FALKLANDSØYANE 2

Av øyane på Falkland er nok Sea Lion Island mest kjent og populær. Øya ligg ein liten times flytur unna hovedstaden Stanley. Flystripa er ein grusbane – brei som ein og lang som to-tre fotballbanar. Øya er eit «steinkast» brei på det smalaste og rundt 5 km lang. Øyas navn speler på at det er sjøløver der. Både dei og elefantselane – verdens største sel – skal eg skrive om i ein seinare blogg.

Sea Lion Lodge med naboar.

Me overnatta i Sea Lion Lodge som er å samanlikne med ei velutstyrt norsk turisthytte med alle rettar og god service. Hotellet har status som det engelske hotellet som ligg lengst mot sør- kun 1100 km frå Antarktis! Vertskapet på lodgen er dei to einaste fastbuande her ute. Dei driv lodgen, har ansvar for «drift» av flyplassen, kjentmenn på øya, lokale «sno-ere» osv. I høgsesongen er dei avhengig av innleigd arbeidskraft fortrinnsvis frå Chile som ellers på Falkland. Fram til midten av 80-talet var det fast busetting her knytta til sauehald.

Sea Lion Island er populær av fleire grunnar. Frå lodgen er det kort veg til pingvinkoloniar, stranda med elefantselar, småvatn med gjess, ender og pingvinar og lange flotte kvite sandstrender. Pingvinane hekker heilt inntil gjerde rundt lodgen. Inne på lodge-området beiter sebragjess og på gjerdestolpane sit den allestedsnærværande rovfuglen karakara og lar seg knapt affisere av tobeinte.

Deler av øya er bevokst med tussockgras – eit fleire meter høgt stivt gras. Dette var den opprinnelege vegetasjonen på mange av Falklandsøyane. Men tussockgraset lot seg ikkje kombinere med intensivt sauehold. På Sea Lion er ein i full gang med replanting av tussockgras etter at det blei slutt på sauehaldet. På andre øyer har ein gjerda inn områder med gras for å ta vare på det.

Her er bøylepingvinane på veg på eigne vegar gjennom tussockgraset attende til kolonien kor svoltne ungar ventar på mat. Og her som ellers på Falkland har pingvinane forkjørsrett – berre å vente til dei har passert!

Bøylepingvinen er talrikaste pingvinarten på Sea Lion. Dei andre artane på Sea Lion er magellanpingvin, klippehoppar, macaronipingvin (kun ein!) og kongepingvin. Bøyle- og magellanpingvin er dei vanlegaste.

På veg frå havet med mat.
Ein av mange bøylepingvinkoloniar på Sea Lion. Unge ikkje svømmedyktige pingvinar er i fleirtal når dei vaksne er på matleit.
Bøylepingvin surfar mot land inni ei bølge – flott syn!

Bøylepingvinen er den tredje største pingvinen. Han er som pingvinar flest mørk på oversida og kvit på undersida. Eit godt kjenneteikn på arten er ei brei kvit stripe på toppen av hovudet og eit oransjeforma nebb. Arten skal vere den raskaste undervassymjaren av alle pingvinar med ein «toppfart» på 36 km/t og han kan dukke ned til 170 meter. Bøylepingvinen veg opp mot 8,5 kilo. Når hoene er ferdige med ruginga er vekta redusert til ca 4,5 kg.

Bestanden var på anslagsvis 310 000 par i 1993, men bestanden er rekna som nær trua. Bøylepingvinen legg to egg. Dei bygg reir av småstein og gras og reira kan bli opptil 20 cm høge. Ungane er i reiret i ca 30 dagar. Deretter passes dei i grupper. 80-100dg gamle er dei klare til å symja ut i havet.

Solid fottøy på bøylepingvinane!

Det har vore tørt på Falkland denne sommaren. Me fekk ein dag med regn. Om pingvinane likte det veit eg ikkje – dei såg nokså miserable ut etter fleire timar med regn og vind.

Kveldsstemning hos pingvinane

Morgonstemning hos pingvinane:

Bøylepingvinane ønsker ein ny dag velkommen!
Elg i solnedgang er kjent – men pingvin i soloppgang er vel så bra og «kitschi».

Tussockgras

Tussockgraset vokser i tuer og blir fleire meter høgt. Røtene går mange meter ned i bakken og er eit effektivt hinder mot jorderosjon. Inne i «grasskogen» kan det skjule seg mange artar. Elefantselar og sjøløver kan kvile seg her og gjer at ein må ferdas varsomt. Magellanpingvinane grev reirgangane. Og er du uheldig er det fort gjort å trø nedi eit av reirhola.

Ein macaronipingvin eller gulltoppingvin som er det offisielle norske navnet. På Sea Lion er det berre eit individ som i fleire år har hatt tilhald i ein koloni med klippehoppare.

Like ved Sea Lion Lodge ligg den einsame grava til Alexandre Dugas frå 1936. Historia bak er denne: Første farmen på Sea Lion Island blei etablert i 1905 av ein Johan Luchtenborg som forpakta øya for 4£ i året. Etter hans død gifta kona Henriette seg på ny men ektemannen holdt ikkje ut livet her ute og flytta til «fastlandet.». Henriettes nevø Alexandre Dugas flytta til øya og dreiv farmen saman med henne. Men han greide heller ikkje det einsame livet her ute og tok livet sitt i 1936. Deretter var det fleire drivare fram til sauehaldet blei avvikla på 80-talet. På det meste var det rundt 1700 sauer på øya. I 1986 blei dagens lodge bygd og landbruket avvikla. Øya er i dag Ramsar-område og kategorisert som eit Important Bird Area. I tillegg er øya eit National Nature Reserve. Heldigvis er øya fri for katter, rotter og mus – arter som altfor ofte følger busettinger på øyer som dette.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: