Klokka er tre om natta. Ei lirype skarrer. Ein orrhanes sjoing høyres svakt saman med buldring langt unna. Det er kaldt denne mainatta. 12 kuldegrader stryk meg over ansiktet der eg ligg i soveposen i utkanten av ein orreleik ein stad i Røros kommune.

Eg kikker ut or kamuflasjeteltet, i øst aner eg ein svak lysning. Ein svart skygge landar utpå marka -fyrste orrhanen. Og så ein til og ein til. På andre sida av marka aner eg orrhanar i spel – den kvite halevifta er synleg mot den mørke skogen. På ein bakketopp like ved er det enda ein orrhane. I siluett mot det svake morgonlyset kan eg sjå han innta dei ulike positura i orrespelet

Han får selskap av ein rival og spelet går fram og tilbake der oppe. Lyset er så dårleg at det heile framstår som eit pantomineteater. Mørke figurar, kvite felta på hale og vinger blir synlege når hanane sloss.. Kameraet er stilt på Autoiso og syner 12800 iso.

Skikkeleg fart på spelet er det ikkje. Endå er det over ein time til soloppgang. Teltet er plassert slik at eg vil få sola nokså midt i mot når ho står opp – skikkeleg fotolys ligg det an til.

Og plutseleg som på kommando letter alle orrhanane – 11 i talet og spelplassen ligg stille attende. Ein duetrost syng lågmælt i det fjerne. Kva det var som skremde dei er ikkje godt å sei. Det gjekk nærare to timar før dei var attende. Men då var sollyset så sterkt at det ikkje var spennande å fotografere. Det har blitt fire netter på denne leiken. I år har leiken vore snødekka. Teltet mitt har stått litt i utkanten av leiken – litt i lengste laget unna fuglane. Så neste år får eg flytta meg litt lenger innpå.
Foto frå årets orrhaneleik.















