APRILSNØ

Det er ikkje uvanleg med nysnø i april og mai her på Røros. Snarare er det regelen og ikkje unntaket. I ei veke no har det vore kaldt vêr og stadig påfyll med nysnø. 20-30 cm med ny snø har nok kome. Dei berrflekkane som var forsvann fort. Og trekkfuglane blei synlege. Langs husveggane søkte trost og jernspurv ly. Rundt smeltevassdammar dukka artar som ikkje finn mat i snøen opp og fôringsplassen blei endevendt av frøspisare og andre. Og når ringtrost og rugde leiter etter mat i vegkanten i Røros sentrum, er det litt «unntakstilstand» i fugleverda. Spennande dag for ein amatørornitolog!

Me kan lure på korleis fuglar tilpassa eit litt varmare klima taklar slike vêrskifte som dette. Svaret er at det greier dei fint om det ikkje blir for langvarig. Dei har ulike strategiar: Nokre artar trekker eit stykke sørover att til dei finn betre forhold, andre oppsøker snøfrie områder som langs husveggar, langs vegar mens andre finn fram til fuktige områder kor det erfaringvis er mat å finne. Og mange «lukter» seg fram til fôringsplassar. I haugen av solsikkeskal er det alltid frørestar å finne. I eit artikkel i Forskning Hvordan takler trekkfuglene det når vinteren plutselig kommer tilbake? er emnet behandla.

Mange artar å se her – frå venstre: Rødstrupe, svarttrost, bokfing, jernspurv (i lufta) , sivspurv, gråsisik, bjørkefink og grønnsisik.

Bokfink

Alltid artig å sjå når flokken lettar samstundes- eit eller anna skremde dei.
Bokfinken êt solsikkefrø mens rødstrupen ser på.
Bokfunkhannar

Ved flyplassen hadde det danna seg ein liten smeltedam med ei lita isskorpe på. Tilsynelatande ein livlaus plass, men det var berre på avstand. Ein flokk snøspurv heldt til her, men flaug før eg rakk å få fram kameraet. Sivspurvar, gransangare, heipiplerker og tre sanglerker fann mat rundt dammen. Og kva fann dei å ete? Biller, spretthalar og frø av ymse slag. Det er imponerande å sjå den litle gransangaren finne fram mat i dette kalde miljøet.

Gransangaren er den første av familien sangere som kommer. Den er vant med ei kuldenatt eller to eller tre.
På vatnet låg det fullt med spretthalar – mat til ein gransangar som jo er insektetar.
Heipiplerka vassa rundt i dammen som ein annan vadefugl.
Ei bille av eit slag er god mat.
Sivspurven fann frø
Lerka er ingen vanleg art her lenger. I vegkanten vil det vere mat å finne.
Ikkje greit å vere frøspisar her.
Ringdua våger seg frampå no – sky fugl på denne tida.
Rødstrupen held seg på avstand når dueflokken har inntatt fôringsplassen.

Vadefuglar som storspove og vipe kan ha vanskar med å finne åpent vatn eller fuktige enger.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: