Etter Sea Lion Island i sørøst stod øya Carcass i nordvest for tur på vår fotorundreise i øyriket Falkland. Det kom melding frå FIGAS (Falkland Islands Government Air Service) at eg skulle reise med første fly. Reisefølget mitt skulle bli med neste gong flyet var nedom Sea Lion. Samla vekt på gruppa – kroppsvekt+ bagasje+ fotoutstyr – og mykje drivstoff gjorde at me måtte delas i to. Min tur skulle gå frå Sea Lion via Bleaker Island kor fire passajerar til Saunders Island skulle hentas. Og så skulle eg flys til Carcass.

Men slik gjekk det ikkje – piloten merka problem med flapsen då han landa på Sea Lion, og me returnerte til Stanley for å reparere skaden. «Smal sak» sa han– men ikkje så smal at flapsen lot seg reparere i løpet av kort tid! Det blei derfor ei ekstra natt for meg på Hotel Maldivas inne i Stanley. Her blei eg så henta kl 0545 neste dag og rundt 0700 var me i lufta med reparert flaps og kurs mot Bleaker Island.
Det høyrer med til historia at det andre flyet til FIGAS og hadde problem. Når slikt skjer så hoper det seg opp med passasjerar rundt om på øyane. Stressmomentet her er at det er kun fly frå Falkland til fastlandet – Puntas Areanas i Chile – på lørdagen. Missar du det så går neste fly lørdagen etterpå. Og det finnes ingen alternativ transport!

Nå gjekk det som smurt – fire turistar blei henta opp på Bleaker og flydd til Saunders. Eg gjekk av på Carcass etter ein fin flytur kor eg hadde orkesterplass som «co-pilot» med piloten som god lokalguide. Og utpå dagen kom dei resterande norske fotografane og til Carcass.

Øya Carcass ligg nordvest på Falkland. Navnet stammer frå HMS Carcass som besøkte øya i 1766. Det er ein busetting der – eller settlement som det heiter. Rob McGill heiter dagens eigar av øya. Turisme er hovedinntekta sjøl om dei har ca 400 sauer og 40 storfe. Dei mjølker fire kyr mens resten går fritt. Grønsaker er dei i store trekk sjølforsynte med. Frå april til bortimot september bur det ingen på øya. Dyra er då overlatt til seg sjøl og går fritt på øya.

Det er mykje som kan nevnas frå oppholdet på Carcass. Me brukte mange timar på pingvinfotografering. Men det var ei formiddagsstund med elefantselane som tok «kaka». Elefantselane kastar ungane i oktober og i ein måneds tid er det kurtise og parring. Det er nok eit voldsomt syn når dei mange tonn tunge hannselane kurtiserer dei små hoene.

I januar er det stort sett berre unge hannar som ligg atte på land. Dei er midt i pelsskiftet, men nyttar ein del tid på å «småkrangle.»

Fotoøkta med elefantselar blei ei av mange minneverdige opplevingar på Falkland. På lang avstand høyrde med brøla frå selane. Åtte -ti selar låg oppe på stranda og sov, mens det uti i ei sandbukt låg mange fleire. Heldig for oss kunne me gå utover på ei landtunge parallet med bukta der selane var. Og la me oss nedpå var me i høgd med sjøen – skikkelg lågt perspektiv! Så lågt at etterkvart som vatnet steig måtte me flytte oss – blaut blei i allefall eg.

Livat var kampane i bukta utanfor oss. Dramatisk kan det se ut men dette er kampar av typen «mye skrik og lite ull». Det er unge hannar som øver seg mot ei tid då kampen om hoselanes gunst blir alvor.
Dei reiser seg opp og med overkroppen denger dei til motstandaren. Det er brytekamp mellom store kroppar. Kjeften er open og ein kraftig tanngard kan virke skremmande. Men i denne fasen er det berre unntaksvis at det blir sår.

Sjøelefant eller elefantsel er ei slekt av store selar. Hannane har store, oppblåsbare nasesekkar som kan minne om ein kort elefantsnabel. Sekkane blåses opp i paringssesongen. Hjørnetennene hos vaksne hannar er svært store, og brukes i slåsskampar mellom hannane.
Sørleg sjøelefant er den største av alle selar og lever av fisk og blekksprut og er utbredt sirkumpolart rundt Antarktis nord til Falklandsøyene, Sør-Afrika og Australia. Arten har vore utsatt for kraftig beskatning, men teller i dag rundt 750 000 dyr. Rundt halvparten av verdensbestanden finns på Sør-Georgia.





Elefantselen kjennetegnes av at arten har ekstrem kjønnsdimorfisme. Hannane kan bli 5–6 ganger større enn hoene. Hannens kropp karakteriseres av det enorme brystpartiet og det snabelliknande nasepartiet.
Hannselane blir 4,2–5,8 meter lang og veg frå 2 200–4 000 kg. Hoselane er betydeleg mindre og måler frå 2,6–3 m i lengde og veg 400–900 kg.











Etter eit par dagar på Carcass gjekk turen vidare til Saunders Island og The Neck. Før flyet kunne lande måtte sauflokken som beita på flyplassen jagas unna…..
