JÆREN

Tur til Jæren og dermed litt tid til fotografering i tidlege morgonstunder. Morgoner med regn, tåke eller tjukt skydekke ga eit mjukt fint lys. Eg endte opp med å fotografere ærfugl og fjæreplytt nord for havna på Sele. I tillegg blei det eit og anna foto av fugleflokkar – tjeld, skarv, svartand, sjøorre og gravender – som trakk forbi i tåkehavet.

Ærfugl med toppskarv som flyg forbi.

Ærfuglen er vanleg langs kysten. Det var stor aktivitet rundt hoene – ea- desse dagane. Ekallen – ikkje ein men fleire oppvarta hoene. Innimellom tok dei seg ein kvilepause på ein stein eller eit lite skjær før kurtiseringa fortsatte. På Polarinstituttets nettside er det mykje fakta om ærfuglen.

Motivet med ærfuglar som kviler, steller fjørdrakten, slår eit par vingeslag eller strekker på seg ute på ei stein eller eit lite skjær, likar eg. Når fuglane ligg litt utifrå land og det er umogleg å kome nær, er det fint å kunne arbeide med miljøfoto av ærfuglen. Det har blitt ein del foto av ærfuglar frå dette området- og dei fleste er variasjonar av temaet «ærfugl på stein». Motivet kan virke statisk, men noko dynamikk er det: Fuglane strekker på seg, andre fuglar flyg forbi, bølger vasker over steinen, nye ærfuglar kjem til osb

Eg liker som sagt å fotografere med eit lågt perpektiv her ute. Denne morgonen kor lyset var mjukt, passa det å overeksponere fleire steg for å få til eit high-key uttrykk. Og så har eg «leika» meg med fleire av redigeringsfunksjonane i Lightroom: Separere ut element – forgrunn, objekt, himmel, bakgrunn – i fotografiet og redigere det for seg, tatt i bruk den nye «fjern-støy-funksjonen».

Fjæreplytten kan me treffe året rundt på Jærkysten, men det er som overvintrar dei fleste kjenner han. Ein liten grå vadar – ca 20 cm lang – som er lett å komme tett på. No har dei skifta til sommardrakt- og er litt meir spreke i fargane. Dei fleste har nok trekt mot hekkeplassane i den norske fjellheimen eller i arktiske strok. Næraste hekkeplass er ikkje meir enn 30-40 km unna Selestranda- Store Skykula i Bjerkheim kommune – ca 900 moh. Det er og mulig at fuglar som overvintrar her hekker på Grønland eller på den canadiske kysten. Meir informasjon om fjæreplytten finnes på Polarinstituttets nettside.

I fjæra finn dei maten sin – krepsdyr og liknande.
Fjæreplytten er ein art som vintersdag er knytta til det våte element. I hekketida kan me finne dei hekkande høgt til fjells – i ein biotop vesentlig ulik kystlandskapet.
Navnet Purpel sandpiper skal komme av at voksne ikkje-hekkande fuglar har ..…..with a hard-to-see violet or purple sheen to some wing feathers…..
Typisk lokasjon for fjæreplytten – på dei ytterste steinane i fjæra.
Grå vadefugl -litt tett i kroppen med kvit vingestripe.
Fjørdrakt som gjer at fuglane går i eit med omgivelsane.
Fjæreplytt med fargemerker og ordinær metallring. Denne er merka på Svalbard i forbindelse med merkeprosjekt der for å finne ut kor Svalbardfjæreplytten trekker og overvintrar. Denne blei merka ved Longyearbyen, 17.08.2011 som 1K – årsunge.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: