FALKLANDSØYANE 4

Me har ankome til Saunder Island. Etter kort proviantering i øyas «butikk» blir me frakta ut til sagnomsuste The Neck. Her skal me tilbringe tre netter i hytta som er nøkternt utrusta med gass til koking, batteribank tilkobla dieselagregat og solceller, dusj og ein heller ustabil internettforbindelse. Hytta på The Neck tilhøyrte tidlegare forsvaret og har åtte sengeplassar.

The Neck. Bøylepingvinene hekkar på grustoppene i området. Her er det turister fra Hurtigrutas MS Fram som har gått i land.

The Neck er eit eide mellom to fjell. Det består av lausmassar av ulik kvalitet med fin kvit sand ut mot havet. Eller som det står i turistbrosjyren om Saunders: «Saunders Island has dramatic scenery with some of the most iconic vistas of the Falklands, particularly the Neck, with its splendid white sand beach. Steep cliffs, hills sweeping gently to shorelines, open plains, wetlands and ponds make up the island’s terrain.» Ute på flatane er det koloniar med bøylepingvinar. Ein liten koloni med kongepingvinar er i ferd med å etablere seg. Magellanpingvinen hekkar over alt men fortrinnsvis der det er grasmatte og lett å grave reirgangar. I dei brattare fjellsidene hekkar klippehopparpingvinen, knoppskarv og svartbrynalbatrossen. I tre dagar skal me vere her og ha området i store trekk for oss sjølve!

Frå ein av koloniane med knoppskarv og klippehopparpingvinar er det god utsikt mot stranda på The Neck.
Tett i tett med bøyle- og magelllanpingvinar på stranda utpå kvelden. Opphaldet på Falkland var fullt av opplevingar – dette var faktisk ein av dei flottaste!
Kveldsstemning 1
Kveldsstemning 2

Saunders er kjent for sine koloniar av svartbrynbatross. Rundt 11 000 par skal hekke på øya. Å stå oppi fjellsida på Saunders og se albatrossane seile forbi på stive vinger var fantastisisk. Nær meg kom dei, og iblant var det nesten som eg hadde blikkontakt når albatrossen fylde opp søkaren på kameraet på ein «armlengdes» avstand.

Svartbrynalbatrossar lever sirkumpolart på sørlege hav. Den største hekkekolonien finnes på øya Steeple Jason (vest for Carcass) på Falklandsøyane med omlag 110 000 par! Den totale bestanden blei anslått til 600 000 par i 2010, men han er desverre minkande. På Falkland er det registrert ein 67 % nedgang over 64 år. Auka linefiske på dei sørlege hava, spesielt rundt Patagonia og Sør-Georgia, er rekna som ei viktig årsak til nedgangen. Faktisk er svartbrynalbatross den fuglearten som er hardast ramma av fiskeria.

Reira til albatrossen brukes omatt og bygges på. Blir fort ei høgd på 20-30 cm.

Svartbrynalbatrossen er ein mellomstor albatross med ei kroppslengd på 80-95 cm, vengespenn på 200-240 cm og ei snittvekt på 2.9-4.7 kg. Han kan ha ei levetid på over 70 år. (Vandrealbatrossen som er største albatrossen har eit vingespenn frå 250 cm til 350 cm. Heile kroppen og hovudet er kvitt med eit svart triangelforma felt rundt auga, oversida av vengene er i grått til svart og halen er mørk grå. Undervengene er hovudsakleg kvite med breie, uregelmessige, svarte kantar. Han har guloransje nebb med ein mørkare, raudoransje tupp.

Den eine vaksne er tilbake med mat til ungen. Krill og blekksprut er mat. Ungen hakker på nebbet til den voksne albatrossen. Dette utløser en refleks som gjør at fuglen gulper opp maten.

Svartbrynalbatrossen hekker årleg og dei legg eit egg. Rugetida er rundt 70 døgn. Ungen blir fora i reiret i rundt 120 døgn før dei er flygedyktige. Etter to tre år vender ungfuglane attende til kolonien, men dei begynner ikkje å hekke får dei er 10 år gamle.

Det er sterke bånd mellom dei vaksne fuglane. Mykje kurtise sjøl om dei ikkje hekker.
Turleiar Tom oppfordra oss til å prøve ulike fototeknikkar. Panorering er ein teknikk kor me har lang lukkartid (eks 1/15sek) og beveger kameraet saman med objektet. Resultatet kan bli som dette.

Albatrossane er glimrende flygare som seiler lange strekningar mellom kvar gong dei gjer eit slag med vingene. Vandrealbatrossen som er ein del større, er registrert i hastighetar opp mot 130 km/t.

Pingvinarten klippehoppar hekker i fjellsidene på Saunders. Navnet klippehoppar viser til måten arten beveger seg på. Der andre arter sklir på magen, bruker vingene for å kome framover eller vagger i vei, så hopper klippehopparen som oftast.

Stilig fugl dette!

Klippehopparpingvin er svart på oversida og kvit på undersida. Frå rota av overnebbet løper ein strek av gule fjær, som ender opp i ein fjærdusk som står i vinkel i bakkant av tinningen. Hodet er svart, øynene røde og nebbet rødbrunt. Føttene, som har svømmehud, er grårosa og har svarte klør. Som hos andre pingviner sit beina langt bak på kroppen, og det gir fuglen ein oppreist stilling når den står og går. Arten blir omkring 52 cm høy og 3 kg tung.

På veg opp til kolonien og reiret.

Arten hekker på klipper og fjellgrunn i bratt terreng, som regel nær tilgang på ferskvann.For å komme til de beste plassene spretter pingvinene fra stein til stein, og det er kjent at klippehopperpingvinene kan gjøre sprang på opp mot 150 cm.

Ein stad høgt opp i fjellsida sildrar ein liten bekk. Pingvinane oppsøker denne for å drikke og vaske seg.

Klippehopparpingviner lever i store koloniar som kan telle over 100 000 par. Para er monogame og returnerer vanlegvis til same hekkeplassen år etter år. Egglegginga startar i november, og hoa legg vanlegvis to egg av ulik storleik. Rugetida er cirka 33 dagar, og begge foreldra bytter på å ruge egga. Som regel overlever berre kyllingen frå det største egget. Etter klekking vil hannen passe på ungen dei første 25 dagane, mens hoa jakter og mater ungen(e) daglig. Når ungane forlater reiret, held dei saman i ungeflokkar og blir mata ei tid av foreldra.

Det er mykje lyd der klippehopparen held til.

Dietten består av krill, småfisk og blekksprut som fanges under dykking. Klippehopparane kan dukke ned til 100 m eller meir når dei jakter på mat. Og dei kan symje så mykje som opptil 160 km frå kolonien for å finne mat. Det er typisk for arten at dei forlater kolonien i grupper og kjem attende i grupper. Me fekk mange døme på dette på Saunders. Flokkar på 50 og meir kom svømmande til lands.

På veg inn etter matsøk ute på havet. Her hadde klippehopparane eit fast område dei kom inn på. Å få pingvinen i fokus er ikkje lett. Her med 1/1600sek eksponeringstid har eg vore nær men ikkje heilt treff.
Tett i tett her – i allefall 24 klippehopparpingvinar her.
Klippehoppare på veg opp på land. Ser nokså dramatisk ut med bølger som bryt og pingvinar som prøver å komme på land.

På fast grunn!
Frå stranda er det tydeleg å sjå vegen klippehopparane brukar opp til kolonien.

Saunder Island eies av David og Suzan Pole-Ewans. Dei driv aktivt med turisme og sauehald. Fram til no har dei og hatt nokre få mjølkekyr. I tillegg til gjestehus i The Settlement har dei tre hytter rundt om på øya, og dei vurderer å bygge fleire. På Neck og eit par andre stader er det lagt til rette for at cruisebåter kan sette på land turistar ved hjelp av guimmibåtar. Eine dagen me var på the Neck var Ms Fram frå Hurtigruten innom. Det koster rundt 200 kr pr landsatt turist, og då kan dei bevege seg innafor eit nærare markert område i løpet av eit par timar. Dagen etter at me reiste var det tre cruiseskip innom. Som fotogjestar betalte me for å bruke heile området.

Adkomst til Saunder skjer med fly til The Settlementet som har eigen flyplass. Flyplassen ligg til overmål i ein svak oppoverbakke. Deretter er det ein times tur med jeep ut til The Neck på ein veg av variabel kvalitet. Øya huser rundt 6 000 sauer og ein del storfe. Sauetalet er redusert noko dei seinare åra grunna temperaturstigning og tørke.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: