 var eg på ein tur til Sandodden ved Synnervika nord i Femunden for å se på om isen hadde lagt seg (og fotografere – se blogg veke 52 2019)

Det må ha vore «vindåt» før isen la seg på denne delen av Femunden. Stranda utover mot Sandodden er glasert med is. Vatn, luft, vind og kuldegrader har laga ein uendelighet av istappar, spennande mønster og former langs stranda.

Is og luft

Denne strandstrekningen var eit eldorado for ein fotograf som har glede av dei små detaljane og er utstyrt med ei makrolinse slik at opplevinga kan vidareformidlas. Nikon D850 + Nikon 105 mm Macro+ 1,4x telekonverter + etterbehandling samt fokusstacking.

I etterbehandlinga har eg lagt vekt på å framheve strukturane i isen. Dette er i utgangspunktet nokså fargefattige objekt som grensar opp mot svart/kvitt- spesielt når sola er over eit tjukt skydekke.

Fokusstacking av 50 foto inne i ei miniatyr «isgrotte»
Struktur i is. Når vatn frys danner det seg ofte eit rutenett på overlaten.
Eit bjørkefrø mellombels lagra i isen
Inn i isen…
«I berget det blå» – Utsnitt bearbeida i Lightroom kor blåfargen er lagt til
Det store i det lille
Linjer i is
Former i is
Nettverk